Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Det finnst masse telt som kan brukast året rundt. Men du må bestemme deg for kor stort og tungt telt du vil ha. Jo større teltet er, jo tyngre vert det også. Uansett kva som vert foreslått, er sjansen stor for at akkurat det teltet ikkje passar til ditt behov. Behovet til telt er gjerne ulikt til vinter- og sumarbruk, slik at eit og same telt ikkje fungerer godt som heilårstelt. Sjølv har eg eit lite og lett telt til å bruke sumarstid når eg ber alt på ryggen. Vintertid vil eg ha betre plass ettersom all matlaging og meir vert gjort inne i teltet. Vekta er heller ikkje så viktig ettersom teltet ligg i pulk undervegs. Dette er ting du må ta stilling til før det har noko for seg å anbefale bestemte modellar.
  2. GPS'en gjev deg høgde over ellipsoiden, ikkje geoiden. Ellipsoiden er ein matematisk modell for heile kloden. Geoiden er ein lokal modell som tar hensyn til lokal topografi og ulike tyngdekrefter. Denne stod i Teknisk ukeblad for nokre dagar sidan: http://www.tu.no/bygg/2012/09/21/her-maler-de-tyngdekraften-pa-mjosa Denne er også interessant for dei som vil setje seg litt meir inn i (i alle fall norske) høgdesystem: http://www.statkart.no/filestore/Standardisering/docs/hoydesys.pdf
  3. Det er avhengig av konstruksjonen. Nokre telt er konstruert med stormmatter, og då er dei avhengig av dei. Andre telt er konstruert for å fungere utan stormmatter, og då fungerer dei utan stormmatter. Eg har ikkje stormmatter på nokon av telta mine, og har heller aldri savna det.
  4. Når det gjeld prisane på Finse, er det jernbanen som er problemet. For nokre år sidan var det oppe i media at det var like billig å frakte gods til Finse med helikopter som med tog. Ved til Hallingskeid vert køyrd med snøscooter fra Osa. Det burde det aldri vera lov til så lenge toget går rett forbi.
  5. Ikkje akkurat Finnmarksvidda, men i forbindelse med jernbanejubileet i 1954, kom det ut eit frimerke med eit tog med Hurrungane i bakgrunnen. Frimerket er vist på side 93 i Kremen av Topper av Erik W. Thommessen.
  6. Ein må i alle fall rekne med inntil 30meter feil på GPS-høgde. Og feilen kan endre seg på relativ kort tid (nokre minutt i verste fall), slik at ein typisk kan konkludere med at feil topp er den høgaste. To GPS'ar vil derimot måle same feilen samtidig, ettersom dei brukar same satelitter med den same satelittgeometrien og dei same atmosfæriske forstyrringane. Dette er noko av det som vert gjort ved differensiell måling med GPS. Ein GPS står då på eit kjent punkt og sender heile tida avviket til den andre GPS'en, slik at denne kan korrigere sin eigen posisjon. Ein manuell metode for dette, ville vera dersom de stod på kvar dykkar topp og las av GPS'en samtidig. Det er fortsatt ikkje sikkert at de ville fått riktig konklusjon, men sjansen er mykje større. Eit ukalibrert barometer vil sjølvsagt ikkje vise riktig høgde, men det vil vise riktig høgdeforskjell så lenge målingane vert gjort innanfor relativt kort tidsrom. Det overraskar meg derfor ikkje at barometeret gav same resultat som dei offisielle kjeldene.
  7. Eg har aldri brukt anna enn det som produsenten marknadsfører som heilårstelt til sumarbruk (det eine ville eg derimot aldri stole på til vinterbruk). Eg kan ikkje sjå ein einaste ulempe med det, utanom pris. Men når det er nevnt, så brukar eg ikkje noko telt som heilårstelt. Behovet og kravet til telt er så ulikt sumar og vintertid, at eg likevel har ulike telt til dei ulike årstidene. Eit lite og lettast mogleg telt til sumarbruk. Til vår og haustbruk har eg større krav til at teltet står godt mot vinden, men vekt er fortsatt viktig, så her har eg eit lite, sjølvståande telt. Vintertid er ikkje vekt så viktig, ettersom eg stort sett brukar pulk. Men god innvendig plass er viktigare.
  8. Ein god grunn til å faktis prøve utstyret under realistiske forhold. Utstyr som viser seg å ikkje fungere er bare til bry, og ein falsk tryggheit. Ein veldig viktig ting med vindsekken, er å ikkje misste han i forsøket på å pakke han ut og pakke seg sjølv inn. Sjølv har eg ei snor festa til vindsekken. Denne snora fester eg rundt livet før eg tar vindsekken ut av posen sin. Det er mange måtar å sikre sekken på, men hugs at det må kunne fungere utan å ta av seg vindvottene. For dei som fortsatt meiner at gassbrennaren fungerer i kulda. Det er ikkje nok å bare fyre opp og konstantere at det brenn. La brennaren stå å brenne ei lita tid for å erfare kva som skjer.
  9. Dersom ein er ei større gruppe, og har med fleire spader for eventuell snøholegraving, kan det vera greit med litt forskjellige spadar i gruppa. Gjerne minst ein liten, men sterk spade til å koma gjennom ekstra harde lag i snøen, og minst ein større spade til å få snøen vekk frå hola. Resten av spadene kan vera vanlege turspader.
  10. Stålkant har ingen funksjon i laussnø. Stålkant har funksjon kun på veldig hard snø/is, og då er ikkje desse breie skia fyrstevalg uansett.
  11. Då har dei ikkje fulgt med. For slik har det allereie vore i mange år.
  12. Hurtgkokt risengrynsgraut vert eg lei av før eg vert mett, så det kan ville eg aldri teke med meg sjølv. Men smaken er som kjent ulik. Havregrynsblanding har eg derimot brukt som fast turmat i over 15 år, og eg brukar det ofte heime også og har enno ikkje vorte lei, så det stolar eg på. På tur har eg med ei heimelaga blanding av havregryn, hakka nøtter, turka frukt mm. Porsjonspakningane mine skal halde til ein dag (morgon og 2-3 undervegsmåltid). Blandinga varierer litt mellom pakkene, slik at det går nokre dagar mellom kvar pakke med same smak. Det er då særleg den turka frukta eg varierer med. Dette pakkar eg i doble posar, for enkelte plastikkposar er for dårleg sveisa i botn og revner der etter ei tid. Alle desse posane vert så pakka vanntett for å ikkje bli øydelagt av fukt eller det som verre er.
  13. Ein smelter jo inn voksen, så kva som tetter mest vert nok fyrst og fremst eit spørsmål om kva ein legg på tjukkast av. Den største forskjellen er nok at middel ein vaskar inn, gjerne vaskar seg lettare ut att også. Korleis ein skal impregnere for at plagget skal fungere i regnvær, kan eg ikkje hjelpe med, for eg har regntette klede til slik bruk. Men eg brukar å legge på godt med voks på leggane, særleg på framsida og innsida, og generelt der doggvåt vegetasjon gjer buksa våt. Etter kort tids bruk, ser ein jo kvar kleda vert våt, og kvar det heller ikkje turkar raskt opp att. Det er desse plassane eg legg på mest voks. Eg ville fordelt impregneringa på same måte dersom eg hadde brukt eit eller anna middel på sprayflaske. Eit tjukt lag eller fleire tynne lag, har mindre betydning, ettersom alt likevel vert smelta inn. Men for det forfengelege, er det nok enklare å oppnå eit fint resultat med mange tynne lag. Fyrste gongen eg prøvde Grønlandsvoks, la eg på godt, og buksa fungerte veldig godt i vått gras. Etter fyrste vask, tenkte eg at voksen var vaska ut, så eg la på like mykje voks att etterpå. Noko voks var nok vaska ut, men langtfrå alt, for buksa stod av seg sjølv etterpå. Seinare har eg vorte litt meir moderat med voksinga;)
  14. Impregnering reduserer pusteevna. Grønlandsvoks er ikkje noko unntak. Fordelen med Grønlandsvoks og anna impregnering som ein påfører selektivt, er at ein kan impregnere kraftig der det er behov for det, og la andre parti vera svakare impregnert for pusteevna si skuld. Impregnering som ein påfører i vaskemaskina, vert derimot jevnt fordelt på heile plagget
  15. Madshus har kortfeller som fungerer på alle ski.
  16. Betre avfallshåndtering har nok også gjort det litt verre for kråkene (og måker med fleire) dei siste tiåra.
  17. I slike tilfeller er det ikkje oksygenmangel som er problemet, men karbonmonoksyd (CO). CO er gifitg på den måten at det tar opp plassen til oksygen i blodet. Bålsyre fungerer på akkurat same måte. Ettersom pusterefleksen ikkje vert styrt av oksygennivået, men karbondioksydnivået, får ein ingen kvelningsfornemmelse av for mykje CO. Resultatet er så enkelt at ein ikkje våknar att. I våken tilstand kan ein bli advart ved ein hovudpine. Dersom ein forstår kva som er i ferd med å skje, og tar konsekvensen av det ved å koma seg ut i friluft, går det stort sett bra. Det er fleire trådar om CO-faren her på forumet, og dei kan vera verdt å lese.
  18. Det er heilt avhengig av kva ligg i "osv". Dersom ein ser på INON, er hytter ikkje med i definisjonen på inngrep. Det fører til at mange av dei største turisthyttene ligg langt frå slike inngrep. Mange traktorsleper er heller ikkje med. Når det gjeld demningar, er derimot heile vannspeilet på høgast regulert vannstand med i definisjonen. Dersom du forheld deg til definisjonen som er brukt for INON, er det det eit store område på Hardangervidda og i Finnmark. INON kan du laste ned på http://www.dirnat.no/inon/fylkeskart/ så kan du måle sjølv. Men ikkje vert overraska om det i så fall er ei hytte i nærleiken
  19. Poenget med å nevne Astrup, var å vise at ein ikkje treng sovepose dersom ein har klede som gjer same nytte. Så sant ein greier å halde føtter og hender varme, kan dei riktige kleda gjere same nytten som sovepose, og meir til. Fordelen med å legge vekta i varme klede i staden for sovepose er at kleda kan ein gå i. Når ein fyrst er kald etter ei natt ute, er det godt å kunne fortsetje med meir klede på seg. Og det er mange mellomting mellom bare masse klede og bare ein tjukk vintersovepose. Men ein må nok rekne med at totalvekta av kleda vert litt tyngre enn ein sovepose som held ein like varm. Ellers er eg sjølvsagt heilt einig i at kvar enkelt også bør prøve ut utstyret sitt for å vite at det faktis fungerer og gjer jobben.
  20. Dette er ei vurering kvar enkelt må ta sjølv. Premissane må vera å overleve ei natt eller fleire i snøhule, ikkje nødvendigvis med all verdas komfort. Ein alt for tung sekk, er ikkje nokon fordel. Det kan heller føre til at ein må overnatte i snøen fordi det vert for slitsomt å trosse forholda ved å fortsetje. Astrup og Peary la att soveposane då dei kryssa Grønland. Vurderinga var at kleda dei hadde på seg var varme nok til å sova i: http://www.nb.no/utlevering/contentview.jsf?urn=URN:NBN:no-nb_digibok_2006090400039#&struct=DIVP27
  21. Vintersovepose er ikkje naudsynt i ei snøhule. Det vil vera mykje betre å ha ein tynn sovepose pr person, enn ein alt for varm sovepose pr 2 eller 3 mann. I tillegg kjem eit minimum av tørre klede, sjølv har eg alltid (uansett årstid) ekstra stillongs, ulltrøye og sokkar i sekken. Det er i alle fall mitt syn på saken. Men så går eg heller aldri i så store grupper at dette er aktuelt å dele ein sovepose på to personar.
  22. Sidan 1971 er fem personar drept av isbjørn på Svalbard. Ein nordmann på Bjørnøya i 1971 på hyttetrappa. Ein Østerriker i telt i Magdalenefjorden i 1977. Kone og barn var vitne til tragedien. Mannen vart dregen ut på eit isflak og vart aldri funnen att. Ei norsk kvinne rett utanfor Longyearbyen i mars 1995. Ein erfaren ishavsmann og islos på turistskip vart drepen på ei øy i Hinlopenstretet hausten 1995. Ein engelsk ungdom i Sassenfjorden i 2011. I tillegg til dette, har det vore nokre angrep utan dødeleg utgang for anna enn isbjørnen.
  23. Kor mykje salt det er i sveitte i forhold til resten av kroppen er totalt utan betydning. Så lenge det er salt i sveitten, og veskeinntaket er reint vatn, vil saltinnhaldet i kroppen gå ned. Både totalt sett, og i konsentrasjon forutsatt at ein opprettheld veskeballansen.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.