Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Forskjellen på Ringstind og vanlege tunelltelt, er at i Ringstind ligg ein med ansiktet rett under den skrånande teltduken uansett kva veg ein ligg. Og det skal ikkje mykje blafring til før denne teltduken slår ein i ansiktet. Dette har eg opplevd fleire gonger og kan fortelle at det ikkje er nokon behagleg måte å vakne. Om det er problem å få ned pluggane, er heilt avhengig av underlaget. Stort sett er det ikkje noko problem. Men problemet er reelt når jordmonnet ikkje er meir enn eit tynt lag mose eller tilsvarande, resten er stein, og teltplassen ikkje er større enn teltet. Slik at ein heller ikkje har noko slingringsmonn med tanke på å flytte teltet litt hit eller dit. Dette er teltplassar der det ikkje er plass til eit større telt.
  2. Veslekvelvi er den kvelve til venstre i inngangen til Storekvelvi.
  3. Eg har både Ringstind 1 og Soulo, og det er ingen tvil om at Soulo er av mykje betre kvalitet enn Ringstind på alle måtar. Ringstind fungerer veldig dårleg i vind, og stanga på mitt Ringstind knakk 2 ganger før teltet var brukt 25 netter (denne stanga har eg bytta ut med ei stang frå Hilleberg). På grunn av den veldig enkle konstruksjonen til Ringstind, er teltet heilt avhengig av gode pluggfester. Det er stort sett uproblematisk, men høgt til fjells hender det eg har problem med å få ned pluggane på rett plass. Dette er typisk når eg finn ein liten teltplass på eit tynt moselag der resten av landskapet er stein. Bardunane er uproblematisk ettersom desse kan flyttast litt fram og attende. Det er pluggane i den enden der teltduken går heilt ned til bakken som er problemet. Desse pluggane er likevel viktige for å få stramma opp teltet ordentleg. Dersom ein ikkje får stramma opp teltet godt i vinden, kan ein rekne med å bli vekt av at teltduken slår ein i ansiktet, og det er ikkje behagleg! Soulo står av seg sjølv, men også dette teltet er avhengig av bardunane for å strammast opp. Men sjølv om Soulo ikkje er godt oppstramma, slår ikkje duken på same måten som på Ringstind. Det vert bare høglydt blafring. Men Ringstind er lettare (men hugs at Helsport lyg godt på vekta, så forskjellen er ikkje så stor som brosjyrene vil ha det til) og har betydeleg betre plass både i liggelengde og i forteltet. Sjølv er eg 1,9m lang og har veldig god plass i Ringstind. I Soulo er det trangt, og eg brukar derfor dette teltet bare på turar der eg ikkje stolar på Ringstind, dvs haustturar, ryggsekktur på snø (eg brukar større og tyngre telt når eg har pulk) og dersom eg ikkje reknar med å finne jordsmonn nok til å plugge Ringstind. Når det gjeld Akto, så er nok dette det lettaste av alternativa. Mykje av konstruksjonen er lik Ringstind, men etter oppgitte mål skal Akto vera noko trongare enn Ringstind (i alle fall i forhold til liggelengde). Ettersom teltduken på Akto vert stramma opp av bardunar i nedkant i begge endane, bør det vera enklare å få plassert pluggar for god oppstramming. Forholdet med med slåande teltduk, dersom denne ikkje er ordentleg stram, er truleg det same som Ringstind (ettersom konstruksjonen er såvidt lik). Men angåande Akto, vert det mest synsing frå mi side.
  4. afe

    Kalvegodt

    Kalvegodt er ikkje syrna, men det er vanleg å syrne det før det vert servert til dyra (kalv, lam ol)
  5. Normalt er starten av juli i tidlegaste laget. Men dersom det vert lite snø og ein tidleg vår, er det godt mogleg at du får deg ein fin tur. Men dette veit du ikkje før våren kjem.
  6. Ta med deg eit par ullsokkar til å ha på deg i soveposen.
  7. Det er riktig at gass ikkje fungerer i kulda. Men det med høgda stemmer ikkje. Gass fungerer betre jo høgare ein er.
  8. Det er mange nok timar med dagslys til at ein, i rimeleg godt ver, kan navigere sikkert, sjølv utan gps. Det handlar bare om å bruke litt sunn fornuft. PS. Når det gjeld skredulykker i Luster, så har det ingenting med Hardangervidda å gjera
  9. Bensin derimot fordampar raskt, sjølv i låge temperaturar. Det kan også vera problematisk dersom ein får søl på hendene, då med tanke på forfrysingar.
  10. Nokon definisjon på parafin, kan eg ikkje gje, men eg kan bekrefte at parafin vert brukt om ei gruppe stoff som spenner seg frå flytande til voks. Det er bare ein del av denne gruppa du vil ha på primustanken
  11. Eg har i aldri hatt problem med Statoil lampeparafin på Novaen min.
  12. Eg har begrensa meg til å kommentere det eg har kompetanse på. Og med dei krav enkelte her har til kompetanse for å kunne uttale seg her, er det rart om du (og fimax) får det svaret de ynskjer.
  13. Du kan få deg ein overraskelse dersom du reiser over skoggrensa (heiter ikkje dette forumet "fjellforum"), men ellers er nok greietipset greit nok
  14. Det einaste eg har påstått at eg har ein forståelse for, er kvar det vert av fuktigheita når ytterstoffet er vanntett. Har du lese noko anna av mine innlegg, så har du misforstått meg. Noko meir har eg ikkje å tilføye.
  15. Når det gjeld ei enkel pausejakke, er volumforskjellen ubetydeleg. For ein vintersovepose er både volum- og vektforskjell betydeleg. Dersom eg skulle ha soveposen i sekken, er det godt mogleg at eg hadde hatt ein dunpose høgt på ønskelista. Men ettersom posen ligg i pulken, betyr verken vekt eller volum så mykje. Eg har prøvd vinterpose med både dun og kunstfiber, og kunstfiberposen var den som passa meg best. Så enkelt er det. Eg kan villig innrømme at eg meiner dun er oppskrytt, i alle fall på dette forumet her. Men bare sett i forhold til dagens kunstfiber, som har eigenskaper som ikkje ligg langt etter dun, og til ein betydeleg rimelegare pris. Dersom tråden hadde vore gjennomsyra av at kunstfiber var det einaste brukbare, kan det godt hende eg hadde skrive eit innlegg om dei gode eigenskapane til dun. Det er ikkje meir komplisert enn at eg prøver å belyse alternativa. Når det gjeld punktet om ullgenseren, så må du ikkje gløyme kva som var utgangspunktet for tråden. Eit pauseplagg som skal halde ein varm. Og då er påstanden min at ullgenseren er god nok, sjølv om det er utruleg kjekt med ei isolasjonsjakke som det bare er å slenge utanpå det ein står og går i.
  16. Eg baserer det heile på forståelse for enkle fysiske prinsipp, og har liten (eller riktigare: ingen) tru på at ein soveposeprodusent har greidd å omgå desse. Når det gjeld naturlovane så har eg 4,5 år kjemistudie ved NTH/NTNU som balast. Og når det gjeld erfaringar med sovepose og kondens, har eg mange nok netter ute til å slå fast at det er vanskeleg å få til "tilsvarande forhold" på to ulike turar, så nokon subjektiv samanlikning mellom ulike soveposar er ikkje enkelt å bruke som noko godt mål. Dersom du likevel trur meir på markedsføringa til soveposeprodusenten, er det heilt greit for meg.
  17. Når det gjeld dei enklaste fysiske prinsipp, så er det ikkje enkelt å omgå teorien Når det gjeld eigne erfaringar, så har eg naturlegvis ikkje erfaringar med 2 ulike soveposar over lang tid og like forhold. Men dei erfaringane eg har med sovepose og kondens har aldri vore avvikande frå det teorien seier.
  18. Mi erfaring er at alle lærstøvelprodusentar er små i storleik. Varg, Crispi, Alpina etc er ganske like..
  19. Dersom det er forutsatt at det vert brukt dampsperrepose innvendig, så er det ikkje noko problem om ytterstoffet er vanntett. Eg ser ikkje bort i fra at dei posane som er omtala her, er tenkt brukt slik, utan at eg kjenner til ein einaste ein av dei. Dersom det ikkje vert brukt dampsperrepose innvendig, er det enkel fysikk som tilseier at soveposefyllet vert rimeleg raskt fyllt med kondens (rim/is) dersom ytterstoffet er for tett. Det går raskare dess tettare ytterstoffet er. Det er dette forholdet eg reknar med at gjeld for soveposen som trådstartar spurte om.
  20. Spør du kvifor det vert meir kondens i soveposen dersom det ytterstoffet er vanntett? I så fall er svaret at det vanntette ytterstoffet hindrar fuktigheita å koma ut av posen. Dersom du derimot puttar ein dampsperrepose inni posen også, så du ikkje får fuktigheit ut i fyllet, betyr betyr det ikkje noko om ytterstoffet er tett. Kva som er grunnen til at "alle ekstreme dunposer på markedet" har "vanntett" ytterstoff, er totalt ubegripeleg for meg. Truleg fordi markedsføringsfolk har fått det til å virke som ein god ide, som så har gjort at ingen (eller i alle fall for få til å gjera det komersiellt forsvarleg) vil kjøpe ein sovepose i dette segmentet utan tett ytterstoff. Mennesket handlar ikkje alltid like rasjonelt. Det er like dumt som at mange (meg sjølv inkludert) går med vanntett jakke i vinterfjellet.
  21. Og når det gjeld værvarsel, så er også denne svært begrensa i fjellet utanom påske. Påliteleg varsel om vindretning og styrke er heilt fraverande.
  22. Om ca 80 dagar i fjellet pr sesong er mykje, får andre vurdere. Kva som er beste staven, veit eg ikkje, for eg har ikkje prøvd så mange. Sjølv brukar eg swix skøytestavar i aluminium frå seint -80tal. Byttar trinse ein gong i blant når piggen knekk, ellers ingen problem. Og ja, eg brukar dei små racingtrinsene, det er massevis nok i fjellet, det er sjaldan eg forvillar meg ned i skogens lausnø.
  23. Dersom du lar vera å kalle dei som har eit litt anna syn på utstyrsbehov enn deg, for amatør og ufødt idiot, så hadde det vore litt lettare å ta deg seriøs. Di nedlatande holdning vert bare patetisk. Når det gjeld Amundsen og 1911, så var dun oppfunne på den tida. Dersom Amundsen ville ha med seg dunjakke, så hadde det bare vore å få sydd seg ei. Men han valgte reinskinn. Til mitt bruk er i alle fall reinskinnsjakke som pauseplagg, uaktuelt på grunn av vekta. Skulle eg stå på ein hundeslede til Sørpolen, er det godt mogleg eg hadde valgt som Amundsen. Men med dagens kunstfiber i forhold til dun, er ikkje foskjellen stor. Dun gjev litt, men ikkje mykje, betre isolasjon i forhold til vekt. Største forskjell er prisen. Sjølv har eg ei pausejakke med kunstfiber, og greier meg godt med denne. Nokre gram tyngre enn ei tilsvarande dunjakke, veldig mykje billigare. Til vintersoveposen foretrekk eg kunstfiber på grunn av nokre uheldige eigenskapar til dun, heilt uavhengig av prisen. Om eg har bruk for pausejakka? Nei eg har ikkje det! Det er rein luksus, ingenting anna. Ein ullgenser til 150kr gjer same nytten, men ikkje på ein like behagleg måte.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.