Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Til tross for nysnø lurdagen, kan eg trøste deg med at det unormalt lite snø i fjellet til årstida å vera. Og sumarsnøen er for det meste fast og heilt grei å gå på. Det er ikkje den djupe snøen du skal frykte, det er der dei fyrste metrane innpå snøfennene, der snøen bare er eit tynt lag, du trør gjennom. God tur.
  2. I dag har eg vore på Blåskavlen. Med blaut nysnø frå i går, var skiføret så som så, eg slapp i alle fall å bremse nedatt No skal skia pakkast vekk.
  3. Dersom kameraet er i sekken, kan det likegodt ligge att heime, det er i alle fall mi erfaring. Kameraet skal vera lett tilgjengeleg, alltid. Sjølv brukar eg ei vanntett fotoveske frå Ortlieb, denne har eg hengande på brystet. Der er kameraet beskytta frå elementa, men likevel lett tilgjengeleg. For meg er det ikkje om å gjera å pakke lett for lettpakkinga sin del. Dersom eg kan spare vekt på det andre i sekken, har eg meir overskot til å bera med meg fotoutstyret, eg har også meir overskot til å bruke det.
  4. Det bør gå fint. Eg har sjølv gått sjølv frå Reinheim, via Snøhetta til Kongsvold, og det er vel omlag like langt.
  5. Eg har aldri fått gnagsår på ryggen, men så brukar eg ikkje seler med klype heller. Bergans sine seler er nesten heilt flate på ryggen, bare to lag stropp med borrelås mellom. Det einaste du må gjera, er å sy på ei hempe på boksa, like lang som selane er brei. Knappar har heller aldri plaga meg. Dersom dei gjer det, er det god hjelp i å sy knappane på utsida av bukse, og ikkje innsida som er det vanlege.
  6.     Det er sjølvsagt mogleg du har dine grunnar, men sjølv ser eg ikkje heilt poenget med så pakkbare stenger. Så lenge dei samanlagte stengene ikkje er lenger enn sekken, er dei korte nok for. Eg putter heller ikkje stengane nedi teltposen, så sjølve teltet kan eg pakke heilt uavhengig av lengda på stangposen. Strikken i dei gamle stengene bytter du enkelt sjølv.
  7.     Skal ein ha telt til vinterbruk i fjellet, er det ingen grunn til å avfeie såkalla ekspedisjonstelt som overkill. Det er ingen fornuft il å velge eit dårlegare telt bare fordi det er færre dagsetapper heim att.
  8. Ein greier seg stort sett med lite. Men stor blendar vert i uansett tillegg til høg ISO, ikkje i staden for. Det handlar rett og slett om å kunne tøye grensene. Det er ikkje alltid at stativ er løysinga. Vedlagte bilde er teke på frihand frå Zodiak som på ingen måte er nokon stabil platform for stativ. Det er heller ikkje alltid at stativet er med på tur. Vinterstid har eg med meg 2-3 objektiv med betre lysstyrke enn f/2,8.
  9. For min del er det speilrefleks. Eg kjøpte eit kompaktkamera for ei tid sidan. Men betjeninga var krøkkete og bildekvaliteten begredeleg, så det kameraet vert stort sett liggande ubrukt. Det er i alle fall ikkje med på tur. Vintertid er minstekravet mitt at alle vanlege funksjonar på kameraet skal kunne betjenast med votter på hendene. Speilrefleksen min tilfredstiller dette kravet. Eg har desverre til gode å prøve mindre kamerasystem som tilfredstiller dette enkle kravet.
  10.     Med mine erfaringar med stillebrennar¹, vil eg seie at alle bråkebrennarane² er betre og tåler like røff bruk. Stillebrennaren som sit i forsvarets 111, i alle fall då eg var i fyrstegongstjenesta, er i utgangspunktet ein ganske skjør konstruksjon. Men kassa rundt er solid, og med tilsvarande kasse, tåler truleg samtlige primusar på markedet den same røffe bruken. Den største ulempa med 111, er derimot vekta, og den vert ikkje betre med andre primusar dersom ein brukar same kassa. Og dei fleste av dagens primusar tåler betre ein uøvd amatør, enn 111-stillebrennaren gjer. ¹Eg har utelukkande dårlege erfaringar med stillebrennarar, inkluder forsvarets 111-stillebrennar. ²Det er kanskje nokre bråkebrennarar som ikkje er like bra, men dei kjenner eg ikkje til.
  11. Hardangervidda er utruleg lettgått. Einaste grunnen til å ha høgde på skotøyet, er for betre vadedjubde. Sist eg gjekk på vidda, brukte eg joggeskoaktige sko med membran. Eg veit ikkje kva sekken vog, men det var fullt utstyr for overnatting med telt, sovepose og kokeutstyr.
  12. Eg har aldri hatt telt med nettinginnertelt. Men før eg fekk meg Ringstind, brukte eg å legge att innerteltet på tunellteltet mitt for å spare vekt. Trekk var aldri noko problem, men så låg eg også i sovepose. All erfaringa mi er frå norsk snaufjell.
  13. Sjølvsagt må ein bli våt dersom ein er på tur i regnvær. Å vera tørr i regnvær, er etter mi erfaring bare utopi som høyrer til reklamens verden. Det er sjølvsagt ulike grader av kor våt ein vert, men våt vert ein. Å vera innestengd under ein gapahuk bare for at ein ikkje skal bli våt i regnet, høyrest utruleg kjedeleg ut, i alle fall dersom det varer meir enn timen.
  14.     Hilleberg har opplegg for å setje opp bare innertelt. Dei Helsporttelta eg har sett, lar seg også setje opp bare innertelt på same måte som Hilleberginnertelta. Det einaste ein må lage seg, er lommer til å setje stengane i.
  15.     Og vatn er det i Aurlansdalen, så det treng ein i alle fall ikkje å ha i sekken.
  16.     Problemet har vore at folk ikkje ser at yr.no melder sol, fordi det også er ei sky med regndråpar i same varselet. Dei gongen yr.no melder regn, og bare regn, er det etter mi erfaring sjeldan yr.no tar feil. Når yr.no meder overskya og ein regndråpe, og det står 0-0,5mm pr døgn, vert det heller ikkje mykje regn. Og likevel klagar folk på at yr.no tar feil, fordi dei trur det er meldt regn.
  17.     Og sjansen er stor for at telefonnummeret hans står på innsida av merket.
  18. Det er avhengig av kva slags tur eg har planlagt. Å reise på tur i område eg ikkje er kjent, dersom mykje av grunnen for turen er å sjå nye stader, gidd eg ikkje dersom været er slik at eg neppe får sjå desse stadene. Eg har gjort akkurat dette tidlegare, og dei turane reknar eg som bortkasta. Då vert det heller ein kombinasjon av alt 2 og 3. Den planlagte turen vert utsatt, så brukar eg heller plan B som er ein tur i fjella heime. Det går også å legge turen etter været. Er det austavær, reiser eg vestpå, er det vestavær, held eg meg austpå. Slik planlegging vert det alltid mindre regn av. Dersom plan B er syden, avstår eg frå det alternativet
  19. Det må i så fall vera daglege satelittbilder: http://rapidfire.sci.gsfc.nasa.gov/imagery/subsets/?subset=Southern_Norway_and_Sweden
  20. Den vesle pakkrammesekken min frå midten av 80-talet er fortsatt i bruk i elgjakta. Eg foretrekk denne sekken fordi han er lett, og fordi eg kan henge børsa på ramma. Men ettersom sekken bær tydeleg preg av slitasje, har eg bare brukt han i jakta dei siste åra, for å spare han lengst mogleg. Bæresystemet har eg sydd om for å passe den litt for lange ryggen min. Sekkeposen vart spjæra av 45kg elglår for nokre år sidan, men dette er reparert med tape og stormsure.
  21.     Så syr du på ein borrelås litt nedpå...
  22.     Lakse- og innlandsfiskloven. http://www.lovdata.no/all/hl-19920515-047.html Der er det også henvist til andre aktuelle lover som fjellova og finnmarksloven.
  23.     Eg er litt usikker på kva for ein pakkpose du du er redd skal revne dersom han ligg att heime. Men er det slik at du har pakka soveposen i den medfølgande posen, for så å putte denne ned i ein vanntett pakksekk? Dersom det er den vanntette pakksekken du vurderer å kutte ut, kan følgen vera at soveposen vert våt. Det er i alle fall noko eg ikkje ville gjort. Dersom det er den medfølgande posen til soveposen du vurderer å kutte ut, støtter eg deg fullt ut. Eg har alltid stappa soveposen rett i vanntett pakkpose, men så har eg heller aldri tenkt tanken å pakke dobbelt.
  24. Eg har prøvd nokre sekkar opp gjennom åra. Forskjellen mellom tilsvarande anatomisk og pakkramme er, pr i dag, ikkje stor nok til å gjera noko nummer av, verken komfortmessig eller eigenvekt. Forskjellen mellom ulike modellar av anatomiske sekkar er langt større. Utvalget av mindre og lettare pakkrammesekkar er derimot ikkjeeksisterande.
  25. Eg reknar 750g tørt pr dag. Underveg fyrste dagen brukar eg gjerne påsmurt niste, men middagen vert som ellers. Siste dagen er utan middag. Så på ein 7 dagers tur, har eg med 6x750g ¹ + ei påsmurt nistepakke. Vinterstid et eg større del av rasjonen i teltet, og brukar litt mindre tid på mat ute enn sumarstid. ¹Ekstra mat i tilfelle forsinkingar kjem i tillegg. Men ettersom eg sjeldan har ferdigplanlagt tur, vert dei siste dagane tilpassa vér, føre og tilgjengeleg mat.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.