Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Dei kan i alle fall ikkje stålsiklast utan å øydelegge siklingen.
  2. afe

    Kamera på tur

    Dersom du har masse bra Pentax optikk, er det sjølvsagt lurt å fortsette å bruke Pentax. Då er det nok å kjøpe eit nytt kamera, så har du eit komplett system.
  3. Har brukt det på skøyteskia nokre år no. I vår kjøpte eg meg fjellski utan stålkantar, så no kan eg prøve det på fjellski også. Fyrstegongssikling av skia er eit h.... slit, tilsvarande arbeidsmengde som nokre år med strykejern og glider. Når dei seinare bare skal vedlikehaldast, er det ein rask og enkel sak.
  4. Phoebus 625 Etter uendeleg mykje skryt av Phoebus 625 som vinterprimus for parafinbruk, gjekk eg til innkjøp av ein slik i sumar, med parafindyse. No når det endeleg var nokre kuldegrader, skulle eg endeleg teste han ut. Fyrsteinntrykket var mildt sagt dårleg. Brenstoffet var D-60. Brennstoff og primus hadde utetemperatur som var 8-10 kuldegrader. Dersom primusen skal følge meg på vinterturar må han fungere godt i langt lågare temperatur. For å få primusen varm nok til å få i gang forgassinga måtte eg fylle forvarmingsskåla 3 gonger med raudsprit. Eg har hatt ein inngrodd skepsis mot stillebrennar til vinterbruk på grunn av mykje gods som skal forvarmast, men så ille trudde eg ikkje det var, i alle fall ikkje etter all skryt av nettopp denne brennaren. Støynivået var sjølvsagt behagleg men flamma var langt gulare enn kva eg er vant med frå den 12 år gamle Novaen min. Det var blå flamme rett ut fra hola i brennaren, men det vart liggande eit gult lokk over heile flamma, og lukta var ikkje noko eg vil ha inn i teltet. Er alt skrytet bare folk som har brent inne med eit restlager av desse brennarane og som vil få best mogleg betalt for rakkelet, eller er det bare brennaren min som ikkje fungerer? Og kva kan eg i så fall gjera for å få brennaren min i litt betre humør.
  5. Eg har (nesten) slutta å bruke ullstilongs på grunn av at desse vert alt for raskt utslitt. Nå har eg ein Brynje nettingstillong i plast. Denne fungerer like godt som ullstilong, i alle fall til mitt bruk, og har overlevd fleire sesongar, der ullstilongsane ikkje overlevde ein heil sesong. For å unngå gnistar frå bålet, er det i hovudsak gran som er problemet. Så lenge ein ikkje har gran på bålet, er det ikkje noko problem gnistspruting.
  6. afe

    Pustende skalljakke?

    At desse membrane pustar dårleg, ligg i materialets natur, og stemmer godt med mi erfaring også. Men når eg går med sekk, det vil seie som oftast, er det heller ingen tvil om at jakkene eg har erfaring med faktis pustar, for det er ikkje bare innsida av jakka som vert våt, men også utsida der sekken har kontakt med ryggen min. Dei same jakkene er også vanntett i den forstand at dei fungerer godt som regnjakker Glidelåsane er til for å åpne for lufting, og nettopp glidelåsen under ermane på dei fleste membranjakkene, gjer at eg i mange tilfeller langt foretrekk dette heller enn ei impregnert bomullsjakke utan denne moglegheita for lufting.
  7. Etter å ha slitt ut omlag 10 par fjellski med BC-binding, har eg opplevd alvorleg svikt i bindingen kun ein gong. Då var det skruvane som losna frå skia. I det tilfellet knakk sjølvsagt plastikken på akkurat same punkt som bindingen din knakk. Dersom eg hadde hatt skrujern med meg, hadde eg kunna montert bindingen att slik at denne ville fungert brukbart for heimturen. Styrken i bindingen er basert på den innvendige metallramma, og den er solid nok. I utgangspunktet skal ikkje plastikken vera utsatt for den heilt store belastninga. Om det går ann å montere bindingen feil slik at plastikken vert ståande i spenn, eller bindingen har vore utsatt for hardhendt behandling før montering, er det i dette punktet ein vil få bristen, ettersom det er her det er minst gods.
  8. Dersom dette skjedde i Sassen, så var det faktis av dei fangsthyttene som låg aller nærast Longyearbyen.
  9. Å tre søppelsekkar utanpå fungerer gjerne veldig dårleg i vind. Og i alle fall i fjellet i sør-Noreg, kjem mildværet med vinden. Det er altså når behovet for vanntett pakning er størst, at søppelsekktrikset fungerer dårlegast.
  10. Mitt standardsvar er smalast mogleg. Gliden vert dårleg uansett, men smale feller hjelper. Unntaket er for bruk der det heller til sides, då kan det vera fornuftig å ha feller som fyller ut breidda på skia.
  11. Det enklaste er å slutte å kalle gropa i forteltet for kuldegrop, ettersom det ikkje har noko som helst med formålet å gjera. Heller ikkje om ein fyrer aldri så mykje inne i teltet. Men grop i forteltet skal eg ha. Dette aukar plassen formidabelt, og ein kan stå oppreist for å kle på seg. Dersom ei kuldegrop skal fungere, må ein ha ein viss isolasjon i ytterveggane, slik som ein har i ei snøhole eller eit tjukt telt. Så må ein ha heile inngangen gjennom kuldegropa. Det hjelper ikkje med kuldegrop i eit isolert telt, dersom ein bruker den vanlege inngangen.
  12. Viktigare enn akkurat korleis ting vert testa, er at alt vert testa på same måte, slik at ein kan samanlikne tala. Slik det var før EN-merkinga, kunne ein risikere å samanlikne totalt ulike soveposar, bare fordi dei ulike produsentane hadde totalt ulike kriterier. I staden for å sjå på temperaturen, måtte ein sjå på type og mengde fyllstoff, og gjera sine eigne vurderingar utfrå det. Dersom eg vil ha meg ein varmare sovepose no, skal eg alltids greie å finne ein sli, det var ingen selvfølge før, dersom ein ikkje var totalt merkelojal.
  13. Her er det totalt brist på logikken. Alle versjonane av Svalbard er jo mykje tyngre enn Nammatj.
  14. Her var det meininga at det skulle stå 'også rein propan'. Eg har vore med på å fyre med propan frå ein 12kg stålbeholder (riktignok langt frå full) til denne var så nedkjøla at brennaren slokna. Jo større beholder (større varmekapasitet), jo lenger fungerer det. Skal ein ha ein trykkbrennar som ein kan stole på i kulda, er ein avhengig av å kunne pumpe trykk sjølv. Eg ville heller ikkje stole på bensinbrennar som Svea 123 i kulda, men her manglar eg eigen erfaring, og denne erfaringa kjem eg ikkje til prøve å tileigne meg.
  15. Uansett kva enkelte meiner om at gass kan fungere i kulda, kjem ein ikkje bort fra faktumet at gassen vert avkjøla under bruk. Så der gassen kanskje fungerer for å koke opp ein kaffekopp, kan det svikte ved litt lengre tids brenning. Dette gjeld uansett gassblanding, også rein butan. Dei som har prøvd og fått gass til å fungere i kulda, har ikkje prøvd lenge nok. Uansett temperatur, får ingen meg med på tur der det bare skal brukast gass for å smelte snø, og det er einaste vannkilda. Det er godt mogleg at TrondA ikkje ville akseptere sotnivået på novaen min etter 12 år med forvarming med parafin, det får bli hans sak. For meg er sotnivået heilt uproblematisk. Det einast sotet eg har registrert er over holet eg stikk inn fyrstikkene eg har brukt for å tenne på forvarminga. Men eg sluttar i ikkje å bruke fyrstikker av den grunn.
  16. Ja, det er lenge å vente til desember for å tjuvstarte. Vinteren er jo alt her, både på fastlandet og på Svalbard.
  17. afe

    helsport cm?

    Avstanden mellom endane på stanga vert nok smalare, men det skjer bare ved at stangenden vert dratt mot teltet. Det påvirkar ikkje breidda på innerteltet.
  18. afe

    helsport cm?

    Så sant teltbotnen er stram, så er det korleis innerteltet er sydd som bestemmer kor breitt det er. Dersom det er 15cm slakk i botnen, er teltet satt opp feil. Og det er i så fall ikkje stramminga i stangkoppane som er syndaren, men den reima som held saman ytterteltet (frå stangkopp til stangkopp, under innerteltet). Her ser det nok ut til at Helsport har hatt litt for dårleg kvalitetskontroll (bevisst eller ubevisst) på katalogen sin.
  19. afe

    Snøplugger

    Dei beste lagar ein sjølv av lekter eller liknande. 20cm er i alle fall nok etter mi erfaring.
  20. Mi erfaring med borrelås i denne høgda, er at denne raskt vert fylt av rusk og rask og derfor mister kontakta i løpet av ein rask tur. Eg har heller ikkje gode erfaringar med liming på skinn. Syinga bør derimot gå bra. Stryk over litt Stormsure el for å tette saumen. Ein stropp under hælen er nok truleg eit betre alternativ, sjølv om denne raskt vert slitt på barmark. Men den same ulempa kan ein seie om gamasjar.
  21. Ikkje eg heller, men eg har vakna opp på vintertur med våt fotende på soveposen og bestemt meg for at det skulle vera siste vintertur med telt med skrå endevegg. Sum for teltet som då vart pensjonert og teltet som vart kjøpt inn som erstatning passerte kr10000 med god margin. Men ingen av desse telta var så tunge som Patagonia, sjølv før ein legg til Helsportfaktoren på vekta til Patagonia. Den gongen bytta eg altså teltform, at eg fortsatte med same merke var meir tilfeldig. Eg vurderte seriøst fleire modellar frå både Helsport og Hilleberg og andre. Usikkerheita ved vektangivinga til Helsport var ein av faktorane som gjekk i disfavør av Helsport sitt telt den gongen. Og eg har ligge i Ringstind ei vindfull seinhaustnatt og tenkt at eg hadde feil telt for anlednigen og bestemt meg for å kjøpe sjølvståande lettvektstelt til denne bruken. Dette vart riktignok ikkje så dyr natt som den vinternatta, men eg har lært at feil fyrstevalg kan koste dyrt i det lange løp. Og med mange nok utenetter er eg villig til å betale litt ekstra for dei riktige løysingane. Den gongen hadde eg derimot hatt så dårlege erfaringar med Helsport sine teltstenger, at fleire telt frå Helsport var heilt uaktuelt for meg (etter det eg har forstått har Helsport bytta stangleverandør til DAC no, så teltstangproblemet skal vera ute av verden, men det ligg sikkert mange Helsporttelt med gamle stenger på lager rundt i sportsbutikkane i lang tid framover). Om det står Helsport eller Hilleberg på posen betyr for så vidt ikkje noko, det er korleis teltmodellen er utforma og korleis løysingane fungerer som er viktig. Men når ein fyrst har gode erfaringar med eit merke og dårlege erfaringar med eit anna merke, vert det til at ein stolar meir på det eine merket, og då er ein også villig til å betale meir for det merket enn det andre, sjølv om modellane ser nokså like ut i katalogen. Men prisen på Patagonia vert sjølvsagt lågare når det vert solgt som eit masseprodusert telt, og ikkje som eit samleobjekt som det vert marknadsført som på Helsport sine sider akkurat no.
  22. Eg har kart liggande i ein stor haug på golvet i arbeidsrommet. Komplett umogleg å finne fram i. Sikkert greit dersom ein tenker seg på blåtur
  23. For enkelte kan lite vindfang ved sidevind vera viktig. Skråveggen er nok til at eg ikkje er interessert i det. (Eg har eit førtidspensjonert Nammatj liggande i skapet) Det viktigaste er at ein vel telt etter eigne behov, og ikkje bare fordi ein profilert person har vore med å utvikle det.
  24. Prisen kjem nok til å gå ned ein del når det kjem ut på det frie markedet, og signaturen til Ousland ikkje følgjer med. Med mine erfaringar med Helsport og Hilleberg, ville eg nok likevel valgt Keron dersom eg skulle kjøpt eit vintertelt i dette segmentet pr idag. Ikkje bare for at ikkje har tru på Helsport, men fordi måla på Keron passer betre til mitt bruk. Det er faktis viktigare enn at det passar til ein profilert polfarar sitt bruk, i alle fall for meg.
  25. I jaktlaget vårt går det i kamuflasje frå innerst til ytterst. Og så er det obligatorisk med refleksvest utanpå for å bli sett Men når eg jaktar aleine, er det bare kamuflasje. Og når eg bare er på tur, brukar eg mest mogleg kamuflasje for å ikkje vera til sjenanse for andre turgåarar.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.