Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Stanga mi knakk i leddet, altså akkurat der den tynnare enden i neste stangledd endar, begge gangene.
  2. Det er stor forskjell på om ein har med spade for levegg, fotgrop i telt og anna småtteri (i tillegg til beredskap i tilfelle ein må grave seg ned), eller om ein planlegg snøholetur. Og det bør påvirke spadevalget.
  3. Den stanga eg har er ikkje tyngre enn orginalstanga. Men den stanga Hilleberg brukar til keron/nammatj no, er litt tykkare enn den stanga eg har.
  4. Til sovepose for bruk i telt, bør ytterstoffet puste best mogleg, alt anna vil bare forsterke kondensproblem. For bruk under åpen himmel, vil det vera ein fordel med meir vindtett stoff, ellers vert ein veldig sårbar for vind/trekk. Men med tanke kondens, vil pusteeigenskapane fortsatt vera heilt avgjerande. For bruk i nærleiken av bål, er det greit med eit stoff som tåler litt glør. Sjølv sverger eg til bomull som ytterstoff i bålposen, sjølv om dette vert noko tyngre enn ein ellers lik varm pose med tynt kunnstoff. Det er fyrst ved varmegrader og åpen himmel, at det kan vera fordeler ved meir vanntett ytterstoff, men det er ikkje kva eg reknar som vintersovepose.
  5. Eg har sjølv bytta ut stanga i Ringstind-teltet mitt. Ikkje fyrst og fremst for å ha tykkare stang, men for å ha ei sterkare stang, etter at orginalstanga hadde knekt to gonger (og det er heilt utan nokon spesiell vindbelastning). Ettersom Helsport aldri svarte på forespørsel frå meg, derifrå fekk eg bare ein bekreftelse på å ha motteke forespørselen, kjøpte eg stang frå Hilleberg. Eg kjøpte den kortaste stanga som var lenger enn Ringstind-stanga, så kutta eg ned enden. Ettersom dette var same stanga som eg har i Nammatj-teltet mitt, hadde eg reserveledd fra før.
  6. I ein verden som er i ferd med å kvele seg sjølv på grunn av overbefolkning, overforbruk og transport , er det trist å sjå at folk som sjølv kallar seg naturvernarar ser det som meir naturvennleg å produsere mat industrielt i utlandet, med den transporten det medfører, enn lokalt basert på utmarksbeite. Den industrielle maten vert dyrka i monokulturar der alt naturleg liv, inkludert dei fleste insekt, vert drept med sprøytemiddel. Mat basert på utmarksbeite er det mest økologiske det går ann å laga maten! At nokon i tillegg samanliknar fjellbønder som tar ein lovleg busstur til Oslo for ein lovleg, fredeleg demonstrasjon, med Taliban, vitnar bare om kor hjernevaska enkelte kan bli. Det er også trist. Dersom det var eit forsøk på å vera morsom, var det i alle fall feilslått og totalt usmakeleg, skamm deg!
  7. Nesten ideell til bærspann:) I alle fall mykje betre eigna enn samtlige moderne alternativ.
  8. Eg er ikkje einig i denne konklusjonen. Det kjem heilt ann på støvlane. Dei som konkludere som deg, har stort sett kun erfaring med "slaskete" BC-støvlar og stive 75mm-støvlar. Med tilsvarande støvlar, er det ingen relevant forskjell på stabilitet.
  9. Dersom du har tenkt å bruke posen på ein tur over fleire netter, bør testnatta også vera i like stort fleirtal. Det er godt mogleg at ei natt er uproblematisk, men ettersom kondensen samlar seg i foret på fjellduken, kan den andre natta bli den natta du merkar kondensen.
  10. Eg har ein spade i polykarbonat (Lexan). Spaden er like sterk som ein aluminiumsspade. Problemet er når ein måter islag, er at plasten fjørar medan aluminiumen ryk eller vert permanent deformert. Då er det bare stålspade som fungerer. Dersom ein er aleine, bør ein sjølvsagt greie seg med ein spade, men dersom det er ei gruppe som skal på snøhuletur, bør gruppa vera utstyrt med litt ulike spader. Deriblant ein liten stålspade til hardbruk, og nokre litt større skuffer til å få snøen vekk.
  11. Han er nok sterkt overvurdert, ja. Eg har i alle fall greidd meg godt utan samekniv i alle år. Men så er det også ein heilt annan knivtradisjon i den delen av landet eg kjem i frå.
  12. Så lenge posane er turre, vil du nok greie mange grader, men kondensen vil gjera det heile til ei svært kald affære i løpet av kort tid. Kjøp heller ein ordentleg sovepose.
  13. For å mure levegg, vil du helst ha ein flat spade, medan du vil ha ein avrunda spade til å grave snøhule.
  14. Ruta beskrevet av Joachim Rønneberg
  15. Å smøre ski er ikkje vanskeleg. Og det er ikkje bare gli som vert skadelidande av smørefrie, men hørselen også. Men bevares, det er ditt valg. Når det gjeld BC-bindingane så er ikkje det så mykje plastskramel som du trur. Heile bindingen er kompakt og i metall, og minst like solid som ein 75mm-binding, så er det litt plast rundt. Bindingen held støvlane fast til skia sjølv om du skulle finne på å smelte vekk all plastikken i bindingen. Når det gjeld valg av skistøvler, er den einaste måten å finne ein støvel som er god på foten, å prøve. Dersom du lar bindingvalget ligge til du har funne ein god støvel, har du eit mykje større utvalg støvlar, og altså større sjanse for å finne ein som passar best mogleg. Teleskopstavar er kjekt det, men dei er også betydeleg tyngre enn andre stavar. Og mange teleskopstavmekanismar fungerer heller dårleg, anten er dei umogleg å få laus eller så sig dei, eller begge delane. Er du skeptisk til BC-bindingar, bør du i alle fall vera skeptisk til teleskopstavar. Gipron sine teleskopstavar er av dei betre. Dei går i alle fall ann å stramme med eit skrujern.
  16. Det viktigaste er å finne støvlar som passar foten din. Når det er gjort, er bindingvalget også gjort Til ditt bruk ville eg foretrukket BC, men det er som sagt avhengig av at du finn støvlar som passar.
  17. Det er ikkje når ein går, at staven ryk. Så svaret er nok ja, sjølv om staven ikkje nødvendigvis er like sterk lenger.
  18. Med unntak av orienteringskart, er alle kart for dårlege på stup og andre hindringar.
  19. Dyranut er i alle fall langt frå ruta Ruta krysser fv40 på åsen mellom Dagali og Skurdalen.
  20. Eg har både lommer, gps, kamera og vintertelt som innfrir dette enkle kravet, så det er ikkje noko problem.
  21. Dersom eg forstår rett, så er logikken heilt feil:) Men dersom det er to ulike skipar, vil eg tru at det er ulik spenn i tuppen/framdelen av skia som gjer at paret med feilmontert binding oppfører seg som forklart, og ikkje at bindingen er plassert for langt fram.
  22. Men skal det vera nokon vits i å ha med GPS på tur, så er i alle fall kravet mitt, at han skal kunne brukast utan å ta av vottene. Det er når snøstormen herjar som verst, at GPS'en virkeleg kan forenkle orienteringa. Då likar eg ikkje å ta av meg vottene. Det eine er at fingrane vert kalde, det andre er faren for at ein vott forsvinn, og då vert i alle fall fingrane kalde. Det same kravet har eg til fotoutstyr og vintertelt
  23. Liggelengda i Ringstind er bra, så lenge du ikkje ligg på alt for tjukt liggeunderlag og det er tilnærma vindstille. Det Ringstind derimot ikkje er bra på, er eigenskapane i vind, og det er definitivt ikkje eit telt du vil ta med deg på vintertur. Erfaringa mi er også at teltstanga på Ringstind knekk altfor lett og altfor ofte. Når det gjeld generelt om liggelengde, så vil dei fleste telt med loddrett innerteltvegg i begge endar, (det vil seie klassisk tunelltelt som Hilleberg Keron), ha lang nok liggelengde. Du kjem til å ha kontakt med innerteltveggen, men det er ikkje noko problem. Eg har aldri opplevd kondensproblem på innerteltgavlveggane, og teltveggane er heller ikkje massive konstruksjonar som ikkje gir etter dersom føttene pressar mot dei.
  24. Enn så lenge kan du nok ikkje forvente kjempdyp snø, men me kan jo håpe at det kjem noko snart. Skare kan du også sjå langt etter så lenge det ikkje er mildvær (minner om at skare er snø som nesten har smelta for så å ha frose att). Men du kan rekne med at snøen er fast, truleg det du trur at er skare.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.