Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Bacon, spekemat ol fungerer godt i toropose. Sjølv har eg alltid med turka grønnsaker. Brukar å turke ei pakke med amerikansk grønnsaksblanding (ertar, gulrøtter og mais). Veg nesten ingenting turka.
  2. Helga 26-28. juni var eg på skitur på Blåskavlen. Då var det 1,5 meter brøytekant ved Hornselvi, så det var litt å tære på, men det har jo vore varmt den siste veka....
  3. Så lenge du skal rett fram, har du nok betre kontroll med lange ski, men stutte ski er lettare å svinge. Men som Nansen skal ha uttala, på fjelltur må ein kunne planlegge så langt fram, at ein ikkje treng svinge brått:)
  4. Parafin/bensin får du ikkje komprimert noko særleg, så det er det rommet som ikkje er brennstoff som du komprimerar med pumpa. Og det er dette rommet som vert større ettersom brenselnivået vert mindre og som gjer at trykket avtar. så lenge du lar det vera like mykje luft i flaska etter fylling, vil altså trykket avta like raskt, heilt uavhengig av kor stor flaska er. Ei større flaske kan du jo la vera halvfull, og då vil trykket halde lenger. Men då må du pumpe mykje meir for å få det same trykket.
  5. Eg har aldri gått frå Torsetlia, men har etter kvart vorte godt kjent i området frå Smiubekken/Djupeskard til hengebrua over Lågen. Fint terreng å gå i, i alle fall dersom du held deg over skoggrensa. På kartet som heng på kontoret mitt, er det også teikna ein merka stig vestover frå Torsetlia. Denne stigen går ned ved Grotbekken. Eg har nok gått denne stigen ned lia ved Grotbekken, men kan ikkje hugsa at merkinga var åpenbar. Men dersom du ikkje har fått avtalt henting med båt, vil eg anbefale å ikkje gå ned lia der, men fortsetje vestover til stigen frå Solheimstulen og følge denne ned til hengebrua over Lågen. Frå Åan til Raudhelleren, vil eg anbefale å gå over Lågliberget istaden for å gå T-stigen, enorm utsikt. Så kan du følge høgda vestover og koma inn på stigen frå Hein ein stad mellom Seltjønnlegeret og Geitsjøhovda. Då slepp du unna nokre blaute myrar ved Geitsjøen også Om du heller vel å gå til Solheimstulen, så får du ei litt kortare etappe 1. dag og litt lenger 2. dag. Men då får du ikkje med deg Lågliberget.
  6. Eg sit heller ikkje med lykta framom meg. Den orginale reima var grei å åpne. Dersom eg ikkje hugsar feil, har den plastikspenna som reima er hekta saman med, eit spor i eine langsida. Slik at det er greit å tre reima i og ut. Eg hugsar i alle fall at eg ikkje trang sysaker for å setje det saman att Både på lykta framme og batterikassa bak, er reima tredd gjennom to fester. Den nye reima plasserte eg mellom desse to festene, og sklir derfor ikkje fram og tilbake, akkurat denne delen seier seg sjølv når du ser på lykta. Reima eg satte i, var frå ei anna hovudlykt, og hadde ei akkurat passe stor lykkje i den eine enden, og ei lykkje med stramming i den andre.
  7. Eg har fiksa dette med ei reim (frå ei anna hodelykt) som eg har tredd inn på reima bak lykta og bak batterikassa.
  8. afe

    kart

    Det er ein grunn til ikke å ha kart på GPS'en. Det er pris. KartGPS er noko dyrare enn dei utan kart. Kartet kostar ekstra. Ein annan ting er at enkelte av GPS'ane utan kart, er ufatteleg krøkkete å bruke. Eg har ein etrex (gul), der må eg trykke eit tosifra antall tastetrykk for å få fram skjermbildet med koordinatar.
  9. afe

    Tørrmelk

    Eg brukte turrmjølk på havregrynsblandinga for mange år sidan. Men så fann eg ut at det var like godt utan turrmjølk. Så no brukar eg bare vatn. Varmt vatn om vinteren og kaldt vatn om sumaren.
  10. Det er etter kva eg kjenner til, ikkje gjeve dispensasjon frå kravet om materialbruk i eksteriør. Etter planbestemmelsane skal dette vera i hovedsak tre.
  11. Og kva for fjell er det naturleg å assosiere Geilo med? Hardangervidda og Hallingskarvet. Temmeleg flate tak på begge desse Men legg for all del merke til kven som stemte mot dispensasjon frå saltak.
  12. Dersom spørsmålet er kvar pumpa er når eg er på tur, så er svaret i flaska. Dersom det er spørsmål om korleis pumpa vert oppbevart når eg ikkje er på tur, er det ingen av alternativa
  13. afe

    Villrenjakt 2009

    Reis til fjells i sumar for å bli kjent i området. Dersom du greier å finne rein med kikkerten, er han god nok. Dersom du ikkje finn rein, kan det vera fordi det ikkje er rein der du leitar
  14. Kartverket har ikkje 5-meterskoter for dei fleste fjellområda, nei.
  15. Regn med snø og skiføre. I alle fall i dei vestlegaste områda. Korleis snøforholda rundt Ranastongi er, veit eg ikkje. Det vedlagte bildet er frå Reineskarvet i helga som var.
  16. Mitt Tarra veg 4.017g mot oppgitt 4kg. Utan bruksanvisninga er det 34g lettare.
  17. Den har sin faste plass i førstehjelpsmappa
  18. Det var ikkje akkurat det eg skreiv, i alle fall ikkje det eg meinte. Eg meinte at det ligg nokre ukjente perler innimellom det som alle naturforvaltningsbyråkrater, naturvernarar og dei fleste turfolk ser på som tapt. Derfor vil aldri desse områda bli verna, og med det, nedtråkka av turfolk som vil oppleve det urørte. Dette er områder som derfor er heilt utan cred, og derfor folketomme. Her kan dyr og fuglar leve fritt, kun forstyrra av oss få som veit om perlene.
  19. Telenor har ikkje billig tilgang til kart. Telenor er med i Geovekst som tross alt er den største drivkrafta i kartlegging av landet vårt og grunnlaget for det meste av kart som er tilgjengeleg i Norge Digitalt. Telenor betalar store beløp årleg i dette samarbeidet. Dersom konkurrentane til Telenor skulle få fri tilgang til dei same kartdataene, ville neppe Telenor vera villig til å bidra i Geovekst lenger. Kva dei ulike partane i Norge Digitalt må betale, er avhengig av kva dei bidrar med.
  20. Men når ein derimot treng 2 eller 3 CDar for å skaffe dei 4-5 karta ein treng, vert GPS-karta urimeleg dyr. Når ein i tillegg ikkje kan vise desse karta samtidig i mapsource, vert den 'verdiøkende funksjonalitet' temmeleg liten.
  21. Villmarkspregede naturområder kallar DN det. http://www.dirnat.no/inon Off-topic som bare det Personleg er ganske uenig i definisjonen med 5 km frå teknisk inngrep. Dels fordi ulike tekniske inngrep påvirkar omkringliggande naturområde i ulik grad og dels fordi ulike landskapstyper gjev ulike virkningar på avstandane. Etter mitt syn, kan enkelte tekniske inngrep ha villmarksprega naturområde nærmare enn 5 km og andre inngrep burde kanskje grensa vera lenger enn 5 km. Eit eksempel er mange stader på vestlandet, der det går ein veg nede ved fjorden, og fjellsida er tilnærma loddrett slik at det er uframkomleg både for menneske og dyr. Høgdeskilnaden er også så stor at eventuelle frø fra planter ikkje lar seg spire om det finn vegen opp stupet. Avstanden frå denne vegen til heilt inngrepsfrie naturområde som etter mitt syn vil kunne ha villmarkspreg kan her vera nede i godt under kilometeren frå vegen nede ved fjorden. I alle fall mykje meir villmarkspreg enn på trappa til ei turisthytte på Hardangervidda. Store hytter er ikkje slike tekniske inngrep som er med i definisjonen! Grunnen til at det er brukt ein slik definisjon med ein fast avstand, er av rein praktisk årsak, ettersom dette bare er ein enkel bufferanalyse. Dei virkelege, ukjente perlene i norsk natur ligg innimellom regulerte vatn i områder som, etter kartet, er så stygge av tekniske inngrep at Lars Monsen ikkje finn det bryet verdt å utforske, og som DNT ikkje veit navnet på. Der kan ein gå i dagesvis utan å treffe andre folk. Og dersom ein følger med litt på kartet, treng ein ikkje koma i kontakt med tekniske inngrep heller:)
  22. At det gjer seg godt på bilder, er eg uenig i. Men det er ein smakssak Kva som er lettast å få auga på vinterstid, er etter mine erfaringar, det som gjev mest kontrast mot kvitt (snø). Av dei fargene som er vanlege på fjelltelt, er grønn den farga som er lettast å skilne frå kvitt. Dette gjeld både på lang avstand med god sikt, og på kort avstand i skodde eller snøføyke. For nokre år sidan vart det brukt raude stikker på mange skiløyper her i området, fordi nokon trudde at dette skulle vera enkelt å sjå i dårleg vær. Det er heldigvis historie, no vert det bare brukt svarte stikker her. Det gjer det mykje enklare å følge løypa når været slår seg vrangt.
  23. Med vasstett bukse, snørt stramt rundt skaftet på støvlane, er det ingen problem å vasse i mykje djupare vatn enn til toppen av støvlane utan å bli våt. For å få til dette, er det ein stor fordel med høge støvlar, slik at det er eit ordetleg støvelskaft å stramme buksa rundt.
  24. Ja. I ein eller annan meny (Eg har ikkje pgs'en her, så eg tar det frå hugsen) finn du grensesnitt, der kan du velge mellom NMEA og ein garminprotokoll og anna, både på seriell og usb. Nederst på den sida, er det eit valg for usb-masselagring. Då fungerer gps'en som ein kortlesar, og du kan formatere, sikkerheitskopiere (fortrinnvis i motsatt rekkefølge) osv.
  25. Dersom GPS'n er kobla til ein pc med usb, vil GPS'n bruke strøm frå usb, og fungerer då utan batteri. Kan det vera magien?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.