Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Prinsippet er enkelt og fungerer. Heilt til ein tar på seg sekken og strammar hoftebeltet Når eg går med sekk, foretrekk eg membranjakke framfor bomull, fordi membranjakkene har lufting under armane, noko eg ikkje har sett på bomulljakker. For meg vert derfor fuktproblemet mindre med membranjakke enn med bomull. Dette er eit eksempel på at konstruksjon er like viktig som materialvalg. Me greier oss godt utan slikt no også. Mange av oss i alle fall
  2. Prestrud. Dette vart noko unyansert! Amundsen hadde studert godt kva både Scott og Schackleton hadde skrive om antarktis, og brukte masse av denne erfaringa for å lykkast sjølv. I motsetning til Scott som hadde gløymt det meste av kva han sjølv hadde erfart og skrive ned. I ettertida kan ein seie mykje om Amundsen eller Nansen, men ingen av dei hadde kome særleg langt dersom dei ikkje hadde vore så kyniske og egoistiske som dei var! Det viktigaste dengongen, var uansett at nordmenn slo svenskane og engelskmennane, og det vart dei heltar av. Av andre store navn, må heller ikkje Carsten Borchgrevink og Leonard Kristensen på Antarctic og Tryggve Gran på Scott-ekspedisjonen. Storkjefta og pr-kåte allemann, men like fullt polarheltar.
  3. Men impregnering kan reduserer pusteevna til bomull betydeleg.
  4. Det er ingen radiokanal med organisert lyttevakt i fjellet. Så dersom du er avhengig av radiokontakt med mor di når du er på tur, får mor di vera med deg. Bruk i så fall ein radiokanal du har konsesjon på, slik at du ikkje er til hinder for redningsaksjonen som leiter etter deg.
  5. I områder med mykje aktivt skogbruk, kan det vera ei sikkerheit, for der er det gjerne gode gjennomsnakkstasjonar og lyttevakt på desse kanalane. Men på fjellet er det så godt som bare i jakta at nokon lytter på sikringsradioen. Rekkevidda er heilt avhengig av terrenget. I fri sikt, er rekkevidda mange mil. Utan fri sikt kan rekkevidda i verste fall vera nede i nokre få hundre meter.
  6. Eit tips for å få meir ut av vatnet på termosen, er å smelte snø i det varme vatnet. Ein kan få litt meir vatn på den måten, men det vert sjølvsagt ikkje så varmt lenger. Den store fordelen er jo at ein ikkje treng bære med seg dette ekstravatnet.
  7. Utan fyring, vert nok temperaturen i gropa omtrent den same som i teltet. Med fyring, vil det ikkje bli så varmt i gropa som i teltet. Men det vert ikkje varmare i teltet enn om ein ikkje har gropa. Skal ei slik kuldegrop fungere slik du håpar, må teltet isolere betydeleg og heile inngangen må vera via kuldegropa, slik at den varme lufta heller ikkje forsvinn gjennom inngangen. Med eit tjukt bomullstelt kan du nok greie dette. Det same i snøhole. Men i eit nylontelt med glidelåsåpning, nei. God jul
  8. Ei grop i forteltet for å få betre plass der, er veldig kjekt, og noko eg brukar ha så sant snømenden tillet det. Men at dette fører til at det vert varmare i teltet, er nok noko du bare trur
  9. Vettisfossen er det høgaste uregulerte fritt fall. Når det gjeld totalt fall, er ikkje Vettisfossen høgast i Utladalen eingong
  10. Det var truleg rundt -10°C då vinden var på det sterkaste.
  11. Det fungerer når snøen dett rett ned. I vind, har skjermen absolutt ingen funksjon.
  12. Lårlommer er eit absolutt krav, eg kjøper ikkje turbukse utan. At eit standard turkart skal vera malen for storleiken, ser eg ingen grunn til. Eg har kartmappe til kartet, desutan brettar eg om kartet til ei heilt anna form. Lårlommene er til kopp, votter, luve, niste, ammunisjon og etc. Alt dette skal ikkje nødvendigvis vera i lommene samtidig, men til forskjellige tider. Fjellrevens bukser har mange lårlommer, men det er bare den store på høgre side, som har form og plassering som kan brukast til noko. Lårlommene på den no utgåtte feltbuksa er etter mitt syn ideelle. Den feltbuksa er forresten mitt valg nummer 1 når det gjeld turbukse vinterstid. Etter nokre forskjellige snikkerbukser (som snikker, ikkje til turbruk), er mi erfaring at desse kneputene aldri er på rett plass. Anten er dei for høgt, då fungerer dei ikkje i det heile tatt. Eller så er dei for lågt, det fungerer forsåvidt for ein snikker, men på ei turbukse, virkar det mot si hensikt å dra buksene langt opp på leggen når det er kulda ein vil beskyttast mot. Så desse må syast på etter mål, dersom dei skal ha nokon funksjon. Særleg behageleg å gå med er det derimot ikkje, så eg ville heller gått for overtrekksbukse til leirbruk, dersom eg skulle hatt noko slikt.
  13. Problemet med korte liner, er at seilet vert veldig følsomt for lokale variasjonar i vinden (resultat av litt kupert terreng). Erfaringa mi etter 1 sesong med nasa-seil, er at det ikkje fungerer dersom det er litt småkupert, som 10m høge haugar/djupe dalar. Det gjev full fart på dei høgaste haugane, og ikkje vind nok til å halde seilet i lufta nede i søkka. I slikt terreng har folk med kite, ein heilt javn vind. Seilet mitt har enda i eit skåp eller i kjellaren eller ein heilt annan plass. Det er i alle fall ikkje med på tur lenger.
  14. Skaff deg ein wms-klient td qgis ( http://qgis.org/ ), så har du i alle fall moglegheit til å få lage den oversikta du treng med karbladinndeling-wmsen på http://www.statkart.no/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=14089
  15. Telemarksving med 75mm (utan wire) og BC KAN samanliknast. Men då må ein samanlikne med tilsvarande støvel. Det er riktig at det er mykje betre utvalg av mjukare støvlar til BC. Men med ein stiv BC-støvel er BC minst like godt eigna til telemark som 75mm (vel og merke utan wire).
  16. Sjølvsagt vil ikkje ein som sel Åsnesski, anbefale noko slikt:) Det finnst fleire måtar å beskytte treverket mot fukt, så det bør vera overkomleg. Men dersom ein heller ikkje kjenner til korleis skia er bygd opp, kan ein få seg nokre overraskelsar. Det er temmeleg mykje luft i enkelte skimodellar No kjenner eg at eg faktis byrjar å få litt lyst til å prøve dette, bare for å ha gjort det. Det er jo eit passeleg prosjekt når ein har eit par ski som likevel er klar for utskifting, og det har eg jo:)
  17. Kva som er best og morosamast til nedfarten, er veldig avhengig av føre, eigne ferdigheiter, formål for turen osv. Dersom ein meistrar telemark, og ein legg opp tur etter evne, er dette heilt klart morosamast. Men dersom ein ikkje mestrar telemark, og formål for turen er toppen, og nedfarten frå ein altfor bratt topp bare er eit "nødvendig onde" i forbindelse med dette, så er nok randonee det beste.
  18. Når skia står opp av snøen, er vindfanget til toppen av skia stort nok til at ho kan knekke, heilt uavhengig av om det er festa eit telt til ho.
  19. Det er nok mindre enn normalt vestpå. Men meir snø enn normalt for årstida austpå.
  20. Frå vilkåra, punkt 3: "Kartbilder kan skrives ut til personlig bruk, men ikke brukes i trykte produkter. "
  21. Og montert begge lyktene på same panneband. Då er det enkelt bare vri pannebandet litt rundt, så peiker den andre lykta framover. Svakheita med "billig-og-liten lykt fra nærmeste dingsebomsbutikk" er av/på-knappen. Nokre held lenge. Andre ryk raskt.
  22. Eg er sjølv 1,9m ståande, men har ingen problem med å sitje ordentleg i eit telt med høgde nedimot 1m. Så lenge ein er aleine i teltet, kan ein sitje der teltet er høgast. Med føttene dinglande ned i gropa i forteltet, sit eg like godt som i sofaen heime.
  23. Støvlar må prøvast. Kva erfaringar andre har, har ingen verdi dersom støvlane ikkje passar føttene dine! Stive støvlar vil nok vera meir problematisk enn mjukare støvlar, så dersom køyreegenskaper er viktige, kan det verte vanskeleg. Dersom køyreegenskaper ikkje betyr så mykje, og du vel mjukare støvlar, er nok utvalget til BC mykje større enn 75mm. Rådet mitt vil vera å fyrst finne eit par støvlar som kjennest god ut på føttene, så kjøper du bindingar som basser til desse støvlane.
  24. Neidå, eg missforsto ikkje. Eg bare presiserte at ein må ha wire på 75mm-bindingen for å få betre stabilitet enn BC med tilsvarande støvler.
  25. 75mm med wire er meir stabilt i utforkøyringane enn BC. 75mm utan wire er ikkje meir stabilt enn BC, her er det utelukkande støvelvalget som avgjer.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.