Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. afe

    Kameravalg

    Eit midtpåtreet DSLR mangler også mange funksjonar I staden for å gå i skyttergravene og krangle om kva slags system som er best, må kvar enkelt finne ut kva for kamera (både system og modell) som er det beste kompromisset for sitt bruk. For kompromiss er det mange av, særleg når vekt og pris går inn i reknestykket. Dette er ikkje bare eit valg mellom spegellaus eller spegelrefleks, men like mykje eit modellvalg, ettersom dei billigaste modellane ofte er litt vingekutta når det gjeld funksjonalitet og tilbehør. Sjølv foretrekk eg eit kamera som er enkelt å bruke, også med votter på hendene. Då ender eg med eit litt stort kamera med knapper nok til at eg aldri treng gå inn i ein meny i felt. Andre vil prioritere vekt, ettersom sekken er tung nok fra før. Utvalg av tilbehør er viktig, men det som er viktig er bare om utvalget dekker dine behov. Utvalget av optikk er størst for dei godt etablerte systema, men så lenge ein greier seg med ein eller to zoomar med moderat lysstyrke og utan dei ekstreme brennviddene, er alle system godt dekka. Bildekvaliteten er avhengig av sensoren og optikken, ikkje av kva slags søkar det er på kameraet.
  2. Trugar har du nok ikkje bruk for. Det er sumar no, og den snøen du må gå på er knallhard.
  3. Området er ikkje så stort. Dersom du går rett fram, går du tvers gjennom området i løpet av 5 dagar. Forslaget mitt er at du går litt på kryss og tvers og lar turen bli til undervegs. Få med deg Fødalen i løpet av turen. Greie utgangspunt med tanke på bil, vert då langs fv 50 (favoritten min er ved dammen på Nyhellervatn), rv 52 eller Toviken. Eit alternativ er å parkere ein stad langs fv 50 og ta bussen til Gudvangen, eller parkere langs rv52 og ta buss til Lærdal. Frå Gudvangen eller Lærdal tar du ferje til Frønningen og går attende til bilen. Ferjeturen er i så fall finast, men også lengst frå Gudvangen.
  4. Dersom du med Skarvheimen (Skarvheimen er eit navn som turistforeningen fann på for få år sidan for å få meir oppmerksomheit om seg sjølv) meiner turistforeningens merka nett av stigar, er det godt mogleg at du treff eindel folk i Nordfjella (Nordfjella er det innarbeidde navnet som også vert brukt i forvaltninga). Men dersom du går utanfor dei merka stigane, kan eg ikkje garantere at du ser andre folk i løpet av ei uke. Fiske har eg ikkje veldig greie på, men i alle fall i Aurland er det veldig enkelt med fiskekort for store områder (gjer eit søk på aurlandskortet), og der er det også mykje bra fisk. Du finn litt meir om Nordfjella (og kanskje nokre turtips) på heimesida mi: http://home.no/afeten/nordfjella/
  5. Dersom turen går innom grensene for nasjonalparken, er det verdt å få med seg kva nasjonalparkbestemmelsane seier om akkurat dette: http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/lf/lf/lf-19810410-4830.html (punkt 4.5.1c)
  6. Du har sikkert smelta pakningane på reguleringsrattet også. Er du uheldig kan desse ha klint seg utover slik at du vil få problem med brennstofftilførselen. Muttera kan eg desverre ikkje hjelpe med. På Novaen min må eg etterstramme denne muttera med jevne mellomrom. Dersom eg ikkje gjer det, kan eg enkelt skruve ho avmed fingrane.
  7. Som forbrukar er det butikken ein skal forhalde seg til med reklamasjonar, så kva Primus seier, betyr ikkje så mykje, så lenge butikken tar ansvaret. No ser eg at denne tennaren har vorte endra sidan eg skaffe meg min gravity EF. Men tennaren min rauk også etter 2-3 gongers bruk. På min versjon, er knappen festa på gasslangen, i trygg avstand frå brennaren. Men nettopp at ledningen til tennaren måtte følge bøyinga av slangen, var ein så opplagt svakheit, at eg ikkje brydde meg med reklamasjon. Det einaste eg ville oppnådd var å få ein ny tennar som rauk etter kort tid. Det er nok dette problemet dei har løyst ved å feste knappen på brennarfoten. Får håpe varmeskoldet ditt løyser smelteproblemet.
  8. Slik fungerer det ikkje. Det er nok fint lite forskjell på blandinga øverst og nederst i boksen. Dersom propan og butan hadde vore adskilt, ville propantrykket vore like stort som i ein boks rein propan, og då hadde det vore påkrevd med sterkar (og derfor tyngre) boks, slik at denne blandinga hadde vore akkurat like uaktuell som rein propan til friluftsbruk. Det er sjølvsagt heller ikkje bare propan i gassfasen i starten, og bare butan til slutt. Det er ei blanding heile tida, men det er forholdsvis meir propan i gassfasen enn i den flytande fasen heile tida, slik at ved vanleg brenning, vil det forholdsmessig verte mindre propan i boksen etter kvart. For ordens skuld, for å unngå farlege ulykker med flammekastar. All utprøving av slike brennarar må skje utandørs under åpen himmel. Det gjeld uansett brennstoff. Fyrst når ein kjenner brennaren sin med det aktuelle brennstoffet, og sjølv kan vurdere nødvendige sikkerheitsavstandar, kan ein fyre opp under eventuelle tak (som ein allereie veit at er i sikker avstand). ps det går ann å forvarme med sprit.
  9. Det er bare gass som brenn, så for å få flytande brennstoff til å brenne, trengst det ein fordamping, eller forgasser som det heitar på bilspråket. For spritbrennaren, skjer dette i eit åpent kar. Fordelen er at det er lydlaust, men effekten er låg. Den andre hovudtypen av brennarar, står brennstoffet under trykk. Dette gjer at slike brennarar kan ha høg effekt. For gassbrennarar skjer fordampingen i gassboksen. Så lenge temperaturen i gassboksen er høgare enn kokepunktet til gassen, vil gassen fordampe etter kvart som gassen forsvinn ut av brennaren. Denne fordampinga krev derimot varme, og denne varmen vert tatt frå gassboksen, slik at temperaturen på denne synk gradvis til ein når kokepunktet, då er det ikkje lenger noko trykk som driv brennaren. Derfor fungerer gass dårleg om vinteren. Sjølv om lufttemperaturen er godt over kokepunktet til gassen, er det bare eit tidsspørsmål før gassboksen er avkjøla så mykje at brennaren sloknar. Sjølv om gassen fungerer til å koke opp eit liten kopp kaffe, kan det vera umogleg å lage middag med den same gassen. For mutifuelbrennaren, eller den klassiske parafinbrennaren, skjer fordampinga i brennaren, og det er varme frå brennaren som driv fordampinga. Ein slik brennar må forvarmast for å startast opp (enkelte slike brennarar er så enkle å forvarme dersom ein brukar bensin, at fyrstikka som tenner brennaren er nok.) Trykket som driv brennaren, får ein ved å pumpe trykk på tanken. Både på grunn av pumpinga og forvarminga, vert desse brennarane rekna som meir kompliserte å bruke, men dei fungerer godt også vintertid. Trikset for å få ein gassbrennar med slange til å fungere betre nedimot kokepunktet for gassen, er å snu gassboksen slik at gasstrykket bare vert brukt til å presse den flytande fasen ut til brennaren, så skjer fordampinga der som i ein multifuelbrennar. Den klassiske bensinbrennaren er ein liten mellomting. Der vert varmen frå brennaren ført ned i tanken, slik at bensinen fordampar i tanken, og fører til trykk som driv brennaren. Dette vart lenge sett på som så farleg, at det ikkje var lov å bruke i Noreg. Desse brennarane er veldig enkle konstruksjonar som derfor er meir driftsikker enn den kompliserte parafin-/multifuelbrennaren. Men effekten litt lågare ettersom trykket ikkje er så høgt. Dagens multifuelbrennarar er kontruert som den klassiske parafinbrennaren. Og ein slik slangebrennar er gjerne laga slik at ein kan bytte ut brenselflaska med ein gassboks og bruka han som ein gassbrennar. Men desse brennarane er dyr, og erfaringa viser tydeleg at ein dedikert gassbrennar, som også er billig, fungerer mykje betre enn ein multifuelbrennar på gass. Ein annan inndeling som er nevnt i tråden, er stillebrennar/bråkebrennar. Dette er to ulike måtar å lage sjølve brennerhovudet på ein trykkbrennar (gass/parafin/multifuel/bensin). Bråkebrennaren ber tydeleg preg av at brennstoffet er under trykk. Over dysa er det bare ei lita plate som sørger for at gasstrømmen går rett til himmels, og som sørger for at forbrenninga foregår nedved brennaren. Dette er ein enkel og gamal konstruksjon og også er lett å forvarme, ettersom det er lite gods som skal varmast. Stillebrennaren er litt meir forseggjort, der trykket vert redusert og fordelt over mange små hol i brennartoppen. Dette er den vanlegaste brennaren på gassbrennarar. Det er litt meir gods som må varmast opp, så forvarminga av ein multifuelbrennar tar gjerne litt lenger tid enn ein enklare bråkebrennar. Bråkebrennar eller stillebrennar er særleg eit spørsmål for den som brukar brennaren til å fyre i telt. Men også ute, i vind, er det forskjell. Vind vil fjerne mykje varme frå alle brennarane, men bråkebrennaren er litt mindre utsatt enn sstillebrennaren.
  10. Bomull og bomullsblandingar impregnerer eg med Fjällräven sin Greenlandwax og hårfønar. Andre tekstil har eg aldri brydd meg om å impregnere.
  11. afe

    Finse-Rjukan

    Det er ingen problem. Vidda er veldig lettgått. På vidda har eg sjølv gått dagsetappe på over 4 mil med telt og sovepose i sekken, i all hovudsak utanfor stig. I andre fjellstrok reknar eg 20-25km pr dag. Til samanlikning gav mine målingar bare 31km frå Kjeldebu til Sandhaug og 24km frå Sandhaug til Raudhelleren.
  12. 25% på Hilleberg på sportsnett denne helga: http://www.sportsnett.no/n/ok/73.aspx
  13. Ta ein gassboks på kjøkkenvekta. Gå ut og kok det du skal koke i løpet av ein dag. Gå inn att og veg boksen på nytt. Så gangar du opp differansen med tal dagar og legg til så mykje som du synest du må ha i slingringsmonn (pga av vind, lågare temperatur osv). Ender du opp med eit visst tal boksar, tar du notis på kor mange dagar kvar boks skal halde, slik at du har moglegheit for å regulere forbruket undervegs dersom det er grunn til å frykte at det vert knapt mot slutten av turen. Sumarstid har ein mykje å gå på ved å kutte ned på varm drikke eller bruke bål (sjølv om det kan vera naturleg begrensa høgt til fjells) osv. Vinterstid er det tida med fyring i teltet ein kan kutte ned på (men då er det ikkje aktuelt med gass).
  14. Så lenge det ikkje er noko markering på vanlege kart, og heller ikkje merking i terrenget, er det ingen grunn til at nokon kan forvente at du skal ta slike hensyn. Så det er bare å telte. Å drite i vatnet bør du uansett ikkje gjera, av hensyn til andre turgåarar osv.
  15. Det som ikkje skal fram i løpet av dagen, pakkar eg nederst i sekken, dvs sovepose, mat for dei komande dagane og anna som bare skal brukast i leir eller seinare dagar og som altså ikkje skal opp av sekken før teltet er oppe. Teltet vert lagt oppå dette. Øverst har eg det som skal opp i løpet av dagen, dvs dagens mat og evt klede som skal eller kan tenkast at skal brukast i løpet av dagen. Alt som ikkje bør i bli vått, har eg pakka i vanntette posar.
  16. Eg har med hell sydd om hoftebeltet på ein sekk som var for stutt i ryggen, så ja, det går. Korleis det er best å gjera det, er heilt avhengig av korleis den bestemte sekken er satt saman. Bruk ein solid sytråd.
  17. Når det gjeld reindriftsnæringa, har dei jo sjølvsagt rett til å bruke motorsykkel på barmark, ettersom dette er ei tradisjonell næring som har gjort dette i hundrevis av år. Og ettersom det har vore brukt motorsykkel i desse områda så mange hundreår, og det aldri har vore noko problem før, kvifor er det plutselig eit problem no?
  18. Eg har ei bok som heiter "Norsk mat - Tradisjoner og gamle matretter" Utgjeve av Norges bondekvinnelag og Landbruksforlaget. Der er det eit kapittel om skogsmat. Raskt samandrag er flatbrød, smør, ost, mjøl og gryn til graut og kjøt og flesk.
  19. Brennaren er den same. På trangia.se står det "Spritbrännaren rymmer 1 dl och brinner i ca 25 min"
  20. Høge eller lave er mest ein smaksak. Men du bør definitivt velge støvler som du ikkje får smerter av!
  21. Det er mykje som er betre, brenn reinare og luktar mindre vondt enn jet A-1.
  22. Eg kjøpte meg eit slikt for ei lita tid attende. Det har ikkje vorte mykje brukt fordi kvaliteten rett og slett er for dårleg. For meg har dette kameraet vore ei bortkasta investering.
  23. I motsetning til såkalla ordeltlige kokeapparat som har brennstoffet under trykk, og som du kan få med bråkebrenner eller stillebrenner, er ikkje Trangia stillebrennande, Trangia er lydlaus. Enkelte gonger er det kjekt. På korte turar, kan det også argumenterast for at Trangiabrennaren er lett. Eg har sjølv ein slik brennar liggande fast i dagstursekken. Det ville ikkje falle meg inn å bera med meg primus på dei same turane.
  24. Eg har aldri brukt anna enn vanleg raudsprit. Sotinga er etter mitt syn sterkt overdrevet. Eg har i alle fall ikkje vore plaga av soting frå raudspritbrennaren min. Men eg har aldri brukt den spareblussringen, det er mogleg at det vert litt meir soting med den i bruk.
  25. Det var nok ein annan rapport eg tenkte på. Men kjemien er akkurat den same. Dess meir flamma vert nedkjøla, dess dårlegare vert forbrenninga. Resultatet vert meir CO. Betre varmeoverføring betyr jo nødvendigvis meir nedkjøling av flamma. Rapporten eg tenkte på gjekk ut på at brennarar med liten avstand til kjelen gav meir CO. Løysinga er fortsatt den same, god lufting.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.