Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Boksen er å rekne som tom når det ikkje skvalpar lenger. Etterkvart som gassen strøymer ut av brennaren, fordampar det av den flytande fasen i boksen, og dette krev energi. Dette gjer at temperaturen i boksen går ned, og med lågare temperatur, vert også trykket redusert, og med det vert det mindre futt i brennaren. Når det er lite att på boksen vil temperaturen gå raskare ned enn ein full boks, ettersom den totale varmekapasiteten er mykje mindre. Dersom du sett gassboksen i ein kjel med lunka vatn, vil du erfare at den nesten tomme boksen vil gje full effekt heilt til han er tom.
  2. For like store sekkar, er vektforskjellen minimal. Og at ein kan spare mykje vekt ved å velge ein mindre sekk, det er heilt riktig, og då er utvalget av pakkrammesekkar svært dårleg Og dersom ein skal ha med seg mat for 3-4 uker og skal halde totalvekta under 25kg, vert det ikkje mange kg att til sekk, sovepose, telt osv. Men det er ikkje bare å velge ein liten sekk, for å spare vekt, for sin skal jo få plass til all maten også, og mat for 4 uker tar nødvendigvis mykje plass. Dersom fiske er alternativet, kan ein derimot sjå langt etter ordentlege dagsetapper. Så her må det velgast og prioriterast.
  3. Dette er ein påstand det ikkje er så mykje sannheit i. Sjølv har eg i alle fall ikkje erfart at nokon anatomisk ryggsekk er meir komfortabel enn pakkrammesekken min. Påstanden er nok bare ein overlevning frå tida dei fyrste gode anatomiske sekkane kom på markedet. Det har skjedd mykje sidan den gong
  4. Teltet tåler nok ein god del. Litt av problemet i sterk vind, er at ein ligg med duken rett over seg (uansett kva retning ein ligg), og denne kan slå ganske hardt ned i ansiktet i vindkasta. Og dette er ikkje spesielt behagleg å vakne av Det kan også vera problematisk å få ned pluggar for å stramme duken ordentleg mot vinden, når ein er høgt til fjells og jordsmonnet vert målt i millimeter. Men dette er eit problem for bare nokre få av oss. Og sjølv har eg løyst problemet med eit sjølvståande telt til akkurat desse turane.
  5. Kor tungt er ditt Ringstind 2? Etter kva eg hugsar, vart ikkje vekta (1,6kg ++) endra i katalogen då dei heiv på light etter modellnavnet. Så dersom du har eit Ringstind 2 som veg 2,6 kg er du definitivt lurt.
  6. Eg rekna med det Då skal du gå vestom Jøkulen. Der er det nokre utruleg flotte utsiktspunkt utover fjorden. Eller skal eg seie utsiktsstrekning. Du treng heller ikkje forlate stigen, for å få med deg utsikta.
  7. Veldig avhengig av fuktigheit og jordsmonn, kor hard og ugjennomtrengeleg frossen mark kan vera. Men dersom ein treng verktøy, er ein nevestor stein det rette. Denne finn du i nærleiken av teltleiren, og kan forhåpentlegvis sparkast laus. Dersom ein veit at det er vanskelege forhold for teltoppsetting, må ein sjølvsagt berekne seg litt betre tid, både til å finne seg dei rette hjelpmidla og til å bruke dei på ein hensiktsmessig måte. 4tomms (34/95) spiker er passe, det er den kortaste spikeren som er så pass grov at han ikkje bøyer seg så lett. Blank, altså ikkje varmforzinka, bøyer seg heller ikkje så lett som varmforzinka spiker.
  8. Eg kan absolutt anbefale å gå vestom Hardangerjøkulen. Der er det fleire plassar du får god utsikt over fjorden. Å gå nedom Eidfjord høyrest slitsomt ut. Om du i så fall vel å gå frå Finse eller frå Hallingskeid, er også eit spørsmål om toget ditt faktis stoppar på Hallingskeid. Dersom du no finn ut at du må korte inn litt, kan du gjera dette mellom Kjeldebu og Mårbu. Området rundt Bjornesfjorden/Nordmannslågen er flatt og kan fort verte kjedeleg. Dersom sekken i tillegg er i tyngste laget, er det lett å byrje å hate. Dersom du verkeleg skal lette føttene og spara litt tid kan du gå til Halne og ta båten over Halnefjorden, ellers går du beint på lett vest for Halnefjorden. Dette er småbølgete, lettgått landskap, og 20km pr dag bør ikkje vera noko problem. Men dette med dagsetapper og sjølvsagt avhengig av form, men også av kor mykje av dagen som vert satt av til framdrift. Det er stor forskjell på å ta kveld kl 4 eller kl 9 om kvelden, og det er forskjell på om ein kjem i gang kl 9 eller kl 12 på førmiddagen.
  9. Dersom det ikkje lar seg gjera å få ned teltpluggar, kan sjølvsagt stormmatter vera freistande å ty til. Men å legge stein (kva anna skal ein bruke?) på stormmattene er ikkje nødvendigvis nokon god ide. I alle fall ikkje i sterk vind. Det vert veldig raskt slitt hol i tynne teltdukar, og då er det godt at duken er i riftstopp, ellers har ein brått eit kjempeproblem. Skal stormmattene vera laga for å brukast til å legge stein på, må mattene vera av betydeleg meir slitesterke materialer enn vanleg teltduk, og desse må vera så vide at ein kan legge tunge steinar på utan at desse kjem i nærleiken av teltduken. Det vil bety ytterlegare meir vekt. Så lenge det bare er frossen mark, og ikkje fast fjell, er det ikkje umogleg å få ned hard pluggar, som til dømes spiker. Når ein fyrst har fått ein plugg ned i det harde underlaget, er det ingen fare med forankringa lenger. Fleire av teltprodusentane tilbyr også teltpluggar som er spesielt tiltenkt formålet. Dersom ein skal velge telt til bruk på underlag som ikkje lar seg feste i med pluggar(fast fjell), bør ein uansett velge eit sjølvståande telt, og då kan ein få til mykje av den same forakringa med forlenga plugghemper og forankre desse til diverse ting, som td stein. Det er i alle fall mi meining, basert på erfaring med fleire Hillebergmodellar, både tunell og kuppeltelt. Når det gjeld enkelte andre teltmodellar, er det eit poeng med stormmatter å stenge gliper mellom ytterteltduken og bakken. Når ein gjer dette, stenger ein også mykje av den ventilasjonen teltprodusenten har hatt i tankane ved kontruksjonen. Etter mitt syn er dette ein uheldig måte å forsøke å lage eit vintertelt av eit telt som ikkje er laga for denne bruken.
  10. I det norske kartmiljøet er det lang tradisjon for å ta nordkoordinaten fyrst. I NGO1948 heiter nordaksen x og østaksen y, og dette var det naturleg å nevne i rekkefølge x,y og då kjem altså nordkoordinaten fyrst. Dette er det ingen som har bytta om sjølv om koordinatsystemet er bytta ut med UTM og Euref89. Det meste av norsk programvare viser derfor nordkoordinaten fyrst. For å vera heilt sikker på at koordinaten ikkje kan missoppfattast, er det lurt å hive på ein N og ein Ø. I MGRS som er nært knytt til UTM, er det derimot ingen valgfriheit, der MÅ du nevne østkoordinaten fyrst, ellers går det riktig ille. Kartkoordinatforklaringa nederst på M711-karta er MGRS.
  11. Mot snø, i skodde og i snøføyke, er mørkast mogleg telt det enklaste å sjå. Altså mørkgrønt. Det einaste unntaket er at det er enklare å sjå at gult/raud er eit telt og ikkje ein stein. Men fyrst må ein altså få auge på det... Den største forkjellen dersom du reiser på jakt med eit raud/gult eller grønt telt, er at du kanskje opplever at andre ler av det raud/gule teltet. For viltet betyr det fint lite. Då tenker eg ikkje spesielt på om dyr ser forskjellen, men at dei fleste dyra ikkje assosierer fare med ein liten raud/gul haug i terrenget. Og at du uansett vil koma til å jakte litt frå teltet. Avhengig av jaktform og terreng, kan det også vera ein stor fordel om leiren synest godt. Men om du velg grønt telt, kan du ordne synlegheita på andre vis. Sjølv er eg av den meininga at telt skal vera grønne. Alternativa er stygge og skrik ut til alle kantar at her er eg og min teltleir. Dette aleine kan faktis vera nok til å redusere villmarksfølelsen for andre turgåarar i området
  12. Med mi erfaring med fleire ulike Hilleberg-telt, ville eg ikkje satt stormmatter på desse telta. I alle fall ikkje på eit heilårstelt. Stormmatter betyr ekstra vekt, og det betyr at sumarsekken også vert tyngre. Greit nok dersom det bare er for å imponere kameraten (som er hjernevaska av Helsport-brosjyrene) med det tilsynelatande ekstreme vinterteltet. Men nokon praktisk betydning i fjellet har det ikkje, heller ikkje vinterstid.
  13. Eg likar at kartet viser nord opp. Dette gjeld både på papir, gps- og dataskjerm. Så dersom eg hadde hatt elektronisk kompass på gps-en, hadde eg nok ikkje brukt dette sjølv om det ikkje var avslått. Når det gjeld å ta ut kompasskurs på gps, og overføre dette til eit ordentleg kompass, så er det faktis så enkelt som at gps-en viser retning til målet i grader. Så er det bare å snurre kompasshuset rundt til den same verdien. Bare ver sikker på at både kompasset og gps-en bruker same gradangivelsen (360° på sirkelen eller gon som er 400 på sirkelen, ellers kjem ein litt skeivt ut.)
  14. Vekt, kostnad og eigenskapane når det ikkje er heilt vindstille.
  15. Hakket smalare enn langrennski. Vil tippe rundt 35mm, altså heilt ideelt til fjellski også. Eg syntest prisen var noko for høg for min smak (ca 600kr), ellers hadde eg kjøpt eit par i går. Men med tanke på at Åsnes sine ski kostar noko meir med fellelås, i tillegg til prisen på fellene, er ikkje denne prisen mindre gunstig enn prisen på Åsnes sitt system. Og fellene såg lovande ut, så desse kjem nok til å bli ein slager.
  16. Ettersom eg komprimerer det som komprimerast kan, har eg god grunn til å rekne massetettheit som ganske likt for alt eg stapper ned i sekken. Då treng eg heller ikkje tenkje på at ditt skal inn mot ryggen og datt skal i botn osv for å få den rette vektfordelinga. All pakking vert då eit praktisk spørsmål. Alt som skal vera tilgjengeleg i løpen av dagsmarsjen ligg på toppen. Teltet ligg rett under dette. Under der at er resten, tilsynelatende hulter til bulter. Store ting som soveposen vert av praktiske hensyn putta nedi fyrst. Så stapper eg mindre ting nedi alle tomrom som vert mellom dei store tinga. Liggeunderlaget har eg utanpå sekken. Dette veg lite og er stort og upraktisk å stappe nedi sekken. Å ha det utanpå sekken, gjer det også lett tilgjengeleg som sitteunderlag ved pauser.
  17. afe

    Skarvheimen 2010.

    http://home.no/afeten/nordfjella/2_18Fr_aa_Finndalen_til_Lev.html
  18. Ja, og mi erfaring er at Primus multifuel er elendig på gass! Det var også konklusjonen til eit svensk friluftsblad som testa gassbrennarar for nokre år sidan. Skaff deg ein dedikert gassbrennar, eller bruk parafin eller bensin.
  19. Trykket i boksen er bestemt av temperatur og ikkje av volum. Så lenge boksen vert påført varme utanfrå, er trykket det samme nesten umiddelbar etter at botnet har poppa ut. Så trengst det litt meir trykk før botnen sprett av og gassen antenner. Dette må skje dersom boksen vert eksponert for brann. Men dette er ikkje noko problem i eit telt. Der er ein ferdig med alle praktiske problem før dette skjer. Det er lekkasje og etterfølgande antenning av dette som er problemet i telt, og i kjellaren. I teltet er fystikka det mest opplagt anntenningkilda. I kjellaren er det gjerne ein gnist i det elektriske anlegget, til dømes ein termostat i ein varmeovn eller frysar.
  20. Det skal ikkje raudsprit heller. Det er derfor Trangia-flaskene er av plast.
  21. Eg har brukt øyeskruvar, utover det er prinsippet det same. Mi erfaring er at desse aldri har vorte øydelagt eller har øydelagt noko på dei åra eg har hatt plata med meg. Og den plata laga eg meg til vintersesongen 2000-2001.
  22. Eg veit at det har vore liknande ulykker med gass tidlegare. Ei ulykke eg las om for nokre år sidan, var det eit kokeapparat med punkteringsboks (som var ganske vanleg for nokre år sidan), og det var tettinga mellom boksen og kokeapparatet som ikkje var god nok.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.