-
Innlegg
2 731 -
Ble med
-
Dager vunnet
17
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av afe
-
Det er nettopp til dette bruksområdet eg anbefaler lange ski, basert på eigne erfaringar frå det same bruksområdet. Han har ikkje nevnt skog eller kratt, og då kan ikkje eg sjå nokon argument for korte ski. Begrunnelsen er gitt i det forrige innlegget mitt. Valget må derimot trådstartar ta sjølv. Eg trur han vert fornøgd med det valget han har gjort.
-
Å kåre den finaste, vil eg ikkje vera med på. Utvalget er for stort og for variert til det. Men eit par forslag til fine turdalar, kan eg koma med. Den klassiske er Aurlandsdalen, og ikkje gløym sidedalane. Sjølv gjekk eg på ein smell i sumarvarmen då eg skulle krysse Aurlandsdalen i fjor. Moglegheiter for å kombinere dalen med fleirdagarstur, eller ein rask ettermiddagstur i kombinasjon med ein biltur. Ei litt meir burtgøymd perle her i området, er Fødalen. Jo lenger inn i dalen, jo finare. Eg har gått heilt inn til vannskillet og attende på dagstur, men dette er ein lang tur. Dalen er finast til overnattingstur. Fleire fine sidedalar fører ein opp i fjellområda på begge sider. Dette er mitt favorittområde. Ingen gammalskog, ettersom dalen ligg høgt over skoggrensa, men fleire fiskevatn og masse variert turterreng. Sjå også heimesida mi: http://home.no/afeten/nordfjella
-
Eg er nok av den oppfatning at korte ski ikkje har nokon fordelar for mitt bruk, så eg foretrekk lange ski. Eg brukar skøyteski på 200cm. Fjellski sverger eg til 210. Eg kunna godt brukt lenger dersom det var å få tak i. Dette er eit resultat av eigne erfaringar, og eg forstår ikkje kva det er som har endra seg frå 70- og 80-talet, som gjer kortare ski betre no enn då (attgroing kanskje?). Langrenn, og då meiner eg renn, altså konkurransar, har endra seg frå lange renn med intervallstart, til korte renn i tette felt. Der er det fordel med korte ski. Men på tur på fjellet, nei. I kratt og tett skog er korte ski ein fordel, ja. Sjølv går eg sjeldan i skog, aldri i tett skog. I laussnø, er bæreevna ganske overdriven, det gjeld forresten forskjellen mellom smale og breie ski også. På gjennomslagsføre på vårparten, derimot, betyr lengda mykje , breidda så godt som ingenting. Høge tuppar ser desverre ut til at har vorte burte på vegen frå 70- og 80-talet. Dette vart mykje laussnø, men det er faktis på hard, ujevn og vindpakka fokksnø at lange ski virkeleg kjem til sin rett. Lange ski er meir retningstabile, og lengda hjelper til å utjevne ujevnheitene i snøen, så heile turen vert meir behageleg. Og det er tross alt slike forhold eg som regel møter på fjellet. Mitt råd er: Stutte ski i skogen, lange ski på fjellet.
-
Ein presenning i fjellet er ikkje mykje verdt. Dersom været er fint, har du ikkje bruk for presenningen, og dersom det bles opp, forsvinn presenningen. Vintertelting til fjells er ekstremtur og krev ekstremtelt. Hilleberg Nammatj er eit slik ekstremtelt, eit av dei beste som er å få kjøpt for peng. Meir ekstremtelt enn det som er nevnt i tråden.
-
Eg hadde ein slik sovepose i militæret, men desverre ingen dunjakke. Den soveposen var derimot eit resultat av designfeil, kombinert med ein kropp som var lenger enn normalen. Og dersom eg hugsar rett, ver det i alle fall ingen ting å spare i vekt ved denne soveposen i forhold til ein komersiell sovepose som er lang nok til å dekke hovudet. Det enklaste ville vera å kjøpe ein stutt sovepose. Sjølv om denne kanskje er noko trongare enn ein lang sovepose, betyr jo ikkje dette så mykje, ettersom du likevel ikkje skal få skuldrane nedi. Men ved null grader ville eg nok sløyfe dunjakka, heller enn å spare nokre få gram på ein for liten sovepose.
-
Nei, eller jo, men då må du ha fleire telt. Heilårsteltet er ein utopi. Krava ein stiller til vintertelt og sumartelt, er så forskjellig at det einaste som fungerer godt, er 2 telt. 1 ordentleg, solid vintertelt, og 1 lett sumartelt.
-
Gladnyhet! Kartdata blir tilgjengelig for alle
afe svarte på essem sitt emne i Generelt om friluftsliv
Har du ein gps som støtter rasterkart, og du har nødvendig innsikt i filformatet på gps'en, så kan du nok nyttiggjera deg av dette. -
60Cx og 60Csx er ikkje gamal teknologi. Det er ny teknologi, i ein gamal plasboks, med det gamle velprøvde brukergrensesnittet. Det er nokre andre forskjellar mellom 60-serien og oregon også, som var avgjerande for mitt valg, men dette får kvar enkel finne ut av i spesifikasjonane.
-
Rare blikk - er det meg det er noe galt med??eller????
afe svarte på villmarkingen sitt emne i Generelt om friluftsliv
Ja. Monsen filmar i skogen ved eit kjempesvært indianerbål. Sjølv held eg til på snaufjellet og tar bare stillbilder. -
Altså omtrent identisk med gammel sørnorsk tru. I alle fall slik eg kjenner ho frå fjellbygdene.
-
-
Rare blikk - er det meg det er noe galt med??eller????
afe svarte på villmarkingen sitt emne i Generelt om friluftsliv
Nei. Eg kan faktis ikkje seie at eg har opplevd noko slikt. Men så kan det hende det har med sjølvtilliten min å gjera. At eg høyrer beundring og missunning i staden for forakt og liten forståelse. Men det hender at eg sjølv lurar på kva eg driv med... -
Når det gjeld moderne fjelltelt, er teltduken så tynn, at det kjem inn massevis nok lys i eit mørkegrønt telt. Bildet viser korleis lyset frå ei enkel LED-lampe inne i innerteltet på eit grønt Helsporttelt, går gjennom teltduken. Og det er farga på innerteltet som bestemmer farga på lyset inne i innerteltet, både på lys utanfrå og lyktelys inne. Når det gjeld tjukkare bomullstelt, er vel forholdet slik at det vert mørkt uansett kva farge teltet har.
-
I mørket er alle katter grå. Då er det enklast å finne den gråfarga som er størst kontrast til den kvite snøen. Skal nokon leite etter meg og teltet mitt i mørke, og det er til min fordel at dei finn meg, skal eg sørge for at det er lys i teltet eller utanfor, og då er farga på teltet fullstendig likegyldig. Refleks på teltet er uansett ingen ulempe i slike tilfeller. Skal eg leite etter mitt eige telt, veit eg at det er lettare å finne det grønne teltet mitt i det kvite enn om teltet hadde vore raudt, uaansett lysforhold. Dette har eg fyrstehånds erfaring med, og eg stolar meir på eigne erfaringar, enn kva andre prøver å antyde at er korrekt. At det mørke teltet lettare kan forvekslast med ein stein er riktig.
-
Har høyrt rykter om mange fødslelkomplikasjonar etter at V-stilen vart innført
-
Det gjer det vel. Og jo lågare temperatur, jo lågare trykk, og jo lågare vert effekten. Ved kokepunktet til gassen, er heilt riktig, trykket innanfor og utanfor boksen lik, og det er ingen trykk til å få gass ut til brennaren. Kokepunktet i blandinga er nok ikkje heilt det same som ved rein gass. Så desse temperaturane er nok ikkje heilt dei same som ein kan vente av blandinga. Du vil heilt sikkert ikkje få fyrt opp i -40. Fortsatt ingenting som ikkje stemmer med mitt innlegg Den største forskjellen her er at du ikkje kan pumpe opp trykket, slik at ein er begrensa til likevekttrykket i boksen, og dette er ikkje mykje over 1 bar ved 30 kalde, litt høgare ved 20 kalde. Så nokon effekt som kan måle seg med ein bensin/parafin-primus, kan ein ikkje vente seg. Hugs at trykket er stigande med stigande temperatur. Det er ikkje ein av/på, altså full effekt rett over kokepunktet til gassen.
-
Det er slett ikkje alle dyr som er fargeblinde, men det er ikkje dermed sikkert at farge betyr noko, heller ikkje kontrast. Dersom ikkje dyra forbind teltet med fare, kan dei like godt gå rett forbi eller stoppe og beite som om ikkje teltet er der.
-
Besøkstalet er ein ting, derom ein ikkje teltar nære ein mykje brukt stig, er sjansen for at nokon tilfeldig ramlar innom leiren, forsvinnande liten. Men følelsen av å vera aleine handlar om meir enn det. Det handlar også om å ikkje vite om andre i området. Dersom ein har eit telt eller sjølv er kledd slik at ein er synleg på lang lei, er ein med på å forringe andre sine naturopplevingar. Mi erfaring med ulike farger i snøstorm, er at jo mørkare, altså sterkare kontrast til kvitt, jo lettare er det å sjå. Mørk grønnt telt er faktis mykje lettare å sjå i snøstorm enn eit raudt telt. Gult er umogleg å sjå i snøstorm. Det er utruleg synd at reklamen villeder mange til å kjøpe raude og gule telt "for sikkerheits skuld". Sumarstid er derimot dei raude og gule telta betydeleg lettare å få auge på enn eit grønt. Det same gjeld raude eller svarte løypestikker. I heimtraktene mine var det vanleg med raude løypestikker i mange år. Dette er det heldigvis slutt på. No vert det bare brukt svarte stikker.
-
Fyr opp ute på gardplassen. Legg merke til korleis forvarmingsflammene oppfører seg gjennom heile forvarmingstida. Skal du gjera dette i forteltet, må du vera heilt sikker på at flammane aldri slår så høgt at det er fare for teltduken. Prøv ut korleis primusen oppfører seg når du prøver å fyre han opp med for lite forvarming. Gjer dette både no og når det er 20 kalde, og gjerne i litt vind også. Plukk frå kvarandre alle delane og sjå ved sjølvsyn kvar det kan tette seg dersom det er ureiningar i brennstoffet. Det er desse plassane du må renske når primusen fuskar i felt. Og dette må du greie å kulda. For når primusen må skuast frå kvarande, har du ikkje fyring i teltet. Men slapp av, når du kan dette, får du heller ikkje bruk for det. For då veit du korleis du skal halde primusen ved like
-
Det vil absolutt ikkje vera same skifølelsen med slike bindingar kontra ordentlege bindingar. Men det fyrste året for ein toåring bør det kunne fungere. Det vert uansett mest gåing og lite løyping. Men seinare er det bare ordetlege bindingar som dugar. På den andre sida, kvifor ikkje lære ungen at vintersko er det same som skisko. Sjølv vaks eg opp utan andre vintersko. Det er bare så synd at barneskibindingane som er på markedet i dag er av så elendig kvalitet. Hugs godt feste til ungen, betre feste enn det du sjølv vil ha. Så lenge ungen bare står mellom føttene til ein forelder i utforbakkane, betyr ikkje glid på barneskia noko. Men dårleg feste er ein gledesdrepar. Smørefrie eller smøreski er hipp som happ. Det er tross alt ingen kunst å gni utover blå extra. Når ungen vert meir sjølvstendig på skia, må det vera god glid på skia, og då er det bare smøreski som fungerer.
-
Det er ikkje ei bestemt temperaturgrense. Dess kaldare, dess dårlegare fungerer gass. Ved låge temperaturar vil du gjerne kunne fyre opp, og alt ser bra ut, men så går det nokre minutt og effekta er redusert betrakteleg. Dette skjer fordi temperaturen i gassboksen går ned etterkvart som den flytande gassen fordampar. Dette er forskjellen på ein gassbrennar og ein bensin-/parafinbrennar, der ein pumpar trykk og fordampinga skjer med varmen frå brennaren. Derfor kan det vera heilt greit å koke seg ein liten kaffekopp ved ein gitt temperatur. Men det vil ved same temperatur, vera for kaldt til å koke kaffe for ei større gruppe.
-
At snøpluggane er brukt opp, er eit teikn på dårleg planlegging. Sjølv har eg i alle fall med snøpluggar nok til alle pluggfester/bardunar, i tillegg til to i reserve. Eg har laga snøpluggane mine sjølv, i tre. ca 20 cm lang, ca 1,5x1,5cm. Pluggane frys fast i snøen så eg må bruke spade for å få dei laus att.
-
Strengt tatt skulle eg greie meg fint med bare hovudlykt Men eg har ei LED-teltlykt i tillegg. Lyssterk og brannsikkert. Etter at eg fekk meg denne lykta, brukar eg åpen flamme bare til oppvarming. Tidlegare hadde eg ei sjølvmatande stearinlykt. type som denne: http://www.sportsnett.no/wsp/sportsnett/webon.cgi?func=show&table=PRODUCT&func_id=REL7&var_1=&categorynu=U0&categorytxt=Tilbeh%F8r%20og%20teltlykter&produkt=UCO%20Candle%20Lantern Men denne vart eg aldri fortruleg med. Mekanismen fungerer fint i reklamen, men i teltet var det bare trøbbel. Sumarstid (fram til 20. august) har eg aldri hatt behov for ekstra lys i teltet. Då har eg heller ikkje med meg hovudlykt.
-
Jerven fjellduken orginal som sovepose forsterkning
afe svarte på villmarkingen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Det er ikkje noko problem fyrste natta, nei. Men bare vent til neste natt....