Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. https://www.google.no/search?q=FFI+site:www.fjellforum.no
  2. D300 eller D200 alt ettersom kva som er lettast tilgjengeleg. Det er sjølvsagt kobla ein GPS til kamera, koordinatar må ein jo ha for å ha eit fungerande arkiv. Eit lite utvalg småobjektiv blant 20mm, 28mm, 50mm, 100mm eller 105mm og 180mm eller 200mm. Vintertid prioriterer eg god lysstyrke med 28mm/2, 50mm/1,4, 105mm/2,5 og 180mm/2,8. Sumarstid prioriterer eg i større grad liten vekt og kort nærgrense. Då tar eg med meg 28mm/2,8 med 20cm nærgrense. Eg byttar ut anten 50mm med 55mm mikro, eller 105mm med 105mm mikro. 180mm vert gjerne bytta ut med 200mm/4 eller 135mm/2,8 for å spare vekt, litt avhengig av kva slags dyre- og fugleliv eg ventar å treffe på turen. I tilfellet med 135mm'en, droppar eg gjerne 105mm for å spare endå meir vekt. 20mm/3,5 trur eg er med alltid, ettersom dette er det objektivet eg har som taklar motlys desidert best. Alt dette har eg i ei vanntett Ortlieb-fotoveske festa på brystet i ein beresele. Der er det godt beskytta og alltid lett tilgjengeleg. I sekken har eg eit stativ. Anten Berlebach mini eller eit lite karbonfiberstativ på omlag same vekt. Det siste er langt frå så stabilt stativ, men det er høgare. Ei fokuseringskinne ligg også i sekken store delar av sumaren. Dersom eg har planer som gjer at eg har bruk for det, tar eg med meg ein ekstern blitz som eg kan styre trådlaust. Dette kan typisk vera til nærfotografering. På overnattingsturar vert derimot blitzen sjeldan med.
  3. Dette har vore diskutert på dette forumet fleire gonger. Søk litt så finn du kanskje noko.
  4. Norge: http://norgeskart.no/ Grønland: http://dk.nunagis.gl/
  5. afe

    Aurlandsdalen

    Overnatting på betjente hytter: Vassbygdi - Østerbø - Steinbergdalen - Geiteryggen - Finse eller Hallingskeid eller omvendt dersom du vil følge strømmen. Ikkje bare overnatting på betjente hytter: Ta ferja til Frønningen, gå til Storebotnhytta - Melarhytta - Østerbø - Vassbygdi, Storebotnhytta og Melarhytta er åpne hytter eig av Aurland fjellstyre.
  6. Bare la pumpa stå i flaska. Det gjev minst søl, og det er der pumpa er best beskytta.
  7. Det varierer nok stort over vidda, men webkameraet ved Dyranut viser i alle fall korleis det er der: http://webkamera.vegvesen.no/kamera?id=125512
  8. Det er bare stig. Det er nokre traktorsleper på austvidda, men dei går vinkelrett på ruta di.
  9. I denne samanhengen er det også verdt å nevne at G-1000 er 65% polyester.
  10. Nei, eg var der nesten ei veke før deg.
  11. Beklager, men eg hadde ikkje sett spørsmålet før no. Eg gjekk strekningen Hallingskeid - Geiteryggen måndag til tyrsdag (eg overnatta i telt ved Såta) i påskeveka. Då var det stikker med jevne mellomrom absolutt heile vegen.
  12. Kva som helst produkt kan bli testvinner. Einaste forutsetning er at det ikkje er betre produkt med i testen. Med tanke på kor mange heilt overflatiske testar som vert presentert i diverse media, er det absolutt ikkje noko ekstra med produkt som kallar seg testvinner. Fejll og vidde presterte for nokre år sidan å kåre det desidert tyngste teltet i ein telttest til testvinnar, og det nest tyngste til "mest for pengene". Det einaste eg greide å vera enig etter å faktis ha lese testen, i tillegg til eigne erfaringa med ulike telttyper, var at "mest for pengene"-teltet var teltet med lågast kg-pris i testen. Begge desse telta har sjølvsagt vorte marknadsført som testvinnarar etterpå. Eg har sjølv eit par ubrukte Vikafjell ståande i gangen. Det einaste inntrykket eg foreløpig har fått, er at skia er utruleg tunge i forhold til andre ski eg har. Eg håpar at det er eit teikn på styrke, men dette vil eg forhåpentlegvis ikkje få svar på før om 2 år.
  13. Det går hurtigbåt Gudvangen-Flåm: http://www.fjord1.no/default.asp?page=348 og ferje Gudvangen-Kaupanger-Lærdal: http://www.fjord1.no/default.asp?page=351 Begge desse går innom Styvi (sørsida av fjorden) og Dyrdal (nordsida av fjorden) på oppfordring.
  14. Kva er problemet med å vera avhengig av båt? Det går ferje.
  15. Der du har tenkt å følge merka stig, greier du deg godt med 1:100000 eller endå mindre. Der du derimot skal finne veg sjølv, er det sjølvsagt kjekt med meir detaljert kart, særleg dersom det er mykje kupert eller mykje vatn som skal vadast.
  16. afe

    Enmannstelt

    1. Ja, men løysinga har sine klare ulemper i vind. Det er veldig liten avstand mellom ansiktet og teltduken. I vind byrjar duken å slå litt opp og ned. Teltduken som brått slår ein i ansiktet, er ingen behagleg måte å vakne på Og det var då eg vart vekt på denne måten ei septembernatt, eg bestemte meg for å kjøpe eit betre vindtelt til haust- og vårbruk. Men Ringstind-teltet er fortsatt lettvektsteltet mitt om sumaren, når eg ikkje veit at eg kan rekne med spesielt mykje vind. Ettersom dette er ein effektiv måte å spare mykje vekt på, må ein bare ta det som ein av ulempene for å få ein lettare sekk. Ein av dei store fordelane med eit veldig lite telt i høgfjellet, over vegetasjonsgrensa, er at det er mykje enklare å finne ein slett plass som er stor nok til eit lite telt enn for eit større telt. Eg har brukt Ringstind-teltet mitt ei natt vinterstid (riktignok st.hansnatta), og det kan ikkje anbefalast. 2. Ja, i alle fall under visse forhold. Bardunar kan strammast sjølv om ein må flytte litt på ein plugg. For å få stramma opp duken på Ringstind, må pluggane ned nøyaktig der enden på teltet er plassert. Der det er enkelt å få ned teltpluggar kvar som helst, er det ikkje noko problem. Der det er mykje stein rett under eit veldig tynt torvlag, noko som er ganske vanleg i høgfjellet, kan Ringstind vera vanskeleg å få ordentleg stramt, noko som kan føre til at problemet med slåande duk i vinden vert unødig stort.
  17. Den var til gangs i mars. Og dei som spurte då, om når ein kunna rekne med barmarksforhold, fekk gjerne svar om at det låg an til rekordtidleg vår Det er fyrst og fremst veret i juni som bestemmer kor mykje snø det er att 1. juli, og det nesten heilt uavhengig av kva mykje snø det er no.
  18. I tillegg til dei svara du har fått, er det all grunn til å vurdere kva du hiv på bålet. Gran sprutar gnister og bør derfor unngås. Det meste anna brennbare ein finn i skogen, er derimot uproblematisk.
  19. Altså alt som normalt frå den kanten.
  20. Løypa er fylt med nysnø for lenge sidan, så den er borte. Eg har sjølv vore til fjells med skøyteski i dag, utanfor løyper, og det var heilt greitt. Eg gjekk mellom 950 og 1150moh. Det var litt blautt i dag, særleg i dei lågaste områda, ettersom det ikkje var så kaldt i natt, men det betyr jo bare at det vert tjukkare skare dersom det vert ordentleg nattefrost att. I går var det knallhardt fra morgenen. Over 1400moh hadde det ikkje vore mildver på den nyaste snøen, så der var det ikkje skare.
  21. Eg har hatt Nova i over 10 år og aldri forvarma med anna enn parafin. Sot har ikkje vore noko problem.
  22. Det er bare du som kan vite om fortelta er store nok for deg. Oppbevaring av ein sekk treng ikkje store plassen, men dersom du liker å tømme utover alt utstyr, og fortsatt ha full oversikt over det, treng du større plass. Matlaging treng heller ikkje så stor plass, det er takhøgda over kokeapparatet som gjerne vert den begrensande faktoren. Vinterstid løyser ein dette med å grave ei grop i forteltet. Resten av året løyser ein det med å klipse ned litt av innerteltet.
  23. Skisesongen slutt allereie? Det er jo bare april! Etter ei heller snøfattig påske her på austsida av langfjella, har det teke seg kraftig opp att i vekene etter påske, så no er det knallforhold i fjellet. Eg reknar med at ski vert helgesysselen to månader til, så avsluttar eg skisesongen med 2-3 dagar i Blåskavelenområdet i månadskiftet juni/juli.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.