Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Men det har noko å seie for smaken på vatnet. For meg er det viktigare enn både tidbruk og brennstoffbruk.
  2. Vegen over Imingfjell er vinterstengt, og brukar å bli brøyt opp til påske.
  3. Det var det stikk motsatte som var meininga med innlegget mitt
  4. Heilt enig. Og ein av dei store forskjellane, er at med pulk kan ein enkelt ta små pauser ved å bare stoppe. Med sekk må ein ta av seg sekken, eller på andre måtar få avlasta vekta, for å få det same utbyttet av ei pause. Det betyr enkelt og greit at ein får ikkje like mykje kvile av små hengepåstavanepauser. På gjennomslagsføre, kan pulken vera forskjellen på ein ein flyt oppå, eller går gjennom. Eg har aldri hatt så tung pulk at pulken bryt gjennom dersom eg sjølv flyt oppå.
  5. Det er tettare med teltplasser enn med hytter. Og fordelen med å telte mellom hyttene er at ein går ein halv dagsetappe framom eller bak den store hopen, for det kan vera ganske mykje folk i Aurlandsdalen til tider
  6. Forteltet er alt for trongt til at ein kan bruke kokeapparat der. Det er rett og slett for smalt mellom ytterteltveggen og innerteltveggen. Men dersom ein hektar ned halve innerteltet, så er det god plass. Forutsatt at du kjenner kokeapparatet ditt og veit at det ikkje har for vane å servere stikkflammer i hytt og pine.
  7. Etter 2017 er det desverre slutt på at me kan forvente å kunne høyre værmelding på radio langt til fjells http://nrkbeta.no/2011/02/04/farvel-fm-farvel-radio/
  8. Sjølv har eg alltid (på pulkturar) med meg eit par fotposar i storleik som passar utan støvlar på. Eit av høgdepunkta i leiren er når teltet er oppe og eg kan skifte av meg skistøvlane og få på meg turre sokkar og fotposane. Desse fungerer altså som leirtøflar både inne i teltet og utanfor. Eg kan absolutt ikkje tenke meg å ha på meg skistøvlane eit minutt meir enn nødvendig inne i teltet. Men kvar si lyst sjølvsagt Andre tips når det gjeld den aktuelle vermeldinga, er å setje opp teltet litt høgt i terrenget for å slippe unna kuldehol. Og på ein plass som gjev morgonsol. Dersom ein ikkje er veldig ivrig med å koma seg ut tidleg, kan ein få ein behagleg temperatur i teltet bare av sola. Med dei meldte temperaturane, er det svært sjeldan kombinert med vind som betyr noko (i det aktuelle området, vel og merke). Og temperaturen midt på dagen, vil nok ikkje vera så låg som yr.no antydar. Helga som var, hadde same vermeldinga, og temperaturar mellom -20 og -30 om natta, og mellom -5 og -15 på dagtid. Finse hadde oppe i -13,6 12. feb, og -11,0 13. feb og henholdsvis -29,3 og -28,6 om natta (ifløge yr.no). Litt høgare i terrenget var det nok mildare.
  9. Eg veit ikkje sikkert kva du meiner med "bål-månedene", men dersom desse faller saman med kuldegrader, er eg ikkje i tvil. Gå for eit ikkje-vanntett naturprodukt. Anten vadmel eller bomull. Ein annan ting å tenke på er kva du hiv på bålet. Gran sprutar gnistar. Furu gjer det ikkje. Har du moglegheit til å unngå gran, kan du redde alle slags klede.
  10. Ferskvannsshipping er ikkje så uvanleg andre stader i verden. Du treng ikkje reise lenger enn til dei store elvene i Tyskland.
  11. Svaret er sjølvsagt at det var det ikkje. Det er ein eigen lov som regulerer dette http://www.lovdata.no/all/nl-19700306-005.html
  12. Eit av instinkta som dei såkalla villsauene har i møte med rovdyr, er å flokke seg. Dette gjer det enkelt for rovdyra å ta mange dyr på ein gong. Dette er også erfaringa frå områder der fleire sauerasar beiter på same området! Med tanke på flukt, så er ikkje norsk kvit sau nokon sinke, sjølv om lettare sauerasar kan springe litt raskare. Men til tross for dette, så er alle dei store rovdyra våre endå raskare. Hugs at det er rovdyr som er i stand til å ta friske rådyr og rein, og for nokre av rovdyra også elg. Når det gjeld eigenskapen å "konstant dette ned i juv, sprekker i berg, grotter, bekkefar o.l." så er ikkje det noko eg kjenner att frå mine erfaringar med norsk kvit sau. Så der er nok skilnadane lik null.
  13. Eg veit ikkje. Men Primus har si eigen kaffepresse som i alle fall passar.
  14. afe

    3-sesongers telt

    Eg har i alle fall bytta ut stanga i Ringstind (som knakk 2 ganger før teltet var brukt 25 netter) med ei stang frå Hilleberg. Så eg skal aldri meir knekke Helsportstenger
  15. At villsau vil "redusere tapene betraktelig" er nok i stor grad ei myte. Heilårs beite vil i alle fall ikkje redusere tap.
  16. Kassebil med plass til 3 i framsetet og 3 i baksetet. Meir plass enn det får du ikkje i det eg kallar bil.
  17. Eg kan bekrefte at det har vore varmegrader den siste tida. Men akkurat no har det vorte litt kaldare att. Eg var på Reineskarvet sundag, og sjølv om det ikkje er mykje snø, er det nok til at dette ikkje bør vera grunn til å ikkje koma seg ut. Men rasfaren skal ein sjølvsagt ta alvorleg.
  18. Er alpinstøvlene så god på foten at trekkers er brukbart oppover, er det fullt mogleg å bruke alpinstøvlene i trugane også. Men det er ikkje alle trugemodellane som er like enkle å få justert til alle typer klompete støvler. Men det får du ta med i tankane når du skaffer deg trugar.
  19. Sitatet du sikter til er nok frå Helge Ingstad si bok Pelsjegerliv. "Her er min kano, mine garn, mitt gevær og mine hunder. Skogene, elvene og vannene står til min rådighet. Jeg sitter i skjorteermene foran teltet og føler meg som en millionær."
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.