Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Austlege delar av Hardangervidda er i alle fall bar. Det kom litt snø for 2 veker sidan, men denne er borte att no. Korleis det er lenger vest veit eg ikkje. Hallingskarvet har vore kvitt ei tid.
  2. Det varierer nok. Og enkelte plassar ligg boka ute mange år før ho vert full.
  3. For den som driv med jakt kun for sporten sin del, er sikkert smygjakt på elg ei fin jaktform. Men når jakta i større grad handlar om forvaltning av ein stor elgstamme og hausting av ein stor ressurs, vert saka ein heilt annan. Hjorteviltet hadde ein fin artikkel om jaktlaget vårt for nokre år sidan: http://hjorteviltet.no/id/1958.0
  4. Det vert mest innkjøp av forbruksvarer. I den grad dette kan planleggast, kjøper eg det når det er gode tilbod. Dvs at eg kjøper ski og ulltrøyer kvar vår (i vår vart det visst to par ski). Dersom eg treng nye skistøvlar, kjøper eg dette også om våren, dette vart omlag annankvart år. Rett før elgjakta i år, kjøpte eg ny øyreplugg til sikringsradioen, ettersom den gamle vart øydelagt i fjor. Ei ny Fjällrävenbukse vart også kjøpt inn i haust.
  5. Ja, eg ser med gru fram til dei analoge radiosendarane vert slått av. Eg tviler sterkt på at radiodekninga vert like bra som no. Og nettopp værmeldingane vil eg gjerne få med meg når eg er i fjellet.
  6. Eg sverger også til Isogaisa når det gjeld høge støvlar (er på mitt 3. par). Men når det var spørsmål om lette støvlar, er det feil svar.
  7. Det er vel bare overlevende som har skrive her foreløpig
  8. Eg har gode erferingar med både DAC og Easton (det er Easton eg har hatt i Ringstind-teltet mitt dei to siste sesongane).
  9. Altfor tung i forhold til korleis eg brukar dunjakka mi. Sikkert grei for den som køyrer hundespann eller er vakt ved vintersportarrangement. Men som jakke til å ha med på skitur, vert ho for tung.
  10. "Takk for at du kontaktet oss i Helsport. Vi vil svare på din henvendelse så snart vi kan!" er alt eg har høyrt i fra Helsport etter at eg klaga på knekt teltstang for 2 år sidan. Eg løyste problemet med å bytte leverandør sjølv. Det er jammen på tide at Helsport gjer det same, for teltstengene deires har vore så elendige at det (sammen med vektjukset deires) har stoppa meg frå å kjøpe vintertelt derifrå. Det har også vore grunnen til at eg har fraråda andre til å kjøpe Helsporttelt når dei har spurt meg.
  11. Utfrå den lista, vil eg fortsatt påstå at været er den største faren. Eg veit i alle fall om folk som har omkome på telttur pga telt som ikkje har takla vinden.
  12. Eg har sett påstanden at ein kun kan bruke MSR-flasker på MSR-pumpene, fordi dei er i plastikk (pumpa altså). Eg har ingen MSR-brennar, så dei har eg ingen erfaring med. Men eg har aldri hatt problem med MSR-flaskene på dei svenske pumpene. Primus-brennaren har eg strengt tatt knapt brukt. Optimusen har vore min faste heilårsbrennar sidan 2000. På ein tur for mange år sidan fekk eg litt lekkasje mellom Optimus-flaska (som fulgte med brennaren) og pakningen på pumpa. Resten av brennstoffet for turen var på MSR-flasker ettersom det var dei eg fekk lettast tak i den gongen då. I staden for å starte med å bytte pakningen, prøvde eg ei av dei andre flaskene. Denne (frå MSR altså) tetta perfekt. Etterpå har eg bare brukt MSR-flaskene. Eg brukar fortsatt den same gamle pakningen på pumpa og har aldri hatt lekasje der sidan. Grunnen til at MRS-flaska tetta betre, er så enkel som at kanten på flaska er skarpare, slik at trykket mot den flate pakningen vert større. Den flate kanten på Optimusflaska ville fungert betre mot ein O-ringspakning.
  13. Litt billigare her inne på forumet altså. Eg kjøpte for kort tid sidan ein ubrukt av eit medlem her for kr1500 + porto. No ventar eg bare på kulda.
  14. Eg har aldri brukt anna enn MSR-flasker på min Optimus Nova og Primus Multifuel.
  15. afe

    Hilleberg Soulo

    Eg har både Soulo og Ringstind 1 (ikkje den nye, lettare, trangare versjonen). Ringstind har mykje betre plass både i innertelt og fortelt. Soulo er som raster skriv, altfor trangt til å ha med seg bikkje inn i. Og når du fyrst nevner vinter, er ikkje Ringstind noko eg vil anbefale. Soulo er i stand til å takle vinterfjellet, men det er så trangt at eg ikkje ville vurdere å bruke det vintertid med matlaging osv inne i teltet når eg er aleine, langt mindre med ei bikkje til stades.
  16. Eg har "alltid" gått aleine, så det er ei problemstilling eg aldri har tenkt på. Tida går av seg sjølv. Når eg er på tur, går eg til eg er svolten eller sliten, tar ei pause som følest passe lang, går att osv til kvelden. Då slår eg opp teltet, lagar mat, søv gjennom natta, et, riv leir og går att. Venting på det rette fotolyset kan eg gjera utan å måtte ta hensyn til andre, eller at andre kjedar seg. Toppturar tar eg som eg lystar, og etter dagsformen. Vinterstid, når det er reell sjanse for å bli liggande verfast, har eg med meg ei bok. Radio har eg også, for å få med meg vermelding. Denne kan det vera selskap i når ein er verfast dersom det er mottaksforhold, men det er det ikkje overalt i fjellet.
  17. http://www.skjolden.com/tindevegen/
  18. Dersom ein planlegg til rundt fullmåne, og snur døgnet for at denne skal vera høgast mogleg på himmelen, er det ikkje så mørkt. Men det er truleg større sjanse for sikkert skiføre mange stader her heime på fastlandet. Fordelen med å satse på fastlandet, er at ein kan bestemme seg for område kort tid før avreise med tanke på kvar det er sikkert føre.
  19. Smak og behag som eg skreiv. Nokon synest det er ein kjekk ting. Eg gjer det ikkje
  20. Har dei hatt åpning i begge endane tidlegare. På mitt Nammatj frå 1999 er stangkanalane stengt i eine enden. I motsetning til svogern sitt Svalbard-telt av omlag same årgang. Der er dei innvendige kanalane åpne i begge endar (noko som gjer det utruleg fiklete å setje opp aleine).
  21. Dette er litt forskjellig frå hytte til hytte. Nokre hytter er plassert slik at snøen bles vekk fra døra. Det er det ideelle. Nokre hytter har todelt dør, slik at ein kjem seg ut sjølv om snøen ligg halvt opp på døra. Vinduet er siste utveg. Når ein fyrst er ute, kan ein grave vekk snøen og åpne døra. Dersom det ikkje er alternative utvegar, og det er fare for at døra vert blokkert av snø, tør eg ikkje overnatte der! Eg har gått vidare frå ei slik hytte ein gong (eg hadde med meg telt, så det var hytta som var alternativovernatting). Den hytta hadde ikkje vindu, og ein måtte grave seg ned til døra.
  22. Som mykje anna, er det smak og behag kva som passar. Sjølv har eg hatt ein dunvest i mange år, men det er eit plagg eg omtrent ikkje har brukt. Som pauseplagg fungerer ikkje vesten. Armane vert kalde, og då vert fingrane også kalde med ein gong ein tar av seg vottene. Ei jakke gjer at armane også held seg varm, og då kan ein vera vottelaus mykje lenger før fingrane vert for kalde. For meg har rett og slett dunvesten vorebortkasta peng.
  23. I Ål er sanken i fjellet fyrste lørdag i september. Ettersanken i åsen trur eg er fyrstkomande helg.
  24. R-verdien er avhengig av kor mykje underlaget vert trykt saman, altså kor tung personen oppå er og kor hardt det er blåst opp. Så nokon nøyaktig verdi vert det ikkje sjølv om ein kan få ein repeterbar måling i ein lab. Krav til isolasjonsevne i underlaget er veldig avhengig av korleis underlaget under teltet er. På snø forsvinn varmen i smelting, og isolasjonsevna til liggeunderlaget er heilt avgjerande. Men bakken får ein temperatur nær 0 grader, nesten uavhengig av utetemperaturen. Så nødvendig isolasjonsevne til liggeunderlaget er likevel lite påvirka av utetemperatur. På barmark, særleg på tørr bakke, vert bare bakken under teltet passe oppvarma og varmen forsvinn i liten grad. Då betyr isolasjonsevna til liggeunderlaget veldig lite. På tørt granbar har ikkje liggeunderlaget anna funksjon enn å stoppe barnåler frå å stikke opp i ryggen.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.