Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Smørpulver? Korleis smør kan vera pulver ved romtemperatur er langt utanfor min forstand. Ta med smør, eller matolje dersom du vil ha endå reinare feitt. Det finnst pakningar på 0,5kg og mindre i din næraste matvarebutikk.
  2.   Bensin er lettflyktig, så litt tid i sola, med tanklokket av, gjer mykje. Litt luftbytte i tanken i form av nokre raske pust med ei sykkelpumpe hjelper i denne prosessen. Når ein reiser på tur og kan planlegge i god tid, er dette enkelt å få til. Det er sjølvsagt vansklegare når ein skal heimatt og har bare nokre timar frå turen er avslutta til ein skal på flyet.
  3. Det er diverre ikkje fyrste tråden som har enda med konklusjonen at Primus si pumpe må byttast på grunn av at ho ikkje er konstruert for å vedlikehaldast/reparerast av brukar. Dette er eit problem både med tanke på levetida for heile brennaren og ikkje minst for pålitelegheit på langtur.
  4. Kvar har du det frå at det ikkje kan brukast på bensin. Fritt oversatt betyr sitatet frå Primus at den ikkje bør brukast med diesel, parafin og flybensin (som er parafin med diverse tilsetningar). Når brennaren orginalt kan brukast med dei nevnte brennstoffa i tillegg til bensin og gass, er det naturleg å forstå det slik at denne toppen kan brukast med bensin og gass. Sitatet frå Quietstove seier at den toppen kan brukast med gass, bensin og parafin, men ingenting anna.
  5.     Dette stemmer dårleg med erfaringane mine med skia eg fekk direkte frå Åsnes i juni 2014. Dei er returnert for fleire veker sidan.
  6.     Etter kva eg har forstått, er den saken avgjort i Fishers favør. http://www.tu.no/industri/2015/03/04/asnes-tapte-skistriden-fischer-far-fortsatt-selge-disse-skiene-i-norge
  7. Det finnst fjellski utan stålkant.
  8. Når det gjeld dei øydelagde Madshus-skia og Nansen-skia mine, er alle desse laga i Noreg. Så dette er ikkje avhengig av produksjon i lavkostland.
  9. Litt skryt til deg også, som sjekkar utstyret ditt. Det er ein utbreidd missoppfatning om at gassbrennarar er vedlikehaldsfrie.
  10. og i ein storleik som er altfor liten for meg.
  11.     Plasser heile greia oppå ein høg stein OK, til akkurat dette er eit langt eitbeinsstativ veldig greit. Lyft eitbeinsstativet over hovudet med anten sjølvutløysar eller fjernutløysar på kameraet.
  12. Nei, det raskaste, og i alle fall billigaste, er å legge att 5kg av dei 'andre "nødvendige" ting i sekken'. Dei er heilt sikkert ikkje nødvendige.
  13. Dei siste Madshusskia¹ brukte eg til dei gjekk i oppløysing. Det same har eg tenkt å gjera med Nansen-skia. Vikafjellskia har eg tenkt å fortsette å reklamere på nokre omgangar til. Produsenten skal i alle fall få grei beskjed om at produktet ikkje held mål. Når desse er oppbrukt, kjøper eg heller nye ski utan stålkantar. ¹Dei siste som eg fekk att etter reklamasjon, står i kjellaren, ubrukt og utan binding. Kva er vitsen med å reise til fjells med ski ein veit at ikkje held mål? Dei aller siste eg reklamerte på, har eg aldri fått att noko ski, så om Madshus ikkje har teke ansvar, eller om desse skia står i butikken, veit eg ikkje. Det er uansett nokre år sidan.
  14. Dette har diverre vorte meir normalen enn unntaket for nyare ski. Sjølv har eg akkurat levert inn att eit Åsnes Vikafjell-par der deler av stålkanten hadde ramla av den eine skia. Dette skjedde etter omlag ein halv skisesong. Dei skia var erstatning for same modell ski med same feil levert inn i fjor. Nansen-skia mine har også knekte stålkantar, men dei heng foreløpig fast i skia. Eg har tidlegare hatt mykje problem med det same på Madshus-ski, og har heilt slutta å kjøpe desse for fleire år sidan. I følge forhandlaren, har Fisher hatt det same problemet på årets modellar. Eg har nok kjøpt mitt siste skipar med stålkantar.
  15. Min ETA-kjele (tidlegare versjon på 1l) er akkurat så trang innanfor ribbene at det ikkje går å få kjelestøttene på innsida. Boksen eg brukar, har vore brukt til medisin på 1990-talet. Boksen min passar så akkurat nedi Primus-kjelen, at eg ikkje er sikker på om han passar i Optimus-kjelen. Primus-kjelen er laga for å kunne bruka presskannepresse nedi, derfor har kjelen heilt loddrette sider. Kjelen er same kjele som vert solgt som Litech-kjele utan varmeribber. Men eg har også ein eldre Litech-kjele med tilsynelatande same form og storleik, og boksen passar ikkje nedi denne. Eg hadde bare 2 gassbrennarar før eg kjøpte Svea 123r, og eg har ikkje tent nokon av dei etterpå. Den eine av desse gassbrennarane fulgte med ETA-kjelen eg brukar, så den delen av settet er fortsatt i bruk Og på grunn av pakkbarheita til Svea 123r i kombinasjonen med den gamle medisinboksen og ETA-kjelen, kan heller ikkje Radius 42 yte konkurranse.
  16.     Det har vorte diskutert så grundig gjennom fleire trådar det siste halvåret, så den lar eg ligge. Eg har konkludert med at eg ikkje er ein. [til opplysning vart dette svaret skrive i ein heilt annan tråd.]
  17.     Eg er nok der. Eg likar å pakke lett, men eg er ikkje kvalifisert til å kalle meg lettpakkar™. Fjellduken er derfor ein av tinga eg enkelt legg att heime. Det betyr ingengting for sikkerheita, og minimalt for komforten, så det er lett sparte 600g. På dagsturar brukar derimot fjellduken å vera med, men då pakkar eg ikkje lett heller.
  18. Dersom du vil unngå at skia knekk i vinden, kan det vera lurt å flytte bardunen heilt ned til bakken.
  19. Dersom eg har oppgjeve vekt på sko nokon gong, har det vore for eit par. Og det skal eg fortsetje med å gjera.
  20. Trådstarter opplyste at han brukte ha med seg for mykje mat, i så fall er det jo betre å starte på tom mage Den beste, men ikkje nødvendigvis den raskaste, måten å finne ut kor mykje mat som er passe, er å føre full reknskap over kva som vert forbrukt på turen. Det vil seie at ein noterer kva ein tar med seg, og kva som vert til overs, gjerne i tillegg til nokre ord om korleis turen vart gjennomført. På denne måten vil ein etter nokre turar, få god oversikt over kva som er passe mengde å ta med seg.
  21. afe

    snöläget

    Ingen fare for skiføret på lenge endå: http://www.skjolden.com/tindevegen/
  22. Har du sett denne tråden: http://www.fjellforum.no/topic/33687-teltprodusent-merke-nordkapp/
  23. Eg reknar også med at det sotar eindel når forbrenninga er så dårleg at det luktar eksos. Det er ikkje sikkert at du ser så mykje sot under kjelen, det er i så tilfelle inni varmeribbene at soten vil setje seg. Der er det heller ikkje lett å få vaska vekk soten, så varmeoverføringa kan bli dårlegare med åra. Om dette betyr noko får kvar enkelt vurdere.
  24. Det er godt mogleg at tanken fekk meir varme på forsøket med kjelen lågare. Og med høgare temperatur på tanken, vert trykket og effekten også høgare. I så fall er ikkje forskjellen i virkningsgrad så stor som antyda. Det vil i så fall kunne verifiserast med høgare forbruk. Mitt inntrykk er også at reklamen ikkje overvurderer effekten på Svea 123r. Forskjellen på Svea 123r og pumpeprimusar med oppgjeve effekt på 3kW er i alle fall langt frå så stor som forholdet mellom oppgjeve effekt.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.