Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Eg grev alltid ei grop i forteltet. Slik vert det betre plass. Denne gropa gjer også at eg får ein trygg plass å ha primusen. Der er det bare snø rundt primusen, og god avstand til brennbar teltduk. Når eg sit i innerteltåpningen med føttene ned i gropa, sit eg godt og har det passe varmt. Når eg smeltar snø, kan enkelt puste inn frisk luft frå teltåpningen for å unngå CO-forgifting. Dersom det er aktuelt med fyring på barmark, kan ein sjølvsagt ikkje grave seg ned i snøen. Då er det bare å hekte ned litt av innerteltet for å få litt meir tumleplass.
  2.     Desverre??? Dei som alltid skal ha det siste nye har betalt halvparten av fotoutstyret mitt
  3.     Romsleg. Men forskjellen frå 2-mannstelt er bare 30cm i breidda. Då har du så stor plass at du kan ta med deg ein person ved behov.
  4. Keron er også eit sikkert valg. Sjølv valgte eg Tarra til å erstatte Nammatj. Ettersom eg kjøpte det usett, var eg spent på korleis kroksystemet fungerte i praksis. Erfaringa mi er at det fungerer svært betryggande. Oppsettet er veldig enkelt og ryddig utan flagrande telt i vinden, men det tar lenger tid enn å setje opp Nammatj. Men så er det dobbelt så mange stenger også. Tarra vert derimot ikkje levert med stort fortelt som Keron GT og Nammatj GT.
  5. Nammatj er vel eit av dei aller mest vindsterke tunelltelt som er å oppdrive, så dersom ein har plass, er det eit veldig bra vintertelt. Det som gjer liggelengda veldig kort vintertid, er når vinden legg snøen oppå teltenden og presser denne mot bakken. Då forsvinn det raskt 10-20 cm liggelengde. Sumartid hadde eg akkurat plass i teltet mitt (tremannsversjonen) når eg låg diagonalt, på tynt liggeunderlag.
  6. Det er avhengig av kor lang du er, og kva retning du ligg. Dersom du er like lang som meg (altså ca 190cm) og ligg med hovudet mot forteltenden, er svaret ja, heilt uavhengig av kva slags liggeunderlag du har. Sjølv måtte eg ligg med føttene langt ut i forteltet for å ha plass i mitt Nammatj 3 vintertid. Ettersom eg hadde ei djup grop i forteltet, var det utelukka å ligge med hovudet i den enden. Eg kan ikkje seie at eg savnar det teltet.
  7.     Eg støtter deg på at det er ei svært velskrive bok. Det var også ei oppleving å høyre på forfattaren ved lanseringa. Og eg er ikkje inhabil på nokon som helst måte. Dette er ei av i alt 4 ulike, uavhengige bøker som er kome ut om Hardangervidda dei seinare åra, og som går i djubda på kvart sitt felt og tilsaman utfyller kvarandre i beskrivinga av vidda. Dei tre andre eg tenkjer på er: "Fjellfolkets rike" av Livard Hytta, som tar for seg rettigheitene på vidda. "Reinen på Hardangervidda" av Johan Vaa og Kjell Bitustøyl som tar for seg både vill- og tamrein. "Fiskeguide for Hardangervidda" av Tore Qvenild tar for seg fisken.
  8.     Eg sjekka eit Nordeca-kart akkurat no, og der var det trykt koordinatar også inne i kartet (10km mellom kvar rekke med koordinatar).
  9. Nordeca har 2km overlapp mellom kartblada. Kartverket sin serie hadde ingen overlapp sist eg sjekka.
  10. Avhengig av om du må bestemme deg no eller til sumaren. Dersom du må bestemme tidspunktet no, ville eg ikkje planlagt ein slik tur før midten av juli. Dersom du kan vente til du ser korleis våren og snøsmeltinga går, kan det vera mogleg å få til turen litt tidlegare.
  11. Dersom kryssinga skal gå nord-sør på austvidda, kan det nok gjerast så tidleg. Men på vestvidda ligg det metertjukk snø på den tida.
  12. afe

    Valg av langrennski

    Då kjøper du ei slik markapakke. Bare pass på at støvlene passar føttene dine, det er det viktigaste.
  13.     Plastikken i plata under foten er litt breidare. Men ettersom støvelen vert styrt av sporet under sålen, har det absolutt ingen praktisk betydning.
  14. Startar trykkmålaren på 0 når han ikkje er kopla til noko, viser målaren trykkforskjell, altså trykket over atmosfæretrykket. Startar trykkmålaren på 1 atmosfære når han ikkje er kopla til noko, viser målaren totaltrykket. Men målaren målar nok likevel overtrykk, det er bare skalaen som er forskyvd.
  15. afe

    Valg av langrennski

    Eg har gode erfaringar med Fisher country wax. Det er dei beste fjellskia eg har hatt. Dei er ikkje breiare enn at dei går i dei fleste preparerte løypene. Men dersom du skal bruke dei i skogen, vil du kanskje ha betre flyteevne. På fjellet fungerer dei godt. Smørefriversjonen heiter country crown. Men gå får smøreski, det er det som gjev mest skiglede i lengda.
  16.     Eg har brukt eit par slike sko. I opphaldsvær var det ingen problem å halde seg turr på føttene så lenge membranen var tett. Men i regnvær greidde eg ikkje å unngå at det rann vatn ned i skoa, og ettersom dei var tette, vart det å gå å plaske i dette vatnet. Desse skoa er dei desidert verste skoa eg nokonsinne har brukt våte. Sjølv brukar eg høge støvlar for å unngå å få vatn, kvist og liknande i skoa. På turr, vegetasjonslaus mark som blokkmark og steinskarv, går eg gjerne med joggesko.
  17.     Det er ikkje så stor praktisk forskjell på å dele stengene i to eller i tre.
  18. Ting forandrar seg. Då eg kjøpte boka, var den engelske utgåva umogleg å få tak i. Sjølv er eg snart ferdig med "Syv skinnende hvide rener"
  19.     Den norske oversettinga, "Norge den nordlige arena", er utvida i forhold til orginalen, så der er det fleire kapittel. Utvidinga består av det Slingsby skreiv etter at "Norway The Nortern Playground" var utgjeve.
  20.     Eg tviler sterkt på at det finnst geiteflokkar som ikkje får beite utandørs om sumaren her i landet. Både fordi dette strir i mot gjeldande lov, og fordi det verken er praktisk eller lønnsamt. Lønnsamt geitehald er i stor grad basert på beitebruk. Dersom det har vorte færre geiter å sjå i ditt område, er det fordi det er færre geiter i området.
  21.     Torvmengden har nok gått både opp og ned gjennom tidene. Denne artikkelen viser dette tydeleg, og sett også ferdselen i fjellet i perspektiv: http://www.geoportalen.no/norges_geologi/torvmysteriet/
  22.     Med tanke på at ulike brukarar opplever kulde forskjellig, tar nødvendigvis alle slike skalaer feil. Fordelen med EN-skalaen er at det kan samanliknast mellom produsentar. Dersom ein veit at soveposen med gitte EN-temperaturar er for kald, så er det enkelt å finne ein sovepose som er varmare ved å sjå etter ein annan pose med lågare EN-temperaturar. Med ulike skalaer kan ein risikere å kjøpe ein kaldare sovepose fordi skalaene ikkje er samanliknbare. Eg held meg derfor konsekvent vekk frå alle produsentar som ikkje oppgjev EN-verdiar på soveposane. At enkelte oppgjev sin eigen skala i tillegg, er uproblematisk, det er bare støy som ein enkelt kan sjå vekk frå.
  23. ^ | Issoleia står nok sterk hjå meg. Men for å følge årstida, må eg slå eit slag for isrosa
  24.   Det er grunnen til at eg ikkje skreiv noko om kva som er denne grensa for min del, for det er heilt irrelevant for alle andre Det er grunnen til at eg er fundamentalt uenig med lettpakkarane når det gjeld valg av ryggsekk. Det er greit nok å spare vekt på det meste av innhaldet. Men når det gjeld valg av sjølve sekken, er eg langt meir oppteken av at sekken er god på ryggen, enn kva eigenvekta er. Eg vel heller ein sekk eg kan prøve på ryggen i ein lokal sportsbutikk, enn å kjøpe sekk uprøvd frå utlandet, uansett kor mykje lettare den siste sekken er. Det er også grunnen til at eg brukar dagstursekk som er fleire titals liter større enn kva som er behovet. Dersom ein i iveren etter å få sekken ned i vekt, vel ein sekk som ikkje er god på ryggen, har ein ikkje oppnådd så veldig mykje med tanke på bærekomfort. Og til dei som trur eg argumenterer mot lettpakking: De har truleg misforstått alt eg har skrive, for eg er ikkje mot lettpakking. Men enkelte innlegg (både i denne tråden og ellers på forumet det siste året) kan tyde på at enkelte er meir oppteken av sjølve vekta, enn formålet med lettpakking, altså få ein komfortabel tur.
  25.     Eg har gått så mykje med sekk at eg veit veldig godt med meg sjølv kvar grensene går for kva som følest tungt. Inntil ei viss grense betyr nokre kg til eller frå veldig lite for meg. Over denne grensa merkast den ekstra vekta veldig raskt. Så lenge eg kan halde tursekken under denne grensa, og det greier eg med heilt vanleg turutstyr, har eg ingen nytte¹ av å gjera sekken endå lettare. Det er, i alle fall for meg, mykje større skilnad på 20 og 27kg enn på 13 og 20kg. ¹Dersom eg kan spare litt vekt på noko utstyr, kan eg sjølvsagt nyttiggjera meg dette med å ta med meir av noko anna.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.