Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Så god som designen kan bli. Effektreguleringa er på pumpa, så det er ikkje akkurat rask respons og fininstilling vert så som så. Og støynivået er høgt. Ellers er det ein heilt grei brennar. Makseffekten er som andre brennarar i same klasse.
  2. Brennaren er fortsatt å finne på heimesida til primus. No heiter den Multifuel EX. Eg har heller aldri hatt problem med gass på multifuel, men samanliknar du koketida til multifuelen og ein rein gassbrennar, vil du forstå kva eg meiner med at multifuel er ein dårleg gassbrennar. I tillegg til støynivået
  3. Når eg er på reinsjakt, har det aldri falle meg inn at eg skal kle meg for å bli sett. Det kan vera 1 mil til næraste jeger. Når eg jaktar elg derimot, er det 100m til næraste jeger, og då er det viktig at alle veit kvar alle er til einkvar tid. Eg kjøper ikkje ein haug med dyre, fargerike klede til dette bruket. Ein refleksvest på sekken er nok. Om dyr er fargeblinde, så er dei ikkje nødvendigvis blinde. Og korleis dei oppfattar forskjellige fargene er det bare dyra sjølv som veit. Det er mange måtar å vera fargeblind på. Oppfattar dei td raudt likt som svart, kvitt eller grønt veit eg ikkje. 2 av desse 3 alternativa vil gjere at dyret enkelt kan skilje ut ein raud anorakk i skogen, sjølv om dyret vert rekna som fargeblind. Enkelte dyr kan også oppfatte eit vidare spekter, altså noko UV eller IR. Og i desse tilfella vil dei heller ikkje ha noko som helst problem med å skilje ut grønne kunstfiber i ein klorofyllgrønn skog, sjølv om dei ikkje greier å skilje mellom raudt og grønt.
  4. Det er nok noko feil med det eine. Men strengt tatt mistenker eg at du aldri har prøvd...
  5. Ein kan også få opp kartbildene på frittståande applikasjonar som td QGIS, og kombinere dette med eigne data, som td track frå GPS, og andre WMS-kilder. Fleire av tjenestene er også spørrebare (svarer på GetFeatureInfo) slik at ein kan få opp egenskaper til karttemaene, som høgde på høgdekote, bygningsnummer på bygning, areal på flater, vegnummer på veg, datafangstdato, kvalitet osv. WMS er faktis langt meir enn bare kartbilder.
  6. Det er 3 ulike nord. Magnetisk nord, som alle kompass peiker mot. Geografisk nord som peiker mot nordpolen. Rutenettnord som er parallelt med rutenettet på kartet. Med ein tranvers Mercator som er vanleg på norske kart (UTM), er geografisk nord og rutenettnord samsvarande langs sentermeridianen for projeksjonen. For UTM er koordinaten for sentermeridianen 500000. Til sides for denne, vil rutenettnord peike til ein plass like langt frå nordpolen som du er frå sentermeridianen. På turkart brukar det å vera oppgjeve missvisninga mellom alle desse tre nord. Sjølv om kompasset i GPS'en finn geografisk nord, har ein moglegheit (i ein eller annan meny) til å vise geografisk eller rutenettnord. Der missvisninga er stor, vil GPS'en, dersom denne er satt til å vise noko anna enn magnetisk nord, og eit kompass som viser magnetisk nord, peike i kvar sin retning.
  7. Dersom ikkje beskrivinga på kartverkets sider var nok for deg, kan du byrje her: http://www.opengeospatial.org/standards/wms Og dersom dette heller ikkje hjalp deg, får du fortsette å bruke ferdige tjenester som norgesglasset http://ngis2.statkart.no/norgesglasset/default.html og liknande
  8. Når det gjeld det området du kallar Skarvheimen, kan du lese og kanskje bli inspirert av sidene mine. http://home.no/afeten/nordfjella Særleg turen Nordfjella på tvers http://home.no/afeten/nordfjella/2_19Nordfjella_p_aa_tvers.html gjev eit lite innblikk i korleis terrenget er. Det var ein tur heilt utanom merka stigar. Med eit lite telt, er det ingen problem å finne teltplass. Og dersom ein les kartet ei dagsetappe fram, er ikkje vatn noko stort problem. Har du spørsmål om bestemte vassdrag, kan eg sikkert svare. Området mellom rv 50 og rv52 er stort sett lettgått, meir lettgått jo lenger vest. Området sør for rv50 er stikk motsatt. Veldig kuppert vestpå, meir lettgått austover i området rundt Hallingskarvet.
  9. afe

    Alfa fotposer

    Det er riktig at fotposane er laga for å ha utan på skoa, men det er kjekt å kunne ta av meg våte, kalde skistøvlar. Få på seg turre sokkar og rusle rundt i romslege fotposar, utan sko inni. Og så er det raskt å få på seg når ein skal ein snartur ut av teltet. Men det er nå bare mi meining, og mi bruk at fotposane.
  10. afe

    Alfa fotposer

    Sjølvsagt skal sålene vera inni fotposen, men dersom dei er veldig glatt, slik at foten sklir sidelengs og fram og attende inni fotposane, vert det ikkje særleg behagleg å gå med
  11. Denne linken kan vera ein start: http://www.garmin.com/garmin/cms/site/us/onthetrail/custommaps
  12. Den fungerer med gass, ja. Men frå ein test av gassbrennarar i eit svensk blad frå 2000 eller 2001, hugsar eg at Multifuel kom desidert dårlegast ut. Det stemmer også godt med mine erfaringar med brennaren. Så dersom ein har tenkt å brenne gass, vil eg anbefale å kjøpe ein annan brennar, sjølv om ein har ein Multifuel. For bruk med parafin er brennaren heilt grei, men eg likar Novaen (Optimus) mykje betre. Multifuel støyer meir, har høgare og mindre kontrollerte forvarmingsflammer og finjusteringa av effekten er ikkje-eksisterande. Omnifuel har eg ingen erfaring med, men utfrå konstruksjonen er det i alle fall moglegheita for finjustering av effekten som er forskjellig på Omnifuel og Multifuel, i favør av Omnifuel. Kjelestøttene er dei same på desse to modellane.
  13. afe

    Alfa fotposer

    Eg har brukt 2 (eller 3) lag med filtsåler i mine fotposar (forsvarets modell). Det vert i alle fall fine leirtøflar som alltid er med på telttur i den kalde årstida. Eg hadde tankar om å skjera til såler av eit underlag, men fann aldri eit underlag som hadde den rette overflata etter mitt syn. Det bør helst ikkje vera så glatt dersom posane skal brukast til noko anna enn bare sitje med.
  14. Eg brukar å putte teltet nedi sekken, og då gjerne med betydeleg mindre sekk Skulle du likevel vera så dum å pakke ein så stor sekk så full at du ikkje får plass til teltet, kan du feste det med reimer på toppen.
  15. Svalbardrev til fastlandsnorge er nok vurdert og funne til å ikkje vera aktuelt. Sjølv om det vert rekna som same art, er ikkje genene lik. Rabies er også eit moment i vurderinga. Ved å leite litt på DN sine sider, skulle det vera mogleg å finne meir om temaet. Når det gjeld problemet med for liten bestand, har eg ein litt meir nyansert teori inspirert av termodynamikkens lover. Når bestanden når eit kritisk låg verdi, vil ikkje mange nok hannrevar på vandring finne make og føre slekta vidare, til å halde bestanden oppe. Eg benektar ikkje dei andre momenta om raudrev og mattilgang, teorien min kjem i tillegg og gjer situasjonen bare endå vanskelegare. Det skal også nevnast at eg ikkje er biolog, men kjemiker
  16. Dei vanlege teltpluggane er ikkje så mykje verdt i snø, så svaret er ja. Sjølv bytter eg ut alle pluggane med snøpluggar. Ski og stavar kan sjølvsagt brukast, men det er kjekt å ha skia ledig til ein rusletur etter middagen også Eg har laga snøpluggane sjølv, av tre. Desse treng ikkje vera så lang. 30cm har vist seg å halde i massevis.
  17. Det stemmer nok. Men det er ikkje midt framme der Åsnes sine hol er, at skia er mest utsatt for å knekke. Derfor trur eg ikkje det er noko stort problem. Skruvane til bindingen er derimot eit stort problem, det har eg opplevd mange gonger. Men ein kan ikkje la vera å bruke binding av den grunn
  18. Fadern har stuttfeller. Og erfaringa hans er at klumpen og reima i framkant bremser så mykje at eg har betre glid med mine langfeller. Og då er poenget med stuttfeller borte.
  19. afe

    Hodelykt

    Gå for lykt med vanlege batteri, og bruk gjerne oppladbare batteri i denne. Dette er det mest fleksible på fleire måtar. Det er enkelt å ha eingongsbatteri i bakhånd. Nye oppladbare batteri er billigare. Og det finnst stort utvalg av batteriladarar, også til 12V.
  20. Eg brukar 3 øyeskruar som passar i hola under føttene på brennaren. Så vrir eg skruane ein kvart omdreining så er brennaren låst. Flaska lar eg ligge laust, slik at det ikkje er noko som skal hektast av for å vippe over flaska når brennaren skal slokkast.
  21. Høgde over høgast regulerte vannstand. Med dette resonementet skal alle øyer som ligg i tidvis islagte farvatn ut Nei, ei øy er ei øy.
  22. Av BC-støvlar, har eg erfaring med Crispi Stetind og Alpina BC 1600. Eg foretrekk BC 1600, og har mitt andre par av dei. Mykje av grunnen til dette er at det er denne som har passa best til foten min. Når det gjeld slitestyrke på BC 1600, trudde eg tidleg at den var dårleg. Støvlane viste raskt teikn til bruk. Men frå dette, til at støvlane er utslitt, har det gått mange år, og uhorveleg mange timar ute. Det vert nok BC 1600 på meg neste gang også, dersom eg får tak i eit par. For støvlar vil eg ikkje anbefale å kjøpe uprøvd, heller ikkje om ein har prøvd same modell og same storleik før.
  23. Umogleg og like meiningslaust som å kåre eit nasjonalfjell.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.