Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1.     Det som bestemmer kvar det skal vera dekning, er kva og korleis sendarane er plassert. Kravet til DAB-dekninga er bare formulert itfra kvar folk bur. Utanfor bebudde strok, vert dekninga bare eit restprodukt av sendarar i nærleiken. Langt til fjells, vert denne ikkjeeksisterande. FM har vorte sendt gjennom kraftige hovedsendarar som har vore strategisk plassert for lang rekkevidde. Desse signala vert så vidaresendt ned i dalane med mindre sendarar. Det er desse hovedsendarane som har gjort dekninga i fjellet så god. Eg veit om plassar der eg enkelt kan få inn distrikssendinga på P1 frå både Hordaland, Telemark, Buskerud og Oppland
  2.     Eg låg værfast i ein djup dal langt til fjells i ei påske for fleire år sidan. Der fekk eg ikkje inn radiosendingar. Så lenge været var slik at eg ikkje kom meg derifrå, betydde ikkje værmeldingane noko som helst. Men den dagen været var betre og eg kunne driste meg over fjellet, hadde eg ingen formeining om korleis været skulle bli dei neste dagane, og valde då å kome meg lengst mogleg heimover att med ein gong. Dagen etterpå vart været enno betre, og alle som hadde fått med seg værmeldinga visste dette. Dersom eg også hadde visst det, hadde eg brukt ein dag lenger på heimturen, og fått med meg ein knallfin topptur. Ja, været vart det same for alle, men den som veit korleis det vert, kan få meir ut av godværet. Eg har fleire gonger fulgt med på værmeldingane og tilpassa turen slik at eg har vore på mindre utsatte plassar når dårleg vær kjem, eller har nytta meldt godvær til toppturar eller liknande. Det er sjølvsagt ikkje alltid at værmeldinga gjer nokon forskjell, men når ein kan gjera bevisste valg for å sleppe lettare frå ein uværsdag eller få meir ut av ein godværsdag, er værmeldinga mykje verdt, i alle for meg. Dette gjeld kanskje mest når det er forbigåande værendringar som varar ein dag eller to.
  3. I sumar har eg erfart at kvefsen kan stikke tvers gjennom mebranjakka. Så tettvevd stoff er ikkje nok, det trengs også litt tykkelse for å få udyret på tilstrekkeleg avstand.
  4. Eg lar dei ligge luftig nokre dagar etter turen. Så vert dei lagt inn i eit romsleg skap. Ein sovepose ligg alltid i bilen.
  5. Rekorden min er i overkant av 26høgdekilometer opp og 100meter meir nedover på veg til jobb. I løpet av 13minutt synest eg det er sprekt på sykkel. GPS er notorisk feil på høgdemåling. Skal ein rette opp dette, må ein gå gjennom loggen og fjerne ekstreme feilpunkt, altså spissar opp og ned. Etter ei glatting av kurva etterpå for å ta alle småfeilane, bør det nærme seg virkelegheita.
  6. Slik Svalbard-teltet er kombinert tunnel og kuppel, meiner eg at det har fått med seg ulempene ved begge telttypane. Det er vansklegare å sette opp på grunn av dei kryssande bogane¹. I tillegg har teltet tunnellendane som lagar bråk i vinden. Sjølv ville eg heller bruke eit reint tunneltelt som Keron. Og dersom ein er i leiren som trur kuppeltelt er det einaste saliggjerande i vind, ville eg valt eit reindyrka kuppeltelt. Når det gjeld stormmatter, har eg heller ikkje den store trua. På barmark, kan det alltids brukast til å legge steinar på, men då ville eg hatt litt breiare stormmatter enn det Helsport brukar. På snø ville eg hatt eit materiale som ikkje er så glatt som vanleg teltduk. Mi erfaring er at telt som er konstruert for å ikkje ha stormmatter, fungerer også godt utan. ¹Det lar seg gjera å la stengene ligge i kanalane som ved tunneltelt. Men til bruk på barmark, er ikkje pulk å anbefale.
  7. Å gå i steinur utan å sjå ned, er ein treningssak.
  8.     Eg går sjølv mykje på blokkmark, og alltid aleine. Og nei, lette sko bekymrer meg ikkje. På dagsturar på tørt føre, går eg alltid med joggeskoliknande sko. Overtråkk var noko eg dreiv med i ungdomen, og noko eg har slutta med. Grunnen til at eg foretrekk høgare og tygre støvler på lengre turar og når det er vått, har bare med at eg ikkje har funne gode alternativ som både held vatn, kvist og bøss ute, og er gode å gå med også når i våt tilstand.
  9. Sør-Norge er sør for fylkesgrensa mellom Nord-Trøndelag og Nordland. Statsallmenning er dei areala som er underlagt Fjellova, og bruksrettane derofr vert administrert av lokale fjellstyre.
  10. Eg har brukt same storleik på Devold og Aclima (woolnet). Eg har ikkje opplevd noko krymping, i alle fall ikkje så mykje at det ikkje passar lenger.
  11. Ustevatn er regulert av Oslo kommune (ECO). Eg kan love deg at det ikkje er nokon grunneigarar i øvre Hallingdal som også har site i kommunestyre i Oslo i det aktuelle tidsrommet. Sjølvsagt er det stygt, men det er ikkje grunneigaren si skuld.
  12. Enkelte gonger kan ein få langt meir ut av turen dersom ein har god grunn til å tru at veret vert bra dei neste dagane, enn dersom ein må ta alle forholdsreglar i tilfelle dårleg ver. Andre gonger kan ein korte inn turen eller legge ruta til mindre utsatte område når vermeldinga seier at vinden og nedbøren er på veg. Dette handlar både om komfort og om sikkerheit. Så lenge FM-sendaren på Lønahorgi er i drift skal eg i alle fall bruke den radioen eg har, og som eg veit at fungerer. Når tida kjem, må eg sjølvsagt sjå meg om etter ein DAB-radio som både har god antenne og god batterikapasitet i ein liten og lett utføring. Så for tida vise kor langt det går mellom kvar vermelding. Men dette ventar eg med til eg må, og utvalget forhåpentlegvis har vorte litt større enn i dag.
  13. Neppe Nyheitene får så vera, men vermeldingane kjem eg til å sakne.
  14. afe

    Rallarvegen rundtur

    Det er ikkje skilta sykling forbudt, så det er nok lov. Sjølv ville eg følt meg mykje tryggare på den lite trafikkerte fv50 enn den overfylte rv52. Det er særleg tungtrafikken som gjer rv52 veldig lite freistande å sykle for min del. Låvisberget og Stondalstunnelen kan du omgå ved å ta traktorvegen frå Vassbygdi til Stondalen. Trafikken er ikkje større enn at du greit kan trekke deg til sides når du høyrer og ser at det kjem bilar. Så lenge du i tilleg sørger for å bli sett, er det ikkje mykje som kan gå gale. Men å vurdere kva ein sjølv er villig til å kaste seg uti, må sjølvsagt kvar enkelt gjera sjølv.
  15. afe

    Rallarvegen rundtur

    Det går nok. Men ha godt med lys på sykkelen, både framme og bak, for det er dårleg lys i fleire av tunellane. Stadvis har det vore heilt mørkt dei seinare åra.
  16. Så vektfokusert store delar av markedet er, er det ikkje rart at telta vert i kortaste laget. Den absolutt enklaste måten å spare nokre gram på eit telt, er jo å lage det mindre. Hilleberg hadde ein lang versjon av Keron i mange år. Ettersom versjonen ikkje er tilgjengeleg lenger, var sikkert erfaringa at markedet ikkje var stort nok. Men i eit marked som i stadig større grad tar i bruk direktebestillingar frå produsent, uavhengig av geografiske avstandar, ligg moglegheitene der for den som ser potensialet. I alle fall tunelltelt er godt eigna for å produsere med akkurat den lengda kunden vil ha¹. ¹Men desse vil ha inngangen i enden, og ikkje på langsida slik du har beskrive i åpningsinnlegget.
  17. Eigedomsretten her til lands har røtter attende til lenge før europearane okkuperte Amerika og Australia. Det aleine gjer ein stor forskjell. Når det gjeld alle vatn som er nedtappa eller oppdemt og elver som er lagt i røyr i fjellområda her eg bur, er det Oslo kommune og Østfold fylke som har stått for dette. Altså offentleg utbygd. Det er blodig urettferdig å skulde på grunneigarar. Dei har til ein viss grad fått erstatning, men dei har ikkje hatt nokon som helst makt når det gjeld dei store kraftutbyggingane.
  18. I mitt Soulo er innerteltet så stramt, når teltet er ordentleg satt opp, at eg faktis føler eg ligg i mot ein vegg, riktignok ikkje veldig hard vegg. Då følest det også trangt. Fuktgjennomslag fra kondens på ytterteltduken har derimot ikkje vore noko problem, sjølv om teltet hovudsakleg vert brukt vår og haust. Lengda heilt i botnen av teltet mitt er akkurat målt til 225cm, mot oppgjeve 220cm, så det er i alle fall ikkje same juks over heile linja.
  19. Men Helsport Svalbard har inngang frå enden, som i dei fleste tunelltelt. Svalbard 6 er rigtignok 250cm breidt, så der kan du ligge på tvers, og altså ha inngangen frå sida.
  20. Langt mindre snø enn normalt. Forrige måndag var det litt snø høgt i terrenget, vest for fylkesgrensa. Litt is på vatn over 1350moh. Aust for fylkesgrensa var det omlag ikkje snø å sjå. Skal du fiske høgare enn 1400moh, bør du kanskje vente, ellers er det bare å koma seg til fjells.
  21. Hugs i såfall å prøveligge med sovepose. Det som virkar romsleg utan sovepose, vert plutseleg i kortaste laget når ein ligg i soveposen.
  22.     Mi erfaring er at 220cm er for kort (sjølv er eg omlag 1,9m) for telt der ein ligg frå yttervegg til yttervegg. Eg har Soulo som er oppgjeve til 220cm liggelengde og som har tilnærma loddrette veggar i mi liggehøgde. Det teltet er for kort for meg. Dette teltet brukar eg bare når kombinasjonen av vekt og eigenskapane i vind er viktige. Hadde eg hatt sjansen til å prøve teltet før eg kjøpte det, kan det hende eg hadde valgt det bort, men eg har desverre aldri hatt sjansen til å prøve telt før anskaffelse. Eg har også Ringstind 1 med oppgjeve liggelengde på 240cm. Denne liggelengda føler eg er rikeleg. (men i vanleg Helsport-stil er teltet noko tyngre enn oppgjeve i katalogen).
  23. Det var ei statleg ferskvannsfiskeavgift (i tillegg til laks, sjøørret eller sjørøye) for nokre år sidan. Denne vart seinare omgjort till bare å gjelde laks, sjøørret eller sjørøye. Denne avgifta var statleg, og altså i tillegg til fiskekort.
  24. Står det "Made in Norway", så er det nok laga her til lands. Men ser du etter, vil du sjå at det ikkje står "Made in Norway" på det meste frå dei norske merkene, det står "of Norway" eller "Designed in Norway". Det er eit sikkert teikn på at produksjonen er ein annan stad.
  25. Det er mindre snø enn normalt.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.