Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Ja, det kan bli stykkevis du må bera skia då. Men dersom du brukar sekk og droppar pulken, går det sikkert greit.
  2. Bamse er hardt, eg reknar med at Bergans extreme er omlag same greia. Det kan ikkje kallast komfortabelt, men det vert ikkje samantrykt og kuldebruer der kroppen klemmer hardast. Det er derfor eit så tynt underlag fungerer så greit på kald bakke. Om eit tjukkare underlag vert klemt saman av kropstyngda, forsvinn også isolasjonsevna.
  3. Danmark er også like unik. Og Sverige kjem etter. Kva målestokk lasta du ned? Utan å ha studert sida meir enn overfladisk, ser det ut til at det er eigne lag tilpassa ulik målestokk. I utgangspunktet kan det vera lurt å laste ned for den målestokken du har tenkt å bruke.
  4. I motsetning til ran, er det heilt frivillig å fiske.
  5. Ha på deg mindre når du går, og ha pauseplagg lett tilgjengeleg øverst i sekken. Ta på deg pauseplagget når du stoppar, ikkje når du har sitte ei stund og er i ferd med å bli kald. Vær også konsekvent med å ta av deg pauseplagget før du byrjar å gå att, ikkje vent til du vert for varm. Dun eller ull som pauseplagg? Sjølv er eg ikkje i tvil, eg vel ull i den våte årstida. Dun misstar alle gode eigenskapar med ein gong det vert fuktig. Og det er når det er vått og kaldt at ein treng dei varme kleda som mest. Dun brukar eg kun om vinteren.
  6. afe

    Nok en telttråd

    Ja, Nammatj skrår også slik at takhøgda vert null i bakenden.
  7. afe

    Hardangervidda

    Det er heilt avhengig av været framover. Men sjølv ville eg ikkje tenke tanken på nokon lenger fottur før litt ut i juli, heller ikkje i normalår (det har sjølvsagt også samanheng med at eg ikkje har tenkt å avslutte skisesongen før på den tida). Med mindre sumaren vert veldig varm, vil det nok ligge att mykje fenner i august, men sumarsnø er fast og fin å gå på, så det skal du ikkje vera bekymra for.
  8.     Varmeledningsevne Kobber 400W/(K · m) Aluminium 230W/(K · m) Støpejern 80W/(K · m) Stål 50W/(K · m) Rustfritt stål 14W/(K · m) kilde: https://snl.no/varmeledning For at kjelar og panner av stål skal fungere i bruk, er det vanleg med ei kobberkjerne i bunnen, men det er sjølvsagt begrensa kor tynne kokekar det lar seg gjera å produsere på den måten. Trangia produserte lenge kokekar med aluminium ytterst for varmeledning og stål på innsida for styrke og syrebestandigheit. Titan er omlag 22W/(K · m), altså betre enn rustfritt stål.
  9. Stål er ikkje akkurat eigna til tynne panner heller. Aluminium er noko av det beste, i alle fall langt betre enn stål.
  10. Det skal jo ikkje lekke, i så fall vil brennaren fungere dårleg.
  11. Isolasjon mot underlaget er nok til å gjera 123r fullt brukbar i kulda. Avkjøling frå underlaget er spesielt effektiv dersom brennaren står på smeltande snø, så det må unngås. Det er sikkert allereie nevnt i tråden, men sjølv brukar eg ein Primus Eta-kjele (som diverre ikkje er i salg lenger, men Optimus har liknande kjel med varmeribber) som fast tilbehør til 123r. Det treng ikkje vera kaldt for at dette skal fungere Kjelen min er akkurat stor nok til at 123r i ein plastboks passar nedi kjelen. Slik vert det eit kompakt, komplett, ryggsekkvenleg kjøkken. Denne pakkbarheita er nykkelen til at eg er så fornøgd med 123r. Trangia sin sikkerheitskork er perfekt til å fylle på 123r og dei fleste andre klassiske primusane. Korken passar også på dei fleste aluminiumsbrennstofflaskene derso.
  12. For dei som driv å samanliknar slike mål, er det verdt å nevne at Hilleberg sine teltposar er romslege. Det er ein god ting, i alle fall når ein står ute i blåst og kaldt regn og prøver å få teltet ned i posen. Enkelte teltprodusentar, i alle fall Helsport, leverer posar som er veldig trange. Det er ein grunn til at dei gjer det, og det er at dei kjem tilsynelatande godt ut når nokon samanliknar storleiken på teltposen i den tru at dette har direkte samanheng med kor stor plass teltet tar i sekken. Kor mykje plass eit telt tar i sekken, er veldig avhengig av kor tungt det er. Det som kan gjera at enkelte telt avvik frå dette, er stor ulikheit på kor mange stenger og pluggar det er.
  13. Bensin på pumpe vert tilsatt butan vintertid. Det er kanskje ikkje lurt å eksperimentere med heimeblandingar av slikt. Erfaringa mi er at 123r fungerer heilt grei i kulda så lenge ein isolerer mot underlaget med til dømes ei korkplate. Men likevel er det nokre punkt som du ikkje har belyst, og som gjer at eg likevel ikkje synest 123r er eigna til anna enn dagsturar. Snøsmelting krev ein stor kjel. I alle fall dersom ein ikkje har tenkt å etterfylle med snø kontinuerleg. 123r er for ustø til at det eignar seg til slik bruk. Tanken har også sine begrensingar. Det ikkje trygt å etterfylle tanken på ein varm brennar, i alle fall ikkje inne i teltet. Med snøsmelting, matlaging og fyring i telt, foretrekk eg brennar med større tank, slik at eg ikkje treng å etterfylle tanken i løpet av kvelden. Då er ikkje 123r rette valget.
  14. Eg har ikkje kjøpt nye ski i dag. Eg hadde eit par Åsnes-ski der stålkanten knakk og losna i fjor. Desse vart det reklamert på, så eg fekk nye ski på denne tida i fjor. Det same skjedde med dei nye skia, så i dag var eg i butikken og henta nye ski att. Når ski bare held i 10 månader og heile sumaren er innanfor denne perioden, er det ikkje mykje å vera imponert over. Så får tida vise om det nye paret held er betre eller dårlegare.
  15. Då ville eg satse på litt enkelt vedlikehald, ja. Det er mogleg at dysa er utslitt, altså har fått litt for stor åpning. I så fall må du få deg ei ny dyse. Eg reknar med at uniflamesupply.no har dyse på lager.
  16. Eg kjenner ikkje programmet ditt, men truleg er det ei innstilling for kva posisjonsformat det brukar i ein eller annan meny. Dersom du prøver å putte inn ein koordinat på eit anna format, er det naturleg at underlege ting skjer. Prøv å skrive N60°47'42.1" E6°55'22.55" eller N60°47.702' E6°55.376' altså E for east og N og E før koordinatane istanden for etter.
  17. Har bare prøvd den eine, men den er prøvd med reservedeler for alt som er byttbart, så i praksis 2 brennarar. Det einaste som har gjort han meir reintbrennande, men langt frå nok til bruk i telt, var å droppe vindskjermen, men då er også flamma vannvittig følsom for alle rørsler i lufta. Eg har ikkje råd til å prøve fleire Phoebusar. Primus 210, Radius 21 og Optimus 00 er langt billigare, mindre følsom for vind og meir reintbrennande (fungerer også godt med Radius spesialstillebrennar, men er då sjølvsagt meir følsom for vind enn med orginal bråkebrennar).
  18. Deler av spørsmålet ditt er offtopic ettersom dette skulle handle om stillebrennar, det har eg svara i ein annan tråd du har posta same spørsmålet. Eg har i alle fall langt betre erfaring med parafin på Nova enn på Phoebus 625. Pheobusen fekk eg aldri til å brenne reint nok til å kunne brukast i telt. Nova var trufast teltvarmer i omlag 10 år, men er erstatta av 111 (bråkebrennar), og eg reknar dei som omlag like gode parafinbrennarar.
  19. Eg hadde aldri store problem med min Nova (fyrt med parafin) dei åra det var vinterbrennaren min. Eg er ikkje sikker på om eg var nedi -30°, men i alle fall godt under -20°. Min Nova er riktignok frå tida før Optimus flytte ut av Sverige og slutta med kvalitetskontroll, så det er kanskje ikkje relevant dersom din Nova er ein nyare modell. Eg hadde litt problem med pakninga på pumpa (mot Optimus-flaska) ein gong, men dette var nok pga ei litt sliten pakning. Den same pakninga tetta derimot godt mot MSR-flaskene mine. Forskjellen på flaskene var at anleggsflata på Optimus-flaska var ganske brei, så trykket vart for lite til å tette. MSR-flaskene hadde ein skarpare kant som fekk langt tettare kontakt med pakningen. Eg slutta å bruke Optimus-flaska på den turen (bruker flaska fortsatt, men bare til oppbevaring/transport).
  20. N6° 55.376' W0° 47.702' er i Ghana. 60°47'42.1"N 6°55'22.55"Ø = 60°47.702'N 6°55.376'Ø Når eg samanliknar dette med dei galne koordinatane du oppgjev, er det påfallande at nokre siffer går att. Øst-koordinaten har vorte nord-koordinat, og Nordkoordinaten har vorte vest-koordinat der 6-talet i 60° har vorte borte. Greit nok at du har klypt og limt og derfor er sifra riktig, men du har limt inn i gal rekkefølge eller på feil plass.
  21. Det er fullt mogleg å styre effekten på dei aller fleste kokeapparata, i alle fall med litt øving. Og øving får ein raskt med sitt eige kokeapparat. Derfor er eg ikkje overraska av at Nordhauk og andre greier å lage mat på Whisperlite. Men enkelte løysingar er langt enklare å styre enn andre. Regulering rett under brennaren, slik som på 111, gjev rask og presis regulering også for uøvde, og vert foretrukke av dei fleste. Konstruksjonsmessig er det ei utfordring med gjennomføring og tilhøyrande pakningar i ei varm sone av brennaren. Grafittpakninga i 111 er berykta, men det er mest på grunn av korleis brennar og tank er satt saman med kassa i 111. Derfor må ein vera påpasseleg å aldri la regulatorrattet stå i spindelen medan ein pumpar på ein 111. Andre klassiske brennarar med same regulering og same grafittpakning har ikkje det same dårlege ryktet. Regulering på pumpa og lang slange mellom pumpe og brennar, slik som på Whisperlite, er av dei løysingane som krev litt meir øving og kjennskap til sitt eige kokeapparat. Og når ein er vane med betre løysingar, følest det veldig upresist med slik regulering. Men det er jo ein enkel konstruksjon som er enkel å vedlikehalde. Sjølv foretrekk eg regulering med trykk som på ein klassisk Primus 210. Der er det ein lufteskruve som gjer at ein kan redusere trykket for å redusere effekten. Dette kan sjølvsagt bare brukast på parafinbrennarar, og konstruksjonen er superenkel. Det var ikkje før eg innførte same systemet på 111'en min, at eg virkeleg vart glad i 111. Sjølv foretrekk eg bråkebrennar, ettersom eg har dårleg erfaring med stillebrennarar generelt. Men eg har fått litt sansen for Radius spesialstillebrennar, og har ein slik både på ein Radius 1-tank og på ein Optimus 00-tank. Den sistnevnte fungerer godt til teltvarme, men bråkar litt meir enn 111T-brennaren. Men ettersom trådstartar har god erfaring med Explorer, står eg fortsatt på anbefalinga av 111T. Eller som det også er nevnt i tråden, å stelle fint med exploreren som han allereie har. Kva som bør gjerast er ikkje godt i seie utan å vite kva som er i ferd med å bli gale på han. Men rens av brennaren innvendig og utvendig og eventuelt bytting av pakningar og stell av pumpelær, så er vel brennaren god som ny att.
  22. UTM er nå veldig greit uansett kva slags medium kartet er på. UTM er meter, og det gjer det veldig enkelt å vurdere avstandar.
  23. Ulv tar også Moskus, i alle fall i Kanada og på Grønland.
  24.   Her er det noko som er riv ruskande gale. Dersom du fortel redningstjenesta i Noreg at du er på N6° 55.376' W0° 47.702', kjem dei til å stille deg nokre kotrollspørsmål, for dette er veldig langt frå Stordalen. Og eg trur ikkje dette er GPS'en som gjer feilen. Eg misstenker at du skriv noko gale når du "lægger det ind som Waypoint på Base Camp"
  25. All erfaring eg har med elgjakt er at store og sterke dyr vert spara. Det er bare i rovdyrdebattar og blant rikfolk at trofeet er viktigast.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.