Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. afe

    Bjørnespor

    Det er bare ein dyr som liknar til forveksling ein hund. Plutseleg var det der. Like plutseleg var det borte. Det einaste som var att, var eit spor. Ikkje så ulikt spor etter gaupe. Veldig likt spor etter ein hund. Men heilt snorrett, så langt auga greide å følgje det (ca 3km). Det følgjer ikkje terrengformasjonar eingong, bare snorrett. Altså ikkje noko å bruke i eit fotografi eingong. Kun ta nokre bilete for å dokumentere det og sende til rovviltkontakta. Bare tenk på alle som trur dei ser ulv. Dei trur det er kjempegøy. Heilt til hundeeigaren eller nokon andre som forstår seg betre på det, seier at det var ein hund. Då synest dei ikkje opplevelsen var så gøy lenger. Det einaste som gjer opplevelsen gøy, er altså at forventninga om at det skal vera gøy. Det er faktis like stor oppleving å studere småfuglane på fuglebrettet. Kjøp ein sekk med solsikkefrø, ei bok om fuglar, ein god kikkert, stativ til kikkerten og sett av nokre minutt kvar dag. Det skal ikkje meir til.
  2. Gran sprutar det gnistar frå, det er eit faktum. og har du tekstilar av kunstfiber i nærleiken av eit slikt bål, er det å be om å få hol. Eg kjenner ikkje til noko type ved som sprutar i nærleiken så mykje gnistrar som gran. Tørr furu er mykje betre i så måte. Bjørk er fin ved når du først har fått ordentleg varme. Skal du fyre bål i granskog, er det ei god investering å leite etter nokre furuer, og slå leir der.
  3. Eg veit om hytter som er i alle fall 150 meter feil på kartet. Det er massevis nok til at dei kan vera vanskelege å finne i dårleg sikt, sjølv med gps. Men denne tråden handla om telttur, og då er ikkje dette noko problem. Når det gjeld tidsbruk på skitur, er det umogleg å seie på generelt grunnlag, ettersom vær og føre har så stor innvirkning. På tungt føre kan 1 mil vera langt nok på ein dag, medan ein fint kan greie 5-6, kanskje 7 mil på lett føre. Det har sjølvsagt mykje å seie om ein har tenkt seg turistforeningsdagsetapper på 6 timar, eller ein har tenkt å gå i 12 timar pr dag. Dette har gjerne ein samanheng også. Dersom det er lett føre, er det også lettare å vera på farten i mange timar, medan på tungt føre, vert ein sliten etter få timar.
  4. afe

    Bjørnespor

    Eg har sett ulv i fjellet. Det var ikkje så gøy som du trur.
  5. Ein god lærstøvel utan membran, er laga med få saumar og lær av høg kvalitet. Dette fungerer rimeleg godt. Ein vert våt på føttene etter lang tids bruk i vått gras, men det får ein tåle. Ein støvel med membran er laga heilt utan tanke for at han skal vera tett. Membranen skal sørge for det. Det vil seie mange saumar, ofte nokre stoffbitar innimellom og dårlegare lær. Dette vert ganske dårlege støvar når membranen ikkje held tett lenger, og det skjer etter kort tid. Når dette er sagt, er det faktis mogleg å lage ein god lærstøvel med membran. Det vil seie ein støvel med få saumar og lær av god kvalitet, og ein membran på innsida. Denne membranen har ingen funksjon utover markedsføring, men støvelen vil til forveksling fungere som ein støvel utan membran. Og eg ville vurdere ein slik støvel på lik linje med ein tilsvarande støvel utan membran. Men det er ikkje mange membranstøvlar i denne kategorien.
  6. Eg har brukt fjellduken (orginal utan for) som regnjakke over meg og sekken i dagar i strekk, og det utan nokon livreim. Eg reknar med at "over distanse" er noko subjektivt, men dersom 8 mil er "over distanse", kan eg bekrefte at det går fint, så lenge det ikkje er for alt mykje medvind. Fordelen med ei slik løysing, er at det er luftig og ein kan gå med bare ulltrøya under, slik at ein held seg mykje turrare enn dersom ein går med ei vanntett jakke. Eg ville ikkje vurdere dunparka til slik bruk
  7. afe

    TELT.

    Mi erfaring med stengene frå Helsport, er at det ikkje treng vera kuldegrader for at dei skal knekke Eit alternativ kan vera å kjøpe stenger frå Hilleberg og bruke dei i teltet du har. Det vil i alle fall vera mykje billegare enn å kjøpe nytt telt. Det kan hende du må tilpasse lengda. Men det er bare å kappe endeleddet i passe lengde.
  8. Mi erfaring med pakkrammesekk, er at forskjellen mellom sekk med og utan pakkramme er minimal. Men det er som med andre sekkar. Sekken må passe til ryggen. Kan du få prøvd ein sekk i terrenget, er det sjølvsagt best. Men om du prøver i butikk, kan det også gje ein viktig peikepinn. Last opp med vekt som du har tenkt å gå med, og prøv litt rundt i butikken, gjerne opp og ned ei trapp. Dersom sekken er vond i butikken, er det bare å sjå seg om etter ein annan. Når det gjeld fleksibiliteten med å ikkje fylle sekken heilt opp, gjeld det for dei fleste sekkar, så du treng ikkje sjå deg blind på den eine sekken.
  9. Ja og veit ikkje. Det er ein parkeringsplass ved vegen, så det går ikkje ann å ta feil. Om det ikkjer er merkt, så er det jo bare å gå rett mot Raggsteindalen. Du ser over vatnet.
  10. Vegen er ikkje brøytt. Du må gå frå riksveg (er vel fylkesveg no etter nyttår) 50. Det enklaste er å gå løypa over vatnet.
  11. Det har eg også opplevd. Men fritt etter minnet, var det enklare for meg å koma vidare den gongen enn den gongen eg stod med ein 75mm-støvel med knekt såle. Men eg har mykje oftare opplevd at skia knekk. Det betyr alltid litt plunder. Binding som låsnar frå skia, har eg også opplevd. Då hadde eg enkelt kunne reparert dersom eg hadde hatt med meg eit passande skrujern, pz3 dersom eg ikkje hugsar feil. Det hadde eg sjølvsagt ikkje.
  12. For å få det passe hard, må du uansett blåse. Vinterstid brukar eg å ha thermaresten liggande på toppen av pulken, ferdig oppblåst. Då bles eg i alle fall inn masse fuktigheit bare ein gong pr tur. Underlaget er lett tilgjegeleg som sitteunderlag i løpet av dagen. Og pulken får ei brei form øverst, noko som gjera at han ikkje trillar heilt rundt når han veltar. Og eg er mester i å få pulken til å velte. Når eg kjem heim og underlaget skal lagrast, brukar eg å presse ut lufta og la det fylle seg sjølv nokre gonger, for å få ut eventuell uheldig fuktigheit. Før eg legg det vekk med ventilen åpen.
  13. Alle alternativa dine er heilt greie ski. Og dersom ho ikkje er ei ordentleg kløne, ville eg anbefale ski til å smørje.
  14. Har opplevd sålebrot ein gong, har brukt andre typer bindingar etter det.
  15. Du kan fortsatt bruke desse skia, sjølv om du har vorte vaksen. Det gjer eg.
  16. Dersom eg har med meg telt og vintersovepose, brukar eg pulk. Eg går bare på snaufjellet, så djup laussnø har aldri vore noko tema. På seinvinterturar når eg fryktar at ikkje skiføret er samanhengande, kan det vera aktuelt å droppe pulken, men då vel eg også lettare sovepose og telt. I slike tilfeller vurderer eg også korleis bæreevna er i snøen. På gjennomslagsføre er det best med pulk for å få mindre marktrykk. Pulken flyt mykje betre enn meg. Og når eg er fri frå ein tung sekk, kan det vera avgjerande for om eg også flyt oppå eller ikkje.
  17. Å feste bardunar godt er aldri problem. Ein får alltids ned ein plugg, og bardunar kan strammast. Det einaste som kan gjera det vanskeleg å stramme opp Ringstind, er dersom ein ikkje får ned pluggar i pluggfestene i den enden der skråveggen går like ned til bakken. Ein bør derfor starte med å setje ned desse pluggane. Dette problemet møter ein altså ikkje på før teltplassen er like liten som teltet, og på ein slik teltplass er det ikkje godt å få plass til eit større telt. Hilleberg Akto er nok betre konstruert slik sett, der er det bardunar som kan strammast i begge endane, og det er nok litt lettare også, sjølv om brosjyrene til Helsport ikkje vil innrømme det.
  18. Mine erfaringar med kamera i kulde er følgande. Display vert trege. Dei fungerer, men tar tid å oppdatere seg. Å gå gjennom menyar, kan derfor ta litt tid. Men dersom ein kjenner kameraet sitt, treng ein ikkje gå inn i menyar i tide og utide. Batteri er nevnt før i tråden. Eit lite helvete. Det gjeld å halde eit reservebatteri varmt. Sjølv brukar eg ha det i innerlomma på jakka, og der er det ikkje varmt nok. Får å sikre seg, bør nok dette batteriet på innsida av ulltrøya, utfordringa då vert å fiske det fram ved behov. Dette er det einast eg savnar frå filmtida. Då hadde eg kamera som greidde seg med minimalt med straum (måtte faktis ha verktøy, ein mynt, for å bytte batteri). Den gong det var film i kameraet, var det derimot eit problem at filmen kunna bli sprø i kulda og knekke når ein drog fram til neste bilde, eller spola filmen attende før bytte. Det var noko skilnad på ulike filmtyper. Dette problem er heldigvis eliminert med digitalkamera. Funksjonsvikt utover dette har eg aldri opplevd på grunn av kulde. Men enkelte praktiske utfordringar er det jo. Dersom ein ikkje er forsiktig med pusting, vert det raskt rim på søkaren, og då vert det litt tilfeldig kva ein peiker kameraet mot. Mange knappar er så små at ein ikkje greier å bruke dei med votter på. Sjølv kjenner eg kameraet mitt så godt, at eg aldri treng bruke funksjonar som eg ikkje greier å håndtere med vindvotter på. Og med det, har eg også redusert problemet med kalde fingrar.
  19. Ta toget til Ustaoset og gå heimatt.
  20. Det gjeld "i eller i nærheten av skogmark". Slik eg har forstått det, gjeld det ikkje på snaufjellet langt frå skog.
  21. Anten ligg du med åpningen vid åpen, eller så er ikkje dampsperra di tett! Med dampsperre og snørt att rundt skallen, er det ikkje mogleg å turke noko som helst nede i posen.
  22. Røde kors sine kanalar er ikkje å rekne som nokon nødkanal. Dei er forbeholdt Røde kors, og Røde kors kan bruke dei som dei lystar, altså både til øvingar og redningsaksjonar. Dersom du tar med deg radio på tur for å kunne få radiokontakt med eventuelle leitemannskap, meiner eg fortsatt at du skal basere deg på ein kanal du har lov til å bruke. Dersom du har lov til å bruke sikringsradio, vil eg anbefale kanal 1. Dette er ein nødkanal og fleire av redningsetatane har han tilgjengeleg, også redningshelikopter. Dersom du ikkje har lov til å bruke denne, greier nok politiet å skaffe ein radio som har den kanalen du er på. Dersom du kjem i nød, eller har grunn til å tru at nokon er ute og leiter etter deg, skal du halde deg til denne kanalen. Kva kanal du har bestemt deg for, skal du så gje beskjed om på same måte som du gjev beskjed om kvar du reiser og nr du har planlagt å vera heime att. Gjerne skriftleg, slik at ingen misforståelsar skal inntreffe. Dersom det vert ein redningsaksjon etter deg, kan redningsmannskapet enkelt sende ut patrulje til frittliggande punkt i terrenget og prøve å kalle deg opp, og eventuelt etablere lyttevakt, på den kanalen du har gjeve beskjed om. Søk med helikopter eller fly er også mogleg dersom været tillet det. Dersom du har bestemt deg for ein kanal som Røde kors disponerer, vil ikkje Røde kors kunne bruke denne kanalen i redningsaksjonen, fordi han vert brukt til å prøve å få radiokontakt med deg. Då har du faktis gjeve Røde kors eit handikapp alt før redningsaksjonen er satt i gang, og det er ikkje til din fordel. Men når det gjeld å tenke sikkerheit, bør du nok i fyrste omgang fokusere på korleis du ikkje skal koma opp i situasjonar der andre må leite etter deg. Det er ikkje utan fare å leite etter skituristar når veret er slik at desse får problem.
  23. Temperaturvarselet er ein spådom som slår ganske feil i mange tilfeller. Når det gjeld statistikken, er dette målte temperaturar, og dei skal vera korrekte for målepunktet.
  24. Og med god bakkeklaring, er det så utruleg mykje lettare å koma til med ein spade, og få bilen laus att når ein har truga seg inn i den fonna som det ikkje var meininga at ein skulle gjennom. Ein veit jo ikkje om ein sett seg fast dersom ein ikkje har prøvd
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.