Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. 6 stenger og belagt duk, er nok litt av grunnen i alle fall. Hilleberg Saivo er mykje godt same konstruksjonen, men utan ekstra stenger i kvart fortelt,og litt smalare, veg 5kg.
  2. Det har vore, og er fortsatt mykje lemen her på austsida av fjellet.
  3. http://sorpolen2011.npolar.no/no/dagbok/sorpolen/2011-11-14-varm-pa-beina.html
  4. Det er nokre myter om skibindingar, og dette er ei av dei. For mange kan det virke som det er religion. Det som avgjer stabiliteten til bindingen, er støvelen (så lenge ein reknar kun tåbinding, og ikkje brukar hælbinding). Det finst eit stort utval av slaskete støvlar for BC. Men det finst også nokre stivare støvlar som er fullt på høgde med 75mm-støvlar, og då vert stabiliteten også samanlignbar. Dersom du ikkje har bindingar frå før, så finn du fyrst støvlar som passar til foten din. Så vel du dei bindingane som passar støvlane.
  5. Min har det. Og eg har sett fleire.
  6. Eg har fyra masse i fortelt til Nammatj og Tarra. Men eg grev alltid ut masse snø i forteltet for å ha ståhøgde og god plass. Og då vert det automatisk god avstand frå brennaren til teltduken også.
  7. Har ingen aning. Verken kva type det var, eller kvar greia befinn seg for tida.
  8. Eg betalte over 100kr for eit såkalla tennstål. Men eg kan ikkje seie at det var verdt det.
  9. Brusletto dreiv å fresa eit spor langsmed bladet. Det var ein ide om at blodet skulle renne her når ein brukte kniven til slakting. Praksis viste bare at det ikkje hadde nokon hensikt. Og denne renna gjorde kniven vanskelegare å halde rein, i tillegg til at styrka på bladet vart redusert.
  10. Det gjeld særleg dei med såkalla blodrand (det er mogleg denne er fjerna i seinare tid, i så fall er det grunn til å tru at problemet er mindre nå), så det gjeld nok knivar produsert over mange år. Men reklamasjon har aldri vore noko problem, utfra kva eg kjenner til.
  11. Brusletto Hunter er kjent for at bladet brukar knekke, så den skal du vera forsiktig med dersom du vil at han skal vare livet ut.
  12. Neppe. Eureka-sekken min er lett. Det einaste som manglar ved bæresystemet er litt oppstiving i ryggen. Dersom eg pakkar omhyggeleg, er sekken heilt grei å bæra med 25kg. Dersom eg hadde festa sekken til pakkramma på Norrøna-sekken min, ville ikkje denne løysinga bli tyngre enn pakkrammesekken er i dag. Det einaste som manglar er sidelommer og lomme i loket. Men at det er unødvendig, kan du sjølvsagt ha rett i. Ang. regntrekk, så har eg heller dårleg erfaring med det. Eg har ein bergans-sekk som det fulgte regntrekk med. Skal regntrekket brukast, kan eg ikkje ha noko festa utanpå sekken. Verken liggeunderlag, fiskestang, vandringstav eller børse. Så dersom noko slikt skal vera med, er det bare å legge att regntrekket heime. Saumane i regntrekket er ikkje tett, og det er ikkje gjort noko forsøk på å få dei tett heller. Strengt tatt er ikkje stoffet i regntrekket tett heller, men det handlar meir om dårleg kvalitet. Opplegget kan heller ikkje halde innhaldet i sekket tørt, ettersom det ikkje hindrar vatn frå å koma inn mellom sekken og ryggen min. Skal innhaldet i sekken haldast tørt, så må eg altså uansett pakke vanntett inni sekken. Vitsen med regntrekk utanpå vert då heilt borte.
  13. Eg har ein kanovelt-vanntett sekk som skal romme 110-120l frå Eureka. Sikkert grei i kano, men mindre god på ryggen dersom ein ikkje pakkar veldig nøye.
  14. Fungerer fint i Firefox i Linux.
  15. Det er lufta som isolerer. Men når det gjeld oppblåsbare liggeunderlag, så er dei komfortable fordi dei er mjuke å ligge på. Det betyr derimot at dei vert klemt saman av kroppen på dei same plassane som soveposefyllet vert klemt saman. Og når alt isolasjonsmateriale mellom kroppen og bakken er klemt saman, så vert det dårleg isolasjon! Oppblåsbare liggeunderlag isolerer veldig godt, men det er avhengig av at det ikkje vert klemt saman, altså må det anten vera veldig tjukt i utgangspunktet (god komfort og isolasjon, men høg vekt), eller hardt oppblåst (god isolasjon men dårlegare komfort). Og eit punktert, oppblåsbart liggeunderlag isolerer dårleg. Sjølv kombinerer eg eit vanleg, tjukt og hardt liggeunderlag for isolasjonen med eit tynt og mjukt oppblåsbart for komforten. Då er eg heller ikkje sårbar for punktering. Sumarstid gjeld det heilt andre kriterier. Vekt betyr meir, ettersom alt skal berast på ryggen, og isolasjonsevne betyr tilnærma ingenting, ettersom bakken ikkje er kald. Då brukar eg bare eit tynt og lett liggeunderlag.
  16. Eg brukar ha ei god ull-luve på skallen og tørre ullsokkar på føttene for å haldene endane varme. I tillegg har eg med meg eit kort oppblåsbart liggeunderlag for komforten sin del. Dette er akkurat passe oppblåst til at eg ligg godt. Under dette har eg tjukt, hardt, fullengde underlag som sørger for isolasjon mot bakken. Når teltet blafrar for høglydt i vinden, brukar eg øyreproppar. Så er det bare å ligge og mimre om dagens opplevingar og glede seg til neste dag.
  17. OK. Høyrest ut som ei gunstig løysing CO-messig. Men heller dårleg varmeoverføring Sjølv om forbrenninga i all hovedsak skjer i den synlege flamma, så skjer ikkje alt der. Kva som er synleg flamme, er jo også avhengig av lysforholda. Flammene er høgare i mørke enn i sollys
  18. Alle har problemet, men det er stor forskjell på kor stort problemet er.
  19. Dette gjer også at bensinsøl på fingrane i kulda, betyr reell fare for forfrysning, der parafin bare fører til vond lukt dei neste dagane. Det viktigaste er ikkje kva ein fyrer med, men at ein er bevisst på fordelene og ulempene brennstoffvalget utgjer. At nokon kan påstå at det går ann å bruke gass til fyring i telt, er derimot langt utanfor mi fatteevne. Til og med 12kg propanflasker mister trykket etter kort tid på høg effekt dersom temperaturen i utgangspunktet er nokre få kuldegrader.
  20. Det er nesten ikkje snø i fjellet, men det kan ligge nok snø til at det reduserer gangfarten betydeleg. Med brukbar værmelding, er det ingen sak å reise til fjells på denne tida, men sjølv ville eg ikkje ha noko bestemt mål for turen. Eg ville reist til fjells og latt dagsetappene bli akkurat så lange som forholda tillet. Rutevalget ville eg også ta etterkvart.
  21. Snøforholda er vel så viktige som vekta. Dersom du har tenkt å gå i djup laussnø, vel det største trugane, du søkk uansett nedi, så det er bare eit spørsmål om kor langt ned du søkk. På den fastare snøen på snaufjellet, treng du ikkje så store trugar. Til fjellbruk har eg sjølv 25"-trugar, og det nok i massevis for mine 75kg+sekk.
  22. Eg har ein frå Silva (ADC summit, som i tillegg til vindmålar også har barometer/høgdemålar), og etter 3 reklamasjonar ser det ut til at eg endeleg har ein som fungerer som han skal.
  23. webkart over Svalbard har vore tilgjengeleg lenge. Blant anna på: http://toposvalbard.npolar.no/index.html og http://www.npolar.no/svalbardkartet
  24. Nordfjella er allereie brukt om fjellområdet mellom Bergensbanen og riksveg 52.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.