Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Mange av oss bar tung sekk lenge før Monsen vart kjent, så han kan eg ikkje skulde på. Eller var det Mor Monsen du tenkte på? Ho kan alltid skuldast på. Før i tida bar eg til og med med meg brød. Det var både tungt og volumiøst.
  2. Det trur eg også. Men det er ikkje DNT som har fått folk til å bu i telt, i alle fall ikkje dei seinaste 80 åra.
  3. Så lenge målet er lettare sekk, er det for mange, mykje å hente i kva ein ikkje tar med seg. Og det kostar ikkje noko. Og så kan ein tenke vekt ved innkjøp når ein likevel må erstatte utslitt utstyr. Også må ein sjølv finne ut av korleis ein vil prioritere komforten når ein går, mot komforten i leir. Når lettvekstpakkarane brukar "sovepose" utan rygg, er det langt utanfor mine krav til komfort i leir.
  4. afe

    Varme i teltet

    Det er ingen bestemt grense for når gass ikkje fungerer tilfredstillande. Med ståande gassboks, vert gassboksen nedkjøla ved bruk, så effekten vil avta ganske raskt. Det kan vera uproblematisk når ein bare skal koke opp litt kaffevatn, men det er ikkje noko ein ynskjer når ein vil fyre i teltet over lang tid. Med gassboksen oppned, er ikkje nedkjølinga det store problemet. Men gasstrykket er avhengig av temperaturen, så effekten vil vera dårlegare jo kaldare det er. For å fyre i telt, vil du gjerne ha meir effekt når det er kaldare. Så mitt råd, er å velge andre brennstoff som faktis fungerer i kulda. Både parafin og bensin fungerer godt, og har vore brukt til teltfyring i kalde strok lenger enn nokon av oss har levd.
  5.     Med liggande, full flaske, skal det mykje til at lekkasje ikkje viser seg i form av parafinsøl. Min tanke var at eit tett filter fører til dårleg effekt, som ein gjerne prøver å kompensere med å pumpe meir trykk. Ein annan moglegheit, er at pumpelæret ikkje tettar, slik at pumpa ikkje greier å bygge opp trykk i flaska. Dette kjenner ein lett ved at det er liten motstand i pumpinga, men er kanskje ikkje like opplagt dersom ein ikkje kjenner primusen sin godt, og veit korleis han oppfører seg når han er i orden. Løysinga er i så fall å olje inn pumpelæret.
  6. Sjølv brukar eg ein Primus-kjele med varmeribber under og ein tett plastboks i mellom.
  7.     Sjølv brukar eg stor sekk fordi store sekkar er langt betre å ha på ryggen. Det er jo ikkje nødvendig å fylle sekken stappa full kvar gong. Det er også langt enklare å finne att ting som ligg langt nedi ein sekk som ikkje er stappa full.
  8. Nei. Steikepanna vert ikkje varm med spritbrennar. Eg har i alle fall ikkje opplevd at det skjer.
  9. Så lenge teltet er laga av tøy, og opphaldsplassen er inne i teltet, vil nok dette vera eit større eller mindre problem. Det enklaste er å la vera å irritere seg over det.
  10.     Det er tydeleg at me har totalt ulike bakgrunnar, for dette kjenner eg meg absolutt ikkje att i. Men eg forstår at den bakgrunnen din, fører til tung og vond sekk, og masse upraktiske løysingar.
  11.     Det har vore slik i alle fall sidan 2013.
  12. Det virkar som eit filter i brenseltilførselen er i ferd med å gå tett.
  13. Eg klagar ikkje på at det finnst løysingar for folk som går med stavar. Dersom du trur det, har du lese noko heilt anna inn i innlegga enn kva som står der. Eg har heller ingen problem med at mange går med stavar. Men eg vert meir og meir forundra over kor viktig det er for enkelte å forsvare stavbruk i ein ultralettpakketråd, der gassbrennar er for tungt til å ha i sekken.
  14. Naturinngrepa består av å gjera lite tilgjengeleg natur tilgjengeleg for alle. Nasjonalpark er turistattraksjonen og markedsføringa. Tillrettelegginga består i steinlegging av stigar, i fyrste omgang for å restaurere ein stig som bar preg av slitasje, i neste omgang vart det laga ei rundløype for å få flyt i trafikken. Etablering og utviding av parkeringsplassar for å få inn meir folk. Nye oraniserte aktiviteret som motbakkeløp til tops og skirenn skarvet på langs, der naturparken som attraksjon er hovedmarkedsføringa. Denne aktiviteten er velsigna av polikikarar like til topps, fordi det uttalte målet er større bruk av verneområda. Det er ingen stad i Hol kommune det er tettare med snøskuterspor i utmark, enn i nasjonalparken, og det er SNO som står for køringa, for å passe på at ingen køyrer skuter der. Besøkstalla har mangedobla seg i løpet av desse få åra, og er i dag mange titals tusen årleg på enkelte stigar. Det som er alvorleg i dette, er at det skjer i naturvernets navn, og det er dyrelivet som skulle vernast, det går utover. Når trafikken vert for stor på fleire, parallelle stigar på tvers av området, stenger det effektivt for villreintrekket. Dette stengselet er like effektivt villreinstengsel som rv7 over Hardangervidda, og det stoppar villreinen mange gonger kvart einaste år, utan at nokon myndigheiter gjer noko som helst for å begrense skadene. Og når ein veit at dei fagre orda i starten av vernearbeidat var at villreinen skulle vera premissleverandør, må det vera lov å påstå at vernet har vore totalt misslykka. Det same kan heilt sikkert seiast om mange andre verneområde, men Hallingskarvet er det eg kjenner best. Det er ikkje turområdet mitt, men det er ikkje vanskeleg å sjå konsekvensane.
  15.     Eg har sansen for å tenke gjennom kva ein tar med seg. Og det er jo eit resultat av at eg har prøvd å finne fram i jungelen av slike lettveksttelt, at eg til stadigheit dunkar borti denne mangelen i alle oversikter. Med under middels interesse for det engelske språket, gjer også at eg brukar mykje tid ved kvar einast omtale av lettvektstelt for å finne ut om den oppgjevne vekta er eit komplett telt, eller om det manglar både det eine og det andre. Når ein må legge til både teltstenger og pluggar, er vektbesparelse oftast forsvinnande liten i forhold til dei telta eg allereie har, sjølv om produsentens si omtale kan virke fantastisk lovande ut. Det virkar som det vert forventa at alle lettvektspakkarar skal gå med stavar, og det har eg vanskeleg for å sjå nokon grunn for. Det virkar heller ikkje som lettverkspakkarane stiller spørsmæl ved nettop denne ekstra vekta. Men det er vel amerikanarane som bestemmer "spillereglande", og dei er vel avhengig den ekstra støtta. Og det er nettopp desse "spillereglane" som gjer at eg har problem med å kjenne meg heime i mange lettvekspakkediskusjonar. Eg vil pakke lett for å ha ein lett sekk, eller i mange tilfeller få med meg litt meir innanfor den same vekta, ikkje for å få ei kunstig begrensa del av innhaldet i sekken under 5 eller 10kg. At enkelte vel å ta med seg stavar utfrå ei heilheitsvurdering er heilt greit, men det fortjener ikkje å ende opp som standardutrustning for alle lettpakkarar av den grunn.
  16. Hallingskarvet http://www.nasjonalparkstyre.no/Hallingskarvet/Verneomrade/Hallingskarvet-nasjonalpark/ Etter at det vart nasjonalpark for få år sidan, har det vorte så vanvittig mykje trafikk, både organisert og uorganisert, i området, at det er i ferd med å fortrenge dyrelivet fra store deler av det som er nasjonalpark. Villreinen er den aller største taparen. Den rådande politikken er at det skal leggast til rette for endå meir aktivitet i nasjonalparkane. I den samanlikninga vert Godfarfossen eit lite inngrep i eit allereie regulert vassdrag. Eg har ein følelse av at dette ikkje var kva trådstartar hadde sett for seg, men det får han tåle
  17.     Det trur eg så gjerne. Mi erfaring, basert både på eigen utprøving og observasjon av andre, er nemleg at tempoet går ned når ein går med stavar. Og då vert ein gjerne mindre sliten. Eg går ofte forbi folk med og utan stavar, og folk utan stavar går forbi meg. Men eg har aldri opplevd å bli forbigått av nokon med stavar. Sjølv om dette er ei alvorleg utgliding frå temaet for tråden, er det vel verdt å dvele over at det er dei som er mest oppteken av å pakke lett på ryggen, som er minst oppteken av vekta dei tar med seg i hendene. Men det kjem vel utanom den såkalla basevekta, og då kan det virke som det ikkje betyr noko lenger. Og dersom det er slik, er det vel bare ein måte å lure seg sjølv på, å bera med seg litt ekstra tunge teltstenger i hendene. Sekken vert jo så ultralett på den måten.
  18. Folk må få gå med så mange stavar dei vil for meg. Eg går utan. For meg er stavar bare herk som seinkar farten og gjer at fingrane vert kalde. Når det gjeld ei oversikt meint for folk som er så oppteken av kvart gram, og så avfeier du mangelen på teltstangvekt med at "disse veier imidlertid ikke mye" lurer eg på kvar det vart av denne gramfokusen. Til din informasjon, er det fleire gram forskjell på 6 og 10 pluggar. Så informasjon om kor mange pluggar teltet brukar, er ein viktig del av ei slik oversikt etter mitt syn.
  19.     Det er også ei ganske stor ekstravekt dei drar med seg.
  20.     Noko som virkeleg gjer slike oversikter forvirrande for oss som fotsatt er ung og sprek til beins, og går utan stav, er at dei fleste av desse telta er utan pluggar, teltstenger og bardunar. Eg har ein nagande følelse av at vekta i sekken, straks vert noko meir, dersom ein har tenkt å supplere teltet med dette, slik det det kan brukast til overnatting. Eg likar betre oversikter som viser komplette telt.
  21. Eg har ein Garmin eitelleranna sykkelcomputer med same type trykkfølsom skjerm, og ja, den skjermen har ingen problem med å føle trykket fra vottene mine, vilkårleg over heile skjermen. Men eg har absolutt ingen styring med kva som skal skje, så det skjer stort sett alltid noko anna enn kva eg har meint, når eg prøver å trykke på han. Turgps'en min som er ein Garmin 60 eitelleranna med ordentlege knappar kan styrast med tjukke votter, om ikkje enkelt, så kan det i alle fall gjerast utan ein einaste feiltrykk. Eg ville aldri teke med meg ein gps med slik skjerm til fjells vinterstid, som viktig navigasjonshjelpemiddel i tilfelle dårleg vær. Det fungerer omlag like dårleg som å ta med seg kartet bretta som det kjem frå butikken.
  22. Kull _er_ karbon, og det var kull som var nevnt her. Olje er noko heilt anna.
  23. Dersom støvlane dine ikkje er høge, bør 45/46 passe. Dersom støvlane har høge/stive skaft, kan du bare gløyme å få dei ned i forsvarets fotposar, du får dei i alle fall ikkje ut att.
  24. Karbon har molvekt på 12, og oksygen har molvekt på 16. Og kvart karbonatom som brenn, bind seg til 2 oksygenatom (frå lufta) for å bli CO2.
  25. Og utan patentbeskyttelse, vil mykje innovasjon stoppe opp. Då vil det ikkje lønne seg å bruke resursar på utvikling fordi konkurrentane vil kopiere det etter kvart.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.