Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Devold multi sport er 100% ull, og passe tjukt, i alle fall etter min smak. T-trøye sumarstid. Langarma trøye vinterstid, kombinert med nettingtrøye under på dei kaldaste dagane. Dei tjukkare ulltrøyene brukar eg bare som pauseplagg. Ullstillongs har eg derimot nesten slutta med på grunn av den dårlege slitestyrken. Eg brukar heller Brynje nettingstillongs.
  2. Det er truleg veldig bra. Det har kome mykje snø etter påske, så no er det skiføre der det var bart i påska.
  3. Ei slik oppklaring ein gong for alle, ligg ein eller annan plass på nettet allereie, det er bare eit spørsmål om å finne den. Og sjølv om nokon legg inn ei slik ein gong for alle oppklaring her, er det likevel bare eit tidsspørsmål før denne heller ikkje vert funne når nokon les testen og stiller det same spørsmålet att.
  4. Testen vart naturlegvis gjennomdebatert den gongen resultatet vart kjent. Eg har ingen linkar å vise til akkurat no, men utfra det eg hugsar, så bekrefta Hilleberg den gongen at teltet i testen hadde teltduk frå ein bestemt levering av teltduk med feil. Eg hugsar ikkje sikkert om dei hadde kutta ut denne bestemte leverandøren etterpå, eller om dei bare hadde endra kvalitetskontrollen for å hindre at det same skulle skje att. Konklusjonen var i alle fall, og all erfaring seier det same, at testen ikkje er representativ for kvaliteten til Hilleberg.
  5. Ortlieb har vesker i fleire storleiker og fasongar. Sjølv har eg den største, og eg synest ikkje den er så stor. Der har eg plass til kamera med eit middels stort objektiv¹ i øverste lag, og nokre mindre objektiv, batteri osv under. ¹Kamera med 180mm/2,8 går greit. DSLR med 80-200mm/2,8 går ikkje, men det gamle kameraet for film med same 80-200mm gjekk akkurat.
  6. OK. Då trur eg ikkje det er nokon forskjell. Beskrivinga di høyrest akkurat ut som forskjellen på den gamle og nyare versjonen av hærens lusluve. Det bølgete isolasjonslaget er det same i hærens, og er helsetrøyenetting. Parallelle tjukke trådar ein veg, og tynnare trådar på tvers. Ettersom det bare er dei tjukke trådane ein kan kjenne gjennom ytterstoffet, kjennest det bølgete ut.
  7. På det eine bildet i denne tråden, ser luva unekteleg ut til å vera grøn! I så fall er ho frå hæren. Eg har ingen erfaring frå marinen, men eg har erfaring med losluva til to andre forsvarsgreiner, og dei har vore lik, med unntak av farga. Så no er eg spent på kva som er forskjellig på marinen si luve.
  8. Mi erfaring er at dei beste naturskildringane er skrivne i ei tid det ikkje var vanleg å trykke fargebilder. Det trur eg ikkje er nokon tilfeldigheit. Når inuittisk livssyn er nevnt, kan eg også anbefale "Sangen for livet" av Jørn Riel. Det er ein roman (eller riktigare 3) som foregår i arktis Kanada og Grønland gjennom eit knippe århundrer. Og tar for seg eit naturfolk sitt liv i isolasjon og i møte med andre folkeslag.
  9. Sjølv har eg dette i ein liten, vanntett pakkpose som attpåtil er raud.
  10. John Giæver har fleire gode bøker frå fangstlivet på Svalbard og Nordaust-Grønland.
  11. På slikt føre som du beskriv, har aldri blå extra svikta meg. Vert det ikkje feste, har ein smurt for kort. Smøring litt lenger bak og noko lenger fram, avhengig av kor ein allereie har smurt, men fortsatt blå extra. 11.04.2012 var det nysnø på Hardangervidda, i alle fall den delen som eg kjenner best, så klister ville eg halde meg langt unna. Men dersom eg ser bort fra di beskriving av føret, og bare legg til grunn mi eiga vurdering av forholda, ville eg vurdert lilla special akkurat denne dagen. Og smøring litt lenger dersom det fyrste forsøket ikkje gav feste.
  12. Så har Miljøverndepartementet behandla saken og forlenga prøveperioden: http://www.fylkesmannen.no/hoved.aspx?m=812&amid=3578511
  13. Eit av dei viktigaste kritera eg har for valg av leirplass, er nærheit til drikkevatn. Det er ikkje svar på spørsmålet ditt, men det er mi løysing på problemstillinga di.
  14. Om sumaren går ein omtrent like raskt uansett forhold. På ski om vinteren derimot, er farten veldig avhengig av føre, fra under vanleg sumargangfart til 2-3x sumargangfart. Men ettersom du tydelegvis ikkje har så mykje skierfaring at du er klar over dette, bør du ikkje rekne med noko større fart enn om du skulle gå til fots.
  15. Det ligg mange dybdekart på nettsidene til NVE. Det er særleg dei største vatna, dei som er regulert, eller har vore vurdert for regulering, men også nokre andre.
  16. Skare er snø som har vore kram men som har frose att. Skare er det sjeldan i fjellet før april. Men sjøl om det ikkje er skare, er snøen oftast fast pga vinden. Derfor begrensar eg påstanden min til over skoggrensa. Om det er litt laussnø heilt på toppen, er det veldig sjeldan langt ned til eit fast lag. Det er nøyaktig det same laget som større trinser stoppar på. Små trinser utan ein lang tupp under, er mykje meir behagleg å gå med under slike forhold, nettopp fordi den lange tuppen ellers på bryte seg veg gjennom snøen medan ein skuver ifrå og staven endrar vinkelen til bakken. Og dette er slik forholda er som regel. Så er det nokre få gonger, at forholda kan vera slik at større trinser kan ha ein liten fordel, men det er ikkje ofte, og den fordelen er ikkje stor. Eg er til fjells på ski kvar einaste helg frå det vert skiføre i november til sist i juni. Og på ca 25 år med racingtrinser, er det ein gong eg har opplevd så lause forhold at stavane sokk ubehagleg langt ned, men då var det så djup og så laus snø, at skiene sokk akkurat like langt ned, så eg gjekk med laussnø til låret. Større trinser ville ikkje vore betre. Eg snudde etter 200m og prøvde meg på 30' Tubbs-trugar, og dei sokk akkurat like langt ned dei også. All snøen var då kome det siste døgnet. Dagen etter var det heilt greie forhold, men slik at du truleg ville sagt at store trinser var best. Fordelen med små trinser i slike tilfeller, er at dei er mykje lettare å dra opp av snøen, fordi snøen glir av i motsetning til store trinser som lyfter opp 10-20cm snø i ein diameter som er lik trinsa. Du må sjølvsagt bruke dei stavane du sjølv er komfortable med, eg bare presiserer at det ikkje er nokon grunn til å fraråde bruk av racertrinser på turar som den trådstartar har planlagt. Eg brukte det sjølv i akkurat same området i påska i fjor.
  17. afe

    Mat på teltur

    Real gjekk eg lei av for 14 år sidan. Eg har åpna ei pakke i ettertid, men eg trur ikkje eg greide å ete opp. Eg hadde også ei pakke liggande i sekken nokre år som nødrasjon, men den vart kasta eller lagt bort ein lur plass. Det er sjølvsagt lurt å variere ein del, men nokre gjengangarar vert det. Ein slik gjengangar eg brukar ofte, er Toro sine Pasta di ein-eller-annan-italiensk-by. Koketid er 8 minutt og med litt tilbehør, vert ein pose ein passeleg porsjon. Nokre av variantane skal ein ha mjølk i, då fungerer turrmjølk greit. Eg brukar også å ha i litt turka grønsaker og kanskje litt lauk. Spekekjøtt, pølser, bacon eller liknande smaker godt i gryta eller ved sidan av. Dessert må også til, fruktsuppe er enkelt å koke frå pose. Gele og vaniljesaus er greit dersom du har tid til å vente på at geleen stivnar. Dersom ein ikkje flytter leiren i løpet av dagen, kan ein lage geleen om morgonen. Dei vanlege brødmåltida, bytter eg ut meg havregrynsblanding (havregryn, hakka nøtter, turka frukt mm) med vatn, varmt vatn om vinteren og kaldt vatn om sumaren. Bixit-kjeks og sjokolade som dessert.
  18. Det er ingen problem med små racing-trinser når ein bare er over skoggrensa. Eg har sjølv brukt det i ca 25 år, ca 50 dagar pr sesong, og eg gjer det fordi det er dei beste trinsene til høgfjellsbruk. Det ser amatørmessig ut i enkelte sine auge, men det fungerer veldig bra for oss som er meir oppteken av funksjon enn image
  19. 800g tørrmat høyrest heilt normalt ut for meg.
  20. Eg forutsetter ingenting, men akkurat den linja eg skreiv er for bash. Eg har sjølv bash på windowsmaskin på jobb. Du kan gjera det same i command.com i windows, men syntaksen til for-løkka er litt ulik der. Du finn ut av det ved skrive help for.
  21. Det var den enkle versjonen Steg for steg-forklaringa er å køyre gpsbabel ein gong for kvar gdb-fil, for å ikkje lage bare ei gpx-fil for-løkka gjer nettop dette. for x in *.gdb;do gpsbabel -w -r -t -i gdb -f "$x" -o gpx -F "${x%.gdb}".gpx;done "$x" vert automatisk bytta ut med filnavnet på gdb-fila. "${x%.gdb}".gpx vert like automatisk bytta ut med filnavnet på gdb-fila, men bytter også ut .gdb-etternavnet med .gpx. -w -r -t er opsjonar til gpsbabel for fortel at ein skal ta med vegpunkt, ruter og spor. -i gdb er filformatet til kildefila, -o gpx er filformatet til resultatfila.
  22. gpsbabel gjer dette. Har du bash, kan du gjera det slik: for x in *.gdb;do gpsbabel -w -r -t -i gdb -f "$x" -o gpx -F "${x%.gdb}".gpx;done Andre shell har litt annan syntax, men prinsippet er det same.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.