Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Det er ein plastboks for å beskytte belegget i kjelen mot riper og eventuelt bensinsøl. Det kunna vore ein syltetøyboks, men boksen min har ei fortid som medisinboks. Det var den som tilfeldigvis passa til formålet.
  2.     Når du får litt meir erfaring, vil du nok forstå at det er ganske praktisk også, i alle fall dersom du finn ein kjele som brennaren passar nedi Og med tanke på at brennstofftanken er ein del av vekta, er ikkje 123r så tung som fyrsteinntrykket kan lure ein til å tru.
  3. Eg har brukt Optimus Nova utan filter i årevis utan problem. Så lenge brenstoffet ditt er reint er det ikkje noko problem. Det er uansett fornuftig å filtrere brennstoffet når ein fyller flaska. Men dersom det er rusk og rask tilstades, vil jo dette koma mykje lenger inn i systemet før det stoppar opp og lagar trøbbel, så dette må du basere på ein kalkulert risiko. Men eg ville i alle fall prøvebrenne utan filter. Funkar det godt då, treng du i alle fall ikkje feilsøke vidare. Og så får du vurdere etterpå om du vil ta sjansen på å fortsetje utan filter eller ikkje.
  4. Det er jo slike enkle turar tilsynelatande utan mål og meining og heilt på eigne premissar som er normalen, i alle fall for min del. Og eg trur mange andre også har det slik. Men det er ikkje noko å rope høgt om, eller så mykje å diskutere på nettet, derfor vert ikkje denne typen turar så synleg i mediebildet. Å lage masse oppmerksomheit rundt slike turar, øydelegg jo litt av greia, det vert som å gå rundt å skryte av at ein er beskjeden.
  5.         Eg har ingen problem med relevansen i Tessatroll sitt innlegg. Det var eit veldig godt innlegg. Og det er nettopp dette med lettpakking som aktivitet, kategori eller identitet som gjer at eg dett av lasset. Og det er det som gjer at eg ikkje greier å seie at eg driv med lettpakking, sjølv om eg likar at sekken ikkje er så tung.
  6. Men er wigloen for stor når heile familien er på tur? Ellers vil eg anbefale å sjå deg om etter eit mindre telt for aleineturar, eventuelt for to når ein av dykk ikkje er med på tur. Oups, det har du jo allereie i Bergans compact. Når du allereie har to telt, vil eg anbefale deg å sjå bort fra å finne eit telt som kan brukast overalt, alltid, og attpåtil er lett og har god plass. Du er allereie dekt ganske godt for mange typer turar. Finn heller ut av kva slags bruk dei telta du allereie har, ikkje dekker, og finn eit telt som dekker akkurat den bruken. Sjansen for å få ei god løysing er mykje større dersom bruksområdet er meir avgrensa.
  7. Eg las Hjalmar Johansen sin versjon for nokre år sidan, og då eg las om overvintringa på Franz Josefs land låg eg i ei ikkje heilt tett hytte i snøstorm. Då eg kjente snødrysset i ansiktet, fekk eg virkeleg følelsen av å leve meg inn i forteljinga. Nansen hadde ikkje for vane å dramatisere, då må du heller lesa engelskmennane sine beretningar. "The worst journey in the world" av Apsley Cherry-Garrard er dramatisk så det held, i alle fall vinterturen deira til Kapp Crozier. "The home of the blizzard" av Douglas Mawson er ein annan klassiker av det dramatiske slaget.
  8. Du skal skrive bok om noko du sjølv ikkje forstår? jaja. Det mest hensiktsmessige, så lenge ein ikkje opererer over veldig store avstandar eller skal til nordpolen eller sørpolen, er å bruke UTM. UTM er i meter, så det er enkelt å sjå kor langt det mellom 2 punkt (Pytagoras). Skal du til ein av polane, er det lettvint med breddegrader, for polen er 90°. Ein annan grunn til å velge UTM, er at kartet har rutenett og koordinatar i UTM. UTM består av ein aust-koordinat der 500000 er på sentralmeridianen. Verdien 500000 er valgt for å unngå negative koordinatar. Det er 6 grader mellom kvar sone. For at det ikkje skal vera for stor måestokkfeil i ytterkantane av sonene, er det ein lagt inn ein målestokkfaktor på 0,9996 (altså -400ppm). Sentralmeridianane for 32, 33 og 34 er hhv 9°, 15° og 21°. Nord-koordinaten er avstanden frå ekvator. Nord-koordinaten er typisk 7 siffer (90° er ca10000000, men UTM er ikkje definert så langt nord), aust-koordinaten er typisk 6 siffer, så når GPS-en viser 7, er det fyrste sifferet 0.
  9.     Prisen kan virke bra dersom batteripakka faktis hadde holdt 30000mAh. Men kapasiteten er ikkje meir enn ein liten brøkdel. Basert på ladetid og kva mykje eg har fått ut att, held ikkje batteripakka mi meir enn 1000-2000mAh, og då er ikkje prisen mykje å skryte av lenger. Eg har ei anna batteripakke av typen gratis reklameting, der kapasiteten er minst like stor, og vekta bare 1/10 av den såkalla 30000mAh-pakka. Den pakka er langt meir eigna for å ta med på tur.
  10.     Eg var dum nok til å skaffe meg ein slik. Det var i praksis søppel.
  11.     Kva dei kallar produkta er ein ting, det er bare tomme ord. Eg har aldri kjøpt ein bestemt modell pga navnet. Eg er langt mindre begeistra for at enkelte av dei ljug på vekta, for vekta er ein av dei faktorane eg faktis brukar for å bestemme meg for kva eg kjøper.
  12. afe

    Rype på rødlisten

    Dersom ein forventar å finne ein hovedgrunn som er like gyldig for heile landet, og kunne gjera eit tiltak som fungerer like godt for heile landet, kjem ein ingen veg. Det er summen av mange årsakar, som rovvilt både dei med fire føtter og dei med vingar, høgspentlinjer, reingjerer, laushundar, jakt og meir som held rypestammen nede. Alle disse årsakane har vore der over lang tid, og det er ikkje mogleg å seie at ein av dei er grunnen til at rypebestanden har vorte redusert og held seg nede. Like lite kan ein forvente at eit tiltak vil få rypestammen opp att, ein må finne tiltak mot fleire av årsakane før ein kan forvente betydeleg resultat.
  13. afe

    Rype på rødlisten

        Her i sør er det stort sett hyttefelt over alt i fjellbjørkeskogen, og det er tilfeldigvis også hovedleveområdet for lirypa vintertid. Dette fører til at det faktis er vanlige turfolk med hund stort sett overalt der rypene oppheld seg om vinteren, det vil seie i dei fleste helgane, jula, 3 vinterferieveker og påska. Og mi erfaring er at dei fleste hundane (med unntak av trekkhundar) går laus på denne tida, sjølv om det ofte er båndtvang i påska. Det er langt mellom kvar hund eg ser i band. Og hyttehundar her sørpå er stort sett fuglehundar. Det er sjølvsagt andre grunnar også til at rypebestandane er mindre. Det er summen av alle små bidrag som fører til heilheita. Det kan også nevnast at det er langt meir rovfugl no enn det var for bare 10-20 år sidan. Men dersom dette vert for useriøst, skal eg la vera å skrive meir i tråden. Problemet vert uansett ikkje løyst på dette forumet.
  14. afe

    Rype på rødlisten

    Det er ikkje jakt eller trening. Det er hundeeigarar som gjer blaffen i kva hunden deires gjer. Og meg bekjent er det hundeeigarar stort sett over heile landet. Tettheita av laushundar er heilt sikkert veldig ulik, men eg har vanskeleg for å tru at laushundar ikkje er eit problem mange stader. Når det gjeld nedgangen av rypebestanden, er vel den med ganske ujevn over det ganske land, sjølv om det ikkje alltid virkar slik i riksmedia.
  15.     I seng med dyne, må eg ligge heilt i ro for at det ikkje skal bli ei kald glipe ein eller annan plass. I sovepose kan eg rulle fram og attende så ofte eg vil, og det vert aldri trekk nokon stad. Soveposen er jo laga for det Så ulikt kan ting fungere for kvar av oss.
  16.     Det er i alle fall meir medikamenter enn eg nokonsinne har hatt med meg på tur.     Eg trur ikkje lettpakkarane har med seg sag og øks i sekken sin
  17. afe

    Rype på rødlisten

    Det er eg heilt enig i, og akkurat denne ukulturen er det hyttefolk frå byen som kjem med. Oslofolk og bergensarar er akkurat like ukulturelle i så måte. Hekketida og resten av sumaren er ein ting, då er det faktis ulovleg med laushund, og då går det ann å seie nokre alvorsord til hundeeigaren. Vintertid er ein annan ting, og med tusenvis av hytter i skogbandet, som også er vinterleveområdet for rypa, er det langt vansklegare å få forståelse fra kvar enkelt hundeeigar, for at rypa tar skade av laushundar. I juleferien vil eg anta at kvar einaste rype vert skremt på vingane eit titals gongen kvar einaste dag, 7-10 dagar på rad avhengig av korleis helgedagane er plassert i kalenderen. Det gjer noko med overlevingsevna.
  18. afe

    Rype på rødlisten

    Det hjelper desverre ikkje, så det gidd eg ikkje bruke tid på. Det er oppsynet sin jobb, og dei gjer det, men det hjelper ikkje det heller. Det eg derimot trur kan hjelpe, er dersom fuglehundeigarar med med hunden sin i band, tar ein prat med dei som har laushund, og fortel dei at det ikkje er akseptabelt å la hunden jage viltet. Men det er veldig sjeldan eg ser fuglehundar i band.
  19. afe

    Rype på rødlisten

    Det er eg fullstendig klar over. Og eg har ikkje påstått at dei er seriøse, eg har heller ikkje påstått at dei seier sant. Men det er heller ikkje det som er problemet. Fuglane ser ikkje forskjell på om eigare står å lyg meg opp i ansiktet eller ikkje, det er laushundane som forstyrrer fuglane. Og laushundar er det mange av, heile året, og eit stort fleirtal av dei er fuglehundar. Eg fortel bare kva eg observerer i fjellet.
  20. afe

    Rype på rødlisten

        Ja det er ein bastant påstand. Sjølvsagt er det liten vits som trening. Problemet er at hundane likevel spring laus og skremer fuglen av reiret. Det er fakta, eg ser det mange gonger kvart einaste år. Eigaren fossror når eg prøver å minne dei om bandtvangen. Dei kallar det trening og taksering og påstår at bikkja deires ikkje skremer fuglen, og at det i så fall skjer så sjeldan at det ikkje påvirkar ruginga. Men når mange nok hundeeigarar oppfører seg på same måte, påvirkar det ruginga.
  21.     DNT etablerte seg omlag parallelt med at dei norske polarekspedisjonane forma seg. Der var det sikkert mykje gjensidig inspirasjon, men ikkje fyrst og fremst på utstyrssida. Nansen, Astrup¹ og Amundsen lot seg inspirere av, og lærte polar overleving av inuitar i Grønland og Kanada. DNT har aldri fulgt dette sporet utstyrsmessig, sjølv om anorakken har navnet sitt frå inuitisk. DNT har i alle år arbeidd for lett ryggsekk og hytteovernatting, så DNT har alltid hatt lettpakking som ledestjerne, sjølv om materialvalg og løysingar har vore ulik det som vert diskutert i lettpakkingstrådar i dag. DNT si løysing på å få sekken lett, har vore å ikkje trenge ha med seg anna enn lakenpose og innesko. Og i så måte har det ingenting til felles med verken polarekspedisjonar eller militær utrustning. Den tid DNT bestod av velståande byfolk og studentar, var det nokre militære offiserar som var med å forme utviklinga, men aldri etter militære forbilder utstyrsmessig. Mitt eige møte med militært utstyr var i alle fall så sjokkerande at dersom det utstyret var det einaste som fantest, hadde eg aldri reist på telttur frivillig. No kan sjølvsagt ungdomen på forumet påstå at det militære utstyret har vorte betre og lettare, men militæret følger etter utviklinga av sivilt utstyr, ikkje omvendt. Og militæret er fleire tiår etter i utviklinga. ¹Eg nevner Astrup også, sjølv om han aldri var med i nokon norsk ekspedisjon, så var han i alle fall ein av datidas polarheltar, og eit førebilde og inspirasjonskilde for Amundsen.
  22. Trene? Nei takk, det driv eg ikkje med. I alle fall ikkje slik trening som moderne menneske driv med i trenginstudio, i lysløype eller jogging. Men eg er bevisst på å ikkje lettpakke på dagsturar dersom ikkje målet er ein spesielt lang dagstur. Eg pakkar ikkje direkte tungt, men filosofien min er at langtursekken ikkje skal vera så mykje tyngre enn det eg er vane med frå dagsturar. Når kroppen er vane med å gå med sekk, merkar eg ikkje så mykje til ein moderat lettpakka langtursekk. Og til trådstartar: heilt uavhengig av treningsmengde kan ein ta med seg ein halvliter pils meir for kvar halvkilo ein sparar i vekta på telt og sovepose. Så dersom målet ditt er å fylle sekken med øl (det same gjeld sjølvsagt mat og parafin), er lettpakking eit av midla du kan bruke. Trening kjem i tillegg, ikkje som eit alternativ. Hugs å ta med deg ølboksane heim att også, det virkar diverre som at mange av ølberarane har for tung sekk til å greie å bera tomgodset sitt.
  23. afe

    Rype på rødlisten

    Dersom fuglehundeigarane lar fuglen få vera i fred vinterstid, vil ein oppleva langt betre overleving, og med det fleire kull om våren. Det er tilogmed fuglehundeigarar som "trenar" hundane sine om våren når fuglane ligg på reir. Og dei er overraska over at det vert lite kyllingar... Jo jegrane har mykje av skulda, men ikkje nødvendigvis i jakta.
  24.     Eg skreiv at eg pakka tungt før Monsen vart kjent, og at eg brukar stor sekk. Men dei siste 10-15 åra har eg pakka ganske lett i den store sekken, sjølv om eg er uenig i det meste som står i lettvektstrådane, og derfor ikkje identifiserer meg med lettpakkarane. Du skal vera sprek dersom du skal danse forbi meg på dagtid. Og dersom du ikkje er sprek, har du heller ingen sjanse til å halde følge med meg. Eg kan også gjenta det billigaste rådet for lettare sekk, og det er å ikkje ta med seg det ein ikkje har bruk for.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.