Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Som om det ikkje er europaveg og jernbane på Dovrefjell
  2. Eg brukar ei blanding av hakka nøtter, rosinar, havregryn og smaksatt litt ekstra med tørka frukt. Den tørka frukta er forskjellig fra gong til gong for å få litt variasjon. Har eg ferdigblanda müsli i huset, kan eg ha litt slikt i også. Dette brukar eg kaldt vatn på om sumaren og varmt vatn på om vinteren. Den same blandinga brukar eg til undervegsmåltida. Smaken er forskjellig, og enkelte ting kan ein gå grundig lei, men denne blandinga har eg brukt fast på tur sidan 90-talet, og eg synest fortsatt at det er godt. Utan frukta, trur eg at eg hadde vorte lei.
  3. Eg har Hilleberg Soulo til denne bruken, dvs vår og haustbruk med mykje vind og liten plass til teltpluggar. Vekta er rundt 2kg (200g over), men det er bare einmanns, og trangt for ein mann med mi lengde. Hilleberg har eit 2 manns kuppeltelt på 2,1kg, det heiter Rogen. Ytterteltduken går ikkje ned til bakken, det er sjølvsagt med på å spare vekt, men det gjer det trekkfullt i vind. Eg sjølv ville ikkje valgt dette teltet. Men det er kanskje det rette teltet for deg, det er det i så fall bare du sjølv som kan svare på. http://hilleberg.se/sv/product/rogen PS Eg har også dårlege erfaringar med Helsport sine sprø stenger.
  4. Kva som sotar under forvarminga, er etter mi erfaring veldig avhengig av korleis brennaren er konstruert. Eg har brukt parafin til forvarming av ein Optimus Nova i 12 år. Det er litt sot akkurat det eg stikk inn fyrstikka, men ellers er brennaren sotfri. Eg har også ein Primus Multifuel som vert svart av sot etter to oppfyringar når eg forvarmar med parafin. (Parafinen er den same, frå same kanne)
  5. Det er været som bestemmer heilt og haldent. Dersom det ikkje har vore nedbør, er det fortsatt barmark, uansett temperatur. Med litt barfrost, er gjerne myrane harde og lette å gå i. I så fall er dette den aller finaste tida å gå tur. Dersom det er nedbør på den tida, er dette (forhåpentlegvis) helst som snø, men ikkje rekn med skiføre i terrenget. Temperaturen kan vera alt frå -20 til +10, mest truleg mellom -5 og +5. Fiske ville eg ikkje rekne med ettersom det gjerne har lagt seg is, i alle fall eit stykke utover frå land. Dersom du spør att i veka før turen, skal du få meir nøyaktig beskriving av forholda.
  6. Vanntett gjer bare at kondensproblem vert større. Det er fuktigheit i posen ein vil unngå, og det skal vera rått vær og føre før fuktigheita utanfrå overgår fuktigheita innanfrå. Dersom det er sikre kuldegrader, ville eg aldri lagt meg til i ein vanntett sovepose. Dette har vore diskutert her før, og det har vore personar som har gode erfaringar med vanntett pose. Men uansett kva enkelte vil seie, det vert kondens og det er bare eit tidsspørsmål før dette vil følast som eit problem. Vindtett kan vera fornuftig, sjølv om dette også er uheldig med tanke på kondens, men heldigvis ikkje så ille som ein vanntett pose.
  7. Du skriv svaret sjølv: fordi dunajakka som du har planlagt at skal halde deg varm i pausa ikkje taklar sveitta. Alternativet ditt er å ta konsekvensen av at dun ikkje egner seg til ditt bruk. Du kan velge eit isolasjonsplagg i andre materialer enn dun. Den meste vekta i ei så lett jakke, er ikkje isolasjonsmaterialet, men ytterstoffet og glidelås. Derfor er ei tilsvarande jakke med kunstfiberfyll eit heilt brukbart alternativ. Det er i tjukkare jakker at dun har noko for seg. Sjølv ville eg i situasjonar som det du beskriv, bruke ei ullfrottetrøye, eller bare droppa pausa (alternativt ta ei rask pause litt før toppen, slik at eg vert varm att før eg byrjar på nedturen).
  8. FYI: Amundsen sitt telt hadde ikkje stanga i midten.
  9. Karta til Garmin er relativt lukka. Men det finnst tilgjengeleg program til både å lesa og å lage kart til Garmin. Spor-filene er derimot standard gpx(som er xml), så dei er det enkelt å få inn i samtlige kartprogram, anten direkte eller etter enkel konvertering. Det same må ein gjera med spor frå andre, enklare loggerar, for å få lagt det på eit kart. At det finnst dyre kart til å legge inn på Garmin-gps'en, er derfor ingen ulempe, men ein ekstra moglegheit dersom ein er villig til å betale kostnaden.
  10. I forhold til dei alternativa som ikkje har moglegheit for kart, kan vel ikkje dyre kart reknast som nokon ulempe.
  11. Eg har ingen erfaring med dei to teltmodellane, men eg har to telt med Hilleberg sitt klipssystem (vinter og vår/haust). Eg kan bekrefte at systemet fungerer godt sjølv i dårleg vær og med vindvotter på hendane og eg er aleine om å setje opp teltet. Men det tar lenger tid å setje opp enn eit telt med stangkanalar og stengane halvt itredd ("pulkmetoden").
  12. Gassbrennaren er svært avhengig av temperatur. Og temperaturen i boksen går ned når brennaren står og brenn. Derfor vil du nok oppleve at effekten går ned etter ei tid på full guffe. Men dersom boksen får temperert seg att, er effekten like stor att, slik er det heilt til boksen er tom.
  13. Eg har aldri med meg lykt til fjells om sumaren.
  14. Klede og støvlar prøver eg så godt som alltid før eg kjøper. Då kjøper eg også i den butikken eg prøver. Lærstøvler prøver eg alltid det paret eg kjøper, sjølv om storleiken er lik, kan det vera ulikheiter mellom ulike par. Småting kjøper eg i lokal sportsbutikk når eg likevel er i nærleiken, så sant dette er på lager. Større ting som telt ol, har sjeldan den lokale sportsbutikken har på lager den modellen eg vil ha. Då er det enklast å bestille på nettet sjølv. Turmat kjøper eg der eg kjøper all anna mat.
  15. Kvart til kvart sitt bruk. Spritbrennaren er veldig billig. Solgt i sett med vindskjerm og fleire kjelar og steikepanne (vert kalla stormkjøkken), er prisen gjerne rundt halvparten av kva ein typisk bensinbrennar kostar. For den som vil ha billig utstyr, anten som nybyrjar eller for bare sjeldne turar, er spritstormkjøkkenet midt i blinken. I motsetning til gass, fungerer sprit også i kuldegrader. Så det er fullt brukbart til påsketuren, sjølv om ein ikkje må finne på å bruke det inne i teltet. Bensinbrennaren er å få i bråkebrennar og stillebrennar. Men spritbrennaren som ikkje arbeider under trykk, er så godt som lydlaus. Sjølv brukar eg ha med meg ein fyllt spritbrennar på dagsturar. Denne er liten og lett, går nedi kaffikjelen, og kan enkelt koke opp to kaffikjelar dersom det ikkje er ved til bål i nærleiken.
  16. I følge http://www.graenslandet.se/sv/nio-skyddade-naturomraden/rogen "Hela den svenska myskoxstammen, som 2010 bestod av sju djur, tillbringar vinterhalvåret på fjällen norr om sjön Rogen." var det i alle fall liv i nokre få dyr i 2010
  17. Haldalsåne er heilt uproblematisk så langt oppe. Fødalsåne er det bru over. Brua er litt innanfor der dalane møtest, men følger du stigen går denne rett på brua.
  18. Eit alternativ, dersom du ikkje har mykje mot å køyre buss, er Sognogfjordaneexpressen ( http://www.fjord1.no/buss/ruteoversikt-for-buss/ekspressbussruter/sogn-og-fjordane-ekspressen-oslo-gol-sogndal-hoyanger-vadheim-skei-forde-floro ) fra Oslo (21:25 evt 22:20 Gardemoen) Då er du på Håbakken 04:00. Derifrå tar du Sognebussen ( http://www.fjord1.no/buss/ruteoversikt-for-buss/ekspressbussruter/sognebussen-sogndal-ovre-ardal-lardal-aurland-voss-bergen ) 06:45 og er framme ved Stalheim ca kl 8. Kjem du med fly til Oslo, kan du også vurdere å flyge like til Bergen og ta tog/buss derifrå.
  19. Det er mykje snø, særleg vestpå. Sjølv var eg på skitur på Blåskavlen forrige fredag. Men snøen er fast, så det bør ikkje vera noko problem. Men det betyr sjølvsagt at det også er mykje snøsmelting og mykje vatn, som kan gjera enkelte vadingar utfordrande. God tur.
  20. Aquacam L Eg hadde i alle fall plass til D1X (med L-plate frå RRS) med 180mm/2,8. Då gjekk det eine rommet i botnen halvegs bort til grepet på kameraet.
  21. Eg har ei Ortlieb-veske på brystet. Der har eg plass til DSLR med objektiv i storleik som 180mm/2,8 eller 80-200mm/4. Under kameraet er det 3 rom. Kvart av desse er det plass til eit objektiv i storleik som 135mm/2,8 eller 105mm/2,8 micro, eller 2 små objektiv som 50mm/1,4, 28mm/2,8, 20mm/3,5 eller ein teleforlengar. Det er altså plass til 3-6 objektiv i tillegg til det som er på kamera. Objektivvesker som dei LowePro lagar, er også godt eigna til å feste i hoftebeltet på sekken. Men desse er ikkje vanntette. Treng eg meir enn dette, ligg det (pakka separat i vanntett pakkpose mogleg, dersom det er nødvendig) i ryggsekken.
  22. Eg har bare positive erfaringar med passformen til Fjällrävenbukser. Bergansbukser derimot synest eg har merkeleg passform. Så dette er tydelegvis individuelt;)
  23. Om det er farleg, er ein sak. Sunt er det i alle fall ikkje. Det er mange kreftframkallande stoff i røyk, noko ein får i seg både gjennom røykt mat og ved pusting i røyken. Av det meir akutt farlege eg kan tenkje meg, er karbonmonoksyd, men dette er bare i forbindelse med innpusting.
  24. afe

    Jervenduk og Lyn

    Ja, det kan vera lurt. Gjer eit søk på "Faradays bur" for å få forklaringa.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.