Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Mitt favorittfjell er utan tvil Reineskarvet. Men det er eine og aleine basert på heilt personlege grunnar, og altså ikkje noko som handlar om eit nasjonalfjell. Det einaste fjellet som er i nærleiken av noko som kan kallast nasjonalfjell er Dovrefjell. At eit fjell dei færraste har eit forhold til, kan bli kåra til nasjonalfjell, er bare eit resultat av korleis kåringa foregjekk.
  2. afe

    Nye Feller

        Då prøver du desse. Synest du dei er for breie, kjøper du smalare feller neste gang.
  3.     Eg brukar forsvarets fotposar som leirtøflar. To lag filtsåler i botnen (fotposane har dårleg isolasjon mot underlaget), tørre sokkar og utan sko. Det er alltid like godt å få opp teltet, få av seg dei halvfuktige, halvfrosne skistøvlane og få på meg fotposane, og fortsatt kan gå fritt rundt utanfor teltet. Desse fotposane veg litt og tar litt plass, men det betyr mindre når eg har pulk.
  4. Det var 23000 som gjekk prestholtstigen opp på Hallingskarvet i 2012. Der har det vore ei mangedobling av trafikken etter at det vart nasjonalpark. Dette er folk som må gå sjølv. Eit prosjekt som det som er nevnt i denne tråden, kan med lettheit trekke i alle fall 50000 turistar årleg. Tidlegare var tanken om nasjonalpark å verne naturen. Slik er det ikkje lenger. No har dette endra seg til å verta ein statleg kvalitetsstempla turistattraksjon. Der det både skal investerast og gjerast naturinngrep for å skape næring av turisme. Jostedalsbreen er allereie nasjonalpark, sjølvsagt må det tilretteleggast slik at flest mogleg skal få glede av dette. Då er det ikkje plass til oss som vil ha fjellet for sjølve. Heldigvis er det fortsatt masse fjellområde som ikkje er nasjonalpark, der trafikken vert redusert for kvart år som. Lik det eller ikkje, men slik er desverre dei politiske måla rundt nasjonalparkane i Noreg i dag.
  5. Trikset for å fortsette med matlaging etter at spritbrennaren er tom, er å ha med to brennarar. Då er det bare å bytte ut brennaren. Når den tomme er kald, kan han etterfyllast, og slik kan ein halde trangiaen i gang over lang tid. I min ungdom, var trangiaen rekna som det billige heilårskjøkkenet. Det er billig i innkjøp, og fungerer uansett. Hugsar eg ikkje feil, brukte Nansen spritbrennar på turen over Grønland, men dei brukte kroppsvarmen for å smelte snø til drikke. Etter eg fekk meg primus, har trangian min vore ubrukt.
  6.     Myggnettingen stopper ikkje snøfokk. Dersom du skal hindre snøen å koma inn ein ventil, må du stenge ventilen. Kva ventilar ein skal la vera oppe om natta, vert ein vurdering ein må gjera kvar kveld. Ikkje ta kameraet i soveposen. Det er ubehagleg å ligge på, og dersom du ikkje pakkar det vanntett, vil det føre til fuktproblem som i verste fall kan øydelegge kameraet. Trikset er å ha minst eit batteri i ei varm lomme. Når batteriet i kameraet vert for kaldt, er det bare å bytte det med det lommevarme batteriet. Dersom ein ikkje har tenkt å fotografere om natta, betyr det ingenting om alle batteri er kalde om natta. Batteriet du har i lomma, vert varmt om morgonen og er klar til bruk etter kort tid. Dersom du vil ha kameraet klart for å fotografere morgonlyset før du står opp, har du eit batteri klart i soveposen.
  7. Som oftast er naturen akkurat like lite berørt av inngrep på begge sider av grensa. Men grensa er berørt, og nettopp dette skiltet er etter mitt syn svært skjemmande. Når ein ser korleis nasjonalparkar fungerer som flugepapir på turistar, og korleis trafikken og slitasjen som følger av trafikken, har ekslodert etter at enkelte nasjonalparkar har vorte oppretta, er eg også sterkt i tvil om det er riktig form for vern for å sikre naturen for framtida.
  8.     INON er ein dårleg indikator for villmark etter mitt syn. Det er bare eit mål på kor langt det er til tekniske inngrep av bestemte slag. Store turisthytter er ikkje eit slikt teknisk inngrep som påvirkar INON, medan svakt regulerte vassdrag er tekniske inngrep som reduserer INON. Det finnst til og med verna vassdrag som er så påvirka av utbygging at det er definert som teknisk inngrep i forbindelse med INON.
  9.     Ein ting som i enda større grad øydelegg eventuell villmarksfølelse for min del, er når eg møter på fargerikt skilt med riksvåpnet og informasjon om at eg er på grensa til eit verneområde.
  10.     I løpet av 7 dagar med klarvær i nordaust-Grønland, såg eg ei flystripe på himmelen. Eg høyrde aldri flydur. Det var altså ikkje flytrafikken som prega opplevingane mine.
  11.     Dette har eg ingen tru på. I alle heimar eg frekventerer, heng barometeret lett synleg i eit opphaldsrom eller i gangen. Det norske folk er altfor oppteken av været til at 99% knapt veit kva eit barometer er.
  12.     Det er heilt riktig. Og det skjer lenger lenger frå ytterstoffet også
  13. Eg ville i alle fall vera meir betenkt på å fyre i Akto enn i Soulo. På Akto kan duken slå i vinden, og det er ikkje bra når primusen står rett under. På Soulo er i alle fall takhøgda konstant så lenge det ikkje er ekstremvær. Begge telta er nok bra telt, med ganske ulike eigenskapar. Så er det bare å vege dei eigenskapane ein har bruk for. Til 3-sesongsbruk (haust, vinter og vår) i fjellet, ville eg valgt Soulo av desse. Nettop pga av vindeigenskapane. Eg har sjølv Soulo til haust og vårbruk. Eg driv ikkje med lettpakking på vinteren, så då har eg eit større og tyngre telt.
  14.     Dette teltet eksisterer ikkje. Det må bli kompromiss, og då må du ta valg. Ettersom ulike brukarar vil velge ulikt, er det ikkje mogleg å lage eit telt som går under betegnelsen ultimat. Mitt alternativ er Hilleberg Soulo. Det har alle eigenskapane som gjer at det tåler elementene, men det er trangt. Eg tar heller med eit tyngre telt for å ha betre plass. Men dersom eg må pakke i sekk, er det eit greit alternativ.
  15.     For best mogleg isolasjon, vil det vera best å ha celleplasunderlaget øverst, for å fordele vekta betre over det mjukare oppblåsbare, og med det unngå samantrykking av det oppblåsbare. Eventuelt blåse det oppblåsbare så hardt at det ikkje vert samanklemt av kroppstyngden. Men for komforten er det best å ligge rett på det mjukaste underlaget og ha dette passe mjukt, og heller ha celleplastunderlaget underst. Eg vel det siste.
  16.     Ved isolasjon av rør, må ein ta hensyn til at arealet ikkje er det same i dei ulike laga. Derfor vert det ikkje bare å summere R-verdiane. Men med flate liggeunderlag, kan ein rekne arealet i dei ulike laga som like. Det er sjølvsagt ikkje heilt riktig, men det er andre feilkilder som er langt større.
  17.     Å kombinere oppblåsbart og celleplast er absolutt ein god ide. Celleplastunderlaget sikrar nødvendig isolasjon sjølv om det oppblåsbare punkterer. Skal du ha maksimal komfort med eit oppblåsbart underlag, har du det også så mjukt at isolasjonen der det blir samantrykt, vert kraftig redusert. Her kjem også celleplastunderlaget godt med for å sikre isolasjon der det oppblåsbare isolerer dårlegast.
  18. Samtlige ski eg har knekt dei siste 30 åra, og det er ikkje få, har knekt i nærleiken av hælen.
  19.     Legg ikkje ut på langtur utan trening står det i ein av fjellvettreglane. Den treninga er ikkje fyrst og fremst trening i treningstudio som eg forstår at byfolk driv med. Det er relevant turtrening det handlar om. Ein treng ikkje vera i spesielt god form for å legge ut på langtur, men ein må kjenne sine eigne begrensingar, og ta hensyn til dette. I forhold til denne tråden handlar det om å vera trent på å gå med sekk. For å vera godt budd på langtursekk, er eg ikkje så nøye på om dagstursekken har nokre kg overvekt. Kor mykje kvar enkelt kan greie, er veldig avhengig av kroppsbygnad, trening, terreng og turopplegg generelt. Men dersom ein går mykje med sekk, vil ein også erfare kva som er praktisk grense for seg sjølv, både kofortmessig og kva som virkar forsvarleg å legge ut på tur med. Eg kan love at 20 eller 25% av kroppsvekt ikkje er noko fasitsvar. Ein feit sofaslitar på 120kg kan ikkje bera tyngre sekk enn ein senesterk sekkvant beinrangel på 70kg.
  20.     Det er derfor pulk er så kjekt.
  21.     Då er det godt at eg ikkje har teke bryet med å bytte pakningen enno. Så er det å vite kor stramt som er for stramt. Ikkje har eg momentnykkel, og ikkje veit eg kva moment eg i så fall skulle bruke. Eg får bare krysse fingrane og håpe at primsuen går seg til. For sett bortfrå grafittpakningen og dei alt for glatte kjelestøttene, har 111¹ potensial. ¹Bråkebrennar for min del, ettersom eg har utelukkande dårlege erfaringar med stillebrennar type 111T, Phoebus 625 og type gamal messingprimus med stillebrennar.
  22.     Eg fattar det heller ikkje, men likefullt er det eit faktum at eg må kjøpe 1 eller 2 par ski kvart år for å halde tritt med forbruket. Og eg er ikkje av dei som herjer med ski, det har eg ikkje råd til. Eg går rolege turar til fjells, men mange turar i løpet av året.
  23.     Håper du har rett. I så fall skal eg gje grafittpakninga på primusen min litt meir tid før eg byttar ho ut, (evt bytter ut heile rakleprimusen)
  24.     Det er sikkert prisverdig at dei har ein testmetode som gjev meiningsfulle temperaturar. Men eg foretrekk likevel standardiserte målemetodar som gjer at ein kan samanlikne soveposar fra ulike produsentar. Kva ein gjennomsnittsperson er komfortabel med, betyr faktis ikkje så mykje, kva som betyr noko er kva eg sjølv synest er komfortabel med. Er erfaringa med min eigen sovepose at han vert for kald ved ein bestemt temperatur, kan eg enkelt finne ein annan sovepose som er varmare. Dette gjer eg ved å samanlikne oppgjeve temperaturar for soveposen min og for aktuelle andre soveposar. Om desse temperaturane er i nærleiken av min komforttemperatur i min eigen sovepose, har faktis ingen betydning. Poenget er å finne ein sovepose som er varmare enn den eg allereie har. Utan samanliknbare oppgjevne temperaturar, er eg derfor like langt.
  25. Liggeunderlaget isolerer mot bakken. Soveposen isolerer mot lufta. Dette er to ulike ting som ikkje kan samanliknast til eit bestemt forhold. Bakken kan derimot vera så mangt. Snø som smelter ved 0°C kan vera veldig kald å ligge på dersom underlaget ikkje isolerer godt nok, altså slik at snøen når smeltepunktet. Dersom bakken derimot består av tørr vegetasjon, betyr isolasjonsevna til underlaget fint lite, bakken i seg sjølv isolerer godt.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.