Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Heller McDonaldsmat enn Real turmat i alle fall. ps: du gløymte å samanlikne vekt
  2. afe

    Helsport telt

    Sjølv om ikkje alle teltmodellar er like konkuransedyktige på vekt, er det veldig bra at det er eit mangfald av ulike løysingar. Folk har ulike behov og ynskjer, og mange av oss har også ulike behov og ynskjer for ulike årstider og ulike turtyper, noko som ikkje er forenleg i eit og bare eit telt. Det ville vera trist dersom det bare var mogleg å få tak i små telt under 2 kg.
  3.     Og for dei som foretrekk den norske versjonen, heiter det statistikk.
  4. Det er mykje grundt, så heilt enkelt å padle samanhengande er det nok ikkje. Vegen er stengt ved Trondsbu. Eg trur ikkje det er låst bom, men dersom du køyrer vidare utan løyve, vert du bøtelagt for ulovleg motorferdsel i nasjonalparken.
  5. Problemet med å legge på tal i rutenettet automatisk, er at dette lett kan dekke over informasjon i grunnkartet. Når det gjeld trykte kart er ikkje dette ein automatisk prosess, men ein prosess som er overstyrt manuelt. Der er det bare tal i rutenettet der dette ikkje dekker over viktige detaljar i kartet.
  6. Og sjølv om det skulle vera att litt snø her og der, må du ikkje gløyme at sumarsnøen er hard og fin å gå på.
  7.     Det er ein effektiv måte å øydelegge kokekar, og det er tørrkoking. Ettersom ein gass-, parafin- eller bensinbrennar har langt større effekt enn ei vanleg stekeplate, er også moglegheitene for å brenne sundt eit tomt kokekar langt større med ein slik brennar enn på ei vanleg kokeplate.
  8. Sjølvsagt går det. Men dersom kjelebotnet er ujamn, kan det verte litt dårleg og ujamn varmeoverføring. (forutsatt at 'vanlige ovnsplata' ikkje er induksjon)
  9. Fredag kom det ein Primus 210 i posten. Såsant det er mogleg å få tak i parafin i framtida, har eg kokeapparat resten av livet.
  10. I helga har eg avslutta skisesongen. I går var eg på Blåskavlen, i dag var skodda nedi Blåskavlen, så turen gjekk til Nordalshøgi. Skiføret har vore bra, sjølv om det var litt sugeføre i dag (nysnø og varmegrader er aldri nokon god kombinasjon).
  11. afe

    Leir-sko

    Til vinterbruk brukar eg forsvarets fotposar. To lag filtsålar nedi og eit par tørre sokkar. Fungerer like godt utanfor teltet som inne.
  12.     Vekt: Det er ekstrem vektfokus på friluftsutstyr, og det er ein av dei få objektivt målbare kvalitetane som følgeleg også er lett å samanlikne for kundane. Dersom produsenten kan oppnå litt lågare vekt, så gjer dei det. Eg trur også dette er ein av grunnane til at dei fleste slangebrennarane ikkje vert levert med flaske, for då kan dei med god samvittigheit oppgje vekt utan flaske (den oppgjevne vekta er jo bare vekta av det som vert levert), og med dette føre kundane bak lyset med tanke på kva kokeapparatet faktis veg. Eigenskapane i vind: Bråkebrennarar fungerer betre i vind. Rett og slett fordi flammane vert spyla med stor kraft mot kjelebotnen. Flammene til ein stillebrennar heng derimot meir i lause lufta og vert derfor lettare ført vekk av litt vind. Omnifuel er tross alt eit kokeapparat som er tiltekt bruk i friluft, og det står truleg i bruksanvisninga at det ikkje må brukast anna enn i friluft, og då må Primus ta hensyn til korleis flammane oppfører seg i friluft. I tillegg er det langt enklare å få ein bråkebrennar til å brenne reint. Etter dårlege erfaringar med ufullstendig forbrenning på fleire ulike stillebrennarar, derimblant Optimus 111T og Phoebus 625, har eg sjølv konkludert med at eg ikkje vil ha stillebrennar i teltet mitt. Eg vel heller litt ekstra lyd enn den dårlege, og heilt sikkert lite helsefemmande, lukta av uforbrente hydrokarbon. Etter det eg har forstått, har også Omnifuel vore ein salgssuksess, tiltross for at det finst fleire konkurentar som har langt lågare støynivå. Det kan også vera ein grunn til at Primus ikkje har gjort nokon store endringar på brennaren sin. Dersom kundane derimot hadde vist Primus ryggen, og heller kjøpt stillebrennande kokeapparat, så kunne nok situasjonen vore ein annan.
  13. Til bruk ved utvomming av felt hjortevilt, dersom ein har småsåre hender.
  14. Dei mest folketomme områda er vest for Møsvatn og sør for Kvenna.
  15.     Ein tidlegare versjon (med rulletopp) av Aqua-Cam.
  16.     Eg pakkar ikkje med meg fleire sokkar enn dei eg har på meg¹. Men eg har gjerne eit par liggande i bilen, slik at eg kan skifte før eg køyrer heim. ¹Om sumaren altså. Vinterstid har eg alltid eit par turre sokkar til leirbruk.
  17.     Sjølv brukar eg ei vatntett kameraveske fra Ortlieb, hengande på brystet. Der har eg alltid kamera (DSLR) med 3-4 objektiv lett tilgjengeleg og likevel beskytta frå elementa.
  18.     Rett i pakkposen. Før eg rullar saman åpniningen, sett eg kneet mot posen og presser ut mest mogleg luft. Slik vert posen komprimert omlag like godt som med det medfølgande kompresjonstrekket. Eg brukar kun ein- og tosesongsposar, men eg trur det står 15L på pakkposen eg brukar til sumarsoveposen. Det er mogleg det står 25L på pakkposen eg brukar til vår- og haustposen. Det er mykje enklare å pakke dersom pakkposen er romsleg, derfor er det greit å gå opp ein storleik heller enn å prøve å finne ein som passar akkurat.
  19. Med tanke på den tidlege turstarten, ville eg vera betenkt på å ha for store ambisjonar om vestvidda. Tinnhølen kan vera eit fint utgangspunkt, då kan du tilpasse turen vestover etter snøforholda slik du opplever det der og då. Så lar du bare turen bli til etterkvart.
  20.     Alt som ikkje skal brukast i løpet av dagen (altså sovepose, mat for dei kommande dagane osv), pakkast nederst i sekken. Så kjem teltet (utan stenger¹). På toppen har eg det som skal, eller kanskje skal brukast i løpet av dagen (mat som skal etast i løpet av dagen og evntuelle klede som kanskje skal brukast i løpet av dagen). Utanom teltet vert alt pakka i vanntette pakkposar. Nokre småting som kompass, kart, kniv, bryne, kikert osv ligg i sidelommer og loklomme. Kamera med tilbehør har eg i vanntett fotobag på brystet. ¹Teltstengene pakkar eg i sidelomme eller utanpå sekken, innanfor sidelommene. PS: Dette gjeld fjelltur, ettersom eg aldri går på skogstur. Men eg trur ikkje det betyr så mykje for svaret.
  21.     Hilleberg har opplegg for å setje opp bare innerteltet. Og helsport sine innertelt kan setjast opp på same måten. Så sjølv om ein til vanleg set opp teltet i ein opperasjon, er det fullt mogleg å bruke bare innerteltet. Men sjølv om det er mogleg, er det faktis noko eg aldri har sett behov for, men det har kanskje med at det er nettop på varme dagar at det er fare for pluttseleg og kraftig nedbør.
  22.     Eg pakkar alt i tette pakkposar for å unngå fuktigheit ved våte forhold. Dette gjer eg også vintertid, og kondens har aldri vore noko problem i desse pakkposane. Grunnen er ikkje at posane pustar, men fordi det er totalt sett lite fuktigheit i posane, og då vert det ikkje målbare mengder kondens. Eg har aldri sett nokon ryggsekk med vanntett, pustande stoff. Dei fleste ryggsekkane er belagt med diffusjonstett belegg, men manglar vanntett konstruksjon (saumane er ikkje tett). Men eg har ein heilt vanntett sekk, og den er heller ikkje pustande, heldigvis.
  23.     All grunn til å vera skeptisk, ja: http://www.tv2.no/nyheter/innenriks/albin-9-skulle-bare-aapne-en-kakao-kan-faa-varige-oeyeskader-4124638.html
  24. No har eg fått eit nytt skipar. Same navn og same lengde, men dei er ikkje like. I 2012 kommenterte eg at dei var tyngre enn tilsvarande ski. Dei eg har fått no, er som andre ski, og 350g lettare 2012-skia. Den meir normale vekta gjer at desse skia vil passe bruken min betre, og det vil bety at eg skal få brukt dei meir. I alle fall for å få testa dei ut ordentleg. Men eg kjem nok ikkje til å bruke dei på anna enn korte dagsturar. Så får framtida vise om dei held betre enn skia frå 2012. Når det gjeld hukommelsen, må eg nok skulde på tilfeldigheitene. Eg hugste at eg hadde eit innlegg om Vikafjellskia, og då syntest eg at eg kunne kommentere korleis dei fungerte etter litt bruk også. At eg skreiv 2 år, og at eg fann at tråden så nær 2 år etter, var heilt tilfeldig. Dersom Åsnes hadde gjort ein litt betre jobb, hadde eg nok aldri hugsa å følge opp det fyrste innlegget mitt
  25. Utan å ha vore der, reknar eg med at mesteparten av snøen forsvann i veke 21.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.