Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Med dagens fokus på vekt, er mange sekkar i utgangspunktet ikkje utstyrt med sidelommer, altså for at vekta skal sjå litt finare ut. Det er heilt greit å feste på sidelommer på dei fleste av desse sekkane. Dei er gjerne allereie utstyrt med fester til sidelommer, og produsentane sjølve leverer også dette, eller du kan velge sidelommer av andre merke. Men ver klar over at vektbesparinga fort går bort. Så det mest fornuftige når ein samanliknar vekt, er å ta hensyn til slike ting. På dei fleste sekkane med sidelommer kan desse plukkast av, dersom du ikkje ynskjer sidelommene (feks at du vil spare desse gramma) Det viktigaste uansett når det gjeld sekk, er å finne ein som er stor nok, og som passar godt på ryggen til den som skal bæra sekken.
  2. Så lenge det ikkje er politisk korrekt med folkemord, må inngrep vurderast mot kor mange personar det skal betjene. Dersom du ikkje godtar å redusere eit inngrep som skal betjene 10000 personar til 1/10000, får du heller samanlikne det med 10000 private hytter (og det er eit temmeleg stort inngrep).
  3. Sjølv løyser eg det ved å ikkje eta real turmat, men heller lage anna mat. I tillegg til at real turmat aldri har falt i smak for min del, har dei altfor små porsjonane vore ein god grunn til å velge anna mat.
  4. I statsallmening er det eit lokalt fjellstyre som forvaltar bruksrettane. Fjellstyret er valgt av komunestyret, og har sin eigen økonomi, fjellkassa. Dersom nokon tjuvfiskar, må nokon andre betale meir, anten for fiske, jakt eller bruk av fjellstyrets hytter, eller for andre tjenester. Eit eventuelt overskot i fjellkassa, vert brukt i statsallmeningen, eller til andre allmennyttige formål lokalt. Alle har fiskerett i statsallmening, men dei må betale ei avgift for å bruke denne retten.
  5. Ja det er rettferdigheit i slikt. Skal du ha veg til hytta di, får du halde deg til spillereglane, då slepp du oppgjer med Økokrim. Eg har absolutt ingen medynk med dei som bygger ulovleg og etterpå klagar på at dei vert motarbeidd av det offentlege. Ja, eksemplane er mange, alt for mange, derfor er det bare rett og rimeleg at idiotane får svi.
  6.     Å ha fotoutstyr i sekken, gjer det alt for vanskeleg tilgjengeleg. Sjølv har eg alltid kamera lett tilgjengeleg i ei vanntett fotoveske på brystet.
  7. Dersom det er tilfellet, burde Felleskatalogen kunne vera ei kilde til informasjonen: http://www.felleskatalogen.no/medisin/ibux-weifa-559957
  8. Veit du dette, eller er det bare noko du antar?
  9. Og begrensingen på -20°C, gjer at målaren ikkje viser temperaturen når temperaturen er mest interessant.
  10. Eg har lese ein og annan test i Fjell og vidde opp gjennom åra, og eg er sjeldan imponert over presisjonsnivået. Nokre gonger er eg til og med direkte uenig i testresultatet. Så om eit telt ikkje kjem så godt ut der, bør ein ikkje ta så tungt.
  11.     Når det er storm utanfor teltet, skal det ikkje store åpningen til for å få tilstrekkeleg utlufting. Uansett kva slags kjele eg har, luftar eg alltid rikeleg når det står ein kjele på kokeapparatet. Aller helst sit eg slik at eg pustar inn uteluft, men dette er sjølvsagt noko véravhengig, men eg skal uansett kjenne at det stadig kjem frisk kald uteluft inn i teltet. Kondens er også ein grunn til at ein ynskjer god lufting.
  12. For å vera på på den sikre sida med tanke på CO, må ein lufte rikeleg. Når ein lufter godt nok, betyr det ingenting om kokinga foregår i innerteltet eller ytterteltet når det gjeld CO. Det er andre grunnar til at eg foretrekk å ha kokeapparatet i ytterteltet. Der kan eg grave meg ned og få sikkrare avstand til teltduken, og det er snø under kokeapparatet, så det er ikkje noko som tar fyr ved eventuell lekkasje.
  13. Ja, gå gjerne Aurlandsdalen, men eg kan desverre ikkje anbefale å gå dalen på tvers.....
  14. Mindre snø enn normalt, spesielt vestpå. Og snøsmeltinga er i rute.
  15. Ved valg av dagstursekk, er eg meir oppteken av at han er god på ryggen, enn at han ikkje er større enn naudsynt. Det er tross alt den sekken som vert mest brukt gjennom året. Eg vel heller ein halvfull sekk på 85l som er god på ryggen, enn ein sekk på 40l som ikkje er god på ryggen. Ein annan fordel med å ha ein halvfull sekk, er at eg enkelt når tak i kva som helst i sekken, utan å tømme han.
  16. Grunnen til at det ikkje lar seg gjera å stemme no, er at stemminga vart avslutta 14. mai.
  17. Eg brukar nok Ringstind-teltet for høgt til å finne passelege pinnar, men det har heller aldri plaga meg. Når ein brukar heile lengda på bardunane, er desse pinnane heilt unødvendig. Ettersom eg oftast teltar der jordsmonnet er i dårlegaste laget for å få ned teltpluggane, startar eg alltid med å sette ned pluggane i hovudenden. Dersom ikkje desse pluggane står godt, er det umogleg å få duken stram. Fotenden vert stramma opp med bardunstrammarane, så det ermeir slingringsmonn i kvar ein må plassere pluggane i den enden.
  18.     Det er ikkje alle plagg eg brukar som har ei venstre brystlomme, desverre ikkje alle jakkene mine eingong, så den ideen lar eg ligge dødt for min del. Nettopp fordi fyrstehjelpsutstyret eg har med på tur sjeldan vert brukt, har eg ingen problem med å bruke av min eigen pose dersom eg må hjelpe andre. I den samanhengen betyr det ingenting kvar den eventuelt skadde har sine plaster eller eventuell enkeltmannspakke. Eg veit alltid kvar eg finn mitt, og eg greier meg like godt sjølv om fyrstehjelpspakka mi har vorte litt lettare. Eg veit også kva slags hjelpemidlar eg har sjølv, og kan derfor hjelpe betydeleg raskare enn om eg skulle byrje å leite i sekken og jakkelommene til ein tilfeldig pasient.
  19.     Aluminiumsoksid er løyseleg i både surt og basisk miljø. For dei som er redd for å få i seg aluminium, er det ingen forskjell kor tjukt dette oksidlaget er, for det er sjølve oksidlaget som er kilde til eventuell aluminium i maten. Vil du at aluminiumskjelane dine skal halde lenge, kokar du ikkje søltetøy og saft i dei.
  20. Føre var-prinsippet er greit det, men då må ein vera bevisst på kva alternativa er. Det er lett å dumpe bort i langt farlegare alternativ dersom ein er uforsiktig, særleg dersom det viser seg at det er prøver å vera føre var for, faktis er heilt ufarleg.
  21. Eg trudde at myta om kobling mellom aluminium og Alzheimer var avkrefta for over 2o år sidan, så eg er litt overraska over at dette fortsatt er tema for tv-program. No har eg nett sett programmet, og det eg såg skremte meg på ingen måte frå å bruke aluminiumskokekar og aluminiumsfolie eller drikke øl frå boks. Eg er langt meir skeptisk til mange av tilsatsstoffa som vert brukt i plastikk (også den plastikken som aluminiumsfolien og ølboksane er belagt med, og teflonen i kokekaret). For dei som likevel fryktar aluminium, er det sjølvsagt ikkje betre med hardanodisert aluminium. Det er jo oksidet som går i oppløysing i både surt og basiskt miljø. Det er ikkje metallisk aluminium som er det aktuelle problemet.
  22. Frå Valdres er kortaste vegen til Årdal via Tyin, ikkje over Filefjell. Frå Hemsedal er det hipp som happ om ein køyrer over Filefjell eller om Lærdal.
  23. Og vatn er hovedbestanddelen i sur nedbør...
  24. Eg har faktis opplevd attklistra auge på tur. Ikkje pga av snøblindheit, men ein kombinasjon av allergisk reaksjon, varme og gudane veit. Eg valde å ta det med ro og håpe at det gjekk over av seg sjølv. http://home.no/afeten/nordfjella/2_20_3Aurlandsdalen_p_aa_tv.html
  25. Om så skjer, er ikkje tindevegen noko alternativ heller, og Sognefjellsvegen er heller ikkje åpen.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.