Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Fotposane, vindvottene og losluva er gode og umogleg å finne gode erstatningar for i sivil sportsbutikk.
  2. Kan sikkert brukast som GPS også http://orustkajak.pixelstore.se/index.php?option=com_content&view=article&id=11&Itemid=14&lang=sv
  3. Eit svar litt utanfor det du spør om. Men dersom du fyrst og fremst er ute etter ei god bok, og utvidar horisonten og tar med Tyskland, kan eg anbefale "Kvinne i polarnatten" av Christiane Ritter (originaltittel: Eine Frau erlebt die Polarnacht). Ho overvintra saman med mannen sin, Hermann Ritter og tromsømannen Karl Nicolaisen, på Gråhuken på nordsida av Svalbard 1934-35. Det var ei fangstovervintring, men Hermann Ritter vart seinare kjent frå 'krigen om været' der han leda den tyske overvintringa i Hansabugt 1942-43 og kom i kamphandlingar mot sin tidlegare venn, Henry Rudi. Det finnst også mykje svensk litteratur. Adolf EriK Nordenskiöld, Otto Nordenskjöld og Salomon August Andrée er aktuelle navn. Andrée rakk ikkje å skrive om ballongturen sine sjølv, man mange andre har gjort det. Blant dei, kan nevnast 'Med Ørnen mot polen' frå 1930, basert på dagbøkene som vart funnen på Kvitøya, og Per Olof Sundman si bok 'Ingeniør Andrées luftferd' som han fekk Nordisk Råds Litteraturpris for. Dansk polarlitteratur er i stor grad begrensa til Grønland, men til gjengjeld er det mykje. Achton Friis si bok 'Danmark Ekspeditionen til Grønlands nordøstkyst 1906-08' er ein klassiker på nesten 700 sider. Knud Rasmussen er eit anna navn, mest kjent for 'Den store sledereisen'
  4. I utgangspunktet skal det ikkje vera næringstoff i vatn. Dersom det er forskjellig mengde næringstoff i gammel og ny snø, er det nok meir næringstoff i den gamle snøen. Eg prøver alltid å bruke den reinaste snøen som er tilgjengeleg. Dersom det er nysnø på toppen, brukar eg den. Med vårsnø som ber preg av mykje forureining på overflata, brukar eg snø som ligg under overflata.
  5. Packraften min kan også brukast på flatt, stille vatn.
  6. Willem Barentsz er det fyrste navnet eg kjem på. I alle fall ei bok om han er utgjeve på norsk ("Willem Barentsz' siste reise Etter Gerrit de Veers beskrivelse fra 1598") Skipet Roald Amundsen reiste til Sørishavet med, heitte Belgica og var under Belgisk flagg (men båten var opprinneleg norsk). Adrien de Gerlache var navnet på ekspedisjonsleiaren. Du finn Frederick A. Cook sin beretning frå ekspedisjonen på: https://openlibrary.org/books/OL20514734M/Through_the_First_Antarctic_Night_1896-1899_A_Narrative_of_the_Voyage_of_the_Belgica_Among_...
  7. Korleis føret er om ein månad, er avhengig av korleis veret er i løpet av denne månaden. Det kan smelte mykje snø på ein månad, særleg når denne månaden er juli. Den snøen som er att når du reiser på tur, er truleg hard og fin å gå på. Men med mykje snøsmelting, vert det også mykje vatn, og det kan sjølvsagt vera utfordrande enkelte plassar.
  8. Sjølv foretrekk eg litt strategisk overlapp når eg skriv ut kart over fleire ark. Det vil seie at eg både turens art og landskapets art er med å bestemme kor mykje overlapp eg lagar. Det går sjølvsagt ikkje ann å få til i ein automatisk funksjon. Men i ein automatisk funksjon for utskrift over fleire ark, bør det vera ein valgbar verdi for overlapp, til dømes i antall km.
  9. I små kommuner ser ein ofte betenklege koplingar mellom partar i ei sak. Dette ser ein fordi forholda er små og oversiktlege. I store kommuner skjer det same, men det er mykje vansklegare å oppedage det. I den samanhengen foretrekk eg små, oversiktlege kommuner.
  10. Heilt enig. Med ein trådtittelen som er så langt frå innhaldet i tråden, er eg veldig usikker på kva agenda trådstartar eigentleg har. Er det denne eine saken, eller vindkraftutbygging han vil diskutere, ville eg valgt ein heilt annan trådtittel. Dersom det er kommunestruktur han vil diskutere, burde han valgt ei anna sak.
  11. Eg er enig i alt utanom dette: Det er då ingen problem å fylle ei flaske med stor åpning. Eg har i alle fall aldri opplevd det. Når det er kaldt, foretrekk eg flaske med større åpning, ettersom det går raskare å fylle og ein vert ikkje så frossen på fingrane. Er bekken veldig liten, kan det derimot vera vanskeleg å få vatn ned i ei vanleg brusflaske fordi flaska må stå på hovudet for at vatnet skal nå opp til åpningen. Då er det greit med ein større åpning slik at flaska kan ligge meir horisontalt. Etter eige minne vil eg også påstå at brusflasker ikkje har vore eigna til slik bruk så lenge som 40 år. For 40 år sidan var brusflaskene av glass, og det var bare dei største som hadde skrukork.
  12. Det var ei grei oppsummering som stemmer godt med mine eigne erfaringar. Med unntak av at eg ikkje padlar i skjærgården, ikkje har frue å dra på og ikkje ikkje er bunden til telt som er merkt med mitt eige familienavn.
  13. I forhold til andre einmannstelt med liknande romløysing, som Helsport Ringstind og Hilleberk Akto som har ei stang, har Soulo 3 stenger. Det gjer at desse telta er i kvar sin ende av skalaen for korleis dei taklar vind, men det gjer også at Soulo er tyngre. For at Soulo ikkje skal bli veldig mykje tyngre, er Hilleberg valgt å spare litt på plassen i forhold til dei lettare einstangstelta. 170cm gjer sjølvsagt teltet meir romsleg enn for mine 190cm. Og det er gjerne forskjellen mellom mi erfaring med at det er supertrangt og di erfaring om at det er god nok plass. Du kjem nok til å bli fornøgd med teltet.
  14. Det er lenge til du kjem så langt vest at snøen vil bli problem. Innan den tid har det smelta mykje, og den snøen som er att, er hard og fin å gå på. Eg tviler på at du har bruk for trugar, men mykje vatn kan kanskje by på utfordringar.
  15. Det er bare nokre små snøfenner på Sangenuten akkurat no, altså så godt som snøfritt. Har du vurdert havkajakk i ein av fjordane, Nærøyfjorden eller på Sunnmøre? Med dagsturar opp mot snøgrensa.
  16. Med tanke på din eigen sikkerheit, bør du ta kokeapparatet ut av lomma ved bruk
  17. Du vil nok forbanne det skrå taket på Nallo. Vind ville eg ikkje bekymre meg for. Tunneltelt er godt nok i vind, sjølv om lydnivået kan vera noko høgare enn i kuppeltelt i sterk vind.
  18. Heilt uavhengig av årets forhold, er det alt for tidleg å planlegge fottur frå Finse så tidleg på året. Dette er ein klassisk nybyrjarfeil som kjem fram i utallige trådar her på forumet kvart einaste år. Skal ein gå fottur så tidleg, må ein vente til ein ser ann forholda. Med årets forhold, er ski svaret, men vær forsikitg over vatn og vassdrag.
  19. Det er riktig at Hilleberg sitt klipssystem gjer kuppeltelta deire lett å sette opp aleine, men det er ikkje lettare å sette opp enn eit tunneltelt. Nallo er også veldig lett å sette opp aleine.
  20. Akkurat det same gjeld for aluminium. Det egner seg godt på sterk varme, men det må vera noko som held temperaturen nede. For koking er dette enkelt, for steinking gjeld det å passe på at varmen ikkje vert for sterk.
  21. Det er på grunn av at wms-tjenesten (wms.toporaster2) som vert brukt, ikkje eksisterer lenger (er erstatta av wms.toporaster3). http://status.kartverket.no/2015/02/19/toporaster2-erstattes/
  22. Med god værmelding er det fullt forsvarleg å ligge under åpen himmel i fjellet. Etter mitt syn, er det den finaste måten å overnatte på ein fjelltopp. Norsk høgfjell sumarstid er ikkje så ekstremt som enkelte utstyrsfrikar på dette forumet vil ha det til. Sjølv når været slår seg vrangt, er det som oftast enkelt å bruke terrenget for å finne ein leirplass som ikkje sett utstyret på den heilt store prøva.
  23. Dersom eg skulle tilbringe eit par dagar værfast i Soulo, veit eg ikkje om eg hadde kome meg på tur att seinare. Eg har Soulo og det er eit solid telt, ingen tvil om det. Det treng heller ikkje så stor teltplass, og det kan vera viktig i høgfjellet på barmark. Men teltet er supertrangt og er derfor ingen opphaldsplass, kun ein soveplass. Eg har teltet kun for dei turane eg veit det vert satt på prøve, anten med vind eller i terreng utan teltplassar for større telt. På enkle sumarturar foretrekk eg større og lettare telt.
  24. Det er heilt opp til kor glad du er i pengane dine, og kor stor glede du vil ha over ein slik lavvo. Eg synest ikkje det er verdt det, men det er fordi eg ikkje har bruk for lavvoen.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.