Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Primus Litech-kjelen er då ein fin kaffekjel.
  2. Aldri spritbrenner inne i teltet!!!! Det er livsfarleg. Spritbrennar er som nevnt enkel og driftsikker konstruksjon, men det er ikkje noko ein bør ta inn i teltet, heller ikkje forteltet. Låg effekt og dårlege eigenskapar i vind, gjer at eg aldri har montert Trangiaen etter at eg fekk meg ein liten og nett Nova i 2000. Sjølv om tanken den gongen var at eg skulle bruke Nova'en vinterstid og Trangia sumarstid, men slik vart det ikkje. Eg har i den seinare tida prøvd ut ein svea 123r med tanke på at det skal bli favorittbrennaren for sumarbruk, men det mangler ein god del på at eg har fått godfølelsen for svea'en enno. Forutsetningen for at svea'en blir den foretrukne sumarbrennaren, er at eg greier å få til ein meny som passar nede i 1 literskjelen som Svea'en passer perfekt nedi. Pakkbarheita vert i så fall utslagsgjevande. Det største ankepunktet eg har mot svea 123r, er at brennaren er veldig ustø. Ein er heilt avhengig av fast og slett underlag, ellers er det usikkert om kjelen står på brennaren, eller ligg ved sida med maten utover bakken etter litt lett røring.
  3. Isolasjonsmessig er det ingen forskjell! Sjølv har eg med oppblåsbart underlag for komforten sin del, og då vil eg ligge rett på det. Bamse er knallhardt, og får ligge underst.
  4. Det skal vera fisketrapp i dammen på Halnefjorden: http://www.nlbvassdrag.no/default.aspx?ArticleID=41662&MenuID=5501
  5. Svea123r har ventil for effektjustering, sikkerheitsventil og tanklokk. Spritbrennar har bare tanklokk og det skal takast av ved bruk. Så ei utett pakning her fører bare til søl ved transport, ikkje funksjonssvikt. Jo, det er definitivt meir leamikk på Svea123r enn ein spritbrennar. Det er også derfor det lar seg gjera å lage ein spritbrennar men ikkje in svea123r av ein ølboks.
  6. Eg har ein Svea123r som eg har i ein solid plastboks som eg så puttar ned i 1l etapower-kjele frå Primus. Det heile vert då ei pakke som er ubetydeleg større enn brennaren aleine.
  7. Hiker-navnet vart nok brukt lenge før nova-brennaren vart plassert inn i kassa, og før Nova kom på markedet også.
  8. Ei lett øks kan ikkje brukast til noko som helst, så då er sag det einaste aktuelle.
  9. Eg har nesten aldri mykje under jakka vinterstid. Når eg er i aktivitet held eg meg varm uansett så lenge jakka er vindtett. Når eg ikkje er i aktivitet, har eg på meg ei isolasjonsjakke utanpå. Ei ulltrøye, og eventuelt ei nettingtrøye under er alt eg har på meg under jakka. Det eg er oppteken av når det gjeld storleik på jakke, er at ermane er lange nok uansett kva retning eg har armane. Det vil seie at det er god lengde når armane heng rett ned. Med ei velfungerande stramming rundt håndleddet, er det heilt uproblematisk med god lengde. Med mi kroppsform og jakke med lange nok ermar, er eg sikra god plass til både ein og to tjukke ullgensrar under jakka, men dette er enkelt å stramme inn med snor i livet. Dersom jakka "kanskje ble litt trang dog kun helt nederst om jeg skulle bøye meg", er ho for lita, gå opp minst ein storleik!
  10. Med tanke på at det er Gore tex, bør jakka fungere godt til sein haust og sein vinter (og til vinter ellers dersom ein ikkje er sikra kuldegrader). Sjølv foretrekk eg bomull når eg er sikker på at det er kuldegrader på heile turen, men det er delvis ein smaksak.
  11. Utvendige stangkanalar er etter mitt erfaring det beste. Helsport sine innvendige kanalar er i alle fall så irriterande at det aleine er god nok grunn til å velge eit anna merke. At innvendige kanalar er godt nok, hjelper ikkje Helsport så lenge konkurentane har noko som er betre.
  12. Skal ein bruke pris som virkemiddel, må ein setje opp prisen i dårlege år. Å redusere prisane for å få mindre jakttrykk ville vera dumt.
  13. Det vert ikkje meir nøyaktig, men dei plutselige hoppa som ein ofte ser på ein GPS (eg har sjølv opplevd at GPSen viser meir enn 30 høgdemeter endring på under 5min på staden kvil, med fri sikt heile vegen rundt over horisonten), vert utjevna ettersom barometeret fortel logikken at høgda ikkje endrar seg. Over korte tidsrom er barometeret mykje meir stabilt enn GPS-høgda. Over lengre tidsrom er det omvendt. Ulempa med ein slik autokalibrering, er at ein ikkje sjølv kan følge med på kva som skjer.
  14. Sjølv jakter eg for matauk og for å forvalte ein naturressurs. Småviltforvaltninga har eg aldri forstått meg på, og derfor jaktar eg heller ikkje småvilt. Men dersom småviltjegrane jaktar for rekreasjon og mestringsfølelse, forstår eg at det kan vera ei forvaltningsmessig utfordring.
  15. Nei, du kjem aldri til å finne eit telt som dekker alle årstider, til det er behova for ulike gjennom året. Sjølv har eg eit vintertelt, eit 2 sesongstelt (vår og haust) og eit sumartelt, det fungerer godt for meg. Heilårstelt er ein utopi. Eg har nok fleire sko, men det er forbruksvare. Eg kjøper nye lenge før dei gamle er utslitt, og kan også ha fleire ulike par til nesten same bruk.
  16. Det har såvidt vore frost i natt. Så no er nok haustfargene like om hjørnet.
  17. Eg måtte sjekke korleis to tilfeldige gassbrennarar eg fann, var laga. Begge var frå Primus, den eine var slangebrennar. Ingen av dei hadde pakning mot den store ringen på boksen, eller var konstruert for å ha det. Med dei to brennarane, vil ikkje denne litt høgare ventilen gjera noko som helst til eller frå.
  18. afe

    Enmannstelt

    Erfaringa mi med Ringstind 1 (ikkje den nye, mindre og lettare modellen) er at det er rikleg med plass. Lengda er så bra at eg har god plass til å legge klede og anna rask i enden av innerteltet og fortsatt ha plass til å ligge med mine 190cm. Sekken får eg plassert i forteltet, utan at eg må krabbe over han når eg går inn og ut av teltet. Når været er slik at eg lagar maten inne i teltet, hektar eg ned mesteparten av innerteltet og har full takhøgde over primusen. Det er alt for trangt i forteltet til at eg vågar å ha primusen der. Plass er utan tvil noko ein må ofre dersom ein ein skal ha eit lett telt. Med lettare sekk kan ein gå lenger kvar dag eller få ein lettare tur eller ta med seg noko anna for å berike turen. Dette er valg kvar enkelt må ta sjølv, og gjerne ta før kvar enkelt tur. Med unntak av 2 netter i forbindelse med eit 50 årslag rett under skoggrensa, har eg brukt teltet kun i høgfjellet. For meg har det vore god nok plass, også i dårleg vær. Til haustturar eller dersom eg er så høgt at eg vil ha eit sjølvståande telt, har eg Hilleberg Soulo som er mykje trongare på alle kantar.
  19. Snøen bør ikkje vera noko hinder, bare litt tyngre å gå. Men med litt kulde, kan de fort oppleve at det er passe dårleg is eit lite stykke utover frå land, det kan gjera fisket vanskeleg. Med fint vær skal det ikkje vera mørkt 19:00, men med tungt skydekke, er saken ein heilt annan.
  20. Når moskusen i si tid vart flutt frå nordaust-Grønland, vart det gjort på den måten at samtlige vaksne dyr i flokken vart skoten, så vart kalvane fanga og transportert over havet.
  21. Ved å ha det liggande i sekken, ja. Det er slettes ikkje sikkert at ein finn så pass ly, at ein kan beskytte utstyret mot vatn. Det kan hende du greier det på dine turar. Eg greier det ikkje alltid å mine turar. Å påstå at ein telefon som ikkje tåler vatn, er like bra som ein vanntett GPS fordi elektronikk av natur kan svikte, vert veldig feil. Elektronikk sviktar konsekvent av skittent vatn. Ein vanntett sak kan også svikte, men sjansen for det er minimal i forhold. Eg har ikkje utstyrsmani og har heller ingen behov for å markere meg for kompisar. Det er grunnen til at eg ikkje har ein slik nymotens telefon, men heller satsar på enkle dingsar som eg veit eg kan stole på. Eg greier meg stort sett utan GPS også, men skal eg ha ein GPS i sekken, skal det vera ein som tåler å bli brukt i regn og skodde!
  22. Nettopp som nødinstrument som bare vert brukt i dårleg vær, er noko som ikkje tåler regn heilt uaktuelt for min del. Av same grunn har eg kartet i ei vanntett kartmappe.
  23. Eg har sjølv fått skore ut ein fiskekrok langt til fjells. I mitt tilfelle satt kroken pal fast, så han vart skore ut i staden for å bli tredd igjennom for å klippe av mothaken. Det var vondt medan det stod på, men når ein ikkje har noko valg, må ein takle såpass.
  24. Det er ei innstilling ein eller annan plass for kontrast på displayet. Eg ville prøve å stille på denne. Dersom du ikkje har bruksanvisning liggande, finn du det på sidene til Garmin.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.