Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Den mellomstore sekken min (altså den eg brukar på telttur) har glidelås i heile høgda bak. Det gjer at sekken er rask å tømme, men skal sekken stappast ordentleg, må glidelåsen stengast før sekken vert fyllt. Så fyllinga må uansett skje ovenfrå.
  2. Teltet pakkar eg alltid nesten øverst. Soveposen endar langt nede i sekken. Grunnen er enkel. Det eg skal ha tak i undervegs, ligg på toppen, lettast tilgjengeleg. Rett under dette, ligg teltet. Det er jo det fyrste eg skal ha tak i når eg slår leir. Alt som eg ikkje skal ha tak i før teltet er oppslått, ligg under teltet.
  3. Når ein komprimerer alt av klede og sovepose, er det fint lite forskjell på tettheit i dei ulike kolliane. Så då er det vekt noko tema lenger med tanke på høgt og lågt i sekken, med unntak av nokre få enkelting. Temaet er likevel aktuelt i forbindelse med korleis formen på sekken bør vera. På barmark, og med tung sekk, er det ein stor fordel med tyngda høgt. Lett framoverbøygd, får ein då tyngdepunktet rett over nedre del av ryggen og hoftene. Dette lettar særleg på presset bakover mot skuldrane. På ski derimot, kan eit så høgt tyngdepunkt vera vanskeleg å handtere i større fart. Derfor vert det anbefalt eit lågare tyngdepunkt, sjølv om dette også medfører at tyngdepunktet nødvendigvis vert lenger bak. Uansett må ein prøve å få tyngdepunktet tettast mogleg inntil ryggen. Ei kameraveske på brystet hjelper faktis veldig på akkurat dette
  4. På vinterturar, må ein skille mellom veldig kaldt eller mildt. Er det fare for våt snø, er godt impregnerte støvlar det riktige. Men det stor forskjell på isolasjonsevna til tørre og impregnerte lærstøvlar, så i sterk kulde er det best med uimpregnerte støvlar. Når det gjeld tørking av støvlar ved å putte varme steinar eller andre varme ting ned i dei, må ein passe på å ikkje stappe dei for full slik at ikkje fuktigheita kjem ut. Telystrikset er ikkje bare varme, det sett også i gang ein effektiv luftsirkulasjon, og det er denne utskiftinga av luft som transporterer vekk fuktigheita.
  5. Skorsteinsprinsippet er vel og bra det, men vert blokkert med ein gong ein tar på seg sekken og strammar hoftebeltet ;(
  6. Klipsing fungerer ikkje på dei fleste type klær. Bukseseler med knappar fungerer, men kan vera ubehagleg i kombinasjon med sekk. Sy knappane på utsida, så går det stort bra. Dersom du reknar buksa for øydelagt dersom du må sy på 6 knappar for å gjera ho meir anvendeleg, så har du eit problem.
  7. diameter 24cm er ein god del større enn det det vert spørt om av trådstarter.
  8. sjå her: http://kilden.skogoglandskap.no/map/kilden/index.jsp så vel du høveleg tema under beitelag.
  9. Når ein tar med seg eit varmt kamera ut, så er det kamera som er varmt, og den kalde lufta er tørr, så det vert ingen kondens. Men dersom kamera er pakka i ein tett pose, med masse varm og altså fuktig luft, så vert det kondens i posen, det kan skade kamera. Det som likevel reddar kameraet ditt, er at det ikkje er nok luft i baggen din, til at det vert skadeleg mengde kondens.
  10. Å ta med eit varmt kamera ut i kulda, er heilt ufarleg, så sant du ikkje pakkar det for godt inn i plast. Å ta eit kalt kamera inn i varmen, vil derimot føre til kondensering, men det løyser ein enkelt med å pakke det i plast. Eg har sjølv med meg speilreflekskamera ute godt over 100 dagar i året, og har aldri opplevd at eit kamera har svikta meg pga fukt. Når kameraet ikkje er i bruk, ligg det godt beskytta i vanntett kameraveske frå Ortlieb. Denne heng på brystet, så kameraet er alltid lett tilgjengeleg.
  11. Ja, eller Nordfjella som er det innarbeidde navnet som også vert brukt offisielt i forvaltinga. "Skarveheimen" er eit kunstig ord konstruert av DNT for nokre få år sidan, og som dei seinare har fått likestilt med Nordfjella i ein navnesak. Forvaltningsmessig er Bergensbanen grensa mellom Hardangervidda og Nordfjella.
  12. Ingen problem. Men eg ser ikkje heilt kva dette har med Hardangervidda å gjera Eit tips for å få gode svar, er å ha presis tittel på innlegget.
  13. Sjølv brukar eg ein kamerabag (den største aquacam) frå Ortlieb. Denne er vanntett og heng på brystet i eigen sele. Der har eg plass til kamera med diverse småobjektiv som altså alltid er lett tilgjengeleg. Dersom eg har med meir enn dette, går det i ryggsekken som er ein standard syggsekk passe stor for formålet.
  14. Dersom du tar med campingvogn, så skjer det omtrent årleg. Ein god del sjeldnare i telt, men det har også noko med kor mange som fyrer i telt. Men som fleire har skrive, så handlar dette om lufting. Er det vindstille, er det ikkje noko problem å ha teltåpningen på vidt gap. Og er det kuling, så skal det ikkje store åpningen til før luftinga er massevis god nok. Og det er viktig å ikkje sovne frå åpen ild. Eit glødande bål i ein lavvo med for dårleg lufting, kan vera sjebnesvangert!
  15. Eg kan ikkje hjelpe med modellbetegnelsar, men etter dei bildene eg har sett, så har det vore litt ulike primusar i bruk. Dei eg har sett har alle vore ei firkanta ramme med bråkebrennar i midten, som SVEA nr 153. Men sjølve ramma har vore av litt ulik utforming på dei bildene eg har sett.
  16. Jerven er ærlige på dette og skriv følgande under "Så hva kan du forvente deg av Fjellduken?": "Vær likevel oppmerksom på at konstruksjonen ikke gir 100% beskyttelse mot langvarig regn. Glidelåser, maljehull og sømmer er steder hvor vannet kan trenge inn."
  17. Sjølv om stoffet pakkposen er laga av er vanntett, så er ikkje konstruksjonen vanntett. Saumane i pakkposen er alt anna enn vanntett, dette gjeld i alle fall for alle mine telt. I eit tilfelle har eg opplevd at det har vorte nok vatn til at det var ein dam inne i innerteltet etter at teltet, nedpakka i pakkposen, var utsatt for litt regnvatn. Teltet var tørt når det vart nedpakka, og eg pakka det ut att under tak. Nalsagsvis 1-2 dl vatn inne i innerteltet, fuktigheita i resten av teltposen er ikkje medrekna.
  18. http://www.mahaenergy.com/store/viewItem.asp?idProduct=423
  19. Laderen min har også moglegheit til å tappe batteriet, og viser då kor mykje straum som kjem ut.
  20. afe

    Elver i Skarvheimen

    Kvar det er fisk og ikkje når ein kjem høgt, er avhengig av kvar det vert kultivert. Fisken overlever mykje høgare enn han greier å formeire seg. Kultiveringa av mange av dei høgtliggande vatna er noko som vert gjort av utbyggarane som del av konsesjonsbetingelsane. Derfor er det mange gode, høgliggande fiskevatn i Aurland og delvis i Lærdal. Innover mot Skålen er det gode fiskevatn, men desse er private, og korleis det å få kjøpt fiskekort, er eg usikker på. På fjellet nord for Skålen ( i alle fall sør for kommunegrensa) kan du ikkje rekne med at det er fisk i vatna. I Fødalen statsallmening er det Fødalsvatnet og Klevavatnet som er fiskevatn. Det er gjort sporadiske utsettingsforsøk i nokre av dei andre vatna, blant anna Valevatnet, men det gjeld eit lite antall fisk og nokre tiår mellom kvart forsøk. I Valevatnet overlever fisken nokre år, men greier ikkje å formeire seg. Lenger aust i statsallmeningen kjenner eg ikkje til at det er satt ut fisk nokon sinne. Korleis det er i Hemsedal og Lærdal har eg ingen oversikt over. Men eg vil tru at enkelte vatn rundt Øljusjøen vert kultivert av utbygger.
  21. Eg har sjølv erfaring med 2700mA-batteri frå Sanyo (ikkje Eneloop), og makan til sjølvutlading har eg aldri opplevd. Batteria kan levere den anonserte straummengda dersom dei vert brukt same dagen som dei er nylada (eg har målt ca 2650mA). Etter 2 dagar har dei kapasitet langt under 2000mA. Etter ei veke er det bare så vidt dei er i stand til å få ei lysdiode til å lyse. Gamle NiCd-batteri på 800mA er betre på alt som ikkje tømmer batteria iløpet av 2 dagar. Eneloop og Varta ready2use held på ladinga lenge, derfor vert desse anbefalt.
  22. Denne typen argumentasjon vert som å si at to dødsulykker i same sving ikkje skal bety at det skal gjerast noko med vegen i denne svingen fordi det er fleire ulykker i resten av vegnettet. Skal det gjerast noko for å hindre ulykker, er det mest effektivt å gjera det akkurat der ein veit at det skjer ulykker. Når det gjeld akkurat dette utsiktspunktet mot Vøringsfossen, er det ekstra stygt fordi det er på same side som fossen. Jo lenger ut ein strekker seg, jo betre ser ein fossen.
  23. Det er nok dårleg skiføre no, så eg vil heller anbefale å reise lenger vest. Vegen mellom Aurland og Lærdal eller vegen mellom Årdal og Turtagrø er betre valg. Web-kamera Haugastøl: http://www.rallarvegen.com/weather/axis.jpg
  24. Med tanke på å få varm luft ut, er det stor fordel med inngang i begge ender. Då går det ann å få full gjennomtrekk. Telt med bare ein inngang kan aldri bli like luftige.
  25. Det er ikkje meir spesielt enn at Amundsen også hadde stanga ute i kanten på sine telt på sørpolturen
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.