Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Sjekk http://www.ngu.no/kart/skrednett/ velg 'kart' og 'Forsvarets snøskredkart' så har du i alle fall generelle betraktingar på snøskredfaren i området frå Hemsedalsfjellet til Finse. Ver derimot på vakt med tanke på dårleg is. Det er mykje regulert vatn i området, og der er det best å halde seg på turt land så tidleg på vinteren.
  2. Eg har erfaring med Hilleberg Nammatj og Tarra. Oppsettinga av Tarra er lik med Saivo, og er faktis så enkel som Hilleberg vil ha det til. Det tar litt lenger tid enn eit tunelltelt der stengane er ferdig tredd i kanalane og delt i to. Men oppsetjinga er veldig grei og rett fram, sjølv med vindvotter på og sterk vind. Fordelen er at ein kan setje ned pluggane rundt teltet, før ein byrjar med stengene. Når det gjeld stormmatter, ser eg ingen grunn til å ha det. Ytterduken ligg godt mot bakken, så det vert heilt tett under teltet ved bare å sparke litt snø mot teltkanten. Dette er telt som er konstruert for å vera tett mot bakken i motsetning til enkelte andre telt som er konstruert for å ha ventilasjon under ytterteltduken. Ettersalgsservice har eg ikkje erfaring med, og det er fordi eg ikkje har hatt bruk for det, altså eit resultat av kvalitet. Eg vurderer derimot å få ei teltstang derifrå for å erstatte ei teltstang i eit Helsporttelt eg har, fordi Helsport sine teltstenger er altfor sprø etter mitt syn. Det eg derimot vil nevne, og som du kanskje har fått med deg Hilleberg oppgir riktig vekt i katalogen i motsetning til Helsport. Når det gjeld storleiken på teltet, er eg heilt einig, i alle fall dersom du skal dra pulk. Gå for storleiken du har lyst på.
  3. Eg har tilfeldigvis både Crispi Stetind og ein eller annan 75mm-modell frå Crispi. Eg trur ikkje det er nokon stor forskjell på storleiken. 75mm-støvlane ligg langt til fjells, så nummer på dei kan eg ikkje finne ut av før til helga.
  4. 30-35 kuldegrader er nok ikkje noko vanleg fenomen i høgfjellet, det er i alle fall mykje vanlegare i dalstroka på austlandet. Mine erfaringar tilseier at det er omlag 10 grader varmare i fjellet enn i dalen når det er sprengkulde i desember, januar og fyrste halvdel av februar. Skilnaden er noko mindre seinare på vinteren. Dette kjem forresten ikkje fram på yr.no. Der har eg observert avvik på opptil 20 grader frå faktisk temperatur i fjellet, og då er det yr.no som har den lågaste temperaturen. Når det gjeld vind, så kjem det alltid mildvær med sterk vind, i alle fall i langfjella. Fjellområda lenger aust kjenner eg ikkje til, men der kan dette sjølvsagt vera ulikt. Og som det er nevnt, det er jo vindstille i teltet. Sjølvsagt må ein ha ein varm sovepose på fjellet vinterstid. Poengen mitt var bare at ekstremtemperaturane finn ein i lågareliggande terreng.
  5. Når det gjeld midtvinters, er det nok nødvendig med betydeleg varmare sovepose i dalstroka enn kva som er nødvendig i høgfjellet.
  6. Det er blanding av butan, isobutan og propan. I motsetning til rein butan som har kokepunkt på 0,5 grader C.
  7. Snitt og passform, praktiske lommer, lufting på dei riktige plassane og andre praktiske detaljar skiljer dei billige regnjakkene og dei dyrare membranjakkene som også er akkurat like regntette. Dette er nok viktigaste grunnen til at eg vel membranjakka som regnjakke.
  8. D-ringar gjev sjølvsagt litt slark, men det er nå D-ringar som vert brukt, i alle fall på draga til Fjellpulken. Ein annan ting er at eg ikkje er heilt enig i at minst mogleg slark er viktig. I nedoverbakke og ellers i stor fart og fast snø er det nok best med minst mogleg slark. I oppoverbakke spelar det ingen rolle. På flatmark og ellers i liten fart eller litt lausare snø, er det bare kjekt med litt slark. Det gjer det lettare å svinge. Og ein får ein meir naturleg og ledig gange, ettersom ein ikkje er så fastspent til pulken. Under slike forhold ville eit taudrag vera det beste.
  9. Huden er nok langt frå perfekt. Om den jakka vert oppfunne, vil du, dersom du ikkje vert blenda av reklamen, raskt gå attende til bomull vinterstid og eit eller anna vatntett i regnver. Huden har rett og slett ikkje dei egenskapane som vil gjera ei jakke funksjonell anna enn i tørt klima med varmegrader. Altså forhold som det finst mange fungerande løysingar til.
  10. Det er nok ikkje Reineskarvet, men Stolsbergi du har i bakgrunnen. Reineskarvet er noko til høgre for bildekanten.
  11. Det er fabrikksydde ringar til pulkdrag på hoftebeltet på den store pakkrammesekken min Sekken er sjølvsagt langt større enn nødvendig, men utan noko særleg vekt i han, gjer det jo ikkje så mykje.
  12. Den fjøringa i draget fungerer! Sjølv pakkar eg brennstoff fremst. Telt og sovepose i midten og maten bakerst. Dersom eg innvilgar meg luksusen med oppblåsbart liggeunderlag, ligg det på toppen, ferdig oppblåst i stoltrekk. Det er i alle fall luksus i pausene. Liggeunderlaget gjer også at pulken vert så brei på toppen at han ikkje trillar heilt rundt når han veltar. Spaden ligg ein eller annan stad mellom soveposen/teltet og liggeunderlaget. I sekken som også fungerer som sele, har eg utstyr for småturar, inkludert maten som skal etast i løpet av dagen. Då er det bare å klipse av seg pulken, så er eg klar for topptur eller noko liknande, utan å måtte pakke om.
  13. Laussnø i høgfjellet er eit forbigåande fenomen i forbindelse med nedbør. Litt vind snøen er fast i løpet av få dagar. Så turen er nok å rekne som lettgått, til tross for noko opp og ned.
  14. Bare for å ha sagt det. Vatnmolekyl og dampmolekyl (så lenge ein meinar vatndamp) er og blir same molekyl. Holet i membranen skal vera mindre enn vatndråpar men større enn molekyla, slik at damp som er frie vatnmolekyl, kjem gjennom, medan vatn som er i form av større og mindre dråpar vert stoppa.
  15. Eg tar ein råsjanse med Fagerdalen.
  16. Iungsdalshytta
  17. Følgande bok tar for seg akkurat dette emnet og er litt utypisk som fotobok: "Fotojakt" av Hamarsland, A. og Kvalnes, T. E. ISBN 82-529-1805-0. Ellers er tålmodigheit er nykkelord. Lykke til.
  18. Det er nok heilt klart stor forskjell på nylon og bomull i kaldt vær. Ingen tvil om at bomull gir eit betre inneklima i teltet. Nylon er tett, all fuktigheit må ut gjennom åpne ventilar, eller kondenserast på teltduken. Åpne ventilar betyr også at snødrev kjem inn. Bomull pustar og slepp noko fuktigheit ut gjennom duken. Ettersom bomull i utgangspunktet har dårlegare slitestyrke enn moderne silikonbelagte nylondukar, må ein bomullteltduk vera tjukkare enn tilsvarande teltduk i nylon, dette gir også ein betre isolerande effekt, altså eit telt som er lettare å fyre i. Bomull, sjølv godt impregnert, vil sleppe gjennom regn før eller seinare, det er bare eit spørsmål om tid, og bomullen vert noko tyngre i våt tilstand. Men dette er jo ikkje noko problem om vinteren. Når ein derimot har slått fra seg utopien om heilårstelt, er det bare å finne seg eit bomulltelt. Utvalget av bomullstelt er derimot ganske dårleg. Men her er eit alternativ som eg vurderte seriøst då eg skulle kjøpe vintertelt: http://polarbj.googlepages.com/polarbj%C3%B8rniistandard Valget mitt falt derimot på nylontelt, dels pga pris, og dels pga at eg ikkje hadde bruk for så stort telt, og dermed kunne finne lettare (men ikkje mykje lettare) nylontelt.
  19. Unødvendig, ja. Men utruleg kjekt med termos. Sjølv har eg alltid med meg termos på overnattingstur vinterstid. Då har eg varmt vatn klart dersom natta vert kaldare enn beregna. Frokosten kan eg også starte med før primusen har fått varma opp nytt vatn om morgonen. Matpausene undervegs vert også mykje enklare, særleg i dårleg ver. Med varmt vatn på termosen, kan eg ta fleire korte pauser utan all verdens ly. Dersom primusen må fram for å smelte snø, må ein i mange tilfeller slå opp teltet for å få nok ly. Dersom eg vil kose meg med ei lengre pause, vil eg ha denne kosen etter at eg har fått i meg maten, ikkje medan eg ventar på at primusen skal lage varmt vatn til maten min. Med pulk spelar ikkje den ekstra vekta nokon stor rolle, dersom ein på død og liv skal ha alt i sekken, må ein jo vurdere det litt strengare.
  20. http://www.statkart.no/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=12178
  21. afe

    Lommelykter

    Ja. Eg har ei Revolution-hodelykt som eg er godt fornøgd med. Eg har derimot ikkje allverdens samanligningsgrunnlag med andre lykter i same klasse. Men den gamle Petzl-halogenlykta har i alle fall gått av med pensjon. Ledlykta er omlag like lyssterk men har eit mykje javnare lys, noko som gjer lykta betydeleg betre eigna, ikkje minst på snø.
  22. Nei det stemmer nok det. For meg er dette kjerneområdet. For dei som er meir nysgjerrig på området, som eg foretrekker å kalle Nordfjella istadenfor det historielause DNT-navnet, kan lese på heimesidene mine http://home.no.net/afeten/nordfjella/
  23. Tarra er 4kg. I alle fall etter katalogen og etter kjøkkenvekta mi. Det kan riktignok sparast noko vekt ved å bytte ut pluggane med nokon litt lettare pluggar, for dei som fulgte med teltet var ikkje akkurat av det spinkle slaget
  24. Skal ein sanke sau, må ein opp i høgdene for å få med seg dei få dyra som går der også. Om ikkje anna, må ein opp i høgdene for å vera sikker på at det ikkje går att dyr der. Finnst det gras, så kan det gå sau der. Å vera god hjelp, og også kjekt, særleg for å få med seg villsau som har halde seg i høgdene om sumaren.
  25. Eg er omlag 190cm lang og har erfaring med Nammatj. Mi erfaring med det teltet er at liggelengda er for knapp for meg. Ikkje minst når det legg seg snø oppover skråveggen. Då måtte eg ligge med føttene ut i forteltet, og det var betydeleg meir enn 3cm som enda i forteltet. Eg brukte teltet i fleire år, så ubrukeleg kan eg jo ikkje seie at det er, men då eg fekk råd til eit større telt med fortelt i begge endar, var ikkje valget så vanskeleg, sjølv om det vart litt tyngre i pulken. Alle lette telt har denne svakheita, så alternativ kan eg ikkje koma med.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.