Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Det er dei tunge tinga det er mykje vekt å hente på å erstatte med lettare variantar. Og her kan det vera mykje vekt å spare avhengig av kva utgangspunktet er. Men det kostar. Når det gjeld dei små tinga, sparar ein mest på å legge att alt ein ikkje har bruk for. Er den opprinnelege pakklista lang, kan det vera mange kg å spare her, og det er gratis. Når det er gjort, manglar det mykje på at ein har 15-20 gjenstandar ein kan spare 100g på. Ein har kanskje att 3-5 gjenstandar det er mogleg å spare så mykje på, og då er det meir bagatellmessig kva ein sparar ved å redusere 100g her og der.
  2.     Du finn det i hylla for turrmat i nærbutikken din.
  3.     Bomkjøp er gjerne resultat av for dårleg undersøking i forkant. Merkevarer kan vera langt enklare å finne opplysingar om, fordi det er lettare å søke etter, og fordi det er enklare å verifisere at omtala faktis gjeld produktet ein vurderer. Mine to store bomkjøp, ikkje på grunn av for dårleg undersøking, men fordi omtalene ikkje har stemt med mine erfaringar, har vore Phoebus 625 (kokeapparat type dyr, og ikkje spesielt lett, men diverre ikkje reintbrennande nok til mitt bruk) og Golite Shangrila 3 (type lettvektstelt med lett og tynn duk som ikkje tålde vinden heime på plenen, og følgeleg ikkje var noko å satse på å ta med seg på fjelltur) Ein annan kilde til at billige produkt kan bli dyrt i lengda, er kortare levetid på grunn av dårlegare slite- og/eller rivestyrke. Det same kan diverre også seiast om mange spesialiserte lettvektsprodukt.
  4.     Kva skal du bruke det til?
  5.     Nei, det er ikkje utanfor trådens tema. Det dette handlar om, er om kokeapparat skal inngå i turutstyret eller ikkje. Og på grunn av bålforbudet, ser eg ikkje grunnlag for at ein skal anbefale å basere seg på matlaging over bål på skogstur sumarstid.
  6.     Ettersom det er turar med over 10 grader om natta, reknar eg med at det også er sumarstid. Då er det verdt å hugse at "er det i tidsrommet 15. april - 15. september forbudt å gjøre ild i eller i nærheten av skogmark uten tillatelse fra kommunen" https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2002-06-26-847/KAPITTEL_8#KAPITTEL_8 Det er nok skogbrannar utan at ein treng oppfordre folk til å bryte bålforbudet.
  7. Det beste alternativet er ofte å legge kamera på bakken, eller på ein stein. Det veg ingenting, og er svært stødig. Eg går ikkje med stavar, og ligg i telt, så dei andre bruksområda dine, har eg ingen erfaring med.
  8.     Jo mindre sekken er, jo billigare er det å fylle han, og ikkje vert det så tungt heller Det aller lettaste, og billigaste, er det ein ikkje tar med seg. Det er ein ting eg ofte reagerer på når eg les lettpakketrådane (inkludert åpningsinnlegget i denne tråden), og det er at det virkar som desse lettpakkarane ber med seg vatn på tur. Greit nok at det ikkje er ein del av den såkalla basevekta. Men det gjer sekken tyngre, og det er stort sett fullstendig bortkasta å bera med seg her til lands.
  9.     Eg har ikkje tenkt å avslutte skisesongen før om 2 månader. Sumaren kjem tidsnok uansett, heilt uavhengig av været i april.
  10. Syntetisk. Eg synest ikkje den høgare prisen på dunsoveposar er verdt det.
  11. afe

    Telt

    Å dele opp teltet for at ein skal bæra innerteltet og ein annan ytterteltet, gjer bare oppsettinga unødvendig kronglete. Det er langt enklare å flytte andre ting frå den eine sekken til den andre.
  12. Eg brukar motorolje. 1 dag eller to i olje, og så litt forsiktig tøying og bøying av læret. Litt olje i ny og ne, vil halde læret i orden i lang tid.
  13. Sjølv har eg bare erfaring med kundeservice hjå Helsport, og den erfaringa var diverre ikkje god. Det var også eit dårleg teikn at eg måtte ta kontakt med dei den gongen. Eg har meir erfaring med eit anna teltmerke men der har eg aldri hatt bruk for kundeservice.
  14. Det sparer gram å kutte ut ein mindre bardun og ein mindre plugg. Å spare vekt har aldri skapt perfekte telt, men det skapar lettare telt. Dette er eit typisk eksempel på at lettvekt har sin pris. Dersom teltet ikkje fungerer hensiktsmessig, er det jo bra at ein kan modifisere det, heilt uavhengig av om det er nytt eller gamalt. Og i dette tilfellet er det jo veldig enkelt å gjera noko med det dersom ein synest funksjonaliteten har tatt for mykje skade av vektsparinga. Så, ja, dersom du løyser eit problem med to bardunar og to pluggar, så gjer du det.
  15.     Anten må du legge att kamera heime, eller gje blaffen i dette stilpolitiet.
  16. Eg har ikkje sett den nye, mørkare grønfarga til Hilleberg. Etter min smak var den gamle også litt i mørkaste laget. Skulle eg kjøpe nytt Hillebergtelt i dag, ville eg kanskje valgt sand-farge (ei farge eg heller ikkje har sett anna enn på bilete).
  17. Det går som oftast heilt fint å lage mat i ubelagt aluminium, men ein må vera litt meir forsiktig med varmen (noko som ikkje er så enkelt med varmeribbene som gjer varmeoverføringa veldig effektiv), og det er ikkje så enkelt å vaske reint att dersom ting brenn seg fast.
  18. Primus hadde også tilsvarande sett brennar og kjele med varmeribber, men det settet er ikkje å få tak i lenger. Men dei har fortsatt kjele med same form og storleik, men utan varmeribber. http://www.primus.se/litech-trek-kettle
  19. Nokon synest raude telt gjer seg på bilete. Sjølv synest eg grønne telt er finare, både i naturen og på bilete.
  20.     Slik eg ser det, er den viktigaste grunnen til å ha alt vått i forteltet, at ein på denne måten enkelt greier å isolere det frå det tørre som ein har i innerteltet. Det lar seg sjølvsagt gjera inne i innerteltet også, men uansett er det enklare jo meir plass ein har til rådigheit. Så det er sjølvsagt enklare å bu i eit stort telt, men eit lite telt er enklare å bera med seg, og det er lettare å finne plass til eit lite telt. Derfor vel mange av oss små, lette telt tiltross for dei opplagte ulempene ved å bu trangt.
  21.     Kjedeleg er kanskje rette ordet om sumaren. Men om vinteren vil i alle fall eg ha telt som er enkle å sette opp i vind. Då er eg totalt uinteressert i telt som ein må slåss mot vinden i to omganger.
  22.             Eg ser ikkje heilt kva du skal med hodelykt, langt mindre kva du skal med 2stk. Store delar av turen er det lyst døgnet rundt. Lengst sør i landet byrjar kveldane å bli mørke sist i august. Kjøp deg heller ei lykt utpå hausten når behovet melder seg.
  23. Det er heilt avhengig av været. Og på ein så lang tur, kan du rekne med at det kjem til å veksle mykje.
  24.     Grunnen til at det perfekte teltet ikkje finnst, er at det er så mange ynskte eigenskapar som ikkje går ann å kombinere. Stor plass, soliditet osv mot lita vekt og lite vindfang. Det finnst derfor heller ikkje eit telt som kan tilfredstille den mest kresne. Ein må ha fleire telt til kvart sitt bruk. Sjølv har eg eit lett sumartelt (Ringstind 1), eit vintertelt og eit vår/haust-telt som også er for sumarbruk i sterk vind og høgare til fjells der det erfaringsmessig er vanskeleg å finne store nok teltplassar til Ringstind.
  25. Mi erfaring med Ringstind er at det er romsleg, og at eg har all den plassen eg treng i eit fjelltelt i dette teltet. Sjølv er eg 190cm lang, og har god plass til å legge frå meg kleda i enden av teltet. Og sekken med alt utstyr har eg god plass til i forteltet, utan at dette stenger for inn- og utgangen. Men det er fleire variantar av Ringstind. Eg har Ringstind 1 frå 2004. Den nyare superlight-versjonen er betydeleg trongre.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.