Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Dersom ein ser bort fra ulempene, er det bare fordeler med DAB Men eg skulle likt å sjå argumentet _for_ dårlegare dekning, utanom økonomi.
  2. Eg forheld meg til realitetane. Og nettopp på grunn av måten FM vert sendt via sterke hovedsendarar, fungerer dette godt i fjellet. Og ettersom dekningen er god i kombinasjon med nytteverdien i form av værmeldingar, har eg med meg FM-radio på tur, og eg kjem til å sakne det når det vert slutt. Ettersom måten DAB vert distribuert på, ikkje dekker fjellet på den måten, og det heller aldri har vore eller kjem til å bli prioritert, er DAB desverre verdilaust i dei same fjellområda. Ettersom det er dekningsmålet som er problemet med DAB, med tanke på bruk i fjellet, har eg store problem med å forstå kvifor ein ikkje skal samanlikne dekninga. I staden for å diskutere teknologien, er eg meir oppteken av kva som dekker behovet. Til turbruk er det tilgang til værmelding. Heime er det andre behov, men det gidd eg ikkje diskutere på fjellforum. Det er ikkje FM eller DAB som er poenget, men dagens FM-dekning eller framtidas DAB-dekning som er verdt å diskutere, og der kjem DAB-dekninga til kort. Dagens FM-dekning er kjent og dekningsmålet for DAB er kjent, så det er ingen grunn til å vente med diskusjonen. Og det er politikarane som har definert dekningsmålet som er det grunnleggande hovedproblemet når det gjeld DAB-dekning i utmarka. Alt elektroavfall som omlegginga resulterer i, er heller ikkje uproblematisk med tanke på miljøet.
  3. Dersom skog/gras etc lett kan antennast, er det forbudt å gjera opp ild uansett årstid.
  4. Det skjer ingen rivande utvikling. Dekningsmålet for DAB er basert på kvar folk bur. Utmarka er ikkje prioritert, og vil aldri bli det. Når eg ser DABdekningskartet på radio.no, ser eg store kvite område i alle fjellstrok. Eg har aldri sett noko dekningskart for FM, men veit av erfaring at NRK P1 dekker store deler av mine turområde som er kvite, og som kjem til å bli verande kvite på DAB-dekningskartet. Det hjelper ikkje mykje at det er ein eigen DAB-kanal med kontinuerleg værmelding, når ein ikkje får inn DAB på fleire dagar. Når ein ser på programmet til NRK, ser ein at det er værmelding 0:00 og 5:45. Det brukar også å vera værmelding ca 20:50, det er den værmeldinga eg prøver å få med meg når eg er på tur. I påska brukar det også å vera utvida værmelding etter dagsnytt 8:00. Det virkar rett og slett som om NRK prøver å gjera værmeldinga mindre tilgjengeleg ved å ikkje opplyse sendetidene. Tidlegare var sendetidene også opplyst på yr.no ( http://www.yr.no/artikkel/vaervarsel-i-radio-og-tv-1.2450272 ), det er også burte no. Det er vel del av taktikken for å gjera folk mindre avhengig av FM.
  5. Sjå er nok ein variant av sjø, altså eit vatn.
  6. Eg har brukt buksa derifrå dei siste 3 vintersesongane og har ingen grunn til å klage på kvaliteten. Synleg slitasje på enkelte punkt, men ikkje meir enn ein må rekne med etter så mykje bruk. Jakka er ikkje så mykje brukt, men eg har ikkje noko å seie på kvaliteten der heller. Litt dårlege lommer, men ikkje dårlegare enn dei fleste andre jakkene på marknaden no. Hetta er av ein heilt annan verd, eg har aldri opplevd hette som fungerer i nærleiken så godt på nokon anna jakke. Men hetta går ikkje an å ta av, så då vel eg andre jakker til sumarbruk. Til normal vinterbruk vel eg bomull. Derfor vert bruksområdet lite for min del, men det er kun på grunn av eigenskapar som er heilt uavhengig av kvalitet. Den fora jakka har eg derimot ingen erfaring med ettersom eg ikkje har behov for ei slik jakke. Men dersom jakka ellers passar til behovet, ville eg ikkje vera redd for å kjøpe. Men du ville nok få fleire gode svar dersom du lagar ein tråd om vinterjakke, isatden for å spørre etter vinterjakke i ein tråd med lett sumarjakke som tema.
  7. Varme jakker finnst det massevis av, men gode hetter for uvær, er det langt i mellom. Eg har ikkje prøvd denne, men eg har den ufora skaljakka, og eg har i alle fall aldri opplevd uværshette som er i nærleiken så god som den jakka har. http://plusminusnoll.se/sv/produkter/vara-produkter/fodrade/
  8. Og i mitt nære fjellområde (sentrale fjellstrok i sør-Noreg), er FM-dekninga god, pga av sterke hovedsendarar langt unna (Lønahorgi (NRK-Hordaland) og Gaustatoppen (NRK-Telemark og NRK-Buskerud). Mobiltelefon er stort sett ubrukeleg, men fungerer litt her og der, men ein bør vera godt kjent for å finne desse plassane. På fleirdagarstur har eg alltid med meg radio for å høyre værmelding. Mobiltelefon har eg ikkje bruk for, eller moglegheit til å bruke på tur.
  9. Telefondekning er heller ikkje noko ein kan rekne med å finne overalt. Fordelen med yr.no er sjølvsagt at ein kan sjekke værmeldinga når ein er oppom ein topp, og ikkje er avhengig av sendetidene på radio. Men internett på litt dårlege signal er tregt, og sjølv eit enkelt oppslag på yr.no tar lang tid og er ein sikker batteridødare. Radio over internett på dårlege signal, kan du bare gløyme. Den gode dekninga til ICE er ei myte, ICE har ikkje dekning der eg bur eingong. Eg har eg både NRK P1 via FM og masse kanalar via DAB og 3G fra Telenor, men altså ikkje ICE.
  10. Når eg er på fjellet, er det værmeldinga eg vil ha. Forvrenging og sus kan vera plagsomt, men tilgiveleg så lenge eg får med meg innhaldet. Men ein DAB-radioen som bare viser 'Service unavailable' er verdilaus. Musikk gidd eg ikkje diskutere på eit fjellforum.
  11. T-comf=5 T-Lim=0 T-ext=-16 Om ein ser på den eine eller den andre verdien, betyr ikkje så mykje. Poenget er at ein kan samanlikne verdiane på tvers av produsentar.
  12. Så lenge politikken er å bygge ut DAB langs hovudvegane og der folk bur, har ikkje DAB dekning som er i nærleiken av kva FM har, i fjellet. Her har faktis FM ein stor fordel som er basert på måten FM-signala vert kringkasta. Det er dei store hovudsendarane som leverer signal til alle småsnedarane, som også gjer at det vert god dekning i fjellet. Slik fungerer ikkje DAB, og i utbygginga av DAB er fjellet uprioritert. Eg gledar meg ikkje til det vert slutt på å høyre værmeldingar i fjellet. Det er heller ikkje slik at DAB anten er god lyd eller stille. Når ein er i grensa for gode nok signal, er lyden hakkete.
  13. Har det noko for seg å samanlikne to produsentar? Når du skal ha eit telt, får du heller finne aktuelle teltmodellar og samanlikne desse utfra dine behov. Greier ikkje du å forsvare ein dyr modell, har du allereie svaret på om den modellen er verdt prisen.
  14. Du er tydelegvis kortare enn meg. Eg har ikkje plass til å rette ut føttene, så knea vil stramme opp spruttrekket uansett, eigentleg ganske ubehagleg. Eg har ikkje prøvd korleis det er utan knea løfta.
  15. Det gjeld alle tekstil som har evna å bli våt.
  16. Sjølv om den omkomne tilfeldigvis skulle opptre som jeger dagen etter, har dette tilfellet ingen samanheng med jakt: http://www.aftonbladet.se/nyheter/article11265409.ab http://www.op.se/allmant/jamtland/starka-kanslor-efter-bjornattacken Det er bare propaganda frå rovdyrtilhengarar som kan påstå at bjørn ikkje er farleg.
  17. Sekken er laga for å vera justerbart innanfor visse rygglengder. Lengda på ryggen har ein viss samanheng med personlengda. Og ettersom folk flest har ei viss formeining om kor lang ein er, men ikkje har peiling på kor lang ryggen er, eller korleis ein skal måle rygglengda, er det ikkje så rart at ryggsekkprodusenten oppgjev personlengde som veiledande for kven sekken passar for. Dette er eit godt utgangspunkt for kva sekkar ein skal prøve for å finne ein som passar.
  18. Eg har aldri tenkt tanken. Men det er mogleg det ligg ein i fyrstehjelpspakka.
  19. Tynn aluminiumsfolie vert avkjølt langt raskare enn ein kjele fyllt med kokande vatn. Ein kjele med med varmeribber ver avkjølt merkbart raskare enn ein utan. Om det er ein problem av betydning eller ikkje, er heilt avhengig av bruken. Å trekke kaffe i ein halvfull kjele med varmeribber, fungerer veldig dårleg dersom ein vil ha kaffen varm. Dersom ein tømmer maten over på ein talerken rett etter tilberedning, betyr det fint lite om kjelen vert avkjøla raskt eller ikkje. Å pakke kjelen inn i noko som isolerer, løyser eventuelle problem uavhengig av om kjelen har varmeribber eller ikkje. Å bruke ullgenseren eller soveposen til dette, kan vera ein dårleg ide, dersom ikkje ikkje sikrar seg mot at kjelen veltar.
  20. Eg kjenner til Trangia sine kaffekjeler, eg har både den frå 25-settet og frå 27-settet. Det er noko av det aller siste eg ville lage mat i, på grunn av den kronglete oppvasken det medfører. Men dersom du ikkje har betre, fungerer det sikkert greit nok. Trangia sine kaffekjeler er ikkje spesielt godt eigna til å koe vatn i heller. Dersom kjelen er nesten full, vil det boble ut av tuten når det byrjar å koke. Dersom ein ikkje passar på, kan dette sløkke primusen
  21.   Jo, sjølvsagt. Men det same skjer om varmeribbene er under kjelen. Ein forskjell er at MSR sin varmevekslar kan takast av.
  22. Forklaringa er jo veldig enkel, så dersom ein tenker etter, bør det ikkje verte nokon overrasking. Men det er forståeleg at dei fleste ikkje tenker i dei banane, så det er viktig med ei påminning. Dette er diskutert her på forumet nokre gonger før, men for all del, det er eit så viktig tema, at det er bare bra å gjenta. Aktuell lesing, i tillegg til oppsummeringa til friluftsliv.no er desse to rapportane: http://rapporter.ffi.no/rapporter/97/04713.pdf http://www.ffi.no/no/Rapporter/2012-00404.pdf Den praktiske konklusjonen av den fyrste rapporten er at avstanden til kjelen har stor betydning, pga nedkjølingseffekten denne har på flamma og at dette fører til ufullstendig forbrenning. Den andre rapporten tar for seg kjeler med varmeribber. Med endå meir effektiv varmeoverføring, vert det sjølvsagt også meir nedkjøling av flammene med det resultat at forbrenninga vert ufullstendig. Hugs også at snøsmelting er farligare enn koking, ettersom kjelen med snø har lågare temperatur. Mange gjer dette, meg sjølv inkludert. Når ein er bevisst faren og passar på å alltid ha effektiv lufting, går det bra. Sjølv om kullos er luktlaus, er det fleire signal ein bør kjenne og som ein derfor må ta alvorleg. Ufullstendig forbrenning fører også til lukt av uforbrent brennstoff, kjenner du dette skal du vera klar over at kullos også er til stades. Eg har brukt varmeribbekjel i fortelt, og då merka eg lukta av ufullstendig forbrenning. På grunn av dette, brukar eg no bare flatbotna kjele inne i telet. Den minste antydning til vondt i hovudet, er eit tidleg varsel om kullosforgifting. Dersom du kjenner dette i forbindelse med primusfyring inne i telt, må du koma deg ut med ein gong. Å sova med primusen i gang, utan fyringsvakt, er sjølvsagt forbunde med den aller største fare, både med tanke på kullos og brann.
  23. Dersom ein likar kronglete oppvask, er sikkert kaffekjelen fin å lage mat i. Sjølv foretrekk eg ein ein ordentleg kjele til dette, og den fungerer godt til kaffe også. Til Svea 123r brukar eg ein tidlegare Primus kjele som er identisk med litech-kjelen på 1l, men med varmeribber under. Svea 123r passar fint nedi kjelen, i ein passeleg plastoks for å beskytte kjelen frå riper eg forureining. På dagstur har eg byrja å bruke Optimus 8r og Trangia kaffekjele (frå 27-settet)
  24. Men slik har det ikkje vore alltid. Då eg avtjente fyrstegongstjenesten, var det meste utstyret direkte dårleg. Det aller verste var bomullsundertøyet.
  25. Det einaste målet på forbruk eg stolar på, er erfaring frå eigne turar. Gjer det til ein vane å vege brennstoffet før og etter tur, så får du raskt ei formeining om kor mykje du treng på ulike turar, og kor mykje det kan variere. Både vind og storleik på porsjonane har stor betydning på forbruket.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.