Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Eg har gjort det, riktignok ikkje med N50 men med N5. Det er fullt overkomleg. Men ettersom du spør, vil du neppe synast at det er enkelt
  2. Fjellvegen som er skilta til Hemsedal, ja. Eller køyr bygdevegen og få med deg utandørsutstilling av Knut Bry og Jens Bjørnebo. Parkering finn du ut av når du kjem fram, det er meget god plass til slikt rett før stølane på Lauvdalen.
  3. Det kom snø forrige mandag. Denne er redusert kraftig, men det er att litt i høgda og på skuggesida. Frå Eitrestølen er det greit å gå opp rett vest for juvet. Halvannan til to timar vil eg rekne med, men det vert som nevnt heilt avhegig av kor raskt du går. Både høgdeskilnaden og steinura gjer dette veldig individuelt. Sjølv brukar eg gå fra Vallo for å koma på desse toppane. 1791 er sjølvsagt den høgaste, men eg vil anbefale toppen på 1788, for det er der det er utsikt. Toppen på 1729 er standardtoppen min, då går eg frå Lauvdalen og reknar halvannan time opp.
  4. Ein slik kan i alle fall ikkje eg anbefale. Eg har hatt ei natt (eller riktigare ein kveld) i ei hytte saman med ein slik styggedom. Som ein tidlegare gjest hadde skrive i hytteboka "Anten måtte eg eller ovnen ut, så då enda ovnen ute." Same konklusjon gjorde eg. Strengt tatt kan eg ikkje anbefale pipelaus fyring dersom det lar seg gjera å fyre med pipe. Trådstartar har heldigvis allereie forstått dette.
  5. Eg har eit par Gipron teleskopstavar som har ein låsemekanisme som forsåvidt fungerer. Men i forhold til stavar med fast lengde, er dei utruleg tunge, og ikkje noko eg drar med meg på langtur. Dei er grei nok til korte trugeturar i skogen. Er ein redd for belastningsskader over tid, er ikkje tyngre stavar det ein skal satse på.
  6. Ja, det går å parkere på Eitrestølen. Kor lang tid det tar å gå, er heilt avhengig av kor raskt du går, og kva for topp du har tenkt deg på.
  7. Det vert då laga mange plagg utan hette. Sjølv har eg ikkje hette på eit einaste plagg som ikkje er meint som ytterjakke, altså vind-/regn-/dunjakke.
  8. Dersom det fører til at det vert vansklegare å selge hytter, og derfor brems i hytteutbygginga, kjem det i alle fall noko godt ut det. Ulovleg køyring er det allereie nok av. Med lovlege trasear er det grunn til å håpe på større sjølvjustis i miljøet, så auka ulovleg køyring fryktar eg ikkje. Det store problemet kjem når forsøksperioden er slutt, mange fleire har skuter og det ikkje er lovlege trasear lenger. Det vil nok foregå nokre lokale slag om kvar traseane skal gå også. Det vil ikkje bare vera moro for oss som bur midt oppi det, men tilreisande vil ikkje sjå mykje til det, så lenge dei ikkje les lokalavisene.
  9. Heilt riktig. Like ustø som ein gassbrennar. Det er det største ankepunktet eg har med Svea 123r. Det er også ein av grunnane til at eg aldri har likt gassbrennarar av typen som står på toppen av gassboksen. Eg har og brukar Svea 123r. Han har ikkje velta for meg enno, men det er fordi eg er nøye med underlaget, og fordi eg alltid held i håndtaket på kjelen når eg rører i kjelen eller justerer flamma. Dette vert altså tohåndsoperasjonar. På ein stødigare brennar kan ein gjera dette med bare ei hånd. Det er storleiken og pakkbarheita som gjer at eg likevel likar 123r til sumarbruk. Brennaren passar nedi ein plastboks som passar nedi ein 1l-kjele eg har. Heile pakka vert altså same storleik som Primus Eta Express.
  10. Det vert ikkje fritt fram. Det vert bare tillate i bestemte trasear. For dei fleste fjellområda, vil det ikkje verte meir støy enn det er idag. At prosjektet vil få negative konsekvensar, er eg overbevist om, men det er ikkje i fjellet ein vil sjå dette.
  11. Med ein passande plastboks i mellom, vert ikkje kjelen oppskrapa, og eventuelt besinsøl endar ikkje i maten. Kjelen min er ein Primus EtaPower kjele med varmeribber under.
  12.     I følge primus.se, vart omnifuel lansert i 2001.
  13. Dei einaste rutebussane som køyrer mellom Hol og Aurland, er vanlege, lokale rutebussar, ingen expressbussar. http://www.ruteinfo.net/RuteinfoIISStaticTables/Tables/ruter/t/23-490.htm Forslag til utviding av turen: I staden for å byrje nedturen frå Geiteryggen, kan du fortsetje mot Iungsdalen, og anten svinge rundt Øljuvatnet eller gå like ned i Ingsdalen og vidare opp Fødalen og søre Haldalen. Så fortsett du gjennom Liahovddalen (med moglegheit for topptur på store Liahovden) og følger vassdraget ned til Øvstebø.
  14. Isen vert bare tjukkare og tjukkare, så det er mindre usikkerheit i februar enn i januar. Vind er det gjerne meir av i februar, men det kan vera lange periodar utan vind også. Kombinasjon av vind og sprengkulde er derimot mindre sannsynleg. Mildveret kjem gjerne med vinden.
  15. Dei store vassdraga kan gå åpne enkelte plassar. Dette gjeld heile vinteren. Is på vatna er avhengig av snømengde. Kjem det mykje snø tidleg, kan isen vera dårleg så tidleg på vinteren. Ver spesielt forsiktig ved osar. Overvatn tdleg på vinteren skuldast nysnø. Tyngda av nysnøen gjer at isen vert pressa ned og vatn kjem opp i snøen over isen. Snøen isolerer slik at dette overvatnet ikkje frys før den lause snøen vert blåst vekk. Dersom det er laussnø på isen, kan du rekne med at det er overvatn. Dette er heilt vanleg, også i januar.
  16. I likheit med trådstarter, har eg sjølv trudd på utopien heilårstelt. Det er vel det dyraste feiltrinnet eg har gjort på turutstyr. Etter nokre få år, fann eg ut at dette teltet var for tungt til sumarbruk, og nytt, lettare sumartelt vart innkjøpt. Ettersom heilårsteltet var kompromiss tversgjennom, har eg også kjøpt eit romslegare vintertelt seinare. Det var den skrå endeveggen eg vart så lei at nytt vintertelt vart kjøpt inn. Eg har seinare supplert med vår/hausttelt, men det er meir spesialtelt å rekne.
  17. Det gjer dei allereie. I både mitt norske telt og i mine svenske telt er det sydd på advarsel om at eg ikkje må bruke åpen ild i teltet.
  18. Det er ingen problem i Soulo. Unna har eg ingen erfaring med.
  19. afe

    Rallarvegen rundtur

    Det var ingen veg i Aurlandsdalen før anleggsvegen. Geiteryggtunnelen kan omgås ved å sykle over Geiteryggen. Etterkvart som det har vorte skikk på all skiltinga, er derimot trafikken rimeleg liten no når Gudvangatunnelen er stengt.
  20. Kva som er lov og ikkje lov i nasjonalparken, finn du på lovdata: http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/lf/lf/lf-19810410-4830.html
  21.     Det er nok packrafting.com som ikkje har oppdatert vekta si. Og ettersom dei sel båten med spruttrekk og likevel oppgjev den låge vekta, vert det veldig gale. http://www.packrafting.com/index.php?page=shop.product_details&flypage=flypage.tpl&product_id=5&category_id=2&option=com_virtuemart&Itemid=18
  22.     Eg har Denali Llama. Spruttrekket er eg lite imponert over. Med sekken frampå, renn vatnet inn mellom glidelåsane i hjørnet framme, og eg vert kliss våt både på føttene og i baken. Etter ei kraftig regnskur i sumar, kunna eg tømme båten for ein halv liter vatn. Ein kan like godt spare vekta, og heller ha med seg skift (noko ein uansett må ha dersom det ikkje er varmt nok til å tørke klede i sola) Vekta på båten min er 3,1kg mot 2,25kg oppgjeve på packrafting.com. Dette er verre enn Helsport-vekter.
  23. afe

    Kaffe på tur

        Det går akkurat ein gassboks oppi. Men det er ikkje nøyaktig nok mål til at eg kan seie om kaffepressa passar i Optimus-kjelen.
  24. Fyrste gongen eg hadde med meg ein nevø på topptur, hadde han ikkje feller, så det vart lånt inn eit par Montana kortfell. Desse vart festa til skituppen med sportstape, og var akkurat lange nok til å fungere som langfeller på skia hans.
  25. Minst mogleg. Vintertid har eg i alltid på meg sokkar og luve. Dersom det vert i kaldaste laget i forhold til den soveposen som tilfeldigvis er med, er det sokkar, stilong og trøye i ull.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.