Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Fritt etter hukommelsen, eg har ikkje Novaen framom meg akkurat no, kan ikkje slangen på Novaen min snurrast i dette leddet.
  2. Stanga knekk helst midt på natta og i dårleg vær. Fordelen med den sprø helsportstanga, er at den er så dårleg at ho knekk i fint vær. Med både ekstra stangledd (bytte ut det knekte stangleddet) og skøytestykke (tre utanpå det knekte stangleddet) (begge deler skal følge med teltet), er ikkje reprasjon i felt noko problem.
  3. Helsport har hatt dårlege stenger i ei årrekke. Det er fyrst årets modell som har (forhåpentlegvis) ordentelge stenger. Eg ville ikkje kjøpe eit Helsporttelt utan å forsikre meg om at det er med dei nye stengene. Det er sikkert riktig som mange skriv at Helsport ofte yter god service. Men ikkje stol på det. Erfaringa mi med Helsport sin service ved stangknekk, står til stryk. Sjølv løyste eg dette med å kjøpe ordentleg teltstang frå ein annan leverandør, men dette er ei dyr løysing når Helsport leverer ordentlege stenger sjølv, bare du forsikrar deg om at det er årets modell.
  4. Truleg ein stad mellom 0 og 20°C. Det er heilt avhengig av været. Både stillong og shorts bør vera med, men det er ikkje sikkert du treng bruke begge deler.
  5. Eg går alltid aleine. Det er klart at ein mister litt av tryggheita det er å vera i lag med nokon. Men eg er heller ikkje utsatt for gruppepress, og det er ingen andre som sinkar meg. Heile turopplegget er opp til meg, og det er bare mitt eige ansvar. Så lenge ein er bevisst på fordelene og ulempene ved å gå aleine, og legg opp turen deretter, går det bra.
  6. Nei, det er bare å reise på tur, og ta dagane som dei kjem.
  7. Det kan hende du var enig med dine pårørande om dette. Men det er ikkje noko eg er enig i. Eg er alltid heilt klar på at eg ikkje har noko bestemt rute eg følger. Eg er meir oppteken av å unngå at noko går galt. Ved å ikkje ha ei avtalt rute, kan eg tilpasse turen etter forholda. Er det dagar med fint vær, kan eg utnytte det til kva eg har lyst til. Og dersom været er dårleg kan eg trekke ned i meir beskytta terreng. Slik får eg meir ut av turen, utan å auke risikoen. Når ein er ute i 1-2 veker, må ein uansett stole på seg sjølv. Skjer det noko fyrste dagen, kan det ta 13 dagar før nokon savnar deg. Då hjelper det ikkje mykje at dei veit kvar du har tenkt deg.
  8. For å få til ein tur over så mange dagar, hadde eg ikkje valt ut ei rute i det heile. Då hadde eg bare reist til fjells og gått på må og få fram til 3-4 dagar før eg skulle heimatt.
  9. Men så var det også byfolk som skreiv historiebøkene.
  10.     Det vil i alle fall ikkje resultere i jevn varme. Tynt gods fører til varme der brennaren varmar. Metallet skal lede varme veldig effektivt for å få jevn varme med tynt gods.
  11.     Det eg har lese av nordpolferder, har dei fleste gått dit med heilt anna utstyr enn dette. Men så er det nokre år sidan eg slutta å lese om slike turar også Dei nordpolturane eg har lese om, har brukt utstyr som stort sett vert rekna som standard vinterfriluftsutstyr. Unntaket er pulken som er noko større, og det er på grunn av at dei må ha med seg mat og brensel for lengre tid. Når det gjeld den gamle feltbuksa, er det den beste skibuksa eg nokon gong har hatt. Men slikt vert slitt, og det er bregrensa kor lenge det går an å lappe ho. Det er heller ikkje enkelt å få tak i nye lenger (i alle fall ikkje min storleik). Men må eg ha feltbuksa? Nei eg greier meg faktis med ei standard membranbukse til nokre tusenlappar, men ideelt er det ikkje. Eg brukar altså ikkje denne membranbuksa på grunn av utstyrshysteri, noko du sannsynleg vil tru dersom du ser meg, men på grunn av at eg ikkje har greidd å skaffe meg ei ny feltbukse i bomull. Fjellvettreglane vart lansert etter ei uværspåske der fleire (18 personar!) omkom i fjellet. Å bruke janteloven for å få friluftslivet ned på det nivået att, er ein svært uklok handling!
  12. For å stemme på nytt, måtte eg fjerne den gamle avstemmingen. Denne avstemmingen var tydelegvis i systemet, for dei bildene eg hadde stemt på, mista kvar si stemme når eg fjerna mi stemme. Resultatet slik det fungerer no, er i altså heilt forkasteleg. Det einaste riktige vil vera å lage ei heilt ny avstemming, altså i ein ny tråd. Problemet er uansett at slikt tull gjer interessa for konkuransen mindre. Sjølv kjem eg ikkje til å stemme at, verken denne månaden eller komande månader. Det einaste som kan få meg til å stemme, og eventuelt sende inn bilde sjølv, er eit opplegg som fungerer fleire månader på rad. Så får eg sjå til hausten om det har skjedd. (Eg har uansett eit så dårleg forhold til Helsport at premien ikkje freistar.)
  13.     Det er det neimen ikkje mykje om det anna du kan trenge. Været vinterstid kan vera like nådelaust på Hardangervidda som på Nordpolen. Har du ikkje godt nok utstyr, dør du. Det er mange nok som har gjordt det, gjennom alle tider. Alternativt at du sett hjelpemannskap i fare når dei skal til fjells for å redde deg i uværet. Forskjellen på ein tur Hardangervidda og Nordpolen, er tida. Derfor treng ein ikkje ha med seg like mykje av enkelte ting. Og værmeldingane varslar langt nok fram i tid til at ein kan unngå det verste været nårein kryssar Hardangervidda. Men sjølv om værmeldingane er lovande, kan det vera sjebnesvangert å ikkje førebu seg på dårlegare vær. Det som trengst på Nordpolen, men ikkje trengst på Hardangervidda, er ein pulk som kan brukast til båt.
  14. Fjellskia mine knekk i same frekvens som langrennskia mine gjorde då eg brukte det i fjellet. Det er nok i større grad trettheitsbrot enn resultat av hard bruk som har teke livet av skia mine. Den foreløpig siste skia eg knakk (Madshus Glittertind), hadde aldri vore brukt med tung ryggsekk eller harde utforkøyringar. Kun rolege turar med pulk eller lett dagstursekk.
  15. Dersom eg var deg, ville eg i alle fall prøvd å setje opp teltet att ein gong i minst like låg temperatur, før eg tok det med meg på vintertur att.
  16. Hadde det vore så enkelt, hadde eg spart mykje peng.... Eg har desverre knekt alt for mange ski til at eg kan vera enig i påstanden.
  17. Dette er ei beskriving som eg ikkje forstår. Avstanden på tvers i botn av teltet er mykje kortare enn teltbogen. Dersom denne strikken vert strammare, vil han i alle fall ikkje ligge stramt oppunder taket, han vil trekke saman teltet i botn, slik at teltbogen vert nærare sirkelen. Eg tviler ikkje på at du har hatt eit problem. Men slik du beskriv problemet, er det ikkje enkelt å forstå korleis problemet ditt artar seg.
  18. afe

    fotposer

    Forsvarets modell med glidelås: http://www.protexshop.no/categories/overtrekksko
  19. I følge innlegget hans, andre setningen, er det "Helsport fjellheimen". Den vanlege erfaringa med strikk, er at han vert lenger i kulda. Dvs strikken mister elastisiteten og med det, evna til å trekke seg saman.
  20. Normalt er det skiføre over alt i fjellet til godt ut i mai. Kanskje med eit unntak aller lengst sør. Skal du overnatte i betjente hytter, kan det vera lurt å sjekke at dei aktuelle hyttene ikkje har stengt for sesongen. Er det åpen hytte, er det nok skiføre også
  21. Eg er heilt enig, og eg er ikkje overraska over at enkelte vert skuffa når dei ser orginalen. Dei hurigfilmane som eksisterer av nordlys, er endå meir missvisande etter mitt syn.Men dette fenomenet gjeld ikkje bare nordlys. Det meste i naturen verkar kjedeleg i forhold til britiske naturseriar på TV
  22. Det står i alle fall i manualen som ligg nedlastbar på primus sine heimesider. http://www.primus.se/Archive/Documents/Primus%20Dokument/Manuals/Instruction-3289_OmniFuel.pdf
  23. Dette er i alle fall det ICE vil ha oss til å tru. Dekninga er på langt nær så god som ryktet vil ha det til. Telenor har mykje godt den same dekninga. Så er det enkeltpassar der det eine nettet dekker men ikkje det andre. Dette går begge vegar. Der eg bur, er det ikkje ICE-dekning, bare Telenor.
  24. Toll er bare på verdien på vara, ikkje frakt. Moms er på både vara og frakt.
  25. Ny blå extra, ettersom den gamle nesten er brukt opp.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.