Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Dersom du meiner faktis meiner solotelt, og ikkje 2-mannstelt, er Ringstind 1 lettare.
  2. I tillegg til at utvalget er bra, er det også mykje lettare å finne gode bruktkjøp blant dei vanlegaste merkene. Rett og slett fordi det større kvanta i omløp.
  3. Vindskjerming er viktig ute, og det er også ei av ulempene med brennarane som står oppå gassboksen. Det er mykje enklare å vindskjerme nede på bakken. Når det gjeld valg av gassbrenner, ville eg ikkje gå for omnifuel. Ein dedikert gassbrennar er lettare, billegare (tildels mykje billegare og mykje lettare, avhengig av modell) og mykje betre til å brenne gass. Støynivået er også mykje lågare for dei fleste (alle?) gassbrennarane enn på omnifuel. Når behovet for ein parafin/bensinbrennar dukkar opp, går det an å kjøpe ein brennar for denslags då. Litt avhengig av korleis ein definerer behovet, kan ein ende opp med ein betre bensin/parafin-brennar enn omnifuel også. Den totale prislappen treng ikkje verta så mykje høgare enn ein omnifuel.
  4. afe

    Villrenjakt 2009

    Utan ein god kikkert (håndkikkert), har du ikkje bruk for børse på reinsjakt!
  5. afe

    Reineskarvet

    Eg var på Lauvdalen i helga, og dit kjem ein med kva som helst bil (frå Leveld). Frå Hemsedal reknar eg med at ein kjem til Skarvanstølen. Skiføret held til sankthans. x-levelding
  6. Ikkje la deg skremme vekk frå BC. Det er den bindingen som aller best til å gå med. Og i forhold til 75mm-binding utan feste bak helen, er BC minst like god til å løype nedover med. Det er støvelvalget som er avgjerande for nedovereigenskapane. Eg har sjølv eit par Åsnes Nansen utan binding etter salg i vår, og for min del vil valget stå mellom BC og 75mm-kabelbinding. Når det gjeld støvelvalg, er det aller viktigaste at støvelen passar på foten din. Når du har prøvd ulike støvler, kan kanskje bindingvalget gje seg sjølv fordi du har funne den perfekte støvel. Sjølv sverger eg til lærstøvler, men det kan godt hende at andre støvler er vel så bra.
  7. Lokalkjennskap er nok det rette ordet her. Det er mange stader skodda legg seg på heilt bestemte toppar ved ein bestemt type ver. Kva denne typen ver er, er veldig lokalt bestemt. Skodde ved ellers fint ver kan vera typiske fenomen på bestemte og, i forhold til omgjevnaden, høge fjell. Gaustatoppen er eit typisk eksempel på dette. Storen har også noko av denne tendensen. Skodda legg seg nedpå toppen store deler av dagen, når veret ellers er typisk fint. Skodda kjem då gjerne fyrst på dagen og ligg der til ut på ettermiddagen når alle folk har gjeve opp og gått ned att, så er det fint om kvelden.
  8. afe

    Pute?

    Men akkurat like glatt som den posen eg har eksperimentert med. For det er ein Piteraq-pose, men utan reim
  9. afe

    Pute?

    Eg har til tider prøvd meg fram med klede i vasstett pakkpose med ventil. Då kan eg enkelt justere kor mykje luft det skal vera i puta. Problemet er at alle slike posar er altfor glatt, det same gjeld liggeunderlag og sovepose, slik at puta sklir vekk frå hovudet etter litt tid.
  10. Men gassen fungerer betre i låge temperaturar i høgda, ettersom lufttrykket er lågare
  11. Det finnst masse bilder til sidene mine, men dei fleste har ikkje kome på nett enno Men snart (det har eg lovd i nokre år no). Når eg har vore på Hånosi har det vore i forbindelse med telttur. For ein bratt tur er Øyridalen (skytebanen), Tynjadalen eller Rikheim moglege utgangspunkt. Og desse er nok dei stuttaste, men eg er usikker på korleis dei rutene er framkomleg på ski. Eg har ikkje gått derifrå sjølv, men eg har forstått at det kanskje er Øyridalen som er det vanlegaste utgangspunktet for spreke lærdøler. For skiturar er nok snøvegen (12-13km ein veg i luftlinje) den stuttaste og enklaste turen, når denne vegen er åpen om våren. Frå Finndalen er det 18-19km i luftlinje. På mine skiturar har eg brukt Finndalen som utgangspunkt. I pinsa i fjor, gjekk eg frå Finndalen fredag kveld, og var på Blåskavlen lurdag, Hånosi sundag og store Liahovden måndag før eg returnerte til Finndalen. No i helga gjekk eg også frå Finndalen, men heldt meg noko lenger aust denne gongen. Sjølve toppen er grei å bestige både frå sør via Hånosgavlen (Der var det for lite i snø i pinsa i fjor, men eg har gått ruta i påska tidlegare), eller via ei brei hylle på omlag 1520 kota vest for toppen og mot toppen frå vest-nordvest. Nå ein er kjent på forholdet, er dette ein fin rundtur.
  12. Dalen du ser på bildet "mot Aurlandsdalen" er Stonndalen. Du ser så vidt i riksveg 50 eit lite stykke der. Ellers så er det jo Hånosi litt lenger aust som er den store majesteten i området. I alle fall for oss som til vanleg ser fjellet frå aust. Og der er sjansen for å treffe folk mykje mindre enn på Blåskavlen. Meir om området kan de lesa på heimesidene mine http://home.no/afeten/nordfjella/
  13. Eg kan bekrefte at dermizak pustar. Det er bare å kjenne på polstringa på sekken etter at ein har gått seg godt varm. Og i regnvær er jakka tett, så det er ikkje det det står på.
  14. Med mindre bildebrikke, brukar ein kortare brennvidde for å få det same utsnittet. Og med kortare brennvidde, utan å endre blendaren (som er eit forholdstal), vert inngangspupilla mindre, og med det vert dybdeskaprheita større. Dersom ein brukar ein blendar som gjev same inngangspupille med spegelrefleks som med kompaktkamera, og same utsnitt, vert dybdeskarpheita den same. Og ettersom spegelreflekskamera (med stor brikke) lar ein blende ned til slike små blendarar, medan kompaktkamera (med lita brikke) ikkje lar ein blende opp til tilsvarande store blendarar, får ein mykje større moglegheit til å kontrollere dybdeskarpheita med eit kamera med stor bildebrikke.
  15. Den var ny Problemet for alle andre er at kompaktkamera med små bildebrikker ikkje har alt for stor dybdeskarpheit, og at det resulterer i uryddige bakgrunnar ved nærfotografering og portrett.
  16. Dersom kartet har eit anna datum enn WGS84, må du også endre det på gps'en. Dersom kartet er fra før 1984 er datumet heilt sikkert noko anna enn WGS84! Nordreferansen har ikkje betydning for anna enn kva kurs gps'en oppgir når du vil finne retninga til eit punkt. Dersom du vil overføre denne kursen til eit kompass, er 'magnetisk' greit. Ellers betyr det ingen ting kva det står på.
  17. Det var riktig nok langt unna DNT-stig, både i avstand og årstid. Men eg har opplevd snøstorm med absolutt null sikt, der eg ikkje klarte å sanse kva som var oppover- og nedoverbakke.
  18. Det er Statskog som står bak godtur.no , og Statskog er part i Norge Digitalt. Så det er nok ingen endring i praksis, nei.
  19. Eg forstår ikkje kva som er problemet med at ein må bardunere. Det er riktig som det er nevnt, at Ringstind treng 3 stutte bardunar i eine enden for å stå stramt. Dette er ikkje noko problem, heller ikkje om ein er aleine. Dersom det er plass til å setje opp eit større telt, er det også rikeleg med plass til å finne fester for dei 3 bardunane. Bardunane er ein halv meter lang og er festa i teltet 15cm over bakken. Dersom ein ikkje finn plass til desse bardunane, er det ikkje mogleg å setje opp eit større telt som treng pluggar, då er det bare sjølvståande kuppeltelt som kan stå oppe, og leirplassen heiter svaberg.
  20. I august er snøen så hard at ein kan gå på han, ja. Men ikkje i starten av juni. Det er riktignok lite snø i år, men ein må nok likevel rekne med kilometervis med snø på denne ruta tidleg i juni. Og den snøen er nok for laus og våt til at det er fint å gå på. Vent til midten av juli.
  21. Dette kan eg bekrefte. Eg har budd i eit av husa som har denne utsikta!
  22. I forbindelse med overnatting, ville eg tru at det var mat til ornitologens eige forbruk det var spørsmål om
  23. I den andre enden er ein gjerne dekt likevel, og då er den eine brennvidda nok.
  24. Lyssterk zoom er og blir tungt. 180mm/2,8 er såå mykje lettare enn 70-200mm/2,8 Skal eg ha det endå litt lettare må eg greie meg med 135mm/2,8
  25. Sjølv har eg også speilrefleksen i veske lett tilgjengeleg. Ortlieb acua cam med bæresele. Vanntett er det også. Kameraet er framme på kortare tid enn det kompaktkamerabrukarane treng for å finne ut kva for ei lomme kameraet ligg i
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.