Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Den store fordelen med tunneltelt er at det er enkelt og raskt å setje opp og pakke ned. Det er viktig på ekspedisjonar som skal flytte leiren sin kvar dag. "I høyden" er det meir vanleg med faste teltleirar, og då er kuppeltelt suverent. Kuppeltelt tåler mykje vind, men å setje opp enkelte kuppeltelt i sterk vind, kan vera direkte vanskeleg. Her er det riktignok store variasjonar frå modell til modell. Eg har gode erfaringar med krokesystemet til Hilleberg, og kan anbefale dette. Dette systemet er uproblematisk å setje opp i mykje vind, også aleine, men likefullt tar det mykje lenger tid enn å setje opp eit tunneltelt. Helsport Svalbard er ein slags hybrid som kombinerer ulempene til begge typene:) Men etter det eg har forstått, er det eit populært telt i enkelte kretsar. fjellforum er ein slik krets:)
  2. Eg har brukt Ringstind ei natt på snø, det vert ikkje fleire. Og i motsetning til Boomstick, stod nok teltet mitt litt høgare i terrenget, så snøen kom inn! Det er alt for dårleg tetting mot bakken på teltet. Etter mitt syn er stormmatter heilt uaktielt på eit slikt telt. Ved å sy på stormmatter, vil vekta stige betydeleg, og med det forsvinn det einaste argumentet for eit slikt telt. Då er det mange andre telt som brått kan konkurere på vekt, og som har betydeleg betre eigenskaper på snøføre. Mi erfaring med stanga, er også at denne ikkje tåler så mykje. Men der har eg ein følelse for at Helsport har prøvd seg fram ganske mykje gjennom åra, så dagans stang er truleg ei heilt anna enn den stanga som høyrer til teltet mitt, og forhåpentlegvis betre.
  3. Når det gjeld valg av binding til nedoverkøyring, er det hipp som happ om ein går for NNN-BC eller 75mm, så lenge ein ikkje har wire bakom hælen. Det er støvelvalget som er avgjerande.
  4. og https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldAttach=19659 er Lågliberget sett frå vest.
  5. Håndholdt HDR er rimeleg greit, men bevegelse i bildet vert verre. Når det gjeld ballansering av bållys og landskapet rundt, er nok kunsten å fotografere når det er akkurat passe mørkt rundt. Altså ikkje vente til det er for seint.
  6. afe

    Gå Rallarvegen

    Truleg fordi det bare er toppar over 2000 meter som gjeld her på forumet Turen er sikkert fin den, men det kan vera ganske traffikert med syklistar store delar av sumaren. Dersom du ikkje har veldig i mot å gå på snøfenner, og vera litt småblaut på føttene, ville eg anbefale å gå tidleg på sumaren. Altså før sykkelsesongen startar på alvor. Ta deg god tid til å studere dei mange mura bruene, både på Rallarvegen og jernbanen.
  7. Eg har kikkerten i ei veske som heng i brystreima på sekken.
  8. Eg har alltid med ei flaske i sekken. Sjeldan det er noko på ho, men det er veldig greit å ha når ein finn ut at ein skal legge vegen ein stad det kan vera lite drikkevatn, eller ein bestemmer seg for å ta matpausa litt oppe i lia. Ei tom plastikflaske veg nesten ingen ting..
  9. Det er ikkje for tidleg. Den fyrste snøen på Hallingskarvet viste seg for fleire veker sidan.
  10. Spør du mange nok, vil du høyre nettopp det om alle produkt som inneheld dun
  11. Dersom du meiner alvor med den presenningen, må du i alle fall finne ein som er lettare enn 1,1 kg Og pass på at han ikkje ligg slik at du bare samlar kondens som eventuelt renn ned av teltduken. Det kan du i så fall bli vel så blaut av. Eg ville nok droppe den botnduken heilt. Så lenge du ikkje teltar i myr, er ikkje fuktigheita frå bakken noko stort problem. Ein liten advarsel til slutt: Du vil oppleve at teltet vert veldig lite og trongt når du ved ei seinare anledning brukar innerteltet att
  12. Med klarvær, kan du rekne med 5 kalde om natta, og 5 varme om dagen, kanskje 10. Med overskya, vil temperaturen vera meir javn gjennom døgnet, og då truleg nærmare 0. Eg har opplevd 20 kalde i midten av oktober, men det er ikkje vanleg.
  13. Stort sett går nok det bra. Men det er sjølvsagt ein fordel å følge med på værmeldingane. Er det opphaldsvær, vert det heller ikkje snø. Men med mykje nedbør, kan det bli mykje snø. Værmeldinga på P1 får du inn på 93,3Mhz, i alle fall vestover frå vestenden av Reineskarvet Eg har gått på ski i området fyrst i oktober, men det er ikkje vanleg. Men går du nord-øst frå Reineskarvet, kjem du til å bomme på Lærdal
  14. 14. oktober. Men sjølv brukar eg ikkje gå på ski før fyrste helga i november.
  15. Med tanke på at dei fleste (samtlige?) fungerande eindukstelt er laminerte dukar med membran, er det ingenting å spare i vekt på eindukstelt. Det er riktignok ikkje heilt enkelt å finne heilt samanliknbare telt med ein og to dukar, men dei eg har funne og samanlikna, er alltid einduksteltet tyngre enn toduksteltet. Når ein skal presse vekt til det minimale, finnst det derimot nokre veldig lette eindukstelt, men desse fungerer ikkje vinterstid, og knapt nok sumarstid.
  16. Når det gjeld Svalbard-teltet, har eg ikkje gjort det anna enn heime på jordet. Men eg har brukt metoden ofte på andre telt. Det er jo å tre i stanga som er vondt i vind. Når stanga er i kanalen, er det jo bare å dra teltet etter stanga, og teltet står oppe i løpet av under 2 minutt. Det er mogleg du missforsto litt. Den enden som sitt att i kanalen, skal fortsatt sitje i enden av kanalen. Du skuver bare teltet saman. Så du skal ikkje tre stanga i det heile tatt når du slår det opp. Eg er ikkje sikker på om stangkanalen er åpen i begge endar på teltet ditt, det var det på det eg satte opp på jordet. I så fall kan du skuve saman teltet på midten av stanga, og knekke ho i begge endar. Då er du i alle fall sikker på at stanga ikkje drar seg ut av kanalen.
  17. Du drar bare ut halve stanga, og knekk ho utanfor. Ingen modifikasjon på teltet. Knekk stanga på midten dersom pulken er lang nok for det. Eller så må du knekke stanga i 3, då lar du den delen som sitt i kanalen vera lengst mogleg, så vert den 3 delen ganske kort.
  18. La stengane sitje i kanalane. Dette fungerer bare når ein brukar pulk Dersom du ikkje brukar pulk, så du må ta ut stengane, er det bare å øve. Ha på deg vindvottene når du øver.
  19. Jevnt over er kvaliteten til Hilleberg eit lite hakk over kvaliteten til Helsport. Som stort Hilleberg-vintertelt, ville eg anbefale Keron GT. Solid og enkel å setje opp, også i dårleg vær. Det siste er viktig vinterstid. Saivo er også enkel å setje opp, men Keron sett du opp på halve tida, dersom teltet er pakka fornuftig. Og Saivo har uforholdsmessige små fortelt. Dersom du er lenger enn 185cm, må du styre unna telt som ikkje har fortelt i begge endar.
  20. Sjølv har eg sekk med D-ringar på hoftebeltet, slik at eg brukar sekken som trekksele. Eg pakkar sekken som ein lett dagstursekk, altså alt eg treng for ein liten dagstur. Då er det bare å hekte av meg pulken for å ta ein topptur, utan å bruke så mykje som eit halvminutt til å pakke om. Ein har også moglegheit for å lette pulken litt dersom forholda gjer at det er gunstig
  21. : er eit deleteikn, altså ein brøk. 1:10000=0,0001 som er større enn 1:50000=0,00002. Alt er større på dette kartet. Det er jo derfor du får eit mindre utsnitt
  22. Endå eit alternativ, dersom du vil gå litt utanfor stig. Følg stigen mot Raggsteindalen til du er kome ned Grevskardet. Gå vestover forbi nedre og øvre Flyvatn og gå opp skardet mellom Blåbergi og Skorpetinden. Med topptur på ein av desse. Herifrå kan du gå rett vestover og koma inn på stigen mellom Kongshelleren og Geiteryggen, eller gå nordvestover og koma på stigen rett aust for Kongshelleren, og følge denne stigen til Geiteryggen. Eg veit ikkje kva ærend du har på Geiterygghytta, men dersom du skal ta buss derifrå, kan du også vurdere å gå ned til Steinbergdalshytta. Der køyrer bussen oppom hytta. Frå Geiterygghytta må du gå ned til riksvegen.
  23. Tuftetjørne ligg i Ynglesdalen.
  24. Eg har opplevd -20°C i midten av oktober. Men det er ikkje vanleg.
  25. Med feller, er det ingen problem å dra pulken rett opp dei fleste bakkane. Sjølv har eg gode erferingar med å bruke moderne trugar, med gode klør, til dei brattaste bakkane. Då har eg også ei sikkerheit dersom ei ski vert øydelagt. Personleg ville eg ikkje anbefale å bare bruke sekk på ein så lang tur. Når det gjeld kuppeltelt eller tunneltelt, er det mange meiningar om det. Telt som er laga for heilårsbruk, tålar påkjenningane uavhengig om det er tunnel- eller kuppel-form. Tunneltelt bråkar gjerne noko meir i vinden. Tunneltelt er veldig greie og svært raske å setje opp i sterk vind, det er ikkje tilfelle for alle kuppeltelt! Eit telt som du ikkje greier å setje opp i vinden, er ikkje noko du vil ha med på ein slik tur. Hilleberg si teltstangkrokløysing på kuppeltelta fungerer godt på den måten at ein får opp teltet uansett vind, men i forhold til tunneltelt, tar det lang tid å setje opp.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.