Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Sjølv går eg på ski, og kunne ikkje finne på å klatre når ein enkelt kan gå ein annan plass Og eg trur det er slik for dei fleste som besøker skarvet. Vinterstid er nok det meste klatreaktuelle skrentar stengt av ein overhengande skavl. Eg har aldri sett nokon med klatreutstyr i området, men eg reknar likevel med at enkelte driv med slikt, i alle fall sumarstid. Skarvet er langt, så det er god plass. For det meste er det bare korte stykker som overgår klyving. Når det gjeld Eitrejuvet, er det trangt, så det er ingen stad å rømme frå rasfaren. Og rasfare må ein normalt rekne med, i alle fall ein overhengande skavl på vestsida. Men under gunstige forhold skal det vera rimeleg greit å koma opp. Dersom Eitrejuvet er målet, så prøv, men ver forberedt på bomtur. Men dersom du "må" opp på skarvet, ville eg anbefale ein sikrare veg.
  2. Feller er ikkje nødvendig. Og om det så var, er det vekt å spare på smalare feller, sjølv brukar eg 35mm og har aldri savna breiare feller.
  3. Eg har "alltid" brukt msr-flasker til Novaen min. Fordi desse har vore enklare å få tett enn den medfølgande flaska som det ståår Optimus på. Det som gjer den praktiske forskjellen eg har sett, er ikkje gjengene, men korleis toppen ligg ann mot pakningen på pumpa. Msr-flaskene mine har smalare kontaktflate mot pakningen, og følgeleg vert trykket høgare, noko som gjer det enklare å få eliminert små ujevnheiter i pakningen.
  4. Det viktigaste er ikkje å vite kva som er nord og sør, men kvar ein skal. Heilt riktig. Utan kart (på papir eller i hovudet), har ein ikkje mykje nytte av å vite kva som er nord og sør. Og med kart, og litt sikt (alt er relativt), greier ein å finne ut av både nord, sør og kvar ein skal. Om ein ikkje ser fjerntliggande landemerke, så kan ein studere forma på eit tjern eller liknande og samanlikne med formene på kartet. Og vips er kartet orientert Vinterstid når det ligg snø over alle små detaljar, må ein ha sikt til større landemerker (altså dette med at sikt er relativt)
  5. Polarstjerna kan alle lære seg temmeleg enkelt, ho står alltid i nord. Riktignok høgt på himmelen, og høgare jo lenger nord ein er. Sjølv har eg vorte meir og meir glad i Orion, men det må lærast ettersom Orion fløtt seg over himmelen gjennom døgnet og året.
  6. I fleire dalfører på austlandet, er dalretninga per definisjon nord-sør. Heilt uavhengig av korleis dette passar med nymotens kompass. Det er mange innflyttarar som har litt problem med å forstå dette
  7. Eg foretrekk også å ha med meg ferdigsmelta vatn på vintertur. Men ettersom målet for tråden er "drømmelett sekk", må du nok droppe å bera med deg vatn
  8. For at sekken skal vera lettast mogleg. Når lettsumarsekktråden gjekk frå dyre lettprodukt til å droppe unødvendige ting, fekk eg sansen for den tråden. For meg er vintertur noko ganske anna. Mykje meir av komforten ligg i kva ein har med seg. Og pulken gjer at vekta ikkje er så viktig lenger. Sjølv har eg alltid med snøpluggar til alle pluggfeste på teltet. Å bruke ski og stavar til å forankre teltet, gjer at ein også vert forankra til teltet. Å ta ein liten skitur i skumringen, etter at teltet er satt opp, er for meg ein viktig luksus. Men når ein i ein slik tråd, skal gjera utstyret lettast mogleg, koste kva det koste vil, er det all grunn til å rekne med ski og stavar som fullverdige teltpluggar. Etter kva eg har forstått, vert det lagt opp til at 2 mann skal dele teltet, i så fall er det 8 teltpluggar basert på ski og stavar.
  9. Pausejakka skal sjølvsagt utanpå det ein går med. Målet er å tape minst mogleg varme når ein stoppar. Sjølv brukar eg ei kunstfiberjakke til formålet, like god som dun, nokre gram tyngre, men mykje billegare.
  10. afe

    Ullsokker

    Ullvang er i alle fall veldig profilert, kanskje det einaste merkenavnet som folk flest (meg sjølv inkludert) tenker på når det gjeld ullsokkar. Og då vert det fort mange som har meiningar om produktet. Og det er naturleg at dei som er missfornøgd høyrest best. Det som overraskar meg i denne tråden, er kor mange som er merkebevisst på sokkar. Sjølv har eg ingen aning om kven som har produsert sokkane mine. Dei er tjukke og grå. Det einaste eg er oppteken av når eg kjøper sokkar, er at storleiken passar føttene mine. Sokkane mine fungerer dessutan godt, så dei kan absolutt anbefalast:)
  11. afe

    Ullsokker

    Dersom det er vasken som slit ut sokkane, så skulle dei bli ganske jevnt slitt. Mine sokkar blir alltid slitt hol på hælen lenge før det syner slitasje på resten av sokken. Så vasken som sokkedødare er utelukka. Det er nok støvlane som er syndaren.
  12. Skruveholet bør ikkje vera grunn til at skia knekk. Men skruveholet er ein svakheit, det kan ein ikkje unngå, derfor knekk skia akkurat her, når ho likevel knekk.
  13. Eg tvilar på at andre merker er meir solide. Uansett skimerke, er det er ingen problem å finne nokon som aldri knekk ski, og nokon som knekk ski heilt regelmessig. Sjølv høyrer eg desverre til den siste gruppa
  14. afe

    Vintertelt?

    Pakk det ned slik du vil at det skal vera når du skal pakke det ut og sette det opp. Vil du rulle det ut, må du rulle det inn også. Vil du dra det ut, må du dytte det inn. Vil du vite kva ende du står med når du byrjar å pakke ut teltet, må du alltid pakke det ned i same retninga. Så lenge teltet er tørt, og du ikkje lagrar det for varmt, greier du ikkje å oppbevare sundt eit telt!
  15. Når eg er på fjelltur så langt aust at eg ikkje får radiosignal frå Lønahorgi, får eg værmeldinga mi frå tårnet på Gaustatoppen. Frekvensane finn du på sidene til NRK.
  16. Eg brukar akkurat like smale feller på telemarkskia, og frontfeste har aldri vore noko problem. Men dersom du har ski utan tupp, får du sjølvsagt eit lite problem, men det gjeld alle typer feller som skal festast på skituppen.
  17. afe

    Vintertelt?

    Eit telt som er konstruert for å fungere utan stormmatter vinterstid (Hilleberg sine telt er det), fungerer godt utan stormmatter vintertid. Eit telt som ikkje er konstruert for å brukast vintertid, og som derfor ikkje tettar godt i underkant, kan fungere betre vintertid dersom ein syr på stormmatter. Men så er det slike ting som ventilasjon, styrke og andre detaljar som kan gjera at mange slike telt aldri kan fungere godt vintertid. Særleg ventilasjon kan lide voldsomt på eit telt som vert tetta i underkant med stormmatter. Slike telt er gjerne konstruert med tanke på at det skal ventilerast under teltkanten. Så vert dette tetta, samtidig med at teltet vert tatt med på bruk som sett ekstra store krav til ventilasjon. Det fungerer aldri bra. Når det kjem til spørsmålet om det er verdt å koste på eit telt som aldri vil bli meir enn middelmådig til formålet, eller om ein heller skal kjøpe eit telt som er skreddersydd til formålet, så vert dette avhengig av kor god råd ein har og kor mykje ein har tenkt å bruke det osv. Eit fullblods vintertelt er dyrt, men sjølv meiner eg at det er verdt det. Eg har ikkje lyst til å ligge langt til fjells i ordentleg ruskever, og vera usikker på om teltet var eit lurt valg.
  18. Bindingen ryk ikkje. Det som derimot kan skje, og som du må vera forberedt på er at bindingen kan ramle av skia, eller at ski kan knekke. Det siste er svært sannsynleg dersom du skal gå på ski kvar dag ein heil vinter. Sjølv reknar eg skiknekk kvart fjerde år, men då er det basert på helgebruk (2 dagar pr veke i 8 månader).
  19. Det hadde vel ikkje vore betre om han hadde fått 2 høgresko
  20. Når det kjem til oppbevaring og behandling for at skinna skal halde lengst mogleg, er det ein kjempestor forskjell på dei som har tilnærma fri tilgang på nye skinn, og alle andre. Så i denne samanhengen er det ikkje så veldig interessant kva samene gjer og har gjort.
  21. Eg har aldri opplevd at ein søppelsekk har vore heil etter endt tur. Så den garantien din er ikkje mykje verdt.
  22. Dette er den einaste boka som eg er i nærleiken av å samle på Eg har 3 ulike norske oversettingar og ei utgave i orginalspråket. Thomsen si oversetting frå 1935 er den dei fleste kjenner til, og den er til tider hysterisk morosam. Men så har også oversetteren tatt seg nokre store friheiter. Så har han også kalla oversettinga si for "Tre i Norge ved to av dem og Per Thomsen" Andresen si oversetting frå 2001 er den oversetting som er mest tru til orginalen, og den utgava eg vil anbefale for dei som er meir interessert i historia til engelskmennene enn det å bli underholdt av Per Thomsen.
  23. Eg har alltid brukt elektrikertape. Eg har ikkje observert nokon treffpunktavvik på grunn av tapen.
  24. "bare litt breiare plastikk" skreiv eg, og det er det same som du skriv "bredden på bindingen hvilket gir en større base for skoen". Det er dei to skinnene med tilsvarande spor i skosålen som gjer BC-bindingen stødig, og nokre få millimeter ekstra plastikk på utsida betyr ingen ting. Eg har begge variantane og det er ingen merkbar forskjell i bruk. Heile innmaten i metall, og som strengt tatt er bindingen, er identisk, det same er prisen.
  25. Så lenge ein ser bort fra hælbinding, er det støvelen aleine som bestemmer kor stivt opplegget skal vera. Dersom ein ynskjer noko stivare, er det hælbinding som gjeld, og då er NNN-BC uaktuelt. Når det gjeld forskjellen mellom BC-magnum og vanleg manuell BC, er det bare litt breiare plastikk på magnumen. Og det er absulutt ingen praktisk forskjell i bruk.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.