Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Vel, det er 65% polyester...
  2.     Når du fyrer i teltet, betyr det ingen ting kor langt det er mellom brennaren og kjelen, ettersom det ikkje er nokon kjele på.
  3.     Skrå endevegg fungerer dårleg for lange personar. Eg har hatt mi tid i Nammatj, og det fungerte dårleg for meg som er bare 190cm. Sumarstid låg eg frå hjørne til hjørne for å kunne stenge åpningen for mygg. Vinterstid låg eg med innerteltåpningen oppe, og føttene ut i forteltet. Teltet er bra det, men det fungerer ikkje for lange personar.
  4.     Plastikkpose eller med eit litt meir salgbart ord: dampsperrepose.
  5. Kvar person sitt einmannstelt. Då kan dei snorke så mykje dei bare vil, dei held ikkje dei andre vakne for det. Det er også veldig fleksibelt ved varierande tal deltakarar på ulike turar. Det er i alle fall oppsettet eg praktiserer.
  6.     Det er nøyaktig slik eg har brukt spruttrekket mitt, og eg vert klissvåt. Vatnet renn mot kanten av båten og finn seg veg gjennom saumar, glidelås og borrelås. Det er veldig lite av vatnet på spruttrekket som faktis renn ut av båten.
  7. Når det kjem til lett sovepose med lite pakkvolum, er det veldig stort utvalg av kortare posar. Desverre er utvalget så godt som ikkjeeksisterande for oss som er lenger enn gjennomsnittet. Det vart nevnt ein sovepose i ein annan tråd på dette forumet for ei tid attende, men det var med ein prislapp som var fleire gonger større enn kva eg er viljug til å betale for ein sovepose.
  8. Sjå også snørapporten til nve: http://www.nve.no/no/Nyhetsarkiv-/Snorapport/Snorapport---Snomengder-i-Noreg-per-7-mai-2014/ Der er det kommentert at snøkartet er ganske villeiande i mange område.
  9.     Så lenge kriteria er at personen skal vera godt kjent, og kjent for å ha gjort mykje og formidla dette, er det opplagt at personen må ha hatt tid på seg. At det ikkje er så mange under 40år er slik sett ikkje så overraskande. Eivind Astrup er vel i denne samanhengen det store unntaket, og hadde truleg vore langt meir kjent dersom han hadde levd lenger.
  10.     Dersom du har så små marginar at einkvar feilvurdering fører til behov for ein redningsaksjon, har du altfor små marginar etter mitt syn. Så, nei, det er ikkje innlegget mitt sagt på ein annan måte.
  11. Det einaste som skulle gjera Optimus 111 betre eigna enn Manaslu 96 og 121 og Optimus 00 og alle andre liknande variantar, til ureint brennstoff er den innebygde rensenåla. Med innebygd rensenål dytter ein ureininga ut av brennaren. Men brennstoff som tettar dysa etter 15 min, ville eg ikkje anbefale til bruk på 111. Når det gjeld parafin frå fat eller tank, kan det vera andre ureiningar som skapar trøbbel. Og fortsatt er det bare den innebygde rensenåla som går i favør 111. Dersom det er brennstoffet i seg sjølv som skapar problema, er rensenåla av mindre betydning, fordi problemet vil dukke opp at etter kort tid. Men dersom det er tilfeldige ureiningar som tettar dysa, vil problemet dukke opp att så lenge ein bare dytter ureininga inn i brennaren att, og ikkje får det ut. Brennarane som er på Manaslu 96 og 121 og Optimus 00 og andre liknande variantar er minst like god som 111 bråkebrennar. Det er langt enklare å rense ein slik brennar enn brennare til 111, så for bruk av tvilsomt brennstoff, ville eg gjera denne på ein slik brennar, og heller la 111 få reint brennstoff.
  12.     Eg padla ca 23km på ein dag i fjor. Men då vart eg passe lei også.
  13. For å unngå å setje i gang ein redningsaksjon, må ein unngå å koma i ein slik situasjon at ein treng hjelp. Altså må ein unngå å legge ut på tur over evne. Fjellvettregelen om å ikkje legge ut på langtur utan trening, handlar ikkje om å pumpe jern. Det handlar om å tilegne seg nødvendig erfaringsgrunnlag for å kunne gjennomføre turen på ein trygg måte. Og det handlar om å lære å kjenne sine eigne grenser, og på den måten vite kva ein er i stand til å gjennomføre.
  14.     Feilen er allereie gjort når ein er i ein situasjonen der ein treng hjelp.
  15. Neidå. Ikkje sålenge han ikkje er navngjeven, bare nevnt som bestefar. Men det er mange store navn som manglar på lista. Og mange av dei som står på lista er heilt ukjente for meg. Men dei største heltane for min del, er nok dei som ikkje har satt så store spor etter seg, men bare levd eit liv i og med naturen som fjellbonde og jeger.
  16.     Det ligg nokre slike brikker i botn av sidelommene på fleire av sekkane mine. Nokre har ligge der i fleire år, og ingen har nokon gong smuldra opp.
  17.     Eg er ikkje ueinig med deg, og ein må sjølvsagt vera forsiktig med å kritisere personar og firma på sviktande grunnlag. Men eg ser det som uproblematisk å diskutere tenkte scenarier og feil som kan vera gjort, nettopp med tanke på å unngå å koma i tilsvarande problem sjølv. Eg har sett mange nok tilfeller av feil bruk av ski som pluggar, bla på bilder her på forumet, til at det er ein heilt naturleg ting å nevne når det vert diskutert avslitte bardunar, heilt uavhengig av kva som har skjedd i dette tilfellet. Bardun mot stålkant er ein feil som vert gjort, og som vil føre til at bardunen vert slitt. Dersom dette vert gjort når teltet vert satt opp, er allereie bardunen svekka innan guiden retter opp dette på inspeksjonrunden. Dette kan føre til at bardunen ryk på eit seinare tidspunkt. Ein annan feil eg har sett på bilder, er at bardunen er festa for høgt oppe på skia, eller at skia står i ein slik vinkel at bardunen kan gli opp. Dette kan føre til at skia knekk tvers av i eit vindkast. Ein annan bardunfeil, som heilt sikkert ikkje er gjort i dette tilfellet, men som ofte vert gjort i skogen, er å knyte bardunen fast til eit tre. Dersom ein er uforsiktig og snublar i ein slik bardun, går det gjerne utover bardunfestet i teltet, og ved litt uflaks også fører til at ein saum revnar.
  18.     Eg er ingen tilhenger av snømatter, og har tilgode å sjå at desse hjelper vesentleg til å stabilisere eit telt. Ein av grunnane til dette er at stoffet som vert brukt er alt for glatt så snøen ikkje festar seg til stoffet. Breie snømatter av grov bomull ville fungere på ein heilt annan måte. Ulempa ville derimot vera vekt og nokre frosne flak som ville vera vanskeleg å pakke ned.
  19. Når bardunane er montert den vegen eg har sett dei er på Helsporttelt, vil slitasjen frå pluggar (særleg stålkantene på ski dersom desse vert brukt som pluggar) over tid bli fordelt på den ytterste halvdelen av bardunen. Sjølv om det ikkje er stålkantar som har kutta bardunane i dette tilfellet, har eg lita tru på at bardunane aldri har vore i kontakt med skarpe stålkantar dersom telta har vorte brukt ei tid med diverse turgrupper. Med bardunane ulikt lang fra gong til gong, vil slik slitasje og småkutt fordele seg over ein større del av bardunen, og bardunen kan ryke der ein stålkant har slitt bardunen på ein tidlegare tur. Derfor kan bruk av ski med stålkant som pluggar vera grunnen, sjølv om det ikkje ser slik ut der og då. Bardunane på Helsporttelt er etter mitt syn montert feil veg, noko som fører til unødvendig mykje bardunflokar, men det er ein heilt annan sak.
  20. Er det verna, finn du verneforskrifter på lovdata.no
  21.     Den einaste stramminga på spruttrekket er ein strikk rundt livet. Problemet er derimot at vatnet renn inn langs kanten av spruttrekket, der dette er festa til båten med glidalås og borrelås. Og så lenge spruttrekket ikkje evnar å få leda vatnet vekk fra båten, endar alt vatnet desverre nede i båten etter kvart. Eg skulle gjerne ynskje at det ikkje fungerte slik, men erfaringa mi er i alle fall at eg vert søkkvåt sjølv med spruttrekket på. Det er mogleg at spruttrekket har vore litt ulikt gjennom åra, og at tidlegare årsmodellar har fungert betre, min båt er 2013-modell.
  22.     Mi erfaring med spruttrekket, er at det er bortkasta vekt. Vatnet som landar på spruttrekket, renn ikkje utover kanten, så det ligg bare å skvalpar oppå trekket til det finn vegen gjennom glidelås eller saum og ned i båten. Utan spruttrekk er det lettare å koma nedi båten, det er lettare å koma ut av båten, og det er lettare å tømme båten for vatn. Har du tenkt å bruke båten til anna enn rask kryssing av vassdrag, vil eg absolutt anbefale ein båt som er stor nok til at du får plass til føttene. Bakstussen på dei større og dyrare båtene er også til god hjelp for retningsstabiliteten.
  23.     Sjølv foretrekk eg joggesko dersom fuktigheit ikkje er noko problem. Å gå i ur utan ankelstøtte er ein treningssak. Eg kjøper aldri sko uprøvd. Å kjøpe slik frå utlandet, utan sjølv å reise dit for å prøve dei, er heilt uaktelt for min del.
  24.     Parafin sotar ikkje ved bruk av ein brennar som er i orden, ergo sotar ikkje bensin mindre. Ved lekasje er det bare ein fordel om ikkje brennstoffet tenner for lett. Ved lekkasje i pumpa kan bensin på vera katastrofalt, parafin fører bare til litt søl.
  25.     For å få rutenett i sone 32, kan du bruke sone 32 i prosjeket og setje på automatisk CRS-transformasjon. Då vert kartet transformert til sone 32. For å få til utskrift i overgangen mellom sone 32 og sone 33, og få riktig rutenett i kvar del av kartutskrifta, er det sikkert enklast å lage eit eige kartlag med det riktige rutenettet.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.