Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Vedlagt fil kan prøvast i sør-Noreg. Eg har dårleg (rettare sagt ingen) kontroll med presentasjon og ingen gps å prøve det ut på. Dataene er "Snøskred - aktsomhetsområder" som er lasta ned frå http://gis3.nve.no/nvedatanedlast/Default.aspx gpsfil.zip
  2. Problemet er ikkje fyrst og fremst musklane, men mangelen på heilheitstenking. Konsesjonane vert behandla vassdrag for vassdrag, medan reinen brukar området mellom alle desse områda. Villrein vert derfor ein tilsynelatande uviktig part i kvar enkel konsesjon, men tilsaman vert det gjort uboteleg skade på reinens område. At dei bare ser på kva som skjer under vatn, er eit anna symptom på manglande heilheitstenking.
  3. OK, du har rett i det, men det er ikkje noko snøscooter kan hjelpe med.
  4.     Det er jo ikkje det. Det er eit samfunn som har alt, inkludert sjukehus, havn og flyplass, innanfor gangavstand.
  5.     Når det gjeld villrein og revisjon av vannkraftkonsesjonar, er det villreinutvala og nemdene (altså lokalbefolkningen) som fører villreinens sak mot staten. Dersom statet hadde hatt evna til å sjå heilheita, skulle denne jobben vera enkel, men her viser statet tydeleg mangel på heilheitssyn. http://www.villrein.no/s/Villreinen-2014-side-24-30-nett.pdf
  6.   Samvirke er greit, men overstyring fører aldri godt med seg på sikt. Sentrale myndigheiter ser heller ikkje heilheita, derfor hender det at det går veldig gale med for mykje sentral overstyring. Hardangervidda hadde og har stor økonomisk betydning for mange, men dei vart og vert stadig, overkøyrd. Påstanden din er desverre veldig typisk for det som fører til kløfta mellom by og land. Det er eit resultat av det du sjølv nevner, kost/nytte. Når kostnaden med å ha ein reinstamme vert for stor, ved at viktige transportårer vert stengt unødig, er det mange nok som ynskjer all rein dit peparen gror. Og då er det ikkje lett å få gehør for å ta hensyn til rein når andre viktige utmarkssaker skal vurderast. Dess ferre venner reinen har, dess færre er det som tar til orde å ta hensyn til reinen.   Lykke til. Sjølv om det skulle koma ein tunnel frå Nygard til Sysendalen, er det utopi å tru at vegen over fjellet ikkje vil bestå som sumarveg. Det er mange nok turisthytter meir sentralt på vidda, du kan arbeide for å fjerne fyrst. Det er hytter som har mykje mindre nytte enn rv7, og som er til større skade for rein.
  7. Ideen til miljøbyråkratane er at reinen skal krysse vegen, men på nordsida av vegen er det nesten ikkjeeksisterande vinterbeite, så der har reinen lite å gjera no. Det einaste som ville skjedd om trafikken hadde fortsatt, er at reinen ikkje hadde beitt så nære vegen desse dagane. Det som skjedde då vegen vart stengd i fjor, var at ein nysgjerrig skigåar ville sjå reinsflokken, takka vera stenginga av vegen var det jo godt annonsert kvar flokken var. Denne skigåaren fekk problem då det vart dårlegare vær, og det vart satt i gang ein storstilt redningsaksjon med helikopter og fleire snøscooterpatruljer i området. Reinen vart sjølvsagt skremd av dette, langt meir skremd enn trafikken på riksvegen nokonsinne har skremd reinen. Få dagar seinare var halve flokken ved Mår. Når det gjeld langsiktig vern av villrein, er hytteutbygging i randområda og meir intensiv bruk av større deler av vidda, langt meir skadeleg for reinen sitt leveområde enn vinteråpen rv7. Og det har aldri vore så vanskeleg å få gehør for å verne om reinen enn no. Dei som vil ta vidda i bruk til andre ting, er så kraftig provosert akkurat no, at dei kan finne på å gjera kva som helst for å svekke villreinsaka. Det kan gjera det vankseleg for reinen på sikt. Rein er og har vore ein ressurs like sidan mennesket kom til landet etter siste istid. Og det er fyrst og fremst for lokalbefolkningen at dette er ein ressurs. Men når sentrale myndigheiter gjer villreinen til ei byrde, vert det stadig fleire av dei som ikkje tar del i denne ressursen, som også vert negativt innstil til reinen. Å påstå at lokalbefolkningen ikkje bryr seg om rein, vitnar bare om kor dårleg kjent du er med kva som rører seg utanfor bykjerna. I dag er det villreinutval (rettigheitshavande), og villreinnemder (lokalt politisk vald) som står for forvaltninga av villrein, og dei gjer ein veldig god jobb. Og dei gjer denne jobben best utan overstyring av sentrale myndigheiter. Hardangervidda er desverre eit villreinområdet som har og har hatt, eit stort problem med at sentrale myndigheiter prøver å overstyre lokale prosessar. Dette skapar dårleg samarbeidsmiljø og dårlege resultat på lang sikt. Nedskytinga som følge av innbilt overpopulasjon sist på 90-talet, var eit godt eksempel på resultatet. Stenginga av rv7 no, er eit skrekkeksempel på korleis slike overgrep kan gjerast.
  8. Nei, det fortel mest om at beslutningstakarane sitt veldig langt unna. Og at desse har eit religiøst forhold til Hardangervidda, noko dei har hatt sidan nasjonalparkstriden for 40 år sidan.
  9.     Vintertrafikken over vidda er fyrst og fremst tungtransport, og så nokre turistar på fredag og sundag.
  10. Mora-kniven min er 122g, så det er under vektgrensa i tråden. Og eg har kniv nok til kvisting og oppdeling av dyr. Dersom eg ikkje skal kviste eller dele opp dyr, har eg ikkje bruk for kniv.
  11. Artikkelen det er lenka til, er frå 2010, så det er nesten 5-6 år sidan.
  12. Eg har erfart at det kan legge seg snø under utløyserknåtten, og at dette gjer det veldig vanskeleg å få trykt knåtten langt nok for å få laus støvelen. Eit par dagar i nysnø kan vera nok til at bindingen vert nær ubrukeleg. Det er mange gonger eg har opplevd at den einaste måten å få nok trykk på knåtten, er å bruke hælen på andre foten, men eg har aldri opplevd å ikkje få av meg skia. Korleis silikonspray kan unngå at snø kjem inn i bindingen, har eg vanskeleg for å forstå.
  13. Oversikt over regulerte vatn, og kvar i desse det er ekstra grunn til at det er usikker is, finn du på http://www.nve.no/iskart Ver også klar over at det kan vera åpent vatn i dei større vassdraga også, særleg Lågen går mykje åpen. Det er særleg i dårleg sikt dette kan vera skummelt, for det er gjerne store skavlar på sidene.
  14.     Eg brukar å ha 70-80 fjellturar i løpet av skisesongen, og det er ytterst sjeldan eg går i terreng som er brattare enn 30°. Det er langt oftare eg krysser utløpsområda i skredkartet. Men uansett kva du og eg meiner desse karta kan brukast til og ikkje, er det lurt å lese om grunnlaget for karta for å gjera opp si eiga meining om brukbarheita og svakheitene ved skredkartet. http://www.ngu.no/website/common92/skrednett/SkredSnoAktWMS.pdf For dei av oss som ferdast i område som er kartlagt i forsvarets snøskredkart, er dette betre kart, men ikkje nedlastbare som vektorar. http://www.ngu.no/website/common92/skrednett/forsvaretsSnoskredkart.pdf
  15. Skredkarta er langt meir enn bare tull, og eg har hatt meir glede av dei enn bare å unngå skred. Det gjev ein veldig visuell markering av kvar det er bratt. Greit nok at ein kan sjå det same av kor tett høgdekotene er. Men etter mitt syn, er raudt felt over alt som er brattare enn 30°, langt raskare å fatte for hjernen min. Sjølv om ein alltid må vurdere forholda undervegs, er skredkarta med utløpsområda også til god hjelp for å unngå terrengfeller før ein er på plassen og kan oppedaga det med sjølvsyn. Det er langt lettare å godta å gå ein omveg når ein kan planlegge det på avstand, enn dersom ein er midt oppe i det og i såfall må snu.
  16. Det er veldig stor forskjell på kor tolerante folk er med tanke på kontakt med teltduken. Personar under 183cm er veldig godt vant, ettersom alle telt er massevis lang nok for dei. Dei er derfor veldig opptekne av å ikkje vera i kontakt med teltduken nokon stad. Dei over 190cm er vane med at ligge mot teltduken, og veit at teltduken ikkje er ein hard vegg, men bøyer unda til ein viss grad. Dei lange er derfor meir opptekne av om denne teltdukkontakten skapar problem eller ikkje. Med skråveggar, gjer også liggeunderlagtjukkelse enormt på korleis liggelengda og romfølelsen er. Men 90cm er høgt nok for dei fleste liggeunderlag, det er nok høgda i endane av teltet som gjer at det følest trangt.
  17. Kart: http://kso2.lantmateriet.se/?e=637491&n=7452051&z=8&profile=default_fjallkartan_noauth
  18. Eg har Soulo og Ringstind 1. Eg er 190cm og Soulo er kjempetrangt både i lengda og breidda, medan Ringstind 1 er romsleg, men eg brukar ikkje så tjukt liggeunderlag. I Ringstind ligg meg med kleda i ein haug bak skallen, i Soulo ligg eg og stangar i teltduken. Det er ingen moglegheit for å få plass til ein hund i lag med meg i Soulo, med mindre det er ein slik liten veskehund, og han kan henge i taket. Soulo er tyngre men har heilt suverene eigenskapar i vind, i tillegg til at det er langt enklare å plassere i høgfjellet der pluggfester kan vera vanskeleg. Det er to telt som eg brukar til heilt ulik bruk. Ringstind er både bråkete og hardtslåande¹ i sterk vind og veldig avhengig av gode pluggfester for å kunne setjast opp nokonlunde stramt. Med 197cm kan du bare gløyme Soulo. Den tjukke madrassen kan gjera Ringstind trangt, men på eit tunnare liggeunderlag ville du hatt god plass. ¹Den låge teltduken slår meg i ansiktet, og det er ingen behagleg måte å vakne på.
  19. Ein fjerde stein, som er litt større, fungerer som vindbeskyttelse.
  20.     Det einaste som trengst, er 3 passe store steinar til å setje kjelen på. Det treng du ikkje bæra med deg.
  21. CO er farleg, ingen tvil om det. Men av alle åpne åpne flammer, er ein reintbrennande primus det tryggaste. Det er ufullstendig forbrenning som fører til CO. Så bål og stearinlys er langt større CO-produsentar, i alle fall i forhold til varmeeffekt. Det er dei som finn på å setje grillen inn i lavvoen, som avsluttar livet sitt i den same lavvoen. Det er fyrst når ein kjøler ned flammene på primusen ved å setje på ein kjele med kaldt vatn eller snø, at primusen byrjar å produsere farleg mykje CO.
  22.     Uansett kor dårleg fotograf eg er, gidd eg ikkje ta bilde bare for å ta bilde. Når det ikkje er noko å ta bilde av, tar eg ikkje bilde, og når eg ikkje har noko bilde å dele, deler eg heller ikkje. Så enkelt er det. Og skal eg til å laste opp bilder, vert det i alle fall ikkje same dagen som eg har vore på tur, og då er ikkje dette den rette tråden slik eg har forstått det. Det enklaste vil sjølvsagt vera å slutte å fortelje at eg har vore på tur, og bare diskutere utstyr, dersom det er det du vil.
  23.     For min del handlar elektronikkmotstanden om frustrasjon over tomme batteri og ting som ikkje fungerer. Dette er resultat av dårlege erfaringar gjennom mange år, og har ingenting med naturopplevingar og stillheit å gjera. Men motstanden er ikkje større enn at eg har med meg både gps, hovudlykt og kamera. På telttur brukar eg også ha med meg radio i håp om å få med meg ei og annan værmelding. Kva andre har med seg på tur, får vera deira sak.
  24.     Eg har med meg stort kamera. Men så lenge det ikkje er noko spesielt å fotografere, har eg heller ikkje noko å dele med andre. I dag gjekk turen på Lauvdalsbrea. Og med det flate lyset som var i dag, har eg heller ingen grunn til å dele bilder med andre.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.