Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Kva er vitsen med eit lokk med gummipakning, dersom det ikkje er tett?
  2. Når det er regnær, altså lufta ute er så godt som metta på vanndamp, hjelper luftelukene veldig lite på å redusere kondens. Lufta som kjem inn gjennom luftelukene er omtrent like fuktig som det som går ut gjennom luftelukene. Kunsten er å få kondensvatnet til å renne fint ned etter teltduken, og minst mogleg kontakt mellom soveposen og teltduken.
  3. Det hender at eg har med meg spritbrennaren på dagsturar, då har eg bare med meg kaffekjelen og brennaren, og aldri meir sprit enn det er plass til i brennaren. Så fyller eg på sprit når eg kjem heim att så han er klar til bruk, og slik ligg brennaren år etter år. Har aldri opplevd at det ikkje er tett.
  4. Det er særleg ytterteltet som vert vått av kondens, det er der det er kaldast. Ein teltduk som er veldig bratt vil kunne vera turr, men det er fordi kondensen ikkje blir hengande, men renn vekk. Men dersom du ikkje trur meg, kan du gjera følgande forsøk med teltet ditt. Plasser det på turt underlag og steng alle ventilar. Så kan du dusje det godt med hageslangen. Men ikkje sprut rett på saumar og glidelåsar, for der vil det aldri vera heilt tett. Dersom duken vert våt på innsida, så er det utett.
  5. Eg reknar med at det var regn utanfor. I så fall er det ikkje mogleg å unngå kondens, uansett kor godt ein luftar!
  6. Teltstanga i Ringstind har knekt 2 ganger, så ekstraleddet er brukt. Stanga er no bytta ut med ei stang fra Hilleberg Så er det spenner på sekken (Bergans), desse ryk altfor ofte. Spennene på lokk og brystreim har eg aldri brydd meg med å bytte undervegs, men spenna i hoftebeltet har også gått føyken. Fyrste gongen var det ho-delen som sprakk. Dette vart feltmessig reparert med fleire lag sportsteip. Etter den turen har ekstraspenne til hoftebeltet vore med, og vorte brukt ei gong. Hoftebeltespenna er seinare bytta ut med eit anna merke som heldigvis har halde, men reservespenna er alltid med i tillfelle. Ski knekk regelmessig, men har heldigvis ikkje skjedd lenger heimanfrå enn 1-1,5mil, og aldri vorte reparert i felt. På telttur har eg med meg eit par trugar på toppen av pulken for bruk i dei brattaste motbakkane. Dette er også tenkt som nødløysing i tilfelle skiknekk. Skinene mine knekk alltid i nærleiken av hælen, så ekstra skitupp har eg aldri hatt bruk for, og har heller aldri vurdert å ha med meg. Skibinding har losna frå skia utan at eg hadde med verktøy, og dette var faktis verre å gå med enn ei knekt ski. På langturar har eg no med meg eit lite skrujern (liten bitsholdar og PZ3-bits) for tilfellet. Dette gjer også at eg kan flytte bindingen dersom skia knekk (noko som alltid har skjedd i nærleiken av hælen). Skolisser ryk når det passar dårligast. Eg har alltid hatt med meg ekstra skolisse i sekken, men eg har aldri brukt denne. Lissa vert alltid knytt saman att med ein knut, med alle ulempe dette fører med seg over tid
  7. afe

    Gå Rallarvegen

    I staden for å rakke ned på dei som gjev gode turtips, kan du kanskje svare på spørsmåla til trådstartar, du som tross alt har gått turen mange gonger. Eller skriv du dette bare for å lage ein lang diskusjon som ikkje har noko som helst med Rallarvegen å gjera?
  8. Når det gjeld yttertøy, brukar eg i prinsippet same yttertøy som sumarstid. Det vil seie akkurat same jakke. Bukse brukar eg rein bomull vintertid dersom eg er ganske sikker på å ikkje få varmegrader kombinert med nedbør. Membranbuksa dersom eg er meir usikker på været/temperatur, det vil seie frå rundt påske og seinare. Merke er heilt underordna, finn klede som passar deg, og som har lommer der det er kjekt å ha lommer (dvs. på låra). Under brukar du sjølvsagt ull. Pulken som er nevnt er ein heilt grei pulk, sjølv har eg den gamle versjonen av denne. Så treng du eit telt du stolar på, ein varm sovepose og eit tjukt liggeunderlag, ein primus du kjenner godt og stolar på, så du kan bruke han inne i teltet (i alle fall i gropa i forteltet), ein stor kjele til snøsmelting. Resten av plassen i pulken fyller du opp med ting du trur du treng, men som du seinare finn ut at du ikkje hadde bruk for
  9. afe

    reineskarvet

    Ingen problem dersom du er i middels god form og greier å gå ein heil dag i steinur. Dersom ein ikkje er interessert i ein dag i steinur, kan det anbefalast å gå uppunder skarvet på sørsida.
  10. Dersom det var ordet skodde du ikkje forstod, så er det som alt nevnt det same som enkelte kaller tåke:)
  11. Den verste vinden eg har opplevd i fjellet, målt i antall avblåste tak, var var ein skjærtorsdag. Då vart det registrert bølgeblikkplater som reiste over 3km i vinden. Det eg har opplevd som tendens, er at det er mykje skodde på sentrale deler av Hardangervidda i kalde periodar i januar og februar. Og dette er skodde som ikkje vert meldt av meteorologane. Og denne skodda er heller ikkje å sjå i områda rundt vidda. Det viktigast når ein planlegg langtur i vinterfjellet, er nok å ta håpe på det beste men ta høgde for det verste. Nokre gonger er ein heldig, og andre gonger er det like greit å avbryte turen ved fyrste anledning.
  12. Vegen til Raggsteindalen kan køyrast, og turen t/r Lordehytta er ein heilt overkomleg dagstur. Personleg synest eg terrenget litt lenger vest er mykje flottare, både for synet og å gå i, så eg ville heller anbefale å gå innover Raggsteindalen. Anten på austsida av elva, som er start på den flottaste vegen til Folarskardnuten. Eller på T-stig (stigen til Finse) på vestsida av elva. Ein tur til Ynglesdalen kan også vera eit alternativ. Dette kan enkelt gjerast som ein rundtur.
  13. Eg brukar sjølv joggesko i fjelllet enkelte gonger, men det er mange år sidan eg har gjort det på langtur. For anklane sin del, trur eg det er sunt å gå med joggesko. Det gjev god trening som så gjev sterke anklar. Dei som er mest plaga med å trå over, er nok gjerne dei som alltid går med stødige støvlar. Så er valget mitt å gå med høge stølar når konsekvensen av å trå over med tung ryggsekk kan vera alvorleg. Dette gjeld særleg når eg er på fleirdagarstur aleine i fjellområde som eg reknar med å ikkje treffe folk. Eg har andre grunnar for å bruke læstøvlane også. Når det gjeld å verte våt, er mi meining at forskjellen på gode og dårlege sko/støvlar, er korleis dei er å gå med når dei er våt. For meg er det (ein bestemt modell) læstøvlar som har vist seg best i våt tilstand, derfor er det også dette eg går med på lengre turar, sjølv om desse nesten er umogleg å få tørr att i felt.
  14. Ja, det er reinsjakt i området på den tida. Kor mykje dyr, og kor mange jegrar det er i området til ei kvar tid, er det ingen som veit før den dagen det gjeld. Generelt kan du rekne med jegrar over alt dei fyrste dagane, og mange jegrar i nærleiken av dyra i helgane. Det er oftast få jegrar i fjellet midt i uka utover i jakta.
  15. På denne tida på hausten, kan været bli alt. Med flaks kan det vera sol, vindstille og varmt på dagen, i så fall kan nettene by på fleire kuldegrader. Det kan bli snø eller regn, i så fall er temperaturen nær null døgnet rundt. Av desse alternativa, er regn det verste. Det vert vått og kaldt. Men med romslege telt med god fyring, kan det gå bra det og. I fjor var det nesten skiføre på denne tida. Dersom turen må bestemmast no, ville eg vera pesimistisk. Men kan de avvente til like før, og vurdere værmeldingane, kan det bli ein fin tur i godt vær, eller ingen tur i tilfelle det motsatte.
  16. GPS er eit flott instrument som har si styrke i at han kan fortelje kvar du er. Dette er ikkje styrka til kart og kompass. Dersom du ikkje veit kvar du er, og det ikkje er sikt nok til å finne det ut, er kartet verdilaust. Så slik er GPS eit fint supplement til kart og kompass. Men med tanke på den knøttvesle skjermen på ein GPS, kan aldri GPS'en erstatte papirkartet. Dersom du innbiller deg det, lurer du bare deg sjølv, og får mindre glede av GPS'en enn om du brukar papirkartet aktivt ved sida av GPS'en. Ein annan ting, dersom du bestemmer deg for at kart og kompass bare skal brukast i nødfall, når GPS'en streiker, er at du har gløymt korleis du skal lese kartet og korleis du skal bruke kompasset.
  17. Eg synest faktis litt synd på dei som konkluderer med at venstreauga er dominerande, dersom linksskyting ikkje tilfeldigvis følest naturleg for den same personen. Eg brukar naturlegvis (ettersom eg har våpenet på høgresida) høgreauga når eg skyt. Når eg fotograferer brukar eg venstreauga i søkaren. Og eg har alltid oppe begge augene.
  18. Eg har heller ikkje noko dominant auge, og det passer meg eigentleg godt. Sjølv skyt eg med begge augene oppe, men dersom du ikkje føler for det, får du knipe att det du ikkje siktar med, eller dekke for det med eitkvart, td skyggeluva.
  19. Jakt er jo bare lovlig med våpen
  20. Du har 20cm meir plass enn meg, så det går nok bra Pakkposen til Soulo er romsleg, mykje romslegare enn pakkposen til Ringstind. Og telta er ikkje så stor forskjell i volum samanpakka (Det er alle stengene til Soulo som gjer at det er tyngre), eg ville ikkje verte overraska om du får Soulo nedi pakkposen til Ringstind 2. Ettersom Hilleberg brukar lengre stangledd, så brukar dei også lengre pakkposar, men stengene er jo uansett greiast å pakke for seg i sekken
  21. Eg har Ringstind 1 og Soulo. Ringstind 1 er veldig romsleg i forhold til Soulo. Og forteltet til Soulo er knøttlite, mykje mindre enn forteltet til Ringstind 1. Ein får alltids plass til ein sekk i forteltet, men det går utover plassen i innerteltet, og denne plassen er liten frå før. Og der Ringstind 1 gjev meg liggelengde i massevis, ligg eg med både føtter og hovud pressa mot teltduken i Soulo. Sjølv kjøpte eg Soulo av akkurat same grunnen som du. Ringstind fungerer dårleg i vind og på heilt marginale teltplassar. Men som sumartelt med gunstige forhold, har eg ingen plan om å bruke Soulo, då er Ringstind suveren. Som vintertelt er det alt for trongt, men dersom vekt er veldig viktig, så finn du neppe noko meir solid vintertelt i same vektklasse. Mitt Soulo er vår- (på snø) og hausttelt (vind) og høgfjellstelt til bruk i skarv (der Ringstind ikkje lar seg setje opp).
  22. Sportsnett brukar ha 20-25% nedsatt pris på alle varer ei og anna helg i løpet av året, og tilsvarande på alle telt på same måte. Det er mogleg desse tilbuda bare vert annonsert i nyhetsbrevet, så dersom du er ute etter billig telt på den måten, får du abonere på dette. Soulu er i alle fall veldig trangt for oss lange. Forteltet er også veldig lite dersom ein skal bruke det til meir enn å setje frå seg støvlane.
  23. Og ta for all del hensyn til villrein.
  24. For å gå direkte, må du gå nor for Kallungsjåen. Terrenget er greit, så det er bare å gå etter kartet. Tidsbruk: ei god dagsetappe. ps. verken Stordalsbu eller Lågaros er i Hardanger!
  25. Eg har ikkje andre erfaringar med Helsport Svalbard 3, enn at eg har satt det opp på jordet for å vurdere det før eg skulle gå til innkjøp av dedikert vintertelt. Mi vurdering vart at Hilleberg er verdt meirprisen, men dette er sjølvsagt veldig individuelt. Og dropp stormmattene, dei er overflødig, så sant du ikkje har heilt spesielle behov. Når det gjeld pris, så har sportsnett gode tilbud ein gong i blant (fleire gonger i året), og då kan du få 20% eller meir i avslag, og då vert det meir overkommeleg.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.