Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Eg har vore til Fagerheim på Hardangervidda i dag. Det er nok snø for skiturar enno. Men med veret som er no, smeltar det mykje snø kvar einaste dag. Der det er skiføre i dag, kan det vera bart i morgon. Dagsturar på ski er ikkje noko problem, men ein må halde seg unna vatn og vassdrag. Det kan vera at ein ikkje finn samanhengande snø der ein vil gå, slik at ein må bera skia litt her og der, derfor kan eg ikkje anbefale å reise langt med pulk. Ein overnattingstur med teltet i sekken bør derimot vera heilt greit, men ein må vera forberedt på at at det kan vera bart på fleire plassar på attendeturen. Og sjølv om det ser ut til å vera snø nok for mange lange tider, veit eg at dette endrar seg raskt, så eg vil ikkje love at det er like fint skiføre til helga att.
  2. Enkelte av os har opplevd at såkalla regnjakker (særleg dei tynne) heller ikkje er vanntette så lenge. Eg har ikkje brukt anna enn mambranjakke som regnjakke i årevis no, og har ingen planer om å byrje å bruke såkalla regnjakke att. Men kvar sin smak.
  3.     Uansett pris, vil du ikkje ha 2-taktsbensin i primusen din. Forskjellen på 2 takt og 4 takt bensin, er at 2 takt bensinen er oljeblanda, og denne olja vil du ikkje ha i primusen.
  4. I går kjøpte eg meg ei bok: Oppdagelser på Hardangervidda av Svein Indrelid I denne boka tar forfattaren for seg den arkeologiske historia på vidde. Både korleis ekspedisjonane har utvikla seg og kva dei har funne. Eg har sjølvsagt ikkje lese boka enno, men utfra kva forfattaren fortalde i går, har eg mykje å glede meg til.
  5. Eg har ikkje erfaring med hund, men eg har erfaring med Soulo. Det er på ingen måte plass til ein hund i lag med meg inne i det teltet.
  6. Det er ei luftig hengebru nede i Aurlandsdalen. Men det er ikkje ein del av ruta ned dalen.
  7.     Det har smelta enorme mengder snø den siste veka. Eg var sjølv på fottur på 1600moh denne helga i same område som eg gjekk på ski frå 1000moh forrige helg. Nokre aktuelle web-kamera Haugastøl: http://www.rallarvegen.com/weather/axis.jpg Dyranut: http://webkamera.vegvesen.no/kamera?id=125512 Halne: http://www.halne.no/webcam/ Finse: http://www.finse.uio.no/news/webcam/dagens.jpg
  8. Heilt generelt basert på erfaringar med andre brennarar (eg har ingen erfaring med omnilite), er mi erfaring at bråkebrennarar brenn reinare enn stillebrennarar.
  9. Ein primus som ikkje kan brukast, er ikkje meir verdt enn ein primus som er defekt. Og ein defekt primus skal reparerast så han kan brukast. Så å fyrst bruke peng på ein primus, og så ikkje bruke han fordi ingen andre har brukt han, nei dette forstår eg meg ikkje på. Hadde det vore ein modell utan bruksverdi, kunne eg forstå det, sjølv om det ikkje er måten primussamlinga mi fungerer. Og skal eg fyrst ha ein pyntegjenstand, skal eg ha noko som er finare enn 111, og noko som også gjev meg gode minner, altså ein godt brukt primus med mykje eigenpåført patina. Men kvar sin smak. Gratulere med fin primus forresten, og slit han med helsa. Eg likte det siste bildet best
  10. Det som er med telt og liggelengde, er at alle valg er basert på kompromiss. Eit større telt veg meir, så må ein velge kva som er viktigast for ein sjølv. Å velge liten vekt er komfortabelt når ein går, og mindre komfortabelt når ein ligg. Der er ikkje nødvendigvis nokon krise om soveposen berører teltduken, heldigvis. Men det fører til at soveposen vert fuktig. Og til vinterbruk, vil snøen legge seg på skråveggar, og lage liggelengda endå mindre. Til vinterbruk vel eg tunneltelt med fortelt i begge endar, netopp pga liggelengda. Til sumarbruk vel eg lettare løysing, men ikkje heilt ukritisk mtp liggelengde. Og til vår og haust og andre ryggsekkturar i vindutsatte omgjevnader spesielt høgt til fjells, har eg eit veldig trangt telt som derimot har eigenskapar gjer akkurat dette teltet godt eigna for mitt bruk til tross for storleiken. Heilårsteltet er ein utopi. Lettvektspakking er enklast for småfolk, så får eg heller trøste meg med at kroppen min kanskje er bygd for å greie litt meir i sekken.
  11. afe

    Telt med en stang

        Eg har Ringstind 1 (fra før Helsport merkte alt med light og superlight), og erfaringa mi er at liggelengda for mine 1,9m er rikeleg. Men då ligg eg ikkje på eit tjukt liggeunderlag. Med eit for tjukt liggeunderlag, vil liggelengda skrumpe inn betydeleg. Men Ringstind er ikkje eit vintertelt, og det er heller ikkje spesielt brukbart i sterk vind. Sjølv om teltet tåler vinden, er problemet at teltduken er svært nær ansiktet. Det er ikkje noko behagleg å vakne av å bli slått i ansiktet av teltduken.
  12. Erfaringa mi, er at T-LIM er ein god peikepinn på korleis soveposen fungerer i felt, sjølv om eg i eit tilfelle har hatt ei komfortabel natt i temperatur 8grader under T-LIM. Det viktigaste med at dei fleste produsentar av soveposer brukar same standarden, er at det går ann å samanlikne soveposer frå ulike produsentar.
  13. Det er heilt unaturleg å ha ein annan tråd for diskusjon av eit innlegg. Men eg forstår intensjonen ved det. For at dette skal fungere, burde det ikkje vera mogleg å verken skrive innlegg direkte inn i røvekjøptråden, eller å svare på innlegg der. Alle innlegg burde postast i eit eige grensesnitt adskilt frå tråden (eigen mal for å poste til tråden). I tråden kunne det då vera ein knapp for å kommentere innlegget, der denne knappen automatisk legg kommentarinnlegget inn i denne tråden, eller helst i ein eigen tråd for diskusjon av akkurat det innlegget. Når det er oppretta ein diskusjonstråd for eit innlegg, burde det så dukke opp ein knapp for å gå til denne diskusjonen, frå innlegget i røverkjøptråden altså. Eg veit ikkje om dette er enkelt å få til i programmvara for forumet, eller om det i det heile let seg gjera. Men dersom det lar seg gjera, har eg tru på at det ville fungere betre enn slik det er no.
  14. Det vart Reineskarvet på meg i dag. Skiføret er fortsatt intakt frå rett ovanfor vinterparkeringsplassen, tiltross for mykje vatn over alt. Men det har smelta mykje snø bare i løpet av dagen, så dersom det fortsett med det varme været nokre dagar, reknar eg med at eg må bæra skia lange stykker neste helg.
  15. Ja det vert nok noko slikt. Å kunne ta på seg sekken utan å ta av båten kan vera kjekt til tider, og det har eg i alle fall ingen sjans til med packtach.
  16. afe

    samekniv

        Platina og patina er to forskjellige ting. I motsetning til patina, er ikkje platina noko som bare oppstår.
  17. Eg har prøvd med dei to snørene i kvar si lykke fremst, og den lange snora på tvers mellom lykkene hakket lenger bak, og eg har prøvd med den lange snora som ei lang lykke fremst og dei to snørene i lykkene bak. Sekken på tvers og på langs. Uansett kva slags kombinasjon eg har prøvd, har sekken hatt slingrinnsmonn så eg har stilt spørsmålsteikn ved stabiliteten i bølger. Litt betre stabilitet med sekken lenger bak, men då har eg ikkje hatt plass til føttene. Dersom nokon kan forklare korleis ein får sekken til å ligge stødig, ville det vera til stor hjelp for meg, og sikkert for mange andre også. Altså litt betre forklart enn bare "Lett å stramme opp sekken skikkelig. " Om nokon har eit godt forslag til konfigurasjon med vanlege pakkreimer, er det heilt greit, for eg har min tvil til at packtack lar seg bruke for kombinasjonen av båten, sekken og føttene mine.
  18. Akkurat låsane var det aldri noko problem med, problemet mitt var å få til trådane på ein slik måte at sekken vart liggande oppå båten, innanfor dei begrensingane lengda på snorene satte, og utan å bli i vegen for føttene.
  19.     Packtach er det like greit å droppe. Eg har i alle fall til gode å få det til å fungere på ein betryggande måte. I løpet av fjorårssesongen prøvde eg ut uttallige konfigurasjonar av dei linene og ulike sekkar, utan å få til noko som fungerte overbevisande. Det aller verste var då eg var godt utpå i vind og bølger, og eg brått forstod at sekken var i ferd med å forskyve seg. I år skal eg prøve å få til noko med ordentlege reimer med ordentlege låsar på. Dersom nokon har gode tips, er eg taknemleg for alle innspel.
  20. No har det alt gått 2 år. Vikafjellskia mine har ikkje vorte mykje brukt, for eg har hatt andre ski som passar skismaken min betre. Men det er eit spørsmål om smak og behag. Med så lite bruk, 10-15 dagar, skulle eg eigentleg ikkje ha noko erfaring å dele, men det har eg diverre. Stålkantane har vore av elendig kvalitet. Det har ramla ut eit langt stykke av stålkanten på den eine skia, og før eg kom meg heim, var eit tilsvarande stykke på veg ut av den andre skia. Skia er levert attende, utan at eg foreløpig har høyrt noko. Eg reknar med at eg får meg nye ski, men kva eg skal med dei, veit eg faktis ikkje, for dette var ikkje mykje å skryte av.
  21. Eg brukar aluminiumsstavar frå -80-talet, og dei har vorte litt småbøygd i løpet av åra, så dette er ikkje noko nytt for meg. Eg trur derimot at eg gjekk raskare då stavane var nye og rette enn no, så det er nok bare humbug.
  22. Det er greit nok å reklamere på produkt som ikkje held mål. Men sjølv om eg får nytt, ender dette ofte ubrukt i skapet ettersom eg ikkje stolar på det nye produktet. Og eit produkt eg ikkje stolar på, vert ikkje brukt, i alle fall ikkje på overnattingstur.
  23.     Eg luftar _alltid_ veldig godt når det står noko på primusen. Både for å sikre meg sjølv frisk luft, og for å unngå for mykje fuktigheit i teltet. Det er sjølvsagt fornuftig å velge brennar/kjele-kombinasjonar som ikkje lagar for mykje CO, men det er ikkje nok til at eg stenger att teltet når eg smeltar snø eller lagar mat.
  24.     Slik eg har forstått det, er spruttrekk på kajakk konstruert for å halde vatnet ute. Altså utan glidelås, borrelås og saumar innanfor kanten av sittebrønnen. (Men eg har heller aldri prøvd kajakk)
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.