Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Hugs at dette ikkje er ein gassbrennar. Der er flytande bensin som ligg og fordampar i rommet under dysa, og over spindelen. Denne fordampinga opprettheld trykket så lenge det er noko som kan fordampe. Dette er heilt normal oppførsel for denne brennaren, og flamma vert mindre og mindre og sloknar når kammeret er tomt for bensin. Min Svea 123r oppfører seg akkurat på same måte, og den er i alle fall heilt tett.
  2.     Då anbefaler eg deg å lese desse: http://www.nrk.no/kanal/nrk_sapmi/1.7197997 http://www.nrk.no/sapmi/ti-barn-rammet-av-reinbrems-1.10849884 http://www.nrk.no/nordnytt/stadig-flere-reinbrems-tilfeller-1.11095898
  3.     Å vera bekymra for at lavvostanga fungerer som lynavledar, kan eg forstå. Men når det gjeld varselet, er det vel sjeldan eller aldri at det vert "meldt lyn og torden". Det vanlege er at det vert meldt moglegheit for torden. Og det er eit varsel som kjem som resultat av sol og varmt vær. Dersom ein ikkje vågar seg ut når det er moglegheit for torden, må ein halde seg inne når det er fint vær, og då går ein glipp av mykje.
  4.     Oppdatering fra i dag. Snøen er kraftig redusert sidan sist, men fortsatt bra med fenner att. For dei som har tenkt å la seg skremme av snømengde, minner eg på at sumarsnø er fast og fin å gå på. Isforholda har endra seg meir. No er det is bare på votn betydeleg høgare. Votna oppå Sandfloeggi og Nupseggi er fortsatt heilt islagt. På Holmavatn og andre votn i same høgdelag vestover, er det bare nokre isflak og litt is langs enkelte strender. For den som har tenkt å padle, kan det nevnast at det ligg att ei smal isstripe tvers over Holmavatn, denne reknar eg med forsvinn ein av dei fyrste dagane.
  5. Nedbørsmengdene vintertid. Det er rett og slett meir nedbør lenger vest.
  6. Som dagstur fra Stigstuv, kan eg absolutt anbefale Skaupsjønuten. Det er ein av dei aller beste utsiktspunkta på heile vidda.
  7. Når eple har mista den friske konsistensen, og bare er seigt tvers gjennom, er det tørt nok. Får du det tørrare enn det, er det ikkje godt lenger.
  8.     Vatn er nok det minste problemet. Du må nok leite litt for å finne gode teltplassar så høgt, men det bør la seg gjera. Men på begge desse plassane vil det vera langt lettare å finne betre teltplass dersom du held deg litt lågare i terrenget (under ca 1350m) hhv nede i vestre Iungsdalen og Ynglesflaten eller Nordbotnane.
  9. Dersom Kartverket ikkje har fått endra karta sine slik at det er litt overlapp mellom fram og baksida, er Nordeca sine kart betre på dette punktet (2km overlapp dersom eg hugsar rett).
  10. Eg var over området torsdag 10. Vest og sørvest for Litlos var det mykje snø og is. I aust var det lite. Holmavatnet var ca 30% isfritt, Kvennsjøen var isfri.
  11. Skal ein på tur i finvær, må ein godta at det er meldt moglegheiter for torden. Det har vorte meldt om moglegheit for tordenvær meir eller mindre dagleg dei siste 3 vekene, men her på nordsida av Hallingskarvet er eg foreløpig ikkje høyrt ein einaste tordenskrall, så det bør ikkje hindre deg frå å koma deg ut.
  12. Grøn pose til pluggane er også dumt.
  13.     Følger du vasskillet med Langavatnet/Adamsvatnet og Katlavatnet i nord og Mellomvatna i sør, har du garantert ingen vanskelege vadingar. Du kan også følge den gamle (var T-merka før vasskraftutbygginga) på nordsida av Vargevatna. Du mistar stigen der den forsvinn i vatnet lenst aust i Store Vargevatnet .Så er det greiast å følge annleggsvegen ned i Vestredalen, før du går stiglaust opp lia til T-stigen Geiteryggen-Kongshelleren.
  14.     Eg er ikkje heilt sikker på kvar du har tenkt å legge snarvegen mellom Hednedalen og Kringlebotn. Det eit punkt her eg er ville unngått, og det er nedstigninga til demningen på Langavatnet. Der er det hoggbratt og avhengig av korleis snøen ligg, kan det vera mogleg å koma ned, men det kan også vera uråd. Eg vil derfor anbefale å gå på sørsida av Adamsvatnet/Langavatnet. Og då er det kanskje mest naturleg å gå på sørsida av Katlavatnet også. Eg har ingen aning om kva denne "streckade leden" er, det er i alle fall ingen stig sørover i området aust for Kongshelleren. For å koma ned i Sveingardsbotn, er det stig langs med Tyrvla. Og eg kan bekrefte at det er bru over elva sør for fv 50. På kartet mitt er stigen samanhengande heilt ned. Og det er på ingen måte bratt, så det skal ikkje vera noko problem. Derifrå til stigen mellom Raggsteindalen og Finse, er det heller ingen problem.
  15. Det var _skrivemåten_ på 1945-toppen eg kommenterte. Det trigonometriske punktet på 2014-toppen heiter Lofthø (D28T0143), utan at ein skal legge alt for stor vekt på akkurat den navnekilda.
  16.     Det er nok Gråhø som er det godkjente og altså offisielle navnet, derfor er det det som står på kartet også: http://faktaark.statkart.no/SSRFakta/faktaarkfraobjektid?enhet=177612
  17.     Eg er som tidlegare nevnt, 1,9m høg. Eg har tilbragt mange timar sittande i Tarra, og takhøgda har eg aldri opplevd som for liten. Eg har riktignok alltid sitte der aleine, og bare vintertid. Og då har eg ei grop i ytterteltet, så eg sitt i innerteltåpningen med føttene ned i gropa.
  18.     Det er godt mogleg han har gjort ein betre jobb på dei høgaste toppane, men ellers er inntrykket mitt at han i alt for stor grad bare har funne eit navn i nærleiken på kartet.
  19.     Eg har etterkvart kome fram til at dyrelivet (men ikkje fuglelivet) har betre av høgspentlinjer enn av nasjonalpark. Nettopp fordi høgspentlinjer også gjer at det vert mindre trafikk av folk.
  20. Ja, messing kan vera så stygt. Men det går an å få fint att. Sjølv har eg ingen gode erfaringar med stillebrennar, så eg ville ikkje bytt ut bråkebrennaren som er langt betre på alle måtar utanom lydnivå. Bråkebrennaren er meir reintbrennande, mindre følsom for dårleg brennstoff, enklare å halde i stand, fungerer betre i vind, raskare å forvarme og ettersom du kan tenne han med restene av forvarmingsflamma, er han også enklare å tenne. Det er sjølvsagt kjekt å halde nede støynivået, men ettersom det vert mindre lukt av den meir reintbrennande bråkebrennare, foretrekk eg denne også til fyring i telt.
  21.     Når du fyrst er bitt, kan du skaffe deg ein Primus 210 med det same
  22.     Å tru at raudspritbrennaren er idiotsikker og at ingenting kan gå galt, er eit veldig farleg utgangspunkt. Å synde mot det fyrste punktet ditt, altså fylle sprit i ein varm brennar, er ein sikker måte å lage ei ulykke på. Spriten brenn med ei usynleg flamme, og søl kan raskt føre til at flammene kjem ut av kontroll. Og søl kan det lett bli dersom ein er uforsiktig. Og uforsiktig er det lett å vera dersom utgangspunktet er at ein trur brennaren er idiotsikker og ingenting kan gå gale. Uansett brennartype må ein vera klar over farane og opptre deretter. Dersom ein lagar mat som krev påfylling av raudsprit undervegs, er den enkle og sikre måten å gjera dette på å ha to brennarar. Når den fyrste er tom, er det bare å bytte han ut med den andre.
  23. Det er ein svakheit i mange konkuransar på nett, ja.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.