Eg har ein Primus Multifuel, og den er ikkje noko å rope hurra for, verken med flytande brennstoff eller gass. Bråkar heilt for j.. også. Det finnst mange andre såkalla bråkebrennarar som er langt meir stillegåande. Novaen min er betre enn Multifuelen på alle områder utanom at Novan ikkje brenn gass. Dei fleste gassbrennarane på markedet er betre til å brenne gass enn Multifuelen.
Omnifuel og gravity MF har eg ingen erfaring med, så dei får andre kommentere
Mitt tips er å skaffe seg ein god brennar for flytande brennstoff, tilpassa behova for vinterbruk. Og ein lett stillebrennar for gass, tilpassa behova til sumarbruk. Det treng ikkje bli noko dyrare enn ein altmoglegbrennar, og resultatet vert betydeleg betre.