Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. afe

    Snøbørste?

    Eg brukar også ein slik børste som eg har hatt sidan fyrstegongstjenesten. Busta er litt stivare enn skobørsten.
  2. Det går fint å gå med konkuranseski på Reineskarvet. Eg har gjort det utallige gongen, nokre få gonger med skøyteski også.
  3. Eg vil i alle fall ha inngangen i le. Dette er både for at det ikkje skal koma for mykje snø inn når ein går inn og ut, og for at teltet ikkje skal blåse seg opp i same situasjon.
  4. Ja, ellers er det eit godt tips. Sjølv har eg festa ein stor karabin på den løkka som skal mot vinden og som alltid er pakka ytters i teltposen. Denne karabinen fester eg raskt fast i noko før eg åpnar teltposen. Kva karabinen vert festa til, er litt avhengig av vinden. Det er uheldig dersom vinden reiser med teltet med pulken på slep
  5. Dersom teltet er slik eg trur, altså fortelt i bare eine enden, så er det ein dårleg ide å ha forteltet mot vinden.
  6. For eigen del så er nok tida i oppkøyrde løyper langt under halvparten. Når det gjeld dobbelspenn, så er det heilt riktig at det har noko for seg, eg ville ikkje valgt fjellski utan. Men papirtesten har ingenting for seg for bruk utanfor løyper. Finn eit skipar med dobbelspenn som virkar passe stiv, og reis på tur. Spennet på fjellski skal også gje dei nokre andre viktige eigenskapar som ein ikkje treng i preparert løype. Framskia skal vera mjukare for at tuppen skal søke seg oppover i laussnø og for å gli lettare over skavlar.
  7. Innerteltet er til å ligge i. I ytterteltet går det ann å få full ståhøgde (i motsetning til sumarstid). Så eg forstår godt dei som vil ha den ekstra danseplassen. Det er bare eit spørsmål om prioritering mellom vekt og om ein vil ha mykje ståplass eller liggeplass. Sjølv greier eg meg med standard fortelt, men så har eg også teltet heilt for meg sjølv, både i leir og når det skal transporterast.
  8. Eg drar med meg ein stor kjele. Eg trur han er omlag 4l, dedikert til snøsmelting. Matlaging og koking av vatn skjer i ein mindre kjele.
  9. Alle mine fjellski har dobbelspenn! Men smørespenn slik du definerer det med papirtesten er likevel utopi utanfor preparert løype. Uansett om det er laust eller fast, i fjellet er det stort sett fast, så er det ikkje slett. Og då er det aldri jevnt trykk under heile skia, som faktis er forutsetning for at papirtesten skal gjelde.
  10. Og Keron GT er det som er nærast Spitsbergen Camp (ekstra stort fortelt). Og Keron er det som er nærast Spitsbergen (utan ekstra stort fortelt). Sjølv ville eg valgt Keron utan ekstra stort fortelt.
  11. Helsport sin fjellduk har meir gjennomtenkt bruk av glidelåsane, så der kan du legge saman duken som eit kvadrat eller som ein smalt rektangel. Det går ikkje med Jerven sin originale. Men Jerven sin Multimate har avtagbart for (og prisen er sjølvsagt deretter), og denne er 110x220 samanbretta.
  12. Du hugsar sjølvsagt heilt rett.
  13. Tankane eg hadde då eg laga pluggane mine, var at det er å få pluggane til å feste godt i snøen som er problemet, ikkje styrken på sjølve pluggen. Uhøvla bord frys raskt fast til snøen og har gjort jobben som snøplugg på ein utmerka måte. Billig og raskt å lage er det også (forutsatt at ein har tilgang til sag). Å plastbelegge dei, ville eg ikkje finne på.
  14. Posen med mine heimelaga trepluggar veg 700g. Det er 20 pluggar + pose, altså gjennomsnitt 35g pr plugg.
  15. I Finnmark er det til og med varder som er med på UNESCOs verdensarvliste. Det vil vera ei tragedie dersom nokon fjerner desse. http://www.geoforum.no/kurs-og-konferanser/publiserte-foredrag/2006/foredrag-fra-geoforum-2006/plenum/plenum-bjorn-geirr-harsson-geoforum-2006.pdf Og her er eit skriv om Nasjonal verneplan for kart og oppmåling, med fleire bilder av verneverdige varder med historia bak. http://www.geoforum.no/kurs-og-konferanser/publiserte-foredrag/2009/foredrag-fra-kommunal-geodatakonferanse/nasjonal-verneplan-for-kart-og-oppmaling/view?set_language=en
  16. Eg reknar med at det er fleire elgar enn bjørn i Alaska også.
  17. Nei, men det forutsett at underlaget er ordentleg oppblåst. Dersom underlaget er for mjukt, vil det klemmast saman der trykket er størst, og det vil føre til betydeleg dårlegare isolasjon på desse punkta. Dersom det er behagleg å ligge på, er det truleg for mjukt. Sjølv brukar eg eit vanleg underlag (bamse) i tillegg til eit 3/4-lang oppblåsbart for komforten sin del.
  18. Det har kome bra med snø desse siste dagane. Men ein må nok rekne med at steinane under fortsatt er lett tilgjengeleg, så ein bør ikkje vera redd for skiene.
  19. I Hol kommune vert det betalt inntil kr 2,50 pr løypemeter til grunneigar som kompensajon for at det vert køyrt tråkkemaskin over eigendomen. http://www.hol.kommune.no/holfiles/Planer/Kommunedelplaner/Kommunedelplan_stier_og_loyper_2007_-_2011._03.07.07.pdf (sjå s 10)
  20. Det kan ha samanheng med at det er fleire elgar i skogane våre.
  21. TIlsynelatande ingen imponerande vardar, men likevel... http://www.geoportalen.no/norges_geologi/torvmysteriet/
  22. For tips om sikraste rute, kan du få tak i kvistekartet til DNT og følge traseane derifrå, sjølv om desse ikkje er merka enno (eg har ingen aning om når desse vert merka). Dette er nok også det beste rådet for det fyrste stykken frå Finse. Når du kjem utover på flatvidda, er det bare å følge eigne lyster og la turen bli til undervegs. Eit halvt auge på kartet for å heile tida vite kvar du er, og for å koma trygt vidare i tilfelle dårlegare vær. Særleg i dårleg sikt, bør du vera på vakt i nærleiken av dei store vassdraga. Særleg Lågen går mykje åpen, og har nokre stygge parti i Geitvassdalen. Med tanke på temperatur, vil eg anbefale å legge teltleirane litt høgt i terrenget.
  23. Fordelen med vinteren i forhold til å finne brennbart, er jo at ingening er vått.
  24. Du gjer vel det, men eg trur ikkje du har forstått problemet. Hadde det vore så enkelt, hadde eg spart dei pengane som Soulo kosta meg. Men det fungerer nok ikkje på teltplassar som beskrevet og med Ringstind. Det er sjelden at terrenget fortsett flatt eller går nedover der teltplassen sluttar. Som regel er det stein eller berg som skrår oppover. Det ville bli lange forlengelsar for å nå til ein god forankring. I tillegg til at ein måtte bruke større steinar oppå desse forlengelsane for å halde teltduken nedtil bakken. Teltet er trekkfult nok når det står på flat mark med pluggane der dei er beregna.
  25. Alt som kan komprimerast, komprimerar eg. Då er forholdet vekt/volum ganske likt for det meste, så treng eg ikkje ta hensyn til det lenger. Alt som ikkje skal brukast før teltet er oppe att, har eg i botn av sekken. Over dette ligg teltet. Og det som skal eller kanskje skal brukast i løpet av dagen ligg på toppen. Fotoutstyr har eg i ei vatntett Ortlieb-kameraveske som heng på magen/brystet. Der er det lett tilgjengeleg og godt nok beskytta.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.