Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Å lukke borrelåsklaffen ved bruk fungerer i alle fall ikkje for meg. Eg brukar glidelåsen aktivt for å regulere varmen, det er derfor eg har jakke og ikkje anorakk. Problemet er ikkje fyrst og fremst dersom glidelåsen ryk, problemet er at glidelåsen ikkje er vindtett, og utan ein fungerande klaff, fungerer heile jakka heller dårleg i uver. Og dette er den jakka som Norrøna markedsfører som den ideelle vinterjakka som du brukar dersom du skal gå til Sørpolen. Trykknappklaff har i tillegg den fordelen, at ein kan stenge klaffen men la glidelåsen vera åpen for litt betre ventilasjon dersom forholda er slik at ein ikkje treng stenge heilt att.
  2. Har du aldri sove i ein sovepose? Alle seriøse soveposar med glidelås har også ein klaff på innsida. For vindjakka er det for å tette vindlekkasje gjennom glidelåsen. For isolasjonsjakka og soveposen er det for å unngå kuldebru. Men som sikkerheit ved glidelåshavari, er det ikkje verdt meir enn eventuelt som underlag for tape eller sying.
  3. Ei grønn Bergans-jakke, eg anar ikkje kva modellen heiter. Den andre jakka har eg ingen aning om kva merke det er, men jakka er svart. Norrøna-jakka med borrelåsklaffen er av bomull, og er fyrst og fremst meint for vinterbruk. Derfor er det ekstra synd at klaffen ikkje fungerer vinterstid.
  4. Eg har det på begge membranjakkene mine. Mitt inntrykk har alltid vore at trykknapp er standarden. Men eg må sjølvsagt ta forbehald om at noko har skjedd den heilt siste tida.
  5. Trykknappar har eg aldri hatt problem med å betjene med votter, vanlege knappar er verre. Det er blant anna dersom glidelåsen ryk, at klaffen verkeleg er viktig, og då er det håplaust med borrelås som anten er fylt med snø eller lo fra ullgenseren. Aller mest kritisk er det når det gjeld vindjakka.
  6. Det er netopp for at brennaren skal stå stødig med snøsmeltingskjelen, eg har montert vinterbrennaren min på ei plate. Aller viktigast er dette når brennaren står inne i teltet.
  7. Borrelås er totalt ubrukeleg i nærleiken av snø. Eg har sjølv ei Norrøna-jakke med borrelås på klaffen, og mi erfaring er at jakka i praksis ikkje har klaff. Glidelåsen ryk heldigvis ikkje like lett.
  8. afe

    fotposer

    Eg har desse i to ulike storleiker. Dei største er stor nok til å bruk skistøvler nedi, altså åpningen er stor nok. Dei minste er passe til å bare bruke sokkar i. På telttur vinterstid foretrekk eg dei minste. Då har eg snøtette leirtøflar der føttene har god plass etter ein lang dag i trange, stive skistøvler. Ettersom isolasjonen i sålen i utgangspunktet er svært dårleg på desse fotposane, har eg lagt nedi eit lag med filtsåler og eit lag med såler med litt meir ergonomisk form.
  9. Her er temperaturar på Fines den siste tida, http://www.yr.no/stad/Noreg/Hordaland/Ulvik/Finse_m%C3%A5lestasjon/detaljert_statistikk.html Mildværet ditt har ikkje tæra mykje på isen. Men vær uansett forsiktig på alle regulerte vatn, NVE har oversikt over desse, og kvar på desse isen er farleg http://jarle.nve.no/h/hb/isdata/iskart.html?65.29,18.28,5
  10. Nei. Det finnst ingen forklaring på det. Sone 32 er offisiell UTM-sone for heile Vestlandet ( http://www.dmap.co.uk/utmworld.htm ). Til og med Garmin har fått med seg det norske unntaket og viser sone 32 der kartet ditt viser sone 31.
  11. Då eg brukte tunelltelt til vintertelt (no har eg telt med klipssystem), delte eg teltstanga i 3 for å halde meg innanfor lengda til pulken. To deler var då det lengste som gjekk innanfor pulklengda, og ein tredje del som var resten.
  12. Liahovddalen er min favoritt. Men det er basert på heilt spesielle opplevingar der tidlegare, så det er usikkert om andre kan oppleve den same gleda ved å vera der. Ja det er ei bru over elva rett før ho renn ut i Strandavatnet.
  13. Det er eit lite telt i forhold til det meste. Så det skal ikkje vera noko problem å finne ein teltplass opp til 1450m, oppimot 1500m også dersom du har litt tålmodigheit når du skal slå leir. Eg veit ikkje kva du har planlagt frå Østerbø. Men når du nevner nordsida, og så nær Øljuvatnet som mogleg, antar eg at du har sett deg ut Sauavaddalen. Den gamle turiststigen til Iungsdalen gjekk der før oppdemninga. I så fall vil eg anbefale å følge Vetle Grøna opp på nordsida av dammen, slik at du passerer mellom Svarterandane og Volanutane. På sørsida av Volanutane er det kronglete. Sikt deg så vidare mot nordsida av Vesle Øljuvatnet. Då får du både ei lettgått rute, og du unngår alt av vanskelege vadingar. Eit nedtappa Øljuvatn er ikkje så fint, så du går ikkje glipp av nokon perle ved å halde litt avstand. Du vil lett finne teltplassar i alle fall opp til Grønebotnvatnet (1427m). Rundt Vesle Øljuvatn og langs vestre Flågrunnsvatnet er det heller ikkje noko problem å finne teltplass. Langs midtre og austre Flågrunnsvatnet, er det litt vanskelegare, men det bør la seg gjera å finne teltplass på nordsida av desse. Lenger aust er det fine moglegheiter for å telte rundt Systrandstjørne (1416m). Både søre og nordre Haldalen er bratt, så der vil eg ikkje garantere teltplass over 1300m, men der desse dalane møtes, omlag 1300mt, er det fint å telte. Lenger nord er det fint å telte ved store Djupeskardtjørni (1464m). Dersom du vil unngå grovsteinur, må du ikkje gå ned søre Haldalen. Eg vil i så fall heller ikkje anbefale å gå mellom søre Haldalsvatn og Haldalshøgdi. Men Haldalsnuten må du gjerne gå oppom.
  14. Nesten det same som skjedde med ein Garmont-støvel eg hadde for mange år sidan. Den knakk akkurat inne i plastiken.
  15. Det er ikkje mykje eg gjer sjølv på kjøkkenet, men kjøpebrød slepp ikkje inn i huset mitt. Det er nok ikkje økonomien som er avgjerande for min del. Eg vil ha godt brød, og då er det enklast å bake det sjølv.
  16. Eg er godt kjent i dei traktene. Det er stort sett lettgått. Men enkelte stader er det svært steinete, med mykje stor stein, så det er best å gå utanom desse. Teltplass har eg aldri hatt problem med å finne i dette området, men det er sjølvsagt vanskelegare jo større telt ein har. Mange av vassdraga kan ha mykje vatn, særleg i snøsmeltinga som kan halde på til langt ut i august. Dersom ein ikkje finn eit vad, er det ofte enklast å gå rundt. Det er ofte ikkje lang veg til kildene. Eg har kryssa Aurlandsdalen ein gong ved Nesbø, noko eg ikkje vil anbefale, så Østerbø er nok eit betre krysningspunkt. Den turen kan du lese om her: http://home.no/afeten/nordfjella/2_20Gjennom_vasskraftingeni.html Eg ser ikkje hensikta med å gå ned til Østerbø, dersom turen vidare går langs Hallingskarvet. Nordsida av Hallingskarvet kan absolutt anbefalast. Utan å kjenne planene dine, håpar eg at Hednedalsvatnet er i nærleiken av ruta di. Etter mitt syn, er det ei verkeleg perle.
  17. Då kan eg anbefale "Palos Brudefærd", riktignok frå Øst-Grønland og 1933.
  18. Akkurat no, er det liten storm på Dyranut, så du kan rekne med at all laussnøen er ein heilt annan plass enn han var før helga. No kan du rekne med at rabbane er avblåst, og at det er botnlause fenner i mange austhellingar.
  19. Dette tviler eg på at kan vera sant. I så fall var det resultat av dårleg skjeggvekst på akkurat desse to. Det er godt mogleg at det foregjekk dagleg barbering ombord i Fram, Gjøa og Maud og i Framheim, men neppe på Grønlandsisen og undervegs til Sørpolen, og heilt sikkert ikkje i jord/ishytta på Franz Josefsland.
  20. Eg har handla frå sportsnett mange gonger utan å ha hatt bruk for å ta kontakt med kundeservice. Det er i seg sjølv eit godt teikn. I forrige veke hadde dei vintersalg med 25% avslag, så då slo eg til å bestilte fleire ting. Til vanleg har eg aldri opplevd at lagerbeholdingen som er oppgitt på sidene ikkje har stemt, men eg veit at det skjer når dei har kampanjer, og det skjedde meg også denne gongen. Men det som var verre, var at dei ikkje hadde fått sendt med alt som skulle vera med i følge pakksedelen. Så no fekk eg endeleg prøvd ut kundeservicen. 16:55 fredag ettermiddag sendte eg e-post der eg forklarte problemet. Eg var innstilt på at eg ikkje skulle få svar før over helga. Men svaret kom før 17:00, og nytt nummer for pakkesporing kom lurdagen. Og eg har slett ikkje mista trua på at sportsnett er eig trygg nettbutikk å handle i.
  21. Tjukke ullsokkar i skistøvlene. Eg startar alltid den kaldaste delen av vintersesongen med heilt nye sokkar i skistøvlene. Dette er nok for meg så lenge eg er i aktivitet. Etter at eg har slått leir, tar eg av meg skistøvlene og bytter til tørre sokkar. Til utebruk i leiren har eg med meg forsvarets fotposar som eg har forsynt med 2-3 lag filtsåler. Eg har ikkje på meg støvler i desse fotposane, så dei er tørre, og det er god plass til å bevege på tærne. Utfordringa vert då å få opp aktiviteten om morgenen når eg har fått på meg halvtørre og frosne skistøvlar, slik at eg får varme i desse. Det kan vera ganske kaldt heilt i starten, men eg går meg varm ganske snart. Ein ting å tenke på med lærstøvler, er at lærstøvler godt innsatt med feitt er noko kaldare enn heilt tørt lær. Men dersom ein går med heilt tørt lær, så er ein sårbar for våt snø så dette er noko ein må vurdere utfrå lokalt klima osv.
  22. Vår/haust er det for å stenge ute vinden. Vinterstid følger snøen med vinden, så ein stenger ute snøen også. Det er enklare å legge snø opp på teltduken jo tettare denne følger bakken. På dei telta som ikkje stenger mot bakken, er dette ein del av ventilasjonen som også vert stengt dersom ein tetter att med snø, eller syr på stormmatter.
  23. Både tunelltelt og kuppeltelt har sine fordeler og sine ulemper. Eg har hatt begge deler. Det som derimot er viktigast er å kjenne sitt eige utstyr og dets begrensingar (og sjølvsagt sine eigne) og innrette seg etter det. På film kan det ofte sjå mest spektakulært ut med tunelltelt, ettersom det kan nærast legge seg heilt flatt i vinden. Og forskjellen mellom gode og dårlege teltstenger er at gode teltstenger bøyer seg, medan dårlege knekk.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.