Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Nei det handler ikkje om redningsaksjon, det handler om frivillig tur der ein gjer akkurat det ein aleina eller ei gruppe føler for. Det er ein vesentleg forskjell på å kun ta hensyn til seg sjølv på tur, og ein redningsaksjon der ein skal utføre eit oppdrag i tillegg til å ta vare på seg sjølv. Kanskje den største fordelen sikkerheitsmessig med å gå på tur aleine, er at ein kan avbryte turen, eller legge om turen etter eige forgodtbefinnande utan at ein treng argumentere for det. Men grunnlaget for dette er jo at ein eignetleg ikkje har noko ærend, og det gjeld ikkje for ein redningsaksjon der det ein har eit godt definert ærend.
  2. Eg har slitt ut ei Bergans membranjakke og ei bukse. På buksa rauk pinnen til å dra glidelåsen på baklomma. Dette var på grunn av at denne til stadigheit kolliderte med hoftebeltet på sekken. Den glidelåsen var sjølvsagt litt verre å åpne/lukke etter dette. Ellers har eg aldri hatt problem med glidelåsen på verken desse to plagga eller den andre jakka og buksa som eg også har.
  3. afe

    dårleg lukt i sko

    Målet er å tørke skoen, det som ikkje gjer skoen tørr, fungerer dårleg. Dryzone er i den kategorien. Eg har heller ikkje hatt dei med på tur, ettersom eg rekna det som totalt unyttig ekstravekt. Sjølv om eg kjøpte dei for det formålet. Avispapir fungerer derimot, og for vekta av eit par Dryzone, kan ein ta med avispapir for ganske mange skotørkingar. Og det brukte papiret kan ein kvitte seg med på bålet.
  4. afe

    dårleg lukt i sko

    Eg har slike, men eg syntest dei fungerer dårleg. Avispapir fungerer betre.
  5. afe

    dårleg lukt i sko

    Eg har aldri bål på langtur, til det er det for lite vegetasjon der eg går. Men eg passar alltid på å ta av meg støvler og sokkar i pausene, og prøver etter beste evne å stille støvlene slik at sola, dersom det er sol, når lengst mogleg ned i støvlene. Det same gjeld når eg stoppar for å slå leir. Solcelle og vifte kunne kanskje vera noko for den som ikkje er redd for litt ekstra vekt i sekken??
  6. http://www.friluftsliv.no/friluftsliv.no-artikler/snosmelting.html Mi erfaring er likevel at vatnet vert betre på smak dersom eg har litt vatn i kjelen frå starten av. Det gjer at det vert betre varmeoverføring i snøen akkurat i starten, noko som gjer at kjelebotn ikkje får så høg temperatur, og derfor ikkje lagar usmak på vatnet. Alternativet er å køyre på lågare effekt i starten, men då tar det sjølvsagt lenger tid.
  7. Dette er veldig individuelt, og avhengig av terreng. Erfaringsmessig ender eg på 20-25km pr dag på teltur, då går eg utanfor stig, i kupert terreng med mykje ur. Men i fjor gjekk eg ein tur på Hardangervidda, og der var det så lettgått at eg enda på 44km på ein dag. Der var det også litt kupert, for eg gjekk på tvers av dalane, og eg gjekk oppom dei høgdene eg gjekk forbi, men eg gjekk stort sett på gras. Eg gjekk også nesten utan mål og meining, så eg brukte lite tid på orienteringa. Korleis ein måler avstanden påvirker også den oppgitte farten. Sjølv måler eg alltid avstanden i horisontalplanet på kartet. Det skal vera uhyggeleg bratt før det gjer noko betydeleg utslag på den faktiske dagsetappelengda. Dersom det stig 100m på 1000 horisontale meter, så vert den faktiske strekninga 1005m. Dersom stigninga er 400m, vert diagonalavstanden 1077m, og det er bratt.
  8. afe

    dårleg lukt i sko

    Eg turkar alle slags sko og støvler med varmluftsskotørker. altså slik som bles varm luft i ein slange nedi skoa. Lufta er ikkje så varm at det skader skoa, men turkeeffekten er stor pga av den effektive luftutskiftinga.
  9. Du vert ikkje aleine dersom du går hytte til hyttetur på vidda i påska. Dei mest populære hyttene er til tider overfylte. Og dersom du går dei mest populære rutene, vil du nok aldri føle deg aleine, sjølv om kø ikkje er det rette ordet.
  10. Dersom eg skal plukke ut to navn som er verdt å nevne som heltar, så er det Tom Crean og Frank Worsley. Utan dei to, hadde England mista betydeleg fleire polfararar.
  11. Eg har alltid med eit par tjukke ullsokkar og luve til bruk i soveposen vinterstid. Nettopp fordi det er ytterlegheitene som fyrst vert kalde.
  12. Minst mogleg innsving, ettersom du kantar skiene men likevel skal køyre rett fram.
  13. No svarer eg ikkje på sprøsmålet, men eg vil likevel nevne at dersom du fyrer med gran, så får du eit bål som sprutar glør, det skjer ikkje dersom du bare fyrer med furu.
  14. Det er enda tynnere enn Bamse. Greit i kombinasjon med eit anna underlag. Sjølv kombinerer eg Bamse med eit kort, oppblåsbart. Tilsamam gjev det god isolasjon, og skulle det oppblåsbare punktere, så er det ingen umiddelbar krise.
  15. Dersom du hadde lest hundeloven, så hadde du visst at det står fleire heilt bestemte situasjonar der loven gjev rett til å avlive ein hund (kapittel 5).
  16. Eg uttaler meg kun utfra eigne erfaringar. Og når noko ikkje er godt nok for meg, så er det ikkje godt nok for meg. At andre kan gå på Everest, Sørpolen og Nordpolen med det same, hjelper meg faktis veldig lite.
  17. Normalt er det for tidleg med fottur på vidda i juni.
  18. Hundeloven finn du her: http://www.lovdata.no/all/hl-20030704-074.html §6 seier "I tiden fra og med 1. april til og med 20. august skal en hund bli holdt i bånd eller forsvarlig inngjerdet eller innestengt, slik at ikke den kan jage eller skade storfe, sau, geit, fjærfe, rein, hest eller vilt, herunder viltets egg, reir og bo. " + litt om tilgangen til lokale forskrifter Så er det mange kommunale forskrifter som utvider denne perioden mellom anna pga dyr på beite. Desse finn du ved å søke på 'Forskrift om båndtvang' på lokale forskrifter på lovdata, eller leiter på den aktuelle kommuna si heimeside. Dersom du er usikker, er det best å ha hunden i band så langt utover hausten som det er dyr på beite.
  19. Eg trur ikkje forskjellen i kostnadene er av betydning, og i alle fall ikkje avgjerande for dette valget. Fordelen med borrelås er at ein kan ha ein heildekkande borrelås som gjer at klaffen er tett i heile si lengde, det lar seg ikkje gjera med trykknappar. Så er erfaringane med borrelås litt delte. Denne tråden viser tydeleg at mange ikkje har problem med borrelås vinterstid, men eg er ikkje ein av dei. Det er jo ikkje slik at borrelåsen aldri fungerer for meg heller, men borrelåsen sviktar ofte nok til at eg ikkje likar han. Det er også dei som sverger til anorakk for å unngå både dette problemet og usikkerheita med ein potensiell sviktande glidelås. For dei som er mest opptatt av sikkerheit ved glidelåshavari, kan eg nevne at Bergansjakka mi er laga for å kunne feste ei fleecejakke inni, det er altså ein ekstra glidelås på innsida. Dersom hovedglidelåsen sviktar, kan eg godt bruke den indre glidelåsen til å halde saman jakka. Det vert riktignok ca 1cm trongare, men det fungerer.,
  20. Arktis Anojakke eller noko liknande trur eg jakka heiter Glidelåsen er ikkje av det vanntette slaget, nei.
  21. Snø og borrelås er eit problem, men dei gjer det likevel. Kundane har kanskje litt makt, men kven er kundane? Det store volumet friluftjakker er membranjakker, og det store fleirtalet av kjøparar av slike jakker, reiser aldri til fjells med jakka si. Slike jakker vert stort sett brukt i byen, til og fra jobb og butikken, og derfor har dei relativt få brukarane som bruker jakka i fjellet, liten makt, og derfor vert altfor mange detaljar på desse jakkene heller ikkje best eigna til bruk på fjellet. Utvalget av gode bomullsjakker til vinterbruk i fjellet er rett og slett for lite til at eg har nokon som helst moglegheit til å velge bort borrelåsklaffen.
  22. Ja det er fortjent. Det er alt for mange hundeeigarar som ikkje respekterer båndtvangen. Og i tida det ikkje er båndtvang er det alt for mange hundeeigarar som ikkje respekterer at dei også då skal ha kontroll over hunden sin. Eg reknar med at hundeeigaren som er ansvarleg for denne episoden også påstår at hunden hans bare er snill og grei: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_trondelag/1.8020262 Og det er sjølvsagt bra at du også fortel kva som skjer, slik at andre kan lære av det, og forhåpentlegvis ta meir ansvar enn det du har gjort. Reinen kan sjølvsagt bli skremt av ein fuglehund som vimsar omkring, sjølv om hunden ikkje er tøff nok til å springe etter reinen
  23. Dersom du har ei jakke med så skjøre tekstiler at du er redd dei ikkje tåler belastningen av ein trykknapp, så forstår eg at me har totalt ulike krav og forventningar til ei god jakke for bruk på fjellet vinterstid. Då vert sjølvsagt snø i borrelåsen ein uviktig detalj. Jakka mi har trykknapp både øverst og nederst på klaffen, og stoffet viser ingen som helst teikn til å svikte på nokon av desse trykknappane, så det er ikkje grunnen til at Norrøna har valgt å bruke borrelås på resten av klaffen. Grunnen er at Norrøna har tenkt seg ein tett klaff, og då er ein lang borrelås tilsynelatande ei god løysing, men problemet er at dei har oversett problemet med borrelås og snø
  24. Snøforholda i fjor var heilt spesielle. Det var lite snø og våren kom ein månad tidlegare enn normalt i fjellet. Men når det er sagt så er det mindre snø i fjellet no enn det var fyrst i april i fjor. Så dersom det ikkje kjem mykje snø i tida framover, men det derimot vert endå meir mildver, er ikkje Iungsdalshytta tilgjengeleg på ski i april. Eit normalår derimot, kan du enkelt gå på ski til Iungsdalshytta i midten av mai.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.