Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Ettersom tråden har fått nokre år på seg, har enkelte ting også endra seg i løpet av tida. For 2 år sidan skreiv eg at eg hadde teke i bruk Svea 123r, men fortsatt mangla godfølelsen for den brennaren. Denne godfølelsen har eg fått. Så no er Svea 123r favorittbrennaren min for ryggsekkturar utan snøsmelting¹. Denne brennaren har eg i ein plastikkboks² som passar akkurat nedi ein eldre Primus-kjele med varmeribber under. Med varmeribbene under kjelen, går oppkok på eit blunk til tross for at brennaren har litt lågare effekt enn kva mange reknar som dagens krav. Eg har heller ikkje problem med å småkoke maten, til tross for varmeribbene. ¹Etter ein diskusjon om grensene for dei ulike årstidene her på forumet ei tid attende, er det klart at eg driv med snøsmelting også i den tida mange reknar som sumar. Til snøsmelting er det greit med litt meir effekt, litt større tank og ein stødigare brennar enn 123r. Då seiler Radius 21 opp som favoritten min dersom alt skal pakkast i ryggsekk. Dersom det er pulktur, er det vanleg vinterutrustning med Optimus 111 som vert brukt. ²Plastboksen er der for å beskytte belegget i kjelen og for å hindre eventuelt bensinsøl å påvirke maten.
  2. Dersom det er for å bevis at det fungerer i -40°C, er ikkje testing i -20°C godt nok. Men det er truleg godt nok for å oppdage at det ikkje vil fungere i -40°C I alle fall for Primus-gassen. Andre produsentar har litt andre blandingar. Etter kva eg har forstått brukar ikkje MSR Butan i blandinga si, så der er nok kokepunktet noko lågare. Den som har tenkt å bruke gass i kulda, bør ha gjort grundige testar med eige utstyr i temperaturar under det ein kjem til å bruke på tur. Ein bør også ha tenkt gjennom kva ein skal gjera dersom det vert kaldare enn planlagt på tur, og gassbrennaren ikkje fungerer lenger.
  3. Eg håpar virkeleg at det vert nokre kalde dagar i vinter så de får testa ut teoriane dykkar
  4.     Det er sjølvsagt riktig at det ikkje vert nokon ny kjemisk forbindelse. Men fysiske eigenskapar er avhengig av konsentrasjon. Og med lågare konsentrasjon i væskefasen, går også gasstrykket ned, og følgeleg kokepunktet opp. Dei som ikkje trur meg på det, får bare prøve sjølv.
  5. Under kokepunktet (som per definisjon er der gasstrykket overstig atmosfæretrykket) har du ikkje overtrykk i boksen, og heller ikkje noko drivande trykk for å få væskefasen ut av boksen. Det er ingen forenkling, det er kosekvensen av at propanen er fortynna av isobutan og butan.
  6.     Der tar du feil. Når Primus skriv at kokepunktet er -15°C, er trykket inne i boksen 1 atmosfære ved -15°C. For å få 1 atmosfæres trykk av propan ved -42°C, må væskefasen vera rein propan, og det er det jo ikkje i ein boks med 20% propan. For Primus sin gassblanding, greier du å drive ut væska i ein oppned-stilt boks ned til -15°C, ikkje ned til -40°C.
  7.     Eg veit ikkje. Eg har ikkje hatt den begrensinga på dei siste kamerahusa mine. Sjølvutløysaren har vore opptil 30s. Eg har hatt moglegheit til å programmere intervallopptak. Det har eg i eit tilfelle brukt til å ta eit bilde av meg sjølv nokre kilometer unna (1 opptak med 2 timar forsiking, så var det bare å følge med på klukka og passe på å vera der til riktig tid). Men til bilder der eg er innanfor 150m frå kameraet, brukar eg fjernutløysar (radio), då har eg akkurat den tida eg treng.
  8.     Ettersom eg er omlag like lat, har heller ikkje eg teke meg bryet med å rekne på det. Men i "Säkerhetsdatablad" til Primus PowerGas¹ ( http://www.primus.se/knowhow/nedladdningar/sakerhetsdatablad ) står det at kokepunktet er "- 15 ºC vid atmosfäriskt tryck." Det vil enkelt og greit seie at under den temperaturen er det ingen overtrykk som driv brennstoffet ut til brennaren dersom ein ikkje reiser ordentleg opp i høgda (til lågare luftrykk). Under den temperaturen vil altså ein gassbrennar med gassboks (frå Primus) oppned fungere akkurat like dårleg som ein pumpeprimus når ein ikkje pumpar trykk på tanken. I same dokumentet står det at trykket ved 15°C er 2,8bar, altså trykket ein kan forvente i gassboksen på ein sumartur (som denne tråden faktis handlar om). Dersom nokon fortsatt meiner det er ein god ide å bruke gass i vinterkulda, får dei i alle fall teste det ut vel og grundig før ein reiser på langtur. ¹Andre produsentar av gassboksar har litt ulike gassblandingar som gjev litt andre kokepunkt, men felles for alle som brukar aluminiumsboksar, er at propanandelen er relativ låg (opptil ca 20%) for å ikkje få for høgt trykk ved normale bruks- og oppbevaringstemperaturar.
  9.     Poncho kan i alle fall vera ein interassant oppleving i medvind. Men ikkje noko eg vil anbefale dersom du er avhengig av å sjå kvar du plasserer føttene.
  10. Men å få kokepunktet til nokre og 40 minusgrader, må ein har rein propan. Og ein har ikkje rein propan, verken i væskefasen eller i gassfasen. Ergo kan ein ikkje bruke butan/isobutan/propan-blanding i nokre og 40 kuldegrader, heller ikkje i teorien. Om ein snur boksen på hovudet, er det ikkje bare isobutan og butan som kjem ut av ventilen, det er ei blanding som er nesten lik den opprinnelege blandingen i boksen. For å få fart på brennaren, må det også vera overtrykk i boksen, og effekten ein får ut er i avhengig av kor stort dette overtrykket er. Derfor kan ein heller ikkje bruke gass ved temperatur heilt ned til kokepunktet på blandingen. For då er trykket inne i boksen bare akkurat like stort som trykket utanfor. Det er som å bare pumpe ein enkel gong på ein primus med pumpe. Alle som har brukt ein primus med pumpe, veit at ein må pumpe mykje før ein får ordentleg effekt. For å få tilsvarande trykk i ein gassboks som ikkje har pumpe, må ein ha høgare temperatur enn kokepunktet i boksen. Men dette er langt utanfor kva tråden eigentleg handlar om, for det er brennarar for sumarbruk.
  11.     Greit nok. Men slik du skreiv i det forrige innlegget, kan det forståast, av uerfarne som les tråden no eller seinare, at gass fungerer i kulda, og at gass vert brukt av erfarne turfolk i kulda. Når det også vert fortalt så ofte at flytande brennstoff som treng forvarming, er så tungvint og at det er så mykje vedlikehald på desse brennarane, er det lett for uerfarne å tru at gass er ein god ide, også i kulda. Dersom desse uerfarne tar med seg gassbrennaren sin, utan å forstå korleis gass fungerer og kvifor det ikkje fungerer i kulde, på overnattingstur til fjells midtvinters, kan det ha veldig uheldige følger. Derfor er eg oppteken av å få fortalt at gass i kulda er ein dårleg ide, ikkje minst på grunn av at det finnst langt betre og sikrare løysingar.
  12.     At nokon vil bruke gass i kulda på ein brennar som er laga for, og fungerer godt på flytande brennstoff, er endå meir uforståeleg for meg, enn at nokon vil bruke gass i kulda fordi dei ikkje har anna enn gassbrennar. Men kvar si lyst.
  13.     Ned mot 40 minusgrader kan du bare glømme. Ikkje fordi det er forskjell på teori og praksis, men fordi du ikkje har forstått teorien godt nok. At nokon ynskjer å bruke alskens triks for å bruke gass i kuldegrader, har eg også vanskeleg for å forstå, ettersom det er andre brennstoff som fungerer heilt utan slike triks i kulda. Ikkje minst fordi ein kan vera veldig i beit den dagen brennaren ikkje fungerer lenger. Når ein er avhengig av å smelte snø for å få seg drikke og til matlaging, forstår eg ikkje kvifor nokon vil gamble med dette. Men det er sjølvsagt langt utanfor temaet for denne tråden, ettersom det her er spørsmål om brennar for sumarturar.
  14.     Dårleg med lommer på den jakka. Men jakka har den beste hetta eg nokonsinne har hatt på hovudet. Synd at hetta ikkje kan fjernast eller pakkast vekk når ein ikkje har bruk for hette.
  15.     Akkurat det varierer over vårt lange land.
  16.     Så lenge ein ikkje har gran i bålet, er sprutande gnistar fråverande.
  17.     I forhold til Dragonfly: Eg har ingen erfaring med Dragonfly, så det kan eg ikkje svare på. I forhold til Trangia: I Trangia, står kjelene utruleg stødig fordi Trangiaen står stødig, og kjelene har ingen sjanse til å gli, men dette gjeld bare kjelene som passar. Det gjeld definitivt ikkje Optimus 111. 111 er i seg sjølv stødig, men kjelestøttene er utruleg glatte. Men det er særleg små kjelar som skapar problem på 111, mindre kjelar enn det er mogleg å plassere i Trangia 25. 4,5 liters snøsmeltekjelen min trivst i alle fall godt på 111. Når det gjeld 111, har eg ingen tru på at den er noko mindre vindfølsom enn Dragonfly. Så dersom du har eit reelt behov for noko som taklar vind betre enn Dragonfly, får du bare leite vidare. Men dersom du bare har lyst på noko anna, er 111 med bråkebrennar ein god kandidat. Men stillebrennar kan du bare gløyme så lenge vindfølsomheit er eit tema.
  18. Når du nevner at store kjelar balanserer litt ustødig på dragonfly'en, er ikkje Trangia løysinga. Einaste måten å ha større kjelar (og den medfølgande steikepanna) på Trangia, er å ha dette over vindskjermen. Då misstar vindskjermen funksjonen sin, i tillegg til at kjelen kjem veldig langt frå brennaren, slik at effekten vert dårleg. Trangia fungerer godt dersom du greier deg med kjelestorleikane som følger med, og så fungerer det tilsvarande dårleg for alle andre storleikar.
  19.     Ein kombinasjon av lokalkjennskap til området ein skal på tur, vermelding (både yr før avreise, vermelding på radio undervegs og eigen kunnskap om lokale verteikn), og plassering av leiren i forhold til vindforholda. Det trengst ikkje store haugen til før ein kan få brukbar ly på riktig side, og dei verste forholda på motsatt side av same haugen.
  20. Start med å legge vekk alt som bare er kjekt å ha. Dette kan du truleg spare mykje på, og det er billig. Når dette er gjort, kan du sjå på dei store, tunge tinga i sekken. Alt som må kjøpast nytt, må ein sjølvsagt vurdere nøye, både pris i forhold til vektsparing, men også om det går utover nytteverdien. Utover materialvalg, er det også viktig å vurdere kva andre krav ein skal ha til utstyret sitt, og korleis dette påvirkar vekta. Telt kan ein spare mykje på å ha eit mindre telt, men det går ei grense for kor lite telt som er behageleg. For oss på 1.90 og lenger, er det særleg liggelengda som begrensar utvalet av lette telt. Ver også klar over at mange av lettverkstelt som vert diskutert på forumet her, vert levert utan stenger (basert på at ein har med seg vandrestavar) og anna nødvendig utstyr, og derfor er ikkje alltid dei oppgjevne vektene heilt enkelt å samanlikne. Sovepose handlar mykje om komforttemperatur. For å ha lettast mogleg sovepose, må ein vurdere kor varm han må vera. I det lange løp, er det lite hensiktsmessig med heilårspose eller 3-sesongspose. Ein sovepose varar ikkje evig, han vert slite ut. Ein varmare pose kostar meir, og det er då unødvendig å slite på ein pose for mange kuldegrader, dersom det er mange varmegrader. Sjølv har eg ein vinterpose som er varm nok for alle forhold, denne er sjølvsagt tung, men han skal heller ikkje brukast anna enn om vinteren. Ein vår/haust-pose som skal halde meg varm i nokre kuldegrader og ein sumarpose som er akkurat varm nok til å fungere i ei litt kald sumarnatt i fjellet. Når det kjem til ryggsekken, er eg meir oppteken av at sekken er god på ryggen, enn at eigenvekta er låg. Ein sekk som ikkje er god på ryggen, er ubehagleg sjølv om innhaldet er mange kilogram lettare. Når ein har fått ned vekta på det nødvendige utstyret, kan ein vurdere om det likevel er greit å ha ein litt tyngre sekk, og i så fall prioritere utfra eigne interesser kva ein vil fylle på med, feks god mat og hensiktsmessig utstyr for å tilberede denne.
  21. Personleg trenar høyrest ut som ein kjempegod ide for oss som ikkje gidd trene sjølv. Tilsvarande kan ein ha ein personleg turist som går tur for ein. Denne personlege turisten kan så poste turrapport her på forumet til glede for alle, slik at det er fleire som kan droppe å gå tur sjølv (det er jo ikkje alle som har råd til ein eigen personleg turist). Dette er jo også ein forretningside for dei som drømmer om å leve av å gå på tur.
  22. Når innlegg vert flytt på denne måten, forsvinn heile samanhengen. Når ein ikkje veit kva det skal samanliknast med, er det faktis heilt umogleg å svare på spørsmålet "Hva er forkjellen ifht denne: http://www.gsport.no...t-liggeunderlag" Kopier i det minste så mykje frå den opprinnelege tråden at innlegget som vert flytt gjev meining.
  23. Så sant bæresystemet ikkje er avhengig av at sekken er passe full, må sekken vera ideell som dagstursekk. Å ha god plass i sekken, gjer det mykje lettare å få tak i det ein skal ha. I ein romsleg sekk er det fullt mogleg å stikke handa ned til botn å fiske opp det som ligg der, utan å måtte tømme heile sekken som ein må dersom sekken er stappa full.
  24.     Eg skal ikkje gjera forsøk på å argumentere mot dette. Dette er sjølvsagt også ei totalvurdering der erfaring, værmelding og resten av utstyret i sekken med meir kjem, inn i bildet.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.