Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Stor kjel til snøsmelting. Mindre kjel til alt anna. Ein stor kjel er derfor noko ein ikkje treng til anna enn vinterbruk Min snøsmeltingkjel har ingen form for varmereflektor, derfor har eg ingen forslag til trådstartar.
  2. Det er sjølvsagt individuelt, men sjølv har eg aldri hatt behov for meir enn ein enkel stillongs under buksa når eg er i aktivitet, og skulle eg få behovet ville eg gå for ein nettingstillongs under ullstillongsen. Men eit eigna pausebukse (og elgpostbukse) har eg vore på utkikk etter i fleire år. Kravet er glidelås så ein få buksa på seg utan å ta av seg skistøvlar, låg vekt, ytterstoff som ikkje snøen festar seg på og komprimerbar. Ull og fleece (som er utanlandsk og faktis betyr ull!) er utelukka på grunn av snøhefteeigenskapane.
  3. afe

    Toppturtelt

    Lettare enn Cho Oyo i alle fall!
  4. Kan anbefale denne boka http://www.tanum.no/product.aspx?isbn=8252932517
  5. Det er riktig at det er skiføre i preparerte løyper på Geilo. Men det er ikkje snø for noko som kan minne om toppturar der! Her er link til vegvesenets webkamera på Dagalifjell (25km frå Geilo) : http://webkamera.vegvesen.no/kamera?id=113111
  6. Skal ein vera best på alt, må ein ha produkt som er ubrukeleg for mange. Å lage eit kompromisslaust lettvektstelt er og blir umogleg. Dersom Hilleberg skulle la vera å lage lette telt fordi ein særing på eit, for Hilleberg, utanlands nettforum stiller spørsmålsteikn ved heile firmaet av den grunn, så hadde ikkje Hilleberg hatt den posisjonen som dei har i dag! Det er dei ulike modellane, og alle av høg kvalitet, som gjer at Hilleberg kan tilfredstille så mange.
  7. Når det gjeld Hilleberg, så produserer dei fleire telt med loddrette veggar i begge endar, så å betvile produsenten som heilheit fordi dei produserer nokre lettvektsteltmodellar som er for kort for enkelte av oss, vert ikkje riktig.
  8. Eg har ikkje andre erfaringar enn målsatte skisser frå andre produsentar, og mitt inntrykk er at det er på det jevne over heile fjøla. Så er det nokre enkeltmodellar som i utgangspunktet er lave telt, der vinkelen vert endå spissare.
  9. Det må forlengast meir enn 15cm, og det er riktig at det ikkje vert så veldig mange gram. Men det er i eit markedsegment der vekt har stor fokus. Det er også to måtar å forlenge teltet. Lage enden enda lenger, det vil seie at skråveggen vert endå flatare. Det vil sjå bra ut i brosjyra, men bety fint lite i praktisk bruk. Vektauken vert 2 x teltbreidda x forlenginga. Den andre måten er å lage litt større avstand mellom bogane, dette vil legge til meir. vekt, men forlenginga vert reel.
  10. Dette kan me sjølvsagt håpe på. Men eg trur ikkje det er særleg aktuelt. Telt med skrått innertelt er laga slik for å spare vekt, og dersom ein skulle gjera desse lange nok, ville mykje av vinninga gå opp i spinninga, desverre.
  11. Det er heilt klart at fleksibiliteten vert større med fleire lag. Dette gjeld både sovepose og ullplagg. Eit anna argument for to lag, er at dette er mykje enklare å tørke. Men når det gjeld isolasjon pr. vekt og volum, er det er stor forskjell på sovepose og ullplagg. Ullplagg er 100% isolasjonsmateriale, medan sovepose er isolasjonsmateriale i tillegg til inner- og ytterstoff. Desse to stofflaga er ikkje vektlause, men dei bidrar fint lite til isolasjon. Derfor vil aldri to soveposar gje like god isolasjon som ein sovepose med same vekt. Men under visse forhold, kan tørkeargumentet likevel gjera at ein greier å halde to tynne posar tørrare enn ein tjukk, og både spare vekt og halde bedre på isolasjonsevna ved to-poseløysinga. Luftlag mellom dei to soveposane kan ein bare gløyme. Takket vera tyngdekrafta vil alltid det øverste laget ligge mot laget under. Skal ein lage luftrom mellom laga, utan å ha fyllmasse her, må stoffet vera stivt, med det bidrar i så fall stort sett bare til større vekt. Det som viktig å tenke på dersom ein går for to-poseløysing, er at den ytterste posen er romleg nok. Det vil seie at inneposen bør vera tynn, og ytterposen må vera ein stor pose. Ytterposen bør derfor vera for stor til at han eignar seg til bruk aleine, og innerposen må vera altfor tynn til å brukast aleine til anna enn sumerbruk. Og då fell det meste av fleksibilitetsargumentet bort. Eit unntak kan vera ein vintertur med veksling mellom telt- og hytteovernatting.
  12. Det som gjer at mitt Ringstind-telt ikkje fungerer på snø, er i alle fall at duken ikkje tettar mot bakken. Eg har ingen erfaring med Akto, men erfaringa mi med andre hilleberg-telt, er at desse tettar veldig godt mot bakken (og det er derfor desse fungerer veldig godt som vintertelt utan såkalla stormmatter), og etter det er har lese, gjeld dette også Akto. Ventilar som ikkje kan stengast, er også resultat av at teltet ikkje er meint som vintertelt, korleis dette er på Akto, veit eg ikkje, men det er enkle ting å undersøke. Den orginale teltstanga i mitt Ringstind-telt held heller ikkje til sumartelting! Akto er utstyr med ei ordentleg teltstang av same dimensjonar som vart brukt i Hilleberg sine heilårstelt for få år sidan.
  13. Informasjon om kvar programmet finn kartfilene, ligg i registeret. Utan desse oppføringane i registeret vil du aldri få opp noko kart i mapsource. Nå veit ikkje eg kva det er du skal med mapsource. Men det finnst andre program som kan kommunisere med gps'en, og det finnst andre program som kan åpne kartfilene. Så det er godt mogleg at du oppnår målet ditt dersom du bare ser deg litt til sides.
  14. Ikkje gløym å ha på vindvotter når ein skal øve på å setje opp teltet.
  15. For baksing i laussnø, er det bare å velge største modell. At ein storleik skal vera stor nok til ei viss vekt, er bare tull. Forskjellen er bare kor mykje ein søkk nedi, og jo større trugar, jo mindre søkk ein nedi. På vindherda snaufjellsnø greier ein seg stort sett med minste modell, men stegjernet er av større betydning. Bindingen har også stor betydning. Heilhengsla bindingar slik som enkelte Tubbs-modellar har, fungerer godt når ein går framover, men fungerer dårleg til arbeid som vedsanking ol. Og så kjem praktiske detaljar som korleis dei passar til dei aktuelle skoa, korleis dei er å få på og av med votter på osv. Så lenge ein går på flatmark, fungerer nok dei fleste typene. I motbakkar fungerer dei fleste litt dyrare modellane. På tvers av hellingane fungerer nokre få. Eg har til derimot til gode å prøve trugar som fungerer godt i nedoverbakke og laus snø.
  16. Når det gjeld tunelltelt, er det lite som kan måle seg mot Hilleberg Keron. Dette har fortelt i begge endar og har derfor ikkje ulempa med skråvegg i innerteltet. Dersom du er i kategorien låg av vekst slik at du kan bruke telt av typen Fjellheimen xtrem, er det mange telt å velge mellom, både med vanlege og store fortelt. Sjølv brukar eg eit Hilleberg Tarra til vintertelt. Dette har form som Keron, men har kryssande bogar som eit kuppeltelt, og er 2-manns. Vekta er som 3-manns Keron. Med untak av at det tar lenger tid å setje opp enn eit tunelltelt, har Tarra det beste frå både tunelltelt og kuppeltelt. Det er tungt i forhold til dei små telta, men i pulken betyr det lite. Eg påstår ikkje at dette er det beste teltet som finnst, bare at det er dette teltet eg brukar Hilleberg er noko dyrare enn Helsport, men det er verdt det!
  17. Gode tunelltelt tålar like mykje vind som kuppeltelt, men det bråkar noko meir. Dersom du ikkje er lav av vekst, vil du derimot ikkje finne deg til rette i eit telt av typen Fjellheimen. Den skrå bakveggen er eit stort irritasjonsmoment, særleg i vind og snøfokk. Då vil det legge seg snø oppover denne veggen, og teltet vil bli stuttare og stuttare utover natta. Dersom du er bekymra for at det ikkje er snø nok til å finne plass til 20 teltpluggar, kan du gløyme heile skituren Og i det tilfellet er nok Soulo eit veldig godt telt. Soulo er det einaste teltet eg har eigne erfaringar med av dei på lista di. Teltet har mange gode kvaliteter, men det er lite, alt for lite til at eg vil bruke det på vinteren. Og forteltet er knøttlite! Når eg er på skitur med teltovernatting, drar eg med meg pulk. Då betyr vekt og volum mindre. Følgeleg har eg med meg eit noko større telt. Sjølv om du går aleine, vil eg ikkje anbefale eit så lite telt til vinterbruk, men eit mogleg unntak dersom du er liten av vekst og ekstremt ryddig av deg. Men når du skriv at du likar å ha eit stort fortelt, kan eg ikkje forstå kvifor du har vurdert soulo
  18. Dersom ein følger med på horisonten i vest, er det ingen grunn til at kraftig vind skal koma overraskande på ein. Og då gjeld det sjølvsagt å få opp teltet før vinden er kraftigare enn det ein taklar. Å setje opp telt i vind er forøvrig noko du bør trene på før ein slik tur. Det viktigaste med heile teltoppsettinga er å ikkje miste teltet i vinden. Sjølv lar eg alltid ei av plugghempene som skal stå mot vinden, vera pakka nærast åpningen i teltposen. I denne hempa heng det ein karabin som eg enkelt kan hekte fast i noko som ikkje vinden kan reise med. Kor nøye eg er på denne forankringa er veldig avhengig av vinden. Er det mykje vind, er dette viktig. Så er det bare å la vinden folde ut teltet. Med tunelltelt er det enklast å la halve stengane ligge i stangkanalane ved transport (i pulk). Då er det bare å stramme opp, sette i pluggar og fyre primus. Det gjer du på få minutt. Sjølv brukar eg eit kuppeltelt frå Hilleberg no. Dette har ikkje stangkanalar, men krokar. Då startar eg med å setje ned pluggane i alle hjørner, så sett i i stengene og til slutt bardunane. Dette tar mykje lenger tid enn tunellteltmetoden, men er likevel rettfram sjølv med vindvotter i sterk vind. Men å reise på langtur utan å ha prøvd det i vind, er ikkje noko eg kan anbefale.
  19. afe

    jaktstøvler

    Det argumentet har eg aldri sett før. For alle oss andre, er det for hard gummi som er årsaken til at det vert glatt
  20. Lite snø, så det burde ikkje vera noko problem. Det er i utgangspunkt 3 alternativ til rute. Frå Raggsteindalen eller Haugastøl via Folarskardet og opp på toppen frå aust. Her er det ganske bratt, og kan vera vondt eller umogleg å koma fram dersom det er glatt, og det kan det vera no. Det tredje alternativet er å gå inn sjølve Raggsteindalen og opp på toppen frå vest, her er det greit å gå uansett forhold, men noko lenger å gå i steinskarv.
  21. Påstår du at fordamping fører til nedkjøling som så fører til endå meir kondensering som så fører til fordamping tom fører til nedkjøling som fører til endå meir kondensering som fører<....> hmm, ein veldig kald og veldig våt sovepose ?? Du tar i så fall skammeleg feil. At fordamping fører til nedkjøling, er riktig. Og kalde flater fører til kondensering dersom det er rå luft der, er riktig. Men fordampinga treng ikkje meir energi enn tilsvarande kondensering, så noko nedkjøling pga at overflata er fuktig, får ein ikkje så lenge lufta utanfor er fuktig. Det er ingen grunn til å gjera dette meir komplisert enn det er!
  22. Eg har to telt med klipssystemet til Hilleberg, og eg er godt fornøgd med begge, men det er på mindre telt. Ein grunn til at klipssystemet kanskje kan vera problematisk på eit så stort telt, er at det er langt å strekke seg for å nå midt oppå kuppelen.
  23. Kondensering avgir varme, så den teorien din stemmer ikkje
  24. Nei, eg motseier ikkje meg sjølv. Les kva eg skreiv, forklaringa står der. Kondensering foregår der temperaturen er for lav til at vannmangda i lufta kan halde seg i gassform. Kondensering vil derfor skje heile vegen frå der temperaturen når punktet at kondensering startar til temperaturen ikkje synk lenger. Og funktigheita kjem innanfrå, derfor får ein kondensering på yttersida, nettopp fordi yttersida er litt kaldare enn innersida. At lufta utanfor er endå kaldare påvirkar bare den fuktigheita som ikkje har kondensert allereie.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.