-
Innlegg
2 731 -
Ble med
-
Dager vunnet
17
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av afe
-
Trenger man innertelt i et godt ventilert telt om høsten?
afe svarte på DoktorGjørelite sitt emne i Telt og lavvo
Eg har brukt mitt Nammatj utan innertelt. Det fungerer fint. Kondensfritt vil det ikkje vera. Hausten er nok den årstida som er mest belasta med kondens i teltet. Vinterstid vert det rim, og det er uproblematisk i teltet heilt til ein byrjar å fyre om morgonen. I vindstille, vil ein få mykje kondens sjølv med full lufting, men det vil ikkje dryppe mykje. Det meste vil renne ned etter teltveggane. I vind vil det bli rista laus nokre dråpar, men då vert det også mykje mindre kondens, for då er luftelukene i Nammatj svært effektive. Men dersom det kjem ei regnskur i vinden, vil det regne rett inn gjennom lufteluka mot vinden... Dersom ein greier å halde seg vekk i frå teltduken, og ein er innstilt på at det likevel kan verta noko fuktig, vil ein ikkje få store problem med kondens. For meg som er over 190cm lang, er kondensproblemet like stort med innertelt, fordi eg då vert liggande klint opp i teltduken i bakenden av teltet. Utan innertelt kan ein liggje midt i teltet. -
Eg trur ikkje det. Eg er nok ikkje i den kategorien som sverger til forsvarets støvler. Men eg brukar dei mykje, og eg har, og har slite ut, fleire par fjellstøvlar som du kallar "ordentlige" også. Alt til sitt bruk. Og til det eg brukar forsvarets støvlar til, er desse dei beste eg har!
-
.. og nokre kuldegrader om natta. Mest truleg får du sol og klar luft det meste av tida, og då kan temperaturen svinge mykje mellom dag og natt.
-
Om ein pakkar teltet i ein pose og komprimerer denne forsiktig, eller ein pakkar teltet ned i sekken og trykker det kraftig saman der, vert nok ikkje så store forskjellen Sjølv gjer eg det siste.
-
Er som oftast lett tilgjengeleg når eg har på meg vindvotter, ja
-
Utan å ha sjekka rutetabellar, kan eg ikkje garantere at du rekk det på 3 timar, men Dovrefjell er i alle fall lett tilgjengeleg med tog. Finn du eit tog som stoppar på Kongsvoll, er det ein fin stig opp lia vestover. Går du austover, rekk du vel innover i Rondane i løpet av dei 5 dagane.
-
Skjermen vert sikkert ikkje finare av at ein brukar spissen på skistaven når ein ikkje greier å trykke på rett plass med vindvotter.....
-
Eg var medlem nokre år, men meldte meg ut i protest etter at DNT, temmeleg arogant, innførte eit nytt navn på eit fjellområde bare fordi dei ikkje syntest det gamle navnet var bra nok. Dette gjeld eit område DNT bare har 1,5 rute på kryss og 1 rute på tvers av. Det har nok ført til at eg har droppa, på rein trass, å overnatte på sjølvbetjent hytte ved nokre få anledningar.
-
Hilleberg Nammatj GT versus Helsport Fjellheimen X-Trem!
afe svarte på GHalvorsen sitt emne i Telt og lavvo
Eg svarar sjølv om det ikkje var eg som kom med påstanden. Eg har heller ikkje lang erfaring med Helsport, så eg skal ikkje gå god for at det har vore ei utvikling. Men på mitt telt, har eg faktis opplevd både dårlege saumar og ei knekt stang. Det siste reknar eg som uflaks, det fyrste var eit resultat av dårleg kvalitet, meir spesifikt, uheldig løysing på korleis saumen var avslutta. Og teltet mitt er ikkje brukt mykje, i alle fall ikkje i forhold til dei andre telta mine. -
Eg har aldri funne noko symbol for manuell. Iso er riktig at kan stillast manuelt. Det har eg gjort. Det meste utanom lukkertid, blender og fokus, er jo ikkje akkurat manuell. I min verden er manuell netopp manuell lukkertid, blender og fokus!
-
For å spare vekt, skal du gå for Ringstind 1. Det er stort nok til 1 person, og nokre gram å spara. Mitt veg 1,7kg på vekta. Når det gjeld Hilleberg, kan dei absolutt matche i vekt. Akto er oppgjeve vekt 1,5kg. Og mi erfaring med 2 andre telt frå Hilleberg er at vekta stemmer. Og kvaliteten til Hilleberg er langt over Helsport.
-
Til mobilen treng du vel strengt tatt ikkje batteri. Til kamera er mi erfaring at eg aldri får nok batteri....
-
Då er spørsmålet mitt: Korleis får du styrt unna auto? Eg har kameraet sjølv, og det einaste eg har greid å overstyre autoen på er +/-kompensasjon.
-
Og Lærdal har vorte mykje finare å sykle etter at det meste av trafikken har trekt inn i fjellet...
-
Ein treng då ikkje klyper på ei snor.
-
Overraskande god plass. Sekken får plass i forteltet utan å stenge for åpninga. Langt nok i massevis til å ligge godt. Det er plass nok til å legge kleda i enden. Sittehøgde midt i teltet. I godvær gjev det effektiv lufting å åpne heile åpningen. Lufteventilen i toppen kan ikkje stengast, og det kan lett bli luftig under ytterteltduken i sterk vind. Sumarstid er ikkje dette noko problem, men det gjer at teltet ikkje fungerer på snø. Det er enkelte her på forumet som har skrive om å modifisere denne ventilen og sy på stormmatter for å gjera teltet om til vintertelt. Dette ser eg ikkje noko poeng i ettersom det vil øydeleggje fordelen med vekt, og det er tross alt vekta som gjer eit slikt telt interessant. Eigenskapane i vind, er heller ikkje noko å skryte av, så noko godt vintertelt vil det aldri bli. Vinden tar godt tak, og då kan det vera greit å ligge med føttene mot vinden. Det kan vera ubehageleg å bli slått i hovudet av teltduken. I tillegg til låg vekt når ein går, er det når ein skal finne teltplass, at ein virkeleg ser fordelen av å ha eit lite telt. Ein kan finne mange teltplassar til så små telt mellom kvar plass som er stor nok til eit 3-mannstelt. Og når ein går i terreng med kilometer mellom kvar brukbar teltplass, er akkurat det gull verdt.
-
Men det begrensar utvalget enormt i både merker og modellar. Særleg for oss som ikkje bur i eller i nærleiken av nokon by... Når det gjeld telt med skråveggar, kan det godt vera at ein kjem fram til at liggelengda er massevis lang nok i butikken, der teltet står godt oppstramma på eit flatt golv. Medan teltduken vert håplaus innpåsliten ute i terrenget, med litt ujevnt underlag, dårlege bardunfester og kulingen til å presse mot teltet.
-
Alle telt med rette endeveggar, har lang nok liggelengde. Nesten alle telt med skrå endeveggar (i eine eller begge endar) har for kort liggelengde. I alle fall for tunelltelt, er skrå endevegg i eine enden, ein måte å halde nede vekta på. Og ettersom dette er ein konstruksjon som vert brukt for å halde nede vekta, er det lite formålstjenleg å kompensere for lengda. Så dersom ein er ute etter lett telt, har ein eigentleg ikkje noko valg. Eit telt med både skråvegg og lang nok liggelengde og som eg har erfaring med, er Helsport Ringstind. Eg har 1-mannsversjonen. Det teltet er i tillegg lett (men regn 10% over oppgitt vekt på alt frå Helsport), og har plass i massevis i lengderetningen (eg er 1,9m lang). Dei som har med seg tjukk madrass, kan nok koma til ein annan konklusjon, men dei om det...
-
Det er i alle fall ikkje lenger enn du har behov for. Mest sannsynleg vil du verta missfornøgd med liggelengda. Men du vil heller ikkje finne betre alternativ i den vektklassa, så det vert eit spørsmål vekt... Til vinterbruk er liggelengda ubrukeleg, for i vind, vil det legge seg snø på teltduken og liggelengda vert ytterlegare redusert.
-
Eg har aldri forstått heilt poenget med kompasslomme på kartmappa. Med kartmappe som er klar på begge sider, kan ein brette kartet for å bare snu kartmappa når ein må sjå over bretten. Dersom det er lommer utanpå dette, betyr det at ein ikkje kan gå så langt, før ein må ta kartet ut i regnet for å snu på det. Når eg legg kartet i mappa om morgenen, skal det vera bretta slik at eg ikkje treng åpne mappa att før eg er inne i teltet om kvelden! Skrivesakene kan godt ligge nedi mappa, dersom det ikkje er noko du skal bruke i vått vær. Legg det i så fall mellom dei ulike laga av kartet, så du ser begge sider av kartet. Sjølv lar eg gjerne slikt ligge i fotoveska som også er vanntett. Kompasset lar eg ligge i lokklomma på sekken. Der ligg det til eg får bruk for det, og då heng eg det rundt halsen.
- 7 svar
-
- 1
-
Alltid ha ekstra lisser i sekken. Det er eit problem eg har opplevd med samtlige fjellstøvlar og skistøvlar, så det er nok ikkje noko særfenomen for bestemte modellar.
-
Pappask med rist på toppen, og åpning på eine sida nede ved golvet. Ein vifteovn (mest mogleg luft, minst mogleg varme) står og bles inn i åpningen slik at lufta går opp gjennom rista. Brukar same opplegget til frukt. Epler stikk eg ut kjerna og skjer i skiver som eg heng opp på pinnar som eg stikk gjennom pappasken.